tirsdag 1. februar 2022

Då kystskipet «Karmøy» forliste ved Skansekaien

 

Slik blei «Karmøy» liggjande ved Skansekaien i Stavanger i april 1970. Foto: Aftenbladet.



I dag startar hevinga av havaristen «Bore Cat», båten som forliste ved Strandkaien i Stavanger i uvêret natt til søndag. Vel så dramatiske forlis ved kai har skjedd i denne byen før.


Kapteinen på kystskipet «Karmøy» fekk seg litt av eit sjokk då han kom ned på Skansekaien seint på kvelden søndag 5. april 1970 og ikkje såg båten der han skulle gå om bord. Fyrst då han var kommen nesten heilt ut på kaikanten såg han formasta på båten som låg innover kaien og deretter båten som låg velta i sjøen. Berre litt av forskipet var synleg.


Frå Aftenbladet.



Det var litt av eit drama som hadde utspelt seg om bord på Stavangerske-skipet mens kaptein Esra Olsen var ein tur heime og besøkte familien sin.


Planen var at kystlasteskipet skulle gå nordover til Alnor og Bergen ved midnatt etter å ha lossa i Stavanger. Lossearbeidet gjekk for fullt då båten brått kantra ved kaien.


Sju av mannskapet på 12 mann var om bord då havariet skjedde. I tillegg var sonen til styrmannen om bord og besøkte faren. Alle kom seg velberga i land.


Dette havariet vekte stor oppsikt. Det var på ingen måte normalt at ein lastebåt kunne gå til bånns i havna på denne måten.


Under sjøforklaringa kom det fram at slingrekjølen på styrbord side hadde sett seg fast i ein sprekk i kaien på flo sjø. Båten begynte dermed å hella mot babord etter kvart som tida gjekk og sjøen fjæra ut. Vakthavande styrmann gav beskjed om at ein måtte lossa meir av lasta på babord side og fekk vakthavande i maskinen til å fylla opp styrbords ballast-tank.


Her er «Karmøy» på veg opp or sjøen igjen.



Då båten ikkje retta seg opp, fekk styrmannen mistanke om at båten kunne hengja fast i kaien. Frå kaien kunne han ikkje sjå noko unormalt, men då han kom om bord igjen, krenga båten plutseleg mot styrbord og begynte å ta inn vatn.


Bergingsarbeidet kom raskt i gang. Det tyske selskapet Ulrich Harms fekk bergingsoppdraget saman med Norsk Bergingskompani. Ei veke etter havariet var to svære flytekranar på plass i Stavanger for å starta berginga. 14. april var båten heva. Etter at den var tømt for last, blei «Karmøy» taua til Stavangerske sitt verksted på Klasaskjeret. Seinare blei skipet reparert i Haugesund og sett i fart igjen.


«Karmøy» hadde meir uflaks. I november 1971 var den borti ein grunne ved Kleven i Mandal i dårleg sikt med radaren ute av drift. Skadene var utbetydelege. Søndag 9. januar 1972 forliste den ved Katland fyr utanfor Farsund. Vakthavande styrmann hadde forveksla to fyrlykter. Heile mannskapet blei redda.


Dermed var «Karmøy» ute av Stavangerske-soga.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar