Julanissen
vinka bilane om bord på Foldøy. Ei leande dama sat bak rattet på
ein av bilane som kjørte inn på bildekket. Ho lo endå meir då
ferja var begynt å gå med kurs for Jelsa. Var det så løye med ein
nisse på julafta? Jo, det var faktisk det.
For
dama i bilen skulle ikkje kjørt om bord i ferja. Ho skulle parkera
bilen på kaien og reisa med ferja. Men då nissen vinka, blei ho så
altererte at ho kjørte rett om bord. Enden på visa var at «Foldøy»
måtte returnera til Foldøy med bilen.
Denne
damehistorien på «Foldøy» er åtte år gammal. I åra etterpå har nissen vore på farten på hurtigbåten «Fjord Molde» til Byøyane i
2011 og 2012, på «Ullensvang» i Tausambandet i 2013, på «Stord»
i 2015, hurtigbåten «Fjorddrott» i 2016 og i fjor var det på
gassferja «Hardanger» som går til Tau.
Ferjenissen om bord på Tau-ferja «Hardanger» i fjor. Her blir han varta opp av Andreas Tønnesen, til venstre, og Knut Vier. |
Kor
risikerer du å treffa fjorda-nissen dette året? Og kven i all verda
er denne julanissen som fêr og vasar om bord?
Heldigvis
er det berre seriøse folk som les så langt på denne bloggen. Dei
røper ikkje det dei les til folk som trur på julanissen. Det reknar
eg som sjølvsagt. Viss du er lauskjefta, må du slutta å lesa
her.....
For
nå kjem svaret: I år må reisande på Tau-ferjene vera på vakt på
julafta. Før du veit ord av det, kan du sjå nissen med
styrmannsstriper på armane på nissedrakten vandra rundt i salongen
med billettaska full av godsaker.
- Viss
ferjene går som planlagt, går eg om bord i «Ryfylke» på julafta.
Viss reserve-ferja «Stord» må ut å gå, er eg om bord her, seier
nissen som til kvardags heiter Bernt Arild Bertelsen og er styrmann
på «Stord».
På
julafta tek han på seg nissedrakten som er utstyrt med
styrmannsstriper og gir seg ut på vandring i salongen med
billettveska full av slikkepinnar og andre godsaker. Viss det er godt
vêr, vil han vera å sjå på bildekket også.
Bernt Arild Bertelsen er styrmann på «Stord» når han ikkje er nisse. |
48-årige Bernt Arild Bertelsen frå Vassøy har ein litt spesiell sjømannskarriere. Som guttunge på Vassøy drøymte han om å bli sjømann når han blei stor. Han låg og duppa i sin åtte fots Pioner om somrane og beundra dei flotte Tau-ferjene som passerte i Lindøysundet. Kanskje var dette tingen for meg, tenkte han.
Men
då Vassøy-gutten var 16 år, peika pilene rett i dass for
sjømannsyrket. Han tok ikkje sjansen. Dermed blei han elektriker på
Rosenberg og jobba i Nordsjøen. Seinare jobba han som fiskar og krabbeseljar
på Torget og dreiv ein periode Fisketorget saman med broren. I 2010
slutta brørne av på Fisketorget og Bernt Arild Bertelsen tenkte at
nå skulle han bli elektriker igjen.
Men
så reiste han og kona med Tau-ferja. Dei skulle ein tur til
Jørpeland. På dei store skjermane oppe i salongen les han plutseleg
følgande: Me søker styrmenn, maskinister og matroser.
Han søkte og fekk jobb.
Han søkte og fekk jobb.
Bernt
Arild Bertelsen har gått gradene frå 2010. Han har tatt læretid,
fagbrev og styrmannsutdanning. Nå er han styrmann på «Stord». I
februar startar han i ny jobb som styrmann på hurtigbåten
«Fjordlys».
På
alle båtane har han vore julanisse viss han ikkje har hatt fri.
Dermed blir han nok huritgbåt-nisse i 2019.
Framtida
for ferjer og hurtigbåtar ser ut til å bli usikker på våre kanter
av landet. Ferjenissen treng vel ikkje frykta arbeidsløyse.
Julanisse-sesongen er rett nok kort, men når du kan vera elektrikar,
krabbefiskar og krabbeseljar i tillegg, skulle framtida vera sikra.
God
jul til alle som hadde tid til å lesa så langt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar