"Ekspress II", seinare "Strand" på Talgje. Var kaptein Asheim på brua den dagen? Foto: Bjarne V. Stangeland. |
Visste du kven som fekk æra av å vera skipper på den nye "Ekspress" som blei sett i fart 15. juni 1937? Båten var ein sensasjon i si tid. Skipperen var vel handplukka til jobben. Kor finst det opplysningar om han?
Min gamle kollega Magnus Torgersen laga boka "Fjordabådane" i 1980. Der fann eg navnet: Kristoffer Asheim.
Så søkte eg i Aftenbladet på Kristoffer Asheim. Der fann eg han.
Kaptein Kristoffer Asheim |
Da den første sjøbussen var ferdig i 1937, ble Asheim satt til fører. Året etter var "Ekspress II" ferdig, og igjen var det Asheim som ble satt til å føre den nye bussen. Han hadde da 30 års virke i DSD bak seg.
Så kom krigen, og begge sjøbussene ble beslaglagt. Asheim gikk tilbake til dampskipet "Haukeli", men straks krigen var slutt, var han igjen å se på brua på "Ekspress II". Og "Ekspress II" fører han når han mandag er 60 år.
Kaptein Asheim er en staut og livsfrisk mann som fører sin båt med stø hånd fra kai til kai. Han er godt likt av passasjerer og blant sine kolleger.
Dette er alt eg fann om "Ekspress"-kapteinen i Aftenbladet. Er det nokon som kan fortelja oss litt meir om mannen. Kor kom han frå? Kvifor var det akkurat han som fekk føra dei nye båtane?
Flott viss nokon kan fylla ut bildet av mannen.
Kristoffer Asheim hadde 17 samfulle år på "Øybuen". Foto: Stavanger sjøfartsmuseum. |
Nå skal du høyra kor langt me er kommen nå:
Kirstoffer Asheim blei fødd 21. juli 1887 på garden Asheim på Jøsneset i Hjelmeland kommune. Kona Jakobine Cecilie var frå Foreneset i nåverande Suldal kommune. Sikre kjelder opplyser at den unge jøsnesbuen rodde til Foreneset mang ein sommarkveld for å sjå om kjærasten sin.
Den unge mannen skaffa seg si eiga jekt, men i 1908 begynte han i Stavangerske.
- "Robert" var den fyrste båten han var skipper på, fortel barnebarnet Ole Asheim Svindland som vaks opp hjå besteforeldra på Buøy. Han bur stadig i dette huset der skippersertifikatet til bestefaren heng i glass og ramme på veggen.
Ikkje mykje plass for ein omfangsrik skipper i styrehuset på "Ekspress". |
Ole Asheim fortel at morfaren var ein stor og omfangsrik mann. Der var ikkje mykje plass til overs i det trange styrehuset på "Ekspress". Han likte seg betre då han fekk skipperjobben på "Ekspress II" i 1938. Der var styrehuset større.
Var det kamp om skipperjobben på den fyrste "Ekspress" i 1937? Det kan godt vera at dei etablerte kapteinane på dei gamle dampbåtane ikkje hadde lyst til å bli "sjåfør" på den nye fjordbussen. Det var trangt og relativt kummerlege lugarforhold.
Årsaka til at det blei Asheim som fekk jobben, veit me ingenting om. Men det var Alfred Risanger som blei kaptein på den nye, store og flotte "Fjorddrott" i 1939 med Anders Andersen som avløysar-kaptein. Asheim blei på "Ekspress II" fram til krigen.
I 1948 kom dei nye fjordbussane "Fjordsol" og "Fjordbris". Risanger og Andersen overtok kvar sin av dei nye båtane. Nå overtok Asheim " Fjorddrott". Der var han til han blei pensjonist.
Kristoffe Asheim bygde seg hus på Buøy og budde der i alle år. Aftenblad-journalist Magnus Torgersen som skreiv boka "Fjordabådane" i 1980, var næraste nabo.
Er det nokon der ute som har fleire opplysningar?
litt info om du ikke allerde ar funnet det
SvarSletthttps://www.myheritage.no/person-2500312_139979471_139979471/kristoffer-asheim#!events