fredag 27. september 2024

To blyge Finnøy-buar fant «Rogaland»-klokka på Island

 

Dei blyge Finnøy-buane som fann "Rogaland"-klokka på Island. Peder Bergøy, til venstre,
og Aksel Tungland.



- Sjå der! Ei gammale skipsklokka. Ka står det her? «Rogaland». 1929. Dei to Finnøy-buane lurte fælt. Saman med kånene sine var dei på biltur på Island sommaren 2016. Heilt tilfeldig besøkte dei Akranes folkemuseum. Der sto denne klokka delvis gøymt bak andre gjenstandar.


Det var Peder Bergøy som såg klokka fyrst og viste den til turkameraten, Aksel Tungland. Men det var Tungland som sende melding pluss bilde til Stiftelsen Veteranskipet «Rogaland», då dei kom heim frå turen. Han lurte på koss skipsklokka hadde havna der.


I 2017 var klokka på plass på "Rogaland. Foto: Jonas Haarr Friestad.



Dåverande styremann for veteranskipslaget, Sigurd Jansen, blei begeistra og sette i gang prosessen med å få klokka tilbake til Norge. Han tok kontakt med museet på Island og greidde etterkvart å overbevisa islendingane om at denne klokka høyrde til om bord i «Rogaland». Styret for museet på Akranes vedtok å senda klokka heim til Stavanger.


Laurdag 24. juni 2017 står det ein heilsides reportasje i Aftenbladet frå seremonien om bord i «Rogaland» der klokka blei hengt opp på sin gamle plass. Stort bilde av alle involverte. Kaptein Per Øhmann, matros Atle Mikkelsen, museumsdirektør Jon Allanson frå Island og styreformann Sigurd Jansen i «Rogaland»-stiftelsen.


Stor stas då klokka kom på plass om bord i "Rogaland". Frå venstre: Kaptein Per Øhmann,
matros Atle Mikkelsen, museumsdirektør Jon Allanson og styreformann Sigurd
Jansen i veteranskipslaget. Foto: Jonas Haarr Friestad.




Kva med finnarane. "Bakgrunnen var to karer frå Finnøy som var på ferie på Island," sto det i avisa. Det var alt. Ikkje navna ein gong.


- Det går ikkje an, tenkte eg. Finnarane var heilt gløymde. Ein rask telefon til Finnøy og dermed hadde eg navna. Peder Bergøy og Aksel Tungland.


Mest ikkje til å tru. Dette var to blyge Finnøy-buar. Me som kjem lenger innante i Ryfylke, var ikkje klar over at slike fantes.


- Me var på seremonien, men trekte oss unna då det blei gjort TV-opptak. Hadde me vore meir frampå, ville me nok fått plass i mediene, me også, seier Aksel Tungland i dag.



Dei to kameratane var på Island saman med kånene: Mette Lise Bakka og Marianne Landa Bergøy.


Men det største mysteriet med denne klokka. Koss i all verda havna den på Island?


"Rogaland"-klokka må ha vore med "Tungenes" til Island. Foto: Egil Eriksson.



Det finns følgjande ledetrådar: I 1964 skifta gamle «Rogaland» navn til «Tungenes». Ikkje lenge etterpå blei den seldt av Stavangerske. Våren 1966 blei den splitter nye ferja «Tungenes» sett inn i rute mellom Stavanger og Haugesund. Denne flotte og påkosta ferja innfridde ikkje forventningane og gjekk i opplag då ferjeruta Haugesund – Stavanger blei nedlagt i 1973. Året etterpå blei den seldt til Island der den fekk navnet «Akraborg». Der blei denne ferja i ti år. Då blei den seldt vidare til eit Panama-rederi.


Klokka frå «Rogaland» må ha vore med «Tungenes» til Island. Det er ikkje grunn til å tru at den gamle klokka sto på ein framståande plass på den splitter nye «Tungenes» i 1966. Eg har snakka med to pålitelege karar, som begge var om bord i «Tungenes» i 1966: Malvin Langvik og Ragnar Førsvoll. Dei har aldri høyrt om noko slikt.


Koss heng dette saman?

tirsdag 24. september 2024

Ein mystisk bymann har «Jøsenfjord»-klokka på hytta på Jøsneset!

 

Dei har ei reserveklokka på lur i Jøsenfjord rutelag. Styreformann Lars Randa
viser den fram. Foto: Vidar Hauge.



- Klokka til «Jøsenfjord» heng på hytta mi på Jøsneset. Den skal eg overrekka til dokke når båten er ferdig restaurert.


Ein eldre bymann var om bord i «Jøsenfjord» då den låg ved kaien i Hjelmelandsvågen då det var frukt- og laksafest for nokre år sidan og sa at han hadde klokka. Fleire har fortalt meg denne historia. Men ingen veit meir om denne mystiske mannen.


Det må jo vera ein eller annan Jøsnes-bu som kjenner til denne karen som sa han  hadde klokka. Viss ikkje er det berre ein tullehistorie. Eg vil oppfordra alle som kan sitja på viktige opplysningar om den originale «Jøsenfjord»-klokka om å melda seg. For nå kan det ikkje vera så lenge før fjordabåten som blei bygd i 1886, er ferdig restaurert.


«Lindesnæs» var navnet då båten blei sjøsett. Den gjekk i rute mellom Farsund og Kristiansand fram til 1929. Då blei dampbåten seldt til Jøsenfjord rutelag i Stavanger. Nå fekk den navnet «Jøsenfjord» og gjekk i rutefart i Ryfylke fram til 1978.


Veteranskipsekspert Torstein Randa. Foto: Forbundet Kysten.



Torstein Randa, ein av dei fremste veteranskipsekspertane i Rogaland, veit ikkje om det var den same skipsklokka som sto om bord like frå 1886. - Dersom det var same klokka, vil vel «Lindesnæs»-navnet også vera å finna på klokka, seier Randa som også kjenner historia om den mystiske bymannen med hytte på Jøsneset.


«Jøsenfjord» vil uansett ikkje vera klokkelaus når den er ferdig restaurert.


- Me har fått ei klokke som me kan bruka. Men den er mindre. Så me håpar stadig på at den originale klokka kjem til rette, seier styreformannen i Jøsenfjord rutelag, Lars Randa.


Navnet «Fricido» står inngravert på reserveklokka. Lars Randa kjenner ikkje til historia til dette fartyet.


"Fricido" står det på reserveklokka.



Viss du har opplysningar om «Jøsenfjord»-klokka, må du ikkje nøla med å melda frå. Dersom nokon kjenner til den mystiske hytte-eigaren på Jøsneset, er dette også av stor interesse.

mandag 23. september 2024

Kor er «Jøsenfjord»-klokka?

 


Ferjerederiet Norled har ein haug med gamle skipsklokker. Men "Jøsenfjord"-klokka er 
ikkje å sjå.




I september 1980 gjekk den 94 år gamle rutebåten «Jøsenfjord» over Nordsjøen for eigen maskin. Bortsett frå ein kraftig brann i skorsteinen, gjekk turen knirkefritt fram til den tyske småbyen Brake i nærleiken av Bremerhaven.


Spørsmålet nå er om den flotte skipsklokka på denne gamle, ærverdige båten var med på denne overfarten. Alle som har levd ei stund, og vel så det, hugsar den flotte klangen i denne klokka når den store fjordabåt-flokken ringde til avgang på ettermiddagen langs kaiane i Stavanger. Tinge-linge-ling og lingelei!


"Jøsenfjord" i nederlandsk versjon.



Den 19. desember 1978 gjekk «Jøsenfjord» sin siste tur frå Foreneset til byen. Etterpå låg den i opplag på Stavangerske sitt verksted på Klasaskjeret heilt fram til tyske kjøparar overtok både «Jøsenfjord» og «Årdalsfjord» i 1980.


- Eg veit ingenting om denne klokka. Den blei ikkje brukt og heller ikkje omsnakka på turen. Den kan ha vore fjerna alt då, seier Magne Sildelid frå Sjernarøy. Han var styrmann på turen over Nordsjøen. Sildelid hadde vore styrmann i utanriksfart i alle år. Han hadde ingen bakgrunn frå fjordafarten verken i Jøsenfjord rutelag eller Stavangerske.




Magne Sildelid verken såg eller høyrte gjete 
skipsklokka på turen over Nordsjøen.


- På ein kairunde blei eg praia av Konrad Knutsen, min gamle klassekamerat frå styrmannsskulen. Han skulle vera kaptein på turen og ville ha meg med som styrmann. Bortsett frå brannen i skorsteinen gjekk alt greit fram til Bremerhaven. «Årdalsfjord», derimot, rota seg litt bort og var på veg til Den engelske kanalen før dei fekk snudd, fortel Magne Sildelid.


Håvard Mathiesen, best kjent som seilmakar Mathiesen, har ikkje tru på at skipsklokka var med på turen over Nordsjøen.


«Jøsenfjord» låg jo lenge i opplag i Stavanger før den blei seld. Kan det har vore suvenirjegrar om bord og teke klokka?


Veteranbåten «Jøsenfjord» er snart ferdig restaurert i Norheimsund i Hardanger. Nå bør alle gode krefter gå saman og leita etter klokka med den flotte klangen.


Ikkje nøl med å seia frå dersom du har opplysningar!


«Jøsenfjord» blei henta tilbake frå Nederland til Norge i 2011. Arbeidet med å føra den nå 138 år gamle veteranbåten tilbake til fordums glans, har pågått i alle år etter dette.


Aftenbladet 19-9-1980.



lørdag 14. september 2024

Bevisstlause Tormod sendt frå kyrkjegarden til sjukehuset

 

Hardhausen Tormod Nordmark kom seg til hektene etter ulukka i 1942. Her fotografert i 1979.
Då var han blitt enkemann etter at kona, Matilde, omkom i rasulukka på Hjorteland
i mars same året



Meir død enn levande blei sauegjetaren Tormod Nordmark funnen under ein fjellknaus i fjelltraktene ved Napen i Suldal. Han var så ille medfaren at brørne Johannes og Sven Rosså som fann han, tvilte på at han ville overleva.

Desse karane såg etter sauer som ikkje var komne med i den store sauesamlinga litt tidlegare. Det var alltid sauer som ein ikkje fekk med seg i fyrste omgang. Rosså-karane hadde gardsbruk på Jøsneset. Tormod Nordmark hadde ansvaret for sauene som Statens forsøksgard på Hodne på Rennesøy hadde på heiabeite. 


Dei to brørne bar Tormod ned til Sandsavatnet. Deretter rodde dei han over vatnet for å bera den hardt skadde mannen ned til Ulladalen. Der var jo kyrkjegarden for fjellbygdene mellom Jøsenfjorden og Suldal. Tormod Nordmark budde på Fjellberg og sokna til Ulladalen.


I Ulladalen var det telefon og distriktslege Engjel Gjemdal blei bodsend. Den skadde blei transportert ned til Jøsenfjorden. Der kom dokter Gjemdal frå Hjelmeland. Han fekk undersøkt den hardt skadde 42-åringen. Legen ville ikkje gje opp. Det blei ordna med båt for å senda mannen til sjukehus. I Jone Bastlid sin motorbåt blei Tormod Nordmark frakta til sjukehuset i Sauda.


Frå Stavangeren 3-10-1942.



Den alvorlege ulukka og det imponerande hjelpearbeidet blei omtalt i Stavanger-avisa Stavangeren tre dagar seinare, laurdag 3 oktober 1942. Den hardt skadde var omtalt med fullt navn. - Han er så alvorlig skadet, at det skal være tvilsomt om han står det over, sto det i avisa.


Tormod Nordmark låg bevisstlaus i tre døgn.  Sjukehuset såg alvorleg på situasjonen..Bror hans, Olav, som budde og arbeidde i Sauda, fekk ikkje komma for å sjå om han. 


Frå Stavangeren 6-10-1942.



Nokre dagar seinare har Stavangeren kontakta sjukehuset i Sauda for å sjekka tilstanden. - Der opplyses det at det ser ut til å gå bra med Nordmark. Han har kommet seg svært godt.


- Eg var fem år gammal då dette skjedde og hugsar hendinga svært godt. Mor mi og eg sat og grein då me fekk høyra kva som hadde skjedd med far, fortel sonen Tor Nordmark som er 87 år gammal i dag.


Tor Nordmark, sonen til Tormod, var 
vegarbeidar i mange år.



Tormod blei ille medfaren. Huda på deler av hovudet var riven av og hang som ei skinnfille nedover. Sjukehuset i Sauda lappa han saman så godt dei kunne, men han fekk ikkje akkurat  avansert kosmetisk behandling på den tida. Dermed fekk han livsvarige, synlege skader.


- Han såg fæl ut då han endeleg kom heim. Syster mi, Målfrid, og eg blei livredde då me såg han, fortel Tor.


Han meiner at dei to redningsmennene var overbevist om at Tormod ikkje ville overleva. Difor valde dei å frakta han til Ulladalen der kyrkjegarden låg. Viss dei meinte det var gode sjansar for at Tormod ville overleva, ville dei teke han med seg ned til Suldal slik at han kunne fått raskare legehjelp.


Johannes Rosså var med å berga Tormod Normark.
Mange hugsar Johannes Rosså som matros på 
"Hjelmelandsfjord".



Litt av eit redningsarbeid dei to Rosså-brørne tok på seg. Men dei fekk hjelp av andre folk som kom til og var med på  å bera Tormod ned til Ulladalen.  Derifrå  var det Bil-Ola, Ola Hauge, som kjørte den skadde ned til Jøsenfjorden med lastebilen. Derfår bare det vidare til Sauda med ein saktegåande, gammaldags motorbåt. Det må ha gått ei lite døger på å frakta Tormod Nordmark frå ulukkesstaden i heia og heilt til Sauda.  


Tor Nordmark var vegarbeidar i mange år. Han var med på byggja vegen langs Jøsenfjorden frå Eiane til Nesvik. Då møtte han Jone Bastlid som budde ved vegen som blei bygd.


- Eg frakta ein halvdaud mann frå Jøsenfjorden til Sauda under krigen. Han heite Tormod Nordmark, sa Jone Bastlid.


- Det var far min, svara Tor.


Tormod Nordmark i full sving med håslåtten i 1979.



Hardhausen Tormod Nordmark  kom seg til krefter og  blei den same arbeidsmannen som før. Han dreiv garden på Fjellberg som før ulukka.  Seinare flytta han til Hjorteland og overlet Fjellberg til sonen Tor.


Ei ny ulukke ramme Nordmark-familien  då Matilde, kona hans, omkom i eit svært snøras på Hjorteland i mars 1979, 76 år gammal. Eit sjokk for ektemannen og dei åtte borna.


Tapet var stort for Tormod Nordmark. Men han sette seg ikkje ned og gav opp likevel. I september same året var eg på Hjorteland og laga reportasje for Aftenbladet. Då møtte eg Tormod i full sving med etterslåtten. Han kom mot meg, med ei bør med hesjestaur over aksla. 


Tormod Nordmark døde i 1987, 86 år gammal.


Dei to Rosså-brørne, Sven og Johannes, var gardbrukarar på Jøsneset i 1942. Sven kjøpte seinare prestagarden i Vikedal og flytta dit. Sonen hans, Ottar, kjenner mange som banksjef på Hjelmeland i mange år. Johannes var også ein kjent mann for mange hjelmelandsbuar. Han var matros på "Hjelmelandsfjord". Ein smålåten mann som var levande interessert i sauer. 


På ulukkesstaden i sommar. Frå venstre: Terje Nordmark, Andreas Rosså, Tor Nordmark og Ottar 
Rosså. Foto: Trond Laugaland.



Nå i sommar var Tor Nordmark og sonen Terje  i Suldalsheia og såg ulukkesstaden saman med Andreas og Ottar Rosså, sønnene til Sven Rosså. Trond Laugaland var med som kjentmann. 








 




søndag 8. september 2024

Ti høylass fôr rett til himmels!

 

Turrhøy i svevet. Teikna av Henry Imsland.





Ti heile høylass med fint høy fôr til himmels frå Segadal i Jøsenfjorden ein søndag i august 1969. Det høyrest jo heilt utruleg ut. Men kanskje endå meir utruleg! Dette sto på fyrste sida på Aftenbladet. Heile historien med teikning av den legendariske Henry Imsland.


Koss kunne dette skje? Ein kombinasjon av kraftig austavind og det fruktbare samarbeidet mellom redaksjonssekretær Jon Moe i Aftenbladet og den iherdige meldaren Jakob Krumshagen i Ulladalen. Saman fekk dei to karane Jøsenfjorden og Ulladalen til å framstå som eit slags eventyrland der allslags spennande kunne skje.


Ola Segadal sat hjelpelaus og såg på at austavinden stakk  av med turrhøyet.
Foto: Aftenbladet.



På fredagen hadde Ola Segadal slege høyet som låg og godna seg i det fina vêret. Ekta god helgaturk.


Alle som er littegrann kjende i Jøsenfjorden veit at austavinden kan bli utruleg sterk der inne. Det er påstått at vinden ein gong la ned eit spett som sto i klaka mark i Segadal.


Men denne august-søndagen for 55 år sidan var det varmt og fint og utpå ettermiddagen blei det 29 varmegrader og austavinden vreid seg over på søraust og auka i råsene.


- Det var ei kvervel-flage med søraust-vind som reiste med høyet, står det i Aftenbladet.


Denne søndagsettermiddagen kom ein motorbåt innåt ved Segadal nett då høybreiene vart henta i ein einaste veldig sup.


Og kor blei dette høyet av?

Det datt ned eit strå ved Følekammane og eitt i Knutsvik på Jøsneset. Resten var vekke. Med unntak av nokre fengjer som Ola Segadal fann igjen nedmed sjøen. Han mista høy for minst tusen kroner. Det var mykje penger i 1969.


Koss gjekk det i Ulladalen? Der og kom det flager som ville stela høy. Men  dei fann att turrhøyet ved ein steinmur.


Mykje spennande å finna i Aftenblad-arkivet. Vil du studera Segadalshistorien sjøl, finn du den i avisa tysdag 5. august 1969.




onsdag 4. september 2024

Sogna-trilling blir Ryfylke-vikar

 


Trillingen "Hella" blir reserveferje i Ryfylke i vinter, Foto: Uwe Jakob.


Frå 2. oktober skal den to år gamle ferja «Hella» vera på plass som vikar-ferje i Ryfylke. Denne ferja har elektrisk framdriftsmaskineri på same vis som ferja «Nesvik» som går i ferjesambandet Hjelmeland – Nesvik – Ombo.  I sommarsesongen går «Hella» i Sognefjorden i sambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes.


Fram til utgangen av april får nå denne ferja fast liggjeplass ved ferjekaien på Hjelmeland. Den vil gå inn som vikar for ferjene «Nesvik» og «Hydra» på Hjelmelandsfjorden og for ferjene i Finnøy-sambandet. Neste sommar er den tilbake i Sogn der det går tre ferjer om sommaren. Det er trilling-ferjene «Hella», «Dragsvik» og «Leikanger». I vintersesongen går det berre to ferjer i dette sambandet.


Desse ferjene har same kapasitet som Ryfylke-ferjene: 80 personbilar og 295 passasjerar. Men Sogneferjene har ein flott panorama-salong over bildekket.


Annette Røberg er driftsledar i Norled, Rogaland.
Foto: Tor Inge Jøssang, Aftenbladet.



- Ferja «Hordaland» skal vera vikar i Ryfylke kommande sommar. Den skal pussast opp i vinter. «Hella» kjem tilbake neste haust igjen, opplyser driftsledar i ferjerederiet Norled, avdeling Rogaland, Annette Røberg.


Norled fekk anbudet på ferjesambandet i Sogn frå 2020. Trillingferjene blei bygde i Singapore og levert i 2022. Anbudet varer fram til 1. februar 2026.


"Hella" på Hjelmeland 9. oktober 2024.



Kaptein Ørjan Handeland og maskinsjef Odd Terje Olsen blir faste folk på reserve-ferja «Hella» i vinter. Resten av mannskapet blir henta frå dei ferjene som blir tekne ut av drift.


Dei siste tre åra har ferja «Hjelmeland» vore reserveferje i Ryfylke. Den skal nå setjast inn i ferjeruta Herøy – Søvik i Nordland.


Ferja "Hydra" fekk problem etter at den hadde løyst av "Hjelmeland" som straks sette kursen
nordover. Plutseleg var det ei ferja igjen i dette sambandet. "Hjelmeland" snudde ved 
Haugesund og gjekk sørover igjen. Her er den fotografert i Boknasundet. Litt seinare
snudde den på ny. "Hydra" var i fart igjen. Foto: Gunhild Byberg.
v

søndag 1. september 2024

Forrektigt spinneri på Hjelmeland

 



Tanja Øvrum Kvame reknar med å kjøpa ein god del av ulla ho treng frå 
sauebønder i bygda.


Eit forrektigt spinneri er i løpet av eit par-tre veker i full drift på Hjelmeland. Tanja Øvrum Kvame åpnar snart dørene for garnkjøparar som vil strikka kufter med lokalt produsert garn som i stor grad er spunne av ull frå sauene i bygda.


Tanja (54) og ektemannen Jostein Kvame (56) har etablert selskapet Ryspinn og skal driva spinneri i bygget ved Steinslandsvatnet der morfaren til Jostein, Ragnvald Fjælberg, dreiv treskofabrikk i si tid. Det nye spinneriet ligg berre eit drygt steinkast frå kulturhuset Spinneriet nede i Hjelmelandsvågen.


Spinneri-eigarane har budd i Stavanger i mange år. Tanja har jobba som kunst- og handverk-lærar på Ullandhaug skole og Jostein, som er frå Hjelmeland, jobbar i oljebransjen. Dei har to vaksne barn.


Huset i Hjelmelandsvågen der Jostein sine besteforeldre budde, har dei hatt som hytte. Nå bur Tanja stort sett her heile tida. Ho har full sjau med å få spinneri-drifta i gang. Ho reknar med å ta inn arbeidshjelp etterkvart. Men Jostein vil fortsetja i "oljå".


Tanja Øvrum Kvame og mannen Jostein åpnar spinneriet i huset der morfaren til Jostein dreiv
tresko-farikk i si tid.




Ideen om å starta med eige spinneri fekk ho for ein god del år sidan etter å ha høyrt ein podkast om eit mikrospinneri i Oslo. Ho snakka ikkje om dette med mannen. Fyrst då svoger Andreas Kvame og svigerinne Bodil starta med sideri på heimegarden i Hjelmelandsbygda, lufta ho planane for Jostein som straks var fyr og flamme. Etter den tid har det gått slag i slag. Den tidlegare treskofabrikken kjøpte dei ved påsketider i fjor.


5. august kom den splitter nye maskinparken frå Canada. Ein mann frå fabrikken var med og i løpet av ni dagar lærte  han opp Tanja til å driva spinneriet sjølv.


- Det var moro, men slitsamt, seier ho.


I tida etterpå har ho øvd og prøvd seg fram med ulike ulltypar. Det ligg ein del ferdige hesplar og nøster i lokalet, men butikken er ikkje åpna ennå.


Ulla som ho har brukt som råstoff, er kjøpt på ullmottaket på Forus. Men planen er gå over til lokale ull-leverandørar etterkvart. Tanja har funne ut ein god del om kva slags ull som veks på sauene i bygda. Ho reknar opp ein del ulltypar, men denne bloggaren skal vera varsam med å referera dette. Her kan det lett gå i baddel for han.


- Ein produksjon på 15 kilo ferdig ull i veka reknar eg med å  klara, seier Tanja.


Ein hespel på 50 gram med litt tynt garn kan bli 124 meter. Lengda varierer med tjukkelsen på garnet.


Det har vore ein del folk innom for å sjå på det nye spinneriet. Mange er interssert i å vita meir om dette.


- Me har planar om å ha åpne dører i samband med Ryfest 7. september, seier Tanja.