mandag 28. mars 2022

Politiet mistenkte Jan for å vera Kåre Palmer Holm på rømmen.

 

Unge Jan Hansen jobba for bror til Kåre Palmer Holm sommaren 1959 då det store 
rømmingseventyret foregjekk. I dag er han 86 år og bur på Vardeneset.


- Kem faen e du? Ein stressa politimann reiv opp bildøra og såg strengt på Jan Hansen i passasjersetet.


Dette var sommaren 1959. Rømmingseksperten, skapåpnar-kongen Kåre Palmer Holm var på rømmen. Han leika katt og mus med politiet. Han hadde rømt frå fengslet på Lagårdsveien i Stavanger. Klassisk oppskrift: Laga eit provisorisk tau av eit par-tre sengelaken og firte seg ned frå taket og var sporlaust borte.


Folk hadde sett ein bil med broren til Kåre Palmer Holm bak rattet. Han hadde ein passasjer med seg. Var dette rømlingen? Politiet blei varsla og slo til i Kannik i Stavanger. Men null fangst. Passasjeren var uskuldige unge herr Hansen.


Dette er ein Oliver bulldozer av same typen som Holm-brørne hadde i sitt firma.



Unge Jan Hansen, opprinneleg frå Vennesla på Sørlandet, kjente ikkje Kåre Palmer Holm. Han hadde nettopp fått jobb som hjelpesmann i entreprenørfirmaet som rømlingen hadde starte eit par år tidlegare saman med den yngre broren Kjell.


Entreprenørfirmaet med hovedvekt på grave-oppdrag med bulldozer var ikkje spesielt lukrativt. Kåre Palmer Holm var slått konkurs hausten 1958, men Kjell greidde å halda drifta oppe mens broren havna utpå igjen med fleire skap-åpningar og havna etterkvart i varetektsfengsel etter å ha letta postkontoret på Sola for 67 000 kroner i april 1959.


Jan Hansen kjente ikkje til Kåre Palmer Holm. Svogeren hadde skaffa han jobb. Rømminga frå fengsel snudde opp ned på det meste. Politiet heldt broren og bulldozer-drifta under oppsikt. Dei rekna med at rømlingen kunne oppsøka broren som hadde oppdrag i same området der Kåre Palmer Holm hadde vore observert. Der hadde firmaet oppdrag med nydyrking og utgraving av hustomter, både på Madla, Tasta, Sola og Randaberg.

Ein lastebil frå Strømmen mek av same type som den som Holm-brørne hadde. Bulldozeren
blei transportert på ein tilhengar kopla til lastebilen.



Det var fleire enn politiet som trudde at rømlingen hadde kontakt med broren. Folk kom med diverse pakkar, mat, tobakk og brennevin, som dei ville gi til Kåre Palmer Holm.

- Den slags blei kontant avvist. Broren hadde ingen kontakt med rømlingen i desse dagane. Sjølv møtte eg Kåre Palmer Holm saman med broren under ein pause i rettsaka i Stavanger seinhaustes 1959. Då var det eit møte der også to politimenn var til stades.


Dette var den einaste kontakten Jan Hansen hadde med Kåre Palmer Holm.


- Inntrykket mitt var at han var ein dyktig mann. Eg blei fortalt at han fekk laga ei slags bulldozer-greip som me brukte i nydyrking. Frå skipsopphoggingfirmaet Høvding kjøpte han panserstål frå vraket av det tyske slagskipet «Tirpitz». Av dette stålet fekk han horva produsert ved Rosenberg mek. Verksted, seier Jan Hansen som legg til at Kjell Holm var ein dyktig og arbeidssom kar.


Maskinparken bestod av ein amerikansk-bygd bulldozer av merket Oliver og ein norskbygd lastebil frå Strømmen mek. Verksted. Lastebilen blei brukt til å transportera bullozeren frå ein oppdraget til det andre. Vidare hadde dei ein personbil som var ombygd til «pick-up» og ein gammal amerikaner. Dette var ein utrangert drosjebil, visstnok kjøpt av busseigar Bertelsen på Madla. 


«Pick-upen» blei kalla Maria og den gamle drosjen var Dronningå.


Dei tre karane som nå jobba i firmaet, hadde planar om å skaffa seg ein ny bulldozer. Stormbull i Oslo gav dei eit interesssant tilbud på ein maskin. Den ville dei sjå på.


Turen til Oslo gjekk med firmabilen Dronningå. Kjell kjørte. Det var snø i lufta då dei kom til Kvinesdal. Dette blei for tøft for vinduspussarane. Det var eit kjede frå vinduspussar-motoren som rauk. Svogeren fekk ansvaret for å dra i kjedet slik at vinduspussarane kunne halda frontruta fri for snø. Men så streika girkassen. Problemet blei løyst ved at dei åpna lokket på girkassen. Ved hjelp av eit skruejern sørga så Jan for å skuva tannhjula i rett posisjon når sjåføren tråkka inn clutchen. Ein minnerik tur.


Det blei aldri orden på bulldozer-kjøpet. Og Kåre Palmer Holm fekk ein lang fengselsdom. Entreprenør-firmaet blei avvikla.


- Eg reiste til sjøs igjen året etterpå. I 1967 gjekk eg i land. Seinare jobba eg mange år i oljå, seier Jan Hansen som nå 86 år. Ein sprek pensjonist som bur på Vardeneset i Stavanger.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar