Kjenner du skuleguttane som kjem frå skyssbåten «Hjelmen». Bak til høgre ligg skyssbåten «Star». |
- Hei! Guttungen med stripet jumper må vera Bøgningsmaen, Sigve Vatland.
Dette var eg heilt sikker på. Eg treiv telefonen for å få tak i mannen som kunne identifisera guttane på bildet. Han kom for å hjelpa meg. Men det tok litt tid før han kunne sjå på bildet. Eine glaset i lesebrillene var borte. Brillehjelpen måtte tilkallast. Endeleg fekk han synet på plass og kunne sjå.
Arne Larsson og Tanja |
Kjenner du fleire av dei som er med på bildet. Flott viss du kan hjelpa meg med å få alle på plass. Nå er alle navna på skuleelevane som går i land på Hjelmeland på plass:
Frå venstre: Ole Dagfinn Nårstad, Børge Vatland, Kurt Åsland, Jostein Hjorteland, Bjørn Asgaut Olsen, Torkel Nesvik og Inge Torkild Skiftun. Bak desse kjem Anne Lise Fosså, Torill Hjorteland og Odd Magne Åsland. Margaret Hagen hoppar i land frå båten.
Aftenbladet hadde ein heilsides reportasje om skuleskyss-rutene i Hjelmeland laurdag 29. september 1973. Det var den unge frilans-journalisten Leif Sirevåg som hadde laga den. Han hadde vore med Arne Larsson på rundtur med skulebåten «Hjelmen». Sirevåg som seinare blei fast tilsett som journalist og seinare redaktør i Aftenbladet, kjende godt Arne Larsson og «Hjelmen» frå før. Larsson var onkelen hans.
- Hver eneste morgen er 12 busser, små og store i sving for å få elevene fram til skolene i Hjelmeland og Årdal. Samtidig reiser to båter rundt mellom øyene og samler opp elever der. Bare en vei kjøres det 98 kilometer, og båtene går ni kilometer hver morgen.
Dette apparatet virker meget bra, men for at det hele skal fungere best mulig, koster det kommunen 614. 000 kroner, står i det i reportasjen frå september 1973.
Aftenbladet var med «Hjelmen» på morgonturen frå Tuftene på Ombo via Nesvik på Jøsneset til Hjelmeland. Presis klokka 8.15 kom Bernhard Skaar til Tuftene med Ombo-elevar i sin drosje og Signy Helgeland kom med eigen båt frå Buer. Deretter gjekk båten til Nesvik og så til Hjelmelandsvågen der elevane blei frakta i buss opp til ungdomsskulen.
Osvald Sæbø frakta skuleelevane frå Randøy over til Hundsnes med skyssbåten «Star».
«Hjelmen»-eigar og skipper Arne Larsson seier til avisa at det kan vera vêrhardt i austavinden frå Jøsenfjorden, men det er svært sjeldan at ruta har vore innstilt. I 1973 var skulebåtane nettopp utstyrt med mobiltelefonar for å gjera det tryggare for dei reisande.
Lærar Rolv Breivik stig i land frå skulebåten «Hjelmen» på Ølesund. |
Kari Halsne Øye har sendt eit bilde av faren, Rolv Breivik, som stig i land frå «Hjelmen» på Ølesund. Breivik var lærar på framhaldsskulen vinteren 1963 - 1963 då eg gjekk der. Etter det tok han lærarutdanning i ganske vaksen alder. Han var seinare ungdomskulelærar på Hjelmeland i mange år.
Her er eit utval av Facebook-kommentarane:
Magnhild Meltveit Kleppa Eg var lærar på Jøsneset skuleåret 1967/68. Einaste lærar, 9 elevar i småskulen og 16 i storskulen. Eg budde på skulen i vekene, reiste heim til Hjelmeland laurdag ettermiddag med Arne Larsson. Tilbake søndag kveld med Oppseilinga, eller måndag morgon med «Hjelmen».
Første stopp om morgonen var truleg Skår, deretter Nesvik. Ragnhild Vestersjø gjekk på framhaldsskulen det året, ho vekte meg viss eg sovna før eg var framme.
Båten? I ruskevær stod eg i styrehuset med Arne Larsson. Sjøluft? Å ja, men også ein eim av olje. Dessutan ein snill hund som gjekk fritt mellom benker og bord.
Kari Skaar Arne Larson var ein gilde skysskar, og det var gjevt å få han til å skriva i minnebøkene våre. Då trur eg det var dette han skreiv: Per aspera ad astra.
Ikkje alle er like begeistra:
Ingvar Hauge: Dette var i mi ungdomsskuletid. Trudde at Ombo- og Randøy-elevane kom på ved Hundsnes fram til 1976. Deretter blei vel Ombo-elevane skyssa ilag med dei frå Jøsenfjord og Skiftun. Eller huskar eg feil? Av elevar frå Jøsneset og Ombo huskar eg i alle fall Einar og Reidar Nesvik, Kurt og Leif Raymond Åsland og Nårstad-brødrene Ole Dagfinn og Gunnar + Børge Vatland. I tillegg Arne Rørheim og litt seinare Asgaut Olsen og Sigve Vatland. Var og ei jente fra Skiftun som heite Anne Lise Hjorteland
SvarSlett