søndag 25. oktober 2026

Då dei nye tidene kom til Hjelmelandsvågen

 

Tomstad-butikken i Hjelmelandsvågen i 1978.



Dei snart 50 år gamle bilda dukka opp då eg prøvde å rydda opp i rotet mitt. Eg starta "karrieren" som journalist i Aftenbladet i 1977. Eg skreiv ein del om Hjelmeland den fyrste tida. Då har desse bilda frå Vågen havna på pulten min. 


Tomstad-butikken var i ferd med å bli gammaldags.  Det blei planar om flytting og nybygg på Prestagarden. Dermed blei det fotografert og laga bilde til ein reportasje om dette. Eg trur ikkje akkurat desse kom på trykk.



Slik såg det ut på Prestagarden i 1978. Driftsbygningen og bustadhuset i bakgrunnen. 
Portstolpane til Tomstad-huset til høgre. Den ein står der ennå.



Tomstad med det offisielle navnet Sigv. Tomstad, var ein tradisjonsrik butikk i Vågen.


Det var oldefaren min, Lorents Østensen, som starta denne butikken som var ein av fleire på den tida. Han var ikkje berre handelsmann. I tillegg blei han poståpnar, ekspeditør for rutebåtane til Stavangerske og styrte også telefonsentralen.


Sigv. Tomstad var ein sørlending som kom til Hjelmeland under fyrste verdenskrig og arbeidde i forsyningstjenesta som blei etablert då. Der møtte han Signe Østensen, dottera til handelsmannen. Dei gifta seg og Tomstad overtok landhandelen som han dreiv i omlag 20 år. 


Forlovelsen i Aftenbladet 1. oktober 1919.




Då tok han med seg familien og flytta til Kristiansand der han etablerte seg som eigedomsmeklar. Nå fekk den tidlegare krambugutten Harald Sæbø ansvaret for landhandelen i Vågen. Han blei også medeigar.


Det andre bildet viser delen av Prestagarden der Tomstad bygde forretning og Hjelmeland sparebank sette opp sitt nybygg. Bildet er truleg frå 1978. Men her ser du også rester av Tomstad-historien. I seinare år disponerte Signe og Sigv. Tomstad ein del  av andre etasje i butikk-bygget som feriebustad.


Dei to portstolpane tilhøyrer bustadhuset som ikkje er med på bildet. Dette huset bygde Sigv. Tomstad og budde der med familien i eit par år før dei flytta til Sørlandet. Harald Sæbø overtok huset, men eg trur aldri han budde der. Det blei leigd ut i mange år. Huset står der ennå, men den eine portstolpen er borte. Bildet viser også driftsbygninga og bustadhuset på Prestagarden. Her budde forpaktaren Ola Meltveit og familien.


Slik ser den same delen av prestagarden ut i dag. Bankbygget fyrst. Deretter butikk-bygget.



Den nye Tomstad-butikken på Prestagarden blei åpna i februar 1980.

Hjelmeland sparebank bygde også på Prestagarden. Dette bygget blei teke i bruk i mai 1983. Altså for 43 år sidan i skrivande stund.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar