søndag 31. juli 2016

Denne fisken skulle far min sett

Denne auren er over eit halvt kilo. Ein sensasjon
for vårt vatn.

- Så synd at 'an far er død. Denne fisken skulle han sett.

Det var det fyrste eg tenkte då me hadde dradd opp garnet i går morges. Etter å ha fiska opp fjellaure i over 20 år, kom det endelege beviset på at vatnet vårt ikkje lenger er håplaust overbefolka. Nå er det plass og mat nok for fisken som er igjen. Dei kan eta seg mette og veksa seg store viss dei held seg unna fiskekrokar og garn og andre farar.

For over 70 år sidan bygde far min hytte ved eit lite fjellvatn i dei indre og mindre tilgjengelege deler av Ryfylke. Vatnet var ikkje kjent som noko godt fiskevatn. Det var fullt av småaure som var kvit i kjøtet og mindre attraktiv mellom aurekjennarar.

For oss ungane var fisken meir enn god nok. Den beit villig på makk og fluge. Det var ein fest når far hadde tid til å vera med oss og fiska med oter. Det blei alltid fisk. Garantert.

Viss me kom oss av garde til heis ein haustdag når lauvskogen lyste gul, sto det tett i tett med aure i bekkeosen. Den var klar til å gyta og syta for at det blei endå meir fisk i vatn. Då sette me garn over osen og jaga auren i garnet. I heldige stunder kunne det stå 40-50 aurar i garnet.

Sjølv om fisken ikkje var raud i kjøtet, var nysteikt, fersk fjellaure eit festmåltid på hytta. Men det var ein skikkeleg nedtur å plukka same sorten fisk opp av fryseboksen for å gjenoppliva ein slik feststemning på kjøkkenet i byen.

- Me skulle hatt fleire garn og fiska opp så mykje aure at det blir gode forhold for den gjenverande fisken, sa far min. Men det blei med snakk og luftige planar.

Og dette problemet med den manglande raudfargen. Far sa at det mangla kreps som auren kunne meska seg med å få rette raudfargen. Den manglande krepsen var det ikkje noko å gjera med. Men han hadde snakka med folk som meinte at ein kunna kasta rekeskal i fiskevatn for å skaffa fram raudfargen.

Far min ville blitt 103 år i september. Det er 25 år sidan han gjekk ut av tida. Han hadde vore oppglødd viss han hadde sett auren på dryge halvkiloet som me fekk på garnet. Då den blei strekt godt ut og metermålet kom fram var den slik cirka 47 centimeter. Ikkje verst. Tidlegare var 27 centimeter ein lang fisk.

Dei siste åra har me fiska med tre garn i vatnet. Dette har ikkje vore noko intenst kultiveringsarbeid, men etter fire-fem år såg me at fisken begynte å bli litt større. Etter endå fleire år dukka det opp aurar som tydelegvis hadde utvikla kannibalistiske trekk. Dei hadde ete seg store på sine slektningar.

- For ein tosk som fortel om vatnet sitt. Nå kjem det allslags lykkejegrar for å prøva fiskelykka her, tenkjer sikkert du som les dette.  Eg er ikkje svært redd for det. Dei finn det ikkje. Det er langt å gå og vanskeleg å fiska med stang når ein ikkje er kjend. Og auren er stadig kvit i kjøtet. Forresten er det ikkje mange igjen når dei blir så store.

Så stor fisk hadde du ikkje drøymt om, far!



onsdag 27. juli 2016

Den utskjelte Hundvåg-bussen - ein suksess på Tasta!

Den utskjelte Hundvåg-bussen er ein suksess på Tasta.


Alle har høyrt ramaskriket frå Hundvåg. Bussane går ikkje som før lenger etter 1. juli. Ein Høyre-politiker frå Hundvåg som sikkert ikkje anar koss ein moderne rutebuss ser ut innvendig, har svinga seg til dei store høgder i sin buss-kritikk. Og Aftenbladet skreiv ledar om saka.

 Men ingen bryr seg om oss som bur på Tasta som har fått eit busstilbud me aldri hadde drøymt om.

Buss nr. 1 går ikkje frå Hundvåg til Forus lenger. Nå går den til Tasta. Det har du ikkje høyrt noko om. Ingen som har klaga der. Derfor er det taust som i grava om Tasta-bussen.

Som den positivisten eg er, må eg få lov til å uttrykkja min begeistring for dei nye bussrutene til Kolumbus. Åtte gonger i timen kan eg ta bussen til byen frå morgon til kveld. Du kan berre stilla deg opp på holdeplassen og venta. Bussen er der før du veit ordet av det.

Flunkande nye, grønne Kolumbus-bussar har kjørt rundt i byen frå 1. juli. Eg har reist med dei mange gonger alt. Her finst det ikkje tagging, spor etter hærverk eller utvendige skraper. Alt er nytt og fint. Hadde eg hatt luktesans, hadde eg sikkert kjent at det lukta ny buss lang vei.

Alle Volvo-bussane er utstyrte med setebelte. I leddbussane frå Mercedes, derimot er det ikkje setebelte av ein eller annan grunn. Eg har bestemt meg for å bruka setebelte kvar gong er har sjansen til det.

Det skulle forresten berre mangla at dei nye bussane går i rute nå i juli. I ferietida er det lite bilar i gatene og forholdsvis få passasjerar i bussane.

Den store busstesten kjem når skuleferien er slutt. Då aukar privatbiltrafikken. Det blir køar, klabb og babb og mange passasjerar i bussane både morgon og kveld. Eit utal av nye, grønne leddbussar som står ubrukte på  Forus nå, skal rullast ut i trafikken. Koss blir det å komma seg fram og halda ruta med dei lange doningane gjennom Verksgata, Klubbgata, Kongsgata? Dei skal smyga seg forbi ein mange andre slags bussar, taxiar, fotgjengarar og syklistar på Byterminalen før dei kan setja kursen for trivelege Tasta.

Vil Tastabussane som skulle gå med sju-åtte minutts mellomrom komma to-tre stykk i følge mot Tasta. Då vil regulariteten gå i dass.

Dette blir spennande. Heilt ærleg. Eg håpar det går godt.

PS. For ordens skuld: Eg kjører flybuss. Den er utenfor Kolumbus-systemet.  Eg betalar når eg reiser med dei grønne bussane i fritida. DS.

tirsdag 5. juli 2016

Bestefaren min kristna Ulladalen

Ulladalen i dag. I 2005 døydde den siste mannen i Ulladalen. Men nå er det
komme ungt par med barn i dalen. (Foto: Aftenbladet)
Olav den heilage kristna Norge. Men han hadde mykje å fara over. Eit heilt land på eit kort liv. Han hadde ikkje fylt 40 år då han fall på Stiklestad 29. juli 1030.

Kongen kunne ikkje hefta seg med avdalar og utskjeglar der har fôr fram. Dermed var de enkelte dalføre, som til dømes Ulladalen, som blei hengjande litt etter. Eg påstår ikkje at det var rame heidningar som heldt til Ulladalen, men dei var truleg ikkje kristlege nok for slik omlag 100 års tid sidan. Iallfall ikkje slik samtida såg det.

Det er her bestefaren min kjem inn i biletet. Han var frå Laugaland i Vormedalen i Hjelmeland. Ulladalen ligg i Suldal kommune opp frå Jøsenfjorden. Bestefar min måtte gå ein liten time ned til Tøtlandsvik og så ro eit par timar inn til Vadla i Jøsenfjorden og så gå vidare opp til Ulladalen derifrå. Det tok også eit par timar, vil eg tru.

Bestefaren min, Johannes Laugaland.
Bestefar, Johannes Laugaland, var gardbrukar, kommunepolitikar og lekpredikant i ledige stunder. Han  var fødd i 1874 og døydde i 1962.

 I Vormedalen var dei sterkt-truande, fromme haugianarar på denne tida. Dei tok kristentrua på alvor og song salmene utruleg seint. Viss dei begynte på salme med mange vers på ein søndags føremiddag kunne det lakka til kvelds før dei song siste verselinja.

På denne tida rauk det frå minst 12 piper berre i Ulladalen. Det budde med andre ord folk i minst 12 hus. Og når du veit koss mange ungar dei hadde på denne tida, er det godt mogeleg at det budde 100 menneske i Ulladalen. Når du kjem inn i dalen frå Jøsenfjorden kjem du  til plassar og gardar på rekkje og rad: Bekkjene, Kalhus, Bøen, Garden, Rabbane, Holmen og Løkkja.

Opp gjennom tidene har det budd kjende folk i dette dalføret: Den gjeve jenta Signe Ulladalen blei det både sunge og spela fela om. Storviltjegeren Rasmus Ulladalen gjekk det gjetord om i både Ryfylkeheiane,  Setesdalsheiane og dalstroka innafor.

Mister Ulladalen: Jakob Krumshagen.
I nyare tid var det bonde og turistvert Jakob Krumshagen som skreiv tallause lesarbrev i Stavanger Aftenblad om livet og naturen i Ulladalen, Det var forresten sistnevnte som fortalde meg at det bestefar som tok på seg å få Ulladalen skikkeleg kristna.

På ei av sine misjonsferder hadde bestefar fått med seg landhandlaren i Tøtlandsvik, Johannes Tytlandsvik, til Ulladalen. Dei to var trusfeller frå bedehuset i Vormedalen. Dessutan hadde landhandlaren robåt. Det kom jo godt med å ha en sjøkyndig mann med på slik ein tur. På Laugaland var dei ikkje så fortrulege med robåtar.

Det var ein fin varm søndag dei la i veg. Dei både rodde og gjekk. Og varmt var det. Då dei kom oppover bakkane trong dei til å kvila,.

Dei fann seg ein stein og sette seg. Etter ei stund sette dei i med ein oppbyggjeleg song. Dei to mannsrøystene høyrdest godt mellom fjell og nutar.

Nils Lio heitte ein mann som budde på ein plass opp under Hjorteland. Han var ikkje spesielt religiøst interessert og visste ikkje at det skulle vera kristeleg samling i Ulladalen denne søndagen. Det var heilt andre assosiasjonar han fekk av å høyra mannsong på ein søndag føremiddag.

Oppglødd la han i veg for å spora opp songarane. Då han kom fram til steinen der dei to vormedalsbuane sat, blei han lang i trynet.

- Og eg som trudde det var flaskekarar, sa han.

Koss det gjekk vidare med kristninga av Ulladalen og Nils Lio, fortalde ikkje Jakob Krumshagen meir om. Men det er all grunn til å tru at folket i Ulladalen og på dei omkringliggjande fjellgardane som Hjorteland, Fjellberg og Ørekvam blei grundig omvende til den rette gudstrua. Bestefar gjorde grundig arbeid når han sette i gong.








lørdag 2. juli 2016

Eg elskar mafia-fotball! Forza Italia!

Ingen jublar for scoringane siine meir enn italienerane!



Italienske fotballspelarar trives ikkje i fotballdrakt. Dei ville heller gått på banen i med kvit skjorte og mørk dress. Du forstår fort at det meste av tekniske fotball-finesser har dei lært i leik med ball i trange portrom i mørke italienske byar iført dresstrøye, dongribukse og svarte sko. Alle usynlege tjuvtriks, finter og rare spark på ballen er utstuderte i asfaltjungelen.

Mange mislikar den italienske stilen. Kallar det mafia-fotball. Eg er ein stor beundrar både av den italienske fotballen og landet Italia. I årevis har eg prøvd å læra italiensk. Heilt forgjeves. Forstår ikkje eit kvekk. 

I Roma har eg vore på restaurant og kjørt drosje mange gonger. Men eg har aldri blitt lurt. Naiv, seier du. Kanskje det. Ikkje farleg å bli lurt, viss du aldri oppdagar det. Då føler du deg fin, uansett.

Italienerane går mykje på banen. Dei kan virka late. Taklar stygt og saboterer motstanderane sitt elegante og nøye planlagde spel. Destruktivt, seier du. Taktisk genialt, seier eg.

Mens England skaut 50 gonger over målet til Island, kjem Italia til å skyta tre gonger mot det tyske målet. To av ballane vil gå i mål. Berre vent til i kveld og sjå at eg får rett. 

Ingen kan jubla for måla sine  som dei italienske spelarane. Dei smila

. Fantastisk. Eg gledar meg til i kveld. 

Heia Italia!



onsdag 29. juni 2016

Møbelhandlaren som elska gamle fjordabåtar og damplokomotiv

Møbelhandlar og dampentusiast Johannes Østvold er død.
 Foto: Sandnes Historie- og Ættesogelag.


Ein av dei flottaste originalane som har vandra rundt i Sandnes, er nå blitt ein del av historia sjøl. Nå er han død. Han blei 86 år. Men navnet til Johannes Østvold vil leva lenge. Du kan ikkje åpna bok som handlar om lokale båtar og skipstrafikk eller den lokale jernbane-historia  utan å finna bilda som han tok gjennom eit langt liv.

 Fotoapparatet hadde han i alle år med seg overalt der han farta for å dyrka sine kjæraste interesser. Samlinga hans var stor, men han hugsa kvar ein einaste båt og alle lokomotiv, ver sikker.

Den fabelaktige interessa for båtar fekk han som som fire-åring i 1933. Då gjekk han hånd i hånd med farfaren rundt havna i Sandnes. Årstalet var han sikker på sidan farfaren døde dette året.

- Det må ha vore ein tirsdag for både "Sandnæs" og "Jadarland" låg inne og lasta, fortalde han i eit intervju som er publisert av Sandnes Historie og Ættesogelag.

Dei to gamle nattruteskipa "Kong Sverre" og "Soma" var Johannes Østvold
oppteken av og fotografert ofte. Dei dampa mellom Sandnes, Stavanger og Bergen som
"Stavanger 1" og "Sandnæs" i fleire mannsaldrar. 


Sin andre store lidenskap pådrog han seg sommaren 1938. Han hadde vore på besøk hos mostrene sine i Austråttbakken. På vegen heim fann han jernbanegrinda i Olav Kyrres gate stengt. Då såg han det gamle damplokomotivet "Hugin" på nært hold. Han blei begeistra for det flotte lokomotivet. Begeistringa bli ikkje mindre då denne veteranen frå Jærbanen blei plassert som pynt inne i ventehallen på jernbanestasjonen i Stavanger 1973. Kvar gong Sandnes-mannen var i Stavanger, var han innom på stasjonen og helste på sin barndomsvenn. I 2014 forsvann lokomotivet til jernbanemuseet på Hamar.

Men rutebåtane og damplokomotiva blei aldri meir enn ei stor interesse. I heile sitt yrkesliv var han møbelhandlar. Saman med broren dreiv han møbelbutikken Ernst Østvold i Langgata i Sandnes. Han budde oppe på butikken like til han blei sjukeleg og havna på sjukeheim for eit halvt års tid sidan. Nevøane driv nå familiebedrifta vidare. Berre så det også er nevnt: Johannes Østvold interesserte seg for gamle møbler også. Og han var totalist. Avholdsmann på sin hals.

Sjølv blei eg kjend med Johannes Østvold då eg laga boka "Fjordabåtene" i 2004 og 2005. Det var naturleg for meg å oppsøka mannen personleg og snakka med han etter at han hadde sagt at eg kunne få låna dei bilda eg trong av han.

 Då eg kom, hadde han rigga opp lysbilde-framvisar og lerret i stova. I timesvis fortalde han og viste på ein mengde med dias. Eg trur han arrangerte tre slike lysbildekveldar for meg. Eg er jo båtnerd sjøl, men møtte min overmann i Langgata i Sandnes. Han hadde tusenvis av dias med båtar på.

Johannes Østvold stilte alle sine bilde gratis til disposisjon for boka mi. Men han sette pris på at lesarane fekk vita kven som var fotografen.

Etter dette tok han kontakt med Stavanger Sjøfartsmuseum og let dei få kopiera alt bildematerialet som han hadde samla gjennom mange år.

Alt på det første besøket hos Østvold oppdaga eg sjølvsagt modelltoga hans. Han hadde laga seg ein tro kopi av Sandnes stasjon i stova si. Eg filma togentusiasten med mobiltelefonen og la dette ut på youtube. Klikk på vidoen under så får du oppleva togentusiasten:


Neste gong du ser eit gammalt bilde av ein gammal fjordabåt eller eit damplokomotiv frå farne tider, send ein vennleg tanke til den avdøde møbelhandlaren frå Sandnes som tok sin bilde med glød og interesse. Ein hedersmann har gått bort.

















tirsdag 14. juni 2016

Då kong Olav og naboen min åpna Randøybrua

et var kongen som klipte snora, men ordførar Arne Hetlelid var ikkje
 langt unna. Tenk at det er 40 år sidan. (Foto: Aftenbladets arkiv)

Dette skjedde i den tida då Olav var konge i Norge og Arne Hetlelid var ordførar i Hjelmeland. Randøybrua blei åpna med all den pomp og prakt Hjelmeland kunne oppdriva onsdag 16. juni 1976. På torsdag er det 40 år sidan denne dagen då bygda sto på håvet og westamaranen "Mayflower" gjekk eins ærend frå byen til Hjelmeland med kongen.

Eg skriv ikkje dette fordi eg var involvert i det som skjedde på nokon måte. Men eg hugsar dagen godt og synes det er forferdeleg så fort tida har gått. Det er på høg tid å mimra litt.

Heila Hjelmeland var ute og gjekk på Randøybrua
for 40 år sidan. (Foto: Aftenbladets arkiv)


Omlag ti år tidlegare var bru til Randøy kasta inn som eit tema i valkampen før eit kommuneval i Hjelmeland. Visstnok var det ordførar Jone Vadla som gjekk inn for dette. Dei fleste karakteriserte dette som valgflesk. Men det gjekk troll i ord. Bru blei bygd og åpna denne vakre junidagen for 40 år sidan.

Kor eg var då kongen åpna Randøybrua? Eg hadde mi første veke som sommarvikar i Aftenbladet og var altfor fersk og urøynd til å bli involvert i eit såpass krevande oppdrag som avisa satsa skikkeleg på.

Fyrsteutgava av Aftenbladet onsdag 16. juni 1976. Seinare kom det eit
rykande ferskt bildet av kongen då han klippte snora.


På den tida var Aftenbladet ei ekta middagsvis med trykketid klokka 12. For å visa kor aktuelle dei kunne vera, starta avis-trykkinga med stort bilde av kong Olav på Strandkaien i Stavanger før han steig om bord i ein flaggsmykka "Mayflower".

I Aftenbladet hadde dei planen klar for å skifta ut forsida når Randøybrua var åpna. Fotograf Leif Berge var send til Hjelmeland med eit einaste fotooppdrag denne dagen. Utstyrt med polaroidkamera knipsa Leif Berge kongen då han klipte snora og åpna brua.

Etter knipset kom Berge seg lynraskt inn til Hjelmeland der han hadde rigga opp telefotosendar. Ved hjelp av denne toppmoderne innretninga fekk han overført bildet til redaksjonen i Stavanger. Vips var bildet lagt inn på ei ny førsteside som prega resten av avisopplaget 16. juni. Denne avisa kom vel rett nok ikkje til Hjelmeland, men der hadde dei sett kongen in natura klippa snora. I Aftenbladet var dei krye over å vera så aktuelle denne dagen.

Og det var jo masse stoff i avisa desse dagane frå Randøy og Hjelmeland. Dette skreiv Borghild Fiskå medan Leif Sirevåg fotograferte.

Det var strålande at det var naboen min, jærstolfabrikant Arne Hetlelid frå Laugaland som var ordførar då kongen kom til Hjelmeland. Han var ein kjekk mann. Du trong ikkje vera konge for å bli godt motteken av han. Kom du til han og spurde om hjelp, blei du ikkje avvist. Men det gjekk ofte fort. Han sa ikkje nei til å frisera ein guttalugg viss det var behov for det. Han snauklipte meg ein gong. Det tok ikkje stort meir enn eit halvt minutt.

Etter at snora på brua var kutta av etter alle kunstens regler drog prominensane til Hovda Gård på Randøy der middagen venta. Og då hadde kongen Margit Hetlelid, kona til Arne, som borddama.

Ein strålande dag. Og brua har vore til glede for randøybuar og alle andre buar i alle år etterpå.





lørdag 11. juni 2016

Den gamle mannen og natta

Nå brukar eg mobilen som vekkeklokka på nattbordet. Men den
er uskarp før eg får på meg brillene.


Koss greier du å stiltra deg ut på badet, finna klosettet, utretta ditt nødvendige ærend og så komma deg inn i senga og smyga under dyna utan å vekkja seg sjøl? Av og til klarer eg nesten. Då kan eg sovna igjen etter relativt kort tid og drøyma om diverse praktiske gjeremål som alltid endar opp i meir eller mindre totalt kaos. På morgonkvisten i dag drøymde eg frå meg både eit flott armbåndsur og ein reiseradio. Det var eit overkommeleg tap!

Som ung kunne eg sova til middag og kvila til nons. I dag ser eg alltid på klokka i seks-tida. På ein heldig lørdag kan eg sova til klokka åtta. Då står eg opp og lagar frokost mens eg høyrer på NRK 1 som er sprikkfull av natur-propaganda på den tida.

Men kven i svartaste har ansvaret for at det festlige salmeprogrammet på søndagsmorgonen er fjerna. Det likte eg svært godt! Eg song med i dei gamle tekstane som me måtte læra utanåt då eg gjekk på skulen og for presten. "Kjæreste venn, du som vandrer omkring, søker din glede i jordiske ting". Slikt gløymer eg aldri.

Før, i mine yngre dagar, kunne eg lesa halve bøker før eg sovna. Nå, som gammal, veltar eg meg opp i senga, finn ein god stilling på håveputa og klemmer igjen auene og sovnar. Men så søv eg altså lettare og lettare utover natta.

Mine kroppslege behov er ikkje påtrengjande. Likevel vaknar eg og tek eit ærend på badet. Drikk eit halvt glas vatn og legg meg igjen.

Eg kan vera yrkesskada. Då eg jobba i Aftenbladet, sto eg ofte opp klokka fem og var på arbeid klokka seks. Det blei ein vane. Etter ei slik veke vakna eg klokka sju og følte det var langt på dag.

Nå for tida kjører eg flybuss. Då står eg opp klokka halv fire av og til og møter opp på jobb halv fem.

- Er ikkje det forferdeleg å stå opp så tidleg, spør folk.

- Nei, seier eg. - Eg er som regel på veg ut på badet på den tida. Då kan eg jo berre bestemma meg for å vakna skikkeleg og få på seg  sjåfør-kostymet og komma seg på jobb.

Eg lurer på om den gammeldags søvnen kunne komma tilbake om eg forandra på mine daglege vanar. Kunne det vera ein idé?  Ein rask gå-tur rett før leggetid var kanskje ein tanke. Og denne kaffien er vel reine gifta etter klokka fem om ettermiddagen.

Kvar alder har sine eksistensielle spørsmål. Dette er mine.