fredag 4. februar 2022

«Apache» hindra straumkrise i Sandnes

 

Folk fra Sandnes e-verk sørga for å få kabelen om bord i «Apache».
Bildet sto på fyrstesida i Aftenbladet 28. desember 1960. 


«Apache» blei reine julabåten i Sandnes og berga innbyggjarane og næringslivet frå straum-rasjonering og sure straumrekningar. Den gamle tankbåten var ikkje noko vakkert syn, men den gjorde nytta der den låg oppankra på Rovik-sida innerst i Gandsfjorden. Folk som er gamle nok hugsar ennå båten med eit lite smil.


Me skal tilbake til vinteren 1960 – 1961. Utsiktene var elendige. Nedbøren i november var til å grina av. 70 millimeter nedbør mot normalt 206 millimeter. Magasina til Lyse Kraftverk var eit sorgens kapitel. 40 prosent av normal-fylling. Folk i Sør-Rogaland måtte rekna med straumrasjonering.


I slutten av november kjørte Maudal kraftverk to maskiner som tilsaman leverte 420 000 kW-timar og dette gjekk hardt ut over magasina, meldte Aftenbladet. I gamle Hetland kommune hadde ein redusert straumforbruktet med 30 prosent, Men den burde helst vore på 40 prosent. Det var krisetider.


«Apache» låg her innerst i Gandsfjorden fra desember
1960 til april 1961. Foto: Johannes Østvold


Då gjekk driftsbestyrar Lars Jaatun og hans menn i Sandnes e-verk til aksjon i slutten av november 1960. Dei leigde T2-tankaren «Apache» av Oslo-redaren Magnus Konow. Den skulle komma til Sandnes i løpet av desember og ville bli eit viktig tilskot i staum-nauå.

Normalt hadde Sandnes kommune (obs: bykommunen før 1965) eit normalt døgnforbruk på 220 000 kw-timar uten rasjonering. Med rasjonering måtte Sandnes nå klara seg med 165 000 kw-timar. «Apache» skulle levera 90 000 kw-timar. Dermed var det ikkje nødvendig med rasjonering i byen. Gleda var stor i Sandnes.


«Apache» var ein T2 – tankar. Eit flytande kraftverk. Ein vekselstraum-generator produserte straum som blei overført til framdriftsmaskineriet om bord. Spenningen var på 2300 volt. Det var denne elektriske krafta som nå blei sendt i land i Sandnes. Ved hjelp av Rosenbergs flytekran blei ein transformator på 22 tonn sett om bord i T2-tankaren. Den omdanna den elektriske krafta til rett spenning for straum-abonnentane i Sandnes.


Då «Apache» var oppankra og fortøyd på Hana-sida blei straum-kablane dradd om bord. 28 desember 1960 var det klart for å forsyna seg av T2 – straumen.


Maskinrommet var bemanna døgnet rundt. Maskinist, fyrbøtar og smørar. Akkurat som når skipet var i fart. I alt var det 15 mann om bord mens båten låg roleg og fungerte som kraftstasjon. 46-47 tonn olje gjekk det med i døgnet for å driva hovedgeneratoren, sto det i Aftenbladet.


Sandnes e-verk tilbaud naboane sine i Høyland kommune og Maudal kraftlag overskotskraft frå «Apache», men dei takka nei. I Stavanger blei det også vurdert å leiga inn ein T2-tankar for å letta på straumkrisa. Men det blei det ingenting av.


Sjølv om det var kritisk lite vatn i kraftmagasina i distriktet før jul, blei det ikkje så alvorleg kraftmangel som venta på vårparten. Vinterkulden ebba ut tidlegare enn normalt. Dermed blei ikkje straumforbruket så høgt som frykta.


I Sandnes angra dei ikkje på «Apache»-eventyret sjølv om sluttrekninga kom på vel ein million kroner. For i Sandnes blei straumrasjoneringa oppheva 15 desember. Og krafta frå T2-tankaren utgjorde i periodar 40-50 prosent av døgn-behovet i byen. Det samla kraftforbruket i perioden var på 19,5 millionar kWh. Av dette kom 8,5 millionar frå «Apache». 60 prosent av krafta gjekk til den lokale industrien.


Alt gjekk etter planen med «Apache» og straumproduksjonen heilt fram til det bles opp med ein kraftig vind frå aust. Då gjekk det nesten gale. Skipet hang berre etter ei trosse ein periode og straumkablane blei kutta og straumen gjekk i Sandnes, fortalte den tidlegare e-verkssjef Lars Jaatun til Aftenbladet.


Møbelhandlar og båtentusiast Johannes Østvold sto i butikken og ekspederte kunder då straumen gjekk. Han måtte springa ut av butikken og henta lastebilen. Den kjørte han opp mot butikkvinduene og lyste opp butikklokala slik at møbelsalet kunne halda fram.


«Apache» låg tre månader på Sandnes. I april 1961 forlet skipet Gandsfjorden. Same året blei tankskipet ombygd til bulkskip. I 1977 blei "kraftverket" frå Sandnes opphogd på Taiwan. Skipet var bygd i USA i 1944.




2 kommentarer:

  1. Gildt med ei oppfrisking. Men det som hugsas best var nok rekninga, dyrt vart det!

    SvarSlett