«Stavanger» skifta fargar og navn før den forlet Stavanger i juli 1982. Bildet tilhøyrer Steinar Warland. |
Nå hadde den fått nytt og for oss ganske eksotisk navn: «Porsangerfjord». Hammerfest blei den nye heimbyen.
«Porsangerfjord» var i dokk i Stavanger i forbindelse med eigarskiftet og den skulle innom Harstad på
vegen nordover for litt ombygging.
- I og med at «Stavanger» nå omdøpes
blir Stavangerske uten båt med navn etter «residensbyen». Skip med navnet «Stavanger» med eller uten romertall, har selskapet hatt i 104 år,
helt siden 1867. Stavanger-navnet har de båret, både kystbåter,
nattruter og nå sist Tau-ferja, skreiv Aftenbladet 8. juli 1982. Det
gjekk åtte år før neste «Stavanger» kom seilande over
Hidlefjorden.
I andre halvdelen av juli 1982 blei
«Porsangerfjord» sett inn i si nye rute mellom Honningsvåg og
Kåfjord.
«Nordkappferja» kom til Stavanger og omdøypt til «Vollsøy» og sett inn i Kvitsøy-ruta. |
Den tidlegare «Stavanger» erstatta
den betydeleg mindre ferja «Nordkappferja». Den hadde plass til 18
bilar og 167 passasjerar. Og nettopp denne ferja kom nå sørover til
Rogaland og Stavangerske. Her blei navnet til «Vollsøy» og den
blei sett inn i Kvitsøy-ruta. Ferja blei gåande mellom Kvitsøy og Mekjarvik til 1996, før
den blei seldt til Afrika.
«Porsangerfjord» blei i
Finnmark fram til 1992. Då bar det sørover igjen til Danmark. Ny
eigar var Langelandsfærgen, Lohals og navnet blei «Lundeborg».
Ferja blei sett inn på strekninga Lohals – Korsør. I 1996 blei
ferja seldt vidare til Scandlines Danmark og skifta navn til
«Tranekær». Rutestrekninga var uforandra.
I 2000 blei tidlegare «Stavanger»
italiensk. Livorno blei ny heimby. Rederiet var Maregiglio di
Navigazione. Nytt navn: «Isola del Giglio» som oversett til norsk
ville bli Liljeøya. Nå blei ferja sett inn i rute mellom Porto
Santo Stefano og Isola del Giglio.
Den gamle Tau-ferja deltok i
redningsarbeidet etter at det italienske cruiseskipet «Costa
Concordia»
grunnstøytte utanfor øya Giglio i
januar 2012 med 3206 passasjerar og eit mannskap på 1023 om bord. 32
personar omkom i denne ulukka.
«Isola del Giglio», tidlegare «Stavanger», skal stadig vera i fart i Italia. |
«Isola del Giglio» skal fortsatt vera
i fart i Italia.
Fakta: «Stavanger» 1973
Historikk: Bygd i 1973 ved Smedvik
Mekaniske Verksted, Tjørvåg, for Stavangerske og sett inn i
Tau-ruta. Seldt til Finnmark fylkesrederi i 1982 og omdøypt til
«Porsangerfjord».. Seldt vidare til Danmark i 1992 der den gjekk
med navna «Lundeborg» og «Tranekær» fram til 2000. Det
italienske rederiet Maregiglio di Navigazione i Livorno kjøpte
skipet og sette det inn på strekninga Porto Santo Stefano - Isola del
Giglio. Stadig i fart det.
Kapasitet: Var som ny sertifisert for
399 passasjerar og 55 bilar.
Maskineri: Hovedmotorar: 2 stk.
Wichmann 4 AX, kvar på 1000 hk. Gav marsjfart på 14 knop.
Mål: Lengde 61,8 meter. Breidde: 11
meter.
(Kjelder: Wikipedia og
Skipshistorie.no)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar