mandag 21. februar 2022

Kåre Palmer Holm fekk tre års fengsel for sine meritter

 

Tittelen i Aftenbladet 16. desember 1959.


Det gjekk eit lettelsens drag over skapsprengar Kåre Palmer Holm sitt ansikt då sorenskrivaren i Ryfylke, Kåre Høyland, les opp dommen på tre års fengsel for hans meritter sommaren 1959, sto det på førstesida på Aftenbladet 16. desember same året. Årsaka til lettelsen var at retten ikkje hadde tatt hensyn til statsadvokatens påstand om tre års forvaring i tillegg til fengselsstraffa.


Dermed var Holm funnen skuldig i skapsprengningane både på Sola postkontor og i Finnøy sparebank. Han blei også dømt til å betala ein erstatning på 60.000 kroner til postverket. I skjerpande retning blei det lagt vekt på Holm sine tidlegare forgåelsar og at tjuveria hadde foregått i tida før han begynte soninga for den tidlegare skapsprengninga på Randaberg.


Kåre Palmer Holm fekk snakka
nokså fritt i rettssalen. 

Retten trudde ikkje på at Holm hadde somla vekk utbyttet frå Sola postkontor. Det var heller ingenting i saka som talde i formildande retning.


Men retten meinte at Holm sitt innbrot i ei hytte ved Bråsteinsvatnet ikkje kunne karakteriserast som grovt. Der hadde forresten Holm skreve i hytteboka og takka for opphaldet.


Kåre Palmer Holm blånekta i retten på at han hadde vore på Finnøy. Han hevda at dei hadde vore på Aubøsund i Sjernarøyane. Han skulda hendinga på Finnøy på båteigaren som hadde tatt han med på turen til Ryfylke. Men dette trudde ikkje dommarane på.


- Det var jo Holm som var fagmannen, meinte dei. Forresten blei skapspreninga på Finnøy mislukka på alle måtar. Dei greidde ikkje å få opp skapdøra. Det greidde heller ikkje dei tilsette i banken dagen etterpå. Fagfolk frå byen måtte tilkallast for å åpna den skadde døra.


Statsadvokat Oftedal anka dommen mot Holm til Høyesterett, sidan han ikkje fekk herredsretten med seg på å gi han verken forvaring eller sikring. Men han fekk ikkje medhald.


Rettssaka mot Holm var ein spesiell forestilling. I Rogalands Avis står det at tiltalte var godt forberedt til dysten i retten. Han greip stadig inn i forhandlingane når han meinte ting var feil framstilt. Dommar Høyland var snill og let Holm få ganske fritt spelerom. Men av og til måtte dommaren bruka klubba når det blei altfor mykje lått og løye mellom tilhøyrarane.

To uniformerte politimenn passa på i salen og ellers var ein mengde politifolk møtte som vitne. Utanfor rettssalen fekk Holm prata både med vitne og pressefolk og virka tilsynelatande godt opplagt.


Er det rart at så mange hadde sympati for Kåre Palmer Holm? Han var jo ein fargeklatt på sin måte.


Dette var blogg nr. 10 om den skapsprengaren som var kriminelt sjarmerande.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar