mandag 14. februar 2022

Kåre Palmer Holm med speedbåt til Austlandet

 

Med denne speedbåten skulle Kåre Palmer Holm til 
Austlandet på nye eventyr. Men han stranda på Jærkysten.
Bildet er frå Aftenbladet.

                           


Søkklasta med kontanter, 67 000 kroner, og med politiet i hælane. Ka gjørr du då? Då kjøper du speedbåt og stikk til Austlandet.


Det var truleg slik han tenkte, Kåre Palmer Holm, i april 1959. Han hadde skaffa seg flust med pengar etter å tømt pengeskapet på Sola postkontor. Men det var ingen fred å få på våre kanter. Han var etterlyst både for skapsprengninga på Sola og ein mindre vellukka sprengningsjobb på Finnøy.


Ka nytta det med mykje 
pengar, når du har politiet
etter deg, tenkte Kåre 
Palmer Holm.

Den raske kvitlakkerte speedbåten på 14 fot, kjøpte han i Sandnes for 6500 kroner. Den gjekk 25 knop. Lørdag 18 april la han ut frå Hafrsfjord i båten. Ifølge Aftenbladet var han godt utstyrt med klede, mat og brennevin. Han hadde også ein ryggsekk med verktøy og borar til mulige jobbar på veg til Austlandet.


Han hadde drukke nesten to flasker brennevin då han gjekk frå Hafrsfjord.


- Eg hugsar så vidt at eg gjekk frå Hafrsfjord utan å venta på ein sovepose som ein slektning skulle skaffa meg, fortalte han i Ryfylke herredsrett i desember 1959, ifølge Rogalands Avis.


Stavanger-politiet hadde fått greie på at rømlingen var på veg sørover med båt. Politiet i Egersund blei varsla og dei gjekk ut med to båtar med fire politifolk om bord.


Men Kåre Palmer Holm kom ikkje så langt at han møtte politifolka frå Egersund. Någe gjekk gale. Han og speedbåten enda i strandsteinane på Nærland på Jæren. Sjølv hugsa han lite og ingenting frå heile turen.


På  Nærland vassa Holm i land. Det draup både vatn og blod av mannen då han kom inn i det første og beste huset han såg seint på laurdagskvelden. Der ville han låna telefon.


Mannen i huset, Arne T. Nærland, fortalte til Aftenbladet dagen etterpå at han hadde høyrt i radioen om ein mann som var etterlyst og fatta mistanke.


Holm sa at han var på week-end-tur. Han pleide å ta seg ein tur i helgene enten på båt-tur eller i fjellet.


Nå måtte turisten ha drosje og han fekk låna telefonen. Då han skulle betala for seg drog han opp ei klype med pengesedlar, både 50- og 100-krone-sedlar.


Drosje-sjåfør Erling Salte kom til Nærland og henta Holm. Sjåføren tenkte at dette var ein bymann som hadde dradd på fisketur og hadde fått litt for mykje sterke saker innabords.


- Karen var ikkje snakkesalig lenger då han hadde sett seg til rette i bilen og duppa av.


Drosjesjåfør Salte fekk ein mistanke om at det var ugler i mosen. Kunden hadde ikkje oppgitt kor han ville hen i byen. Difor tenkte sjåføren at han kunne avlevera Holm til ein politi på Torget i Stavanger. Men han kom ikkje så langt. Politiet stoppa drosjen i Hillevåg. Store politistyrkar var ute på jakt etter rømlingen.


Nå var Kåre Palmer Holm forkommen. Han hadde hatt eit betydeleg blodtap og måtte på sykehus før han kunne puttast i fengsel igjen. Han var ikkje i stand til nye sprell på ei stund.


Det gjekk tre månader før han han rømte igjen i slutten av juli.


Dette var fjerde bloggen, men langt frå siste, om Kåre Palmer Holm. Ein heilt spesiell type som mange stadig hugsar. Eg har brukt reportasjane som sto i Aftenbladet og Rogalands Avis om denne mannen i 1959, som kjelde til mine skriverier. 

1 kommentar: