Brislingflåten i Vikevåg i 1953. Bilete frå boka. |
I 1960 kom katastrofen, silda seig ikkje lenger sør enn til Øygarden utanfor Bergen. Ikkje ei einaste sild blei fiska i Rogaland. Svikten i sildefisket slo beina under økonomien til 300 rennesøybuar og familiane deira.
Ved inngangen til 1950-åra var fisket den nest viktigaste inntektskjelda og arbeidsplassen i Rennesøy. Av 700 yrkesaktive menn, var nær 300 fiskarar. Flåten var heller ikkje å kimsa av. 40 dekka fiskeskøyter høyrde til i Rennesøy og Mosterøy kommunar. Attåt var det 50 motorbåtar. På land sto det 67 sjøhus som romma garn, nøter og anna fiskeutstyr: 1300 sildegarn var den dominerande fiskereiskapen.
I Vikevåg låg det 20 - 30 fartøy i bøyane.
"Mosterøy", R - 3 -M, På brislingfisket i Høgsfjorden på 1930-talet. Biletet er frå boka. |
Kommunen vedtok hjelpearbeid til naudstette fiskarar, men problemet var at sildasvikten også ramma kommuneøkonomien. Rennesøy kommune måtte låna pengar for å halda drifta si i gang. Mykje av pengane gjekk til naudsarbeid. Medan offentleg arbeid utgjorde 9 prosent av 1959-budsjettet, tok det 22 prosent i 1961.
Rykande ferske farty-historie frå Rennesøy. |
Den dramatiske historia om då Rennesøy-fiskarane kom tomhendte heim frå fisket står å lesa i innleiingsartikkel til den rykande ferske boka "Rennesøy fartøyhistorie. Frå dei eldste tider til i dag". Denne artikkelen er skriven av faghistorikar Birger Lindanger, men sjølve boka på nesten 400 sider er eit omfattande dugnadsarbeid av medlemmer i Rennesøy historielag med hjelp av eksperten over alle på gamle fiskebåtar: Kjell B. Sønstabø. Det er over 20 år sidan arbeidet med fartøyhistoria blei starta av Jostein Hellevik, Nikolai Edland og Peder Raugstad (død).
Dei ansvarlege for boka: Jon Tore Helland, Jostein Hellevik, Kjell Birger Sønstabø, Anny Hatlen, Nils Magnus Heggland og Nikolai Edland. |
For sjølv om det meste av fiskeflåten er borte og storparten av yrkesfiskarane også, lever minna og historiane mellom folk. Men med åra er mange av gamlekarane borte og stadig færre kan fortelja om folk og farty. Derfor er det sikkert på høg tid at det kom ei slik bok der ein fortel om totalt 405 farty frå Mosterøy, Rennesøy og Åmøy. Her er alt med, både gammalt og nytt.
Målgruppa for denne boka er sjølvsagt fyrst og fremst rennesøybuar, såvel fastbuande som utflytta og innflytta. Men mannfolk!! med interesse for dei gamle fiskebåtane frå distriktet, vil finna mange kjenningar her. Båtar som blei innleigde til fiskeriføremål folk frå Rennesøy kommune, er også med her. Og alle båtane har fått si komplette historie frå "vogge til grav". Potetfarten til Bergen har også fått sin plass.
- Boka er trykt i 850 eksemplar og prisen er 450 kroner, opplyser leiar i Rennesøy historielag, Anny Hatlen.
Boka blir seld på Rennesøy folkebibliotek og i netthandelen til Rogaland historielag. Men folk som er interessert, kan også kjøpa boka frå leiaren av historielag. Ho har mailadresse: annhatle@online.no.
Taretrålaren "Blåmann" R - 178 - R med last. Bilde fra boka. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar