tirsdag 27. juli 2021

Soga om det "Det Store Bankrøveriet" på Sjernarøy

 

Det var Olaug Nedrebø som slo alarm om det store bankrøveriet på
Sjernarøy. Her fotografert som revyartist i Stavanger.
Foto: Aftenbladet.


Det var den galne søndagen då hardkokte forbrytarar frå byen braut seg inn i banken på Sjernarøy midt i kyrkjetida. Då dei kom ut or banklokalet, stakk villmennene av med bilen til banksjef Ebba Breivik. Det blei eit oppstyr utan like på Sjernarøyane!


- Me snakkar tidt og ofte om 5. september 1999 og det som skjedde den dagen, seier Ebba Breivik og ler godt då eg ringjer for å friska opp gamle hendingar. Tenk det, nå blir det 22 år sidan dette hende.



- Me mimrar ofte om det store bankrøveriet, seier Ebba Breivik som var banksjef på Sjernarøy
då dette skjedde. Foto: Øyposten.


Spetakkelet starta då ein av naboane til banklokalet på Aubø oppdaga tre menn som kasta ein svær stein inn gjennom eit vindu på banken. Han varsla den eine av dei to tilsette i banken, Olaug Synnøve Nedrebø, om det som skjedde. Ho reagerte lynraskt. Mannen, Inge Nedrebø, blei send ut på forbrytarjakt med traktoren og banksjef Ebba blei straks varsla. Deretter kasta Olaug Nedrebø seg på sykkelen. Ho ville også på forbrytarjakt.


Banksjefen hadde gjester då dramaet utspant seg. Ho sat og la ut om koss fredeleg det var på Sjernarøy då ho fekk den dramatiske meldinga på telefon.


Ho heiv seg i den raude Opelen sin saman med mannen Osmund og ein av gjestene og kjørte til banken. Der var bandittane på veg ut av då banksjefen og hennar følge var på veg inn. I ståheien gjekk det ikkje betre enn at bankrøvarane stakk av med den raude Opelen som var parkert ulåst med nøklane på plass. Bandittane kjørte i ein fart som ein sjeldan hadde sett på ein blank søndags føremiddag på Sjernarøyane.


Oppslag i Aftenbladet 5. oktober 1999.


Det var ikkje så mange bilar på Sjernarøyane på den tida og alle øybuane kjende den raude Opelen til banksjefen. Dei fekk sjokk: Kva har stukke Ebba i dag? Tenk å kjøra så grassat på dei smale vegane her på øyane, mumla dei med seg sjøl. Ingen kunne drøymt om at bilen var stolen.


Nå var dramaet i full gang. Ektefellene til dei banktilsette var på forbrytarjakt med kvar sin traktor med Olaug Synnøve Nedrebø i vill fart etter på sykkel. Handelsmannen på Eriksholmen, Trond Aartun, var også alarmert. Han sette bilen sin tvers over vegen som sperring for å hindra dei kriminelle frå å ta seg over til Kyrkjøy.


Men tjuvane tok motsett veg. Villmannskjøringa enda på ferjekaien på Nesheim der ugjerningsmennene blei lagde i jern av lensmannsfolk og fastbuane. Då hadde dei brote seg inn i fleire bilar på kaien før dei blei tekne. Ein av bilane tilhøyrde ein av dei tilsette på ferja. Han hadde sett bilen frå seg på Nesheim for han meinte det var tryggare enn å parkera den på ferjekaien på Nedstrand.


Dåverande handelsmann på Nesheim, Sven Foldøy, var totalt uvitande om det som skjedde rett utanfor huset. Han sat ute å verandaen og kosa seg då det plutseleg kom eit skrujern susande rett forbi nasen. Då han kikka over rekkverket og ned på kaien så oppdaga han det som hadde skjedd.


Oppsummeringa dagen etter viste at skadane begrensa seg til ei knust vindusrute og skadene på banksjefen sin bil. I tillegg hadde inntrengjarane stukke av med snaue tusen kroner som blei brukt til frimerke-penger,


- Alle deltakarane i forbrytarjakt var invitert i kaffiselskap i banken på mandagen der dei blei takka for innsatsen og trakterte etter alle kunstens regler.


- Og steinen som blei brukt til innbrotet tok me godt vare på. Den ligg lagra i det tidlegare banklokalet som nå blir brukt som bygdahus med navnet Sjernarøy veksthus, fortel Ebba Breivik som seier at det store bankrøveriet blir omsnakka rett som det er av øybuane.


Dei tre forbrytarane blei seinare på hausten dømde til eit halvt års fengsel kvar for sin herjingar på Sjernarøyane 5. september 1999.

mandag 12. juli 2021

Utkjørte gamlingar på Ombo-toppen

 

Utsyn frå Bandåsen. Sol på Foldøynå.


Så lenge eg har hatt auer, har eg sett Bandåsen på Ombo når eg har vore på Hjelmeland. Nå, endeleg, etter over 72 år her på jordå, har eg vore på toppen av det som i dag er Stavangers høgaste fjell, 513 meter over havet. Det var ikkje ein dag for tidleg. Viss eg hadde venta eit par år til, trur eg ikkje at eg ville greidd å kava meg opp. Det var svintungt for ein gammal mann som meg.


Utsynet frå toppen var spektakulært. Me såg det meste av fjordriket, frå Hagali til Kårstø. For ikkje å snakka om Jelsa, brystnålå på Ryfylke, Nedstrand og Foldøynå.


Eg hadde rådført meg med dei fleste ombobuane som eg kjenner, før kånå mi og eg starta på ekspedisjonen. Rådet om å kjøra til Helgaland og starta der, kunne eg ikkje motstå. Det var visstnok den kortaste vegen. Det var lett å finna fram og finna ein plass å parkera bilen. Turløypa var merka og klar. Det var 0,9 kilometer til toppen, sto det på skilt.


Lett start.

Me gjekk rett inn i ein mørk granskog, men det var lett å gå. Vel ute or granskogen blei det brattare og meir krevande å gå. Det var ein steinete og delvis bratt sti. Eg pusta og peste og lurte litt på kva eg hadde gitt meg ut på. Kvar gong det var ein lysning som åpna for flott utsyn, tok eg meg tid til å studera det eg såg og opplyste kånå om alle stadnavna som eg kom på i farten.


- Veit du at Tore Ørjasærter skreiv songen Å, Vestland, Vestland når eg ser deg slik ....... etter eit besøk på Ombo, spurte eg kånå. Ja, og det er tredje gongen du spør meg om dette i dag, sa ho.


Kånå gjekk mykje lettare enn meg oppover. Eg følte meg stakkarslige.


Ein blå tau som var festa langs fjellsida, snudde opp ned på kven som var tøffast. Tauen skulle ein ta tak i og bruka slik at ein ikkje kom på trilt nedover dei stupbratte bakkane viss ein snofla.


- Uff, nei, me snur. Eg vågar ikkje å gå lenger, sa kånå.


Sjøl om eg pusta og peste og var forkava og blei litt frista til å snu, manna eg meg opp. Tanken på eit bind over auene til kånå for at ho ikkje skulle bli redd av å sjå nedover, slo eg raskt i frå meg. Men eg trøysta og godsnakka med henne. - Heila Ombo vil le av oss viss me snur nå, sa eg.


Etterkvart innsåg ho at me ikkje kunne skjemma oss ut som super-pyser. Kånå mi jobba i si tid i banken på Finnøynå og då hende det at ho kjørte bankbuss på Ombo. Ein gong hadde ho med seg ei tom likkiste i bussen. Så ho hadde eit rykte som tøffe dama å ta vare på.


Ombo-molta.

Me kom oss forbi dei skumle partia. Etter det var det ikkje meir bratt og skummelt. Det var berre bratt. Me fann moltekart då me nærma oss toppen, Til og med ei blaut molte. Den hadde me ikkje hjerta til å plukka med oss.


På toppen av denne bakken, ser me nok toppen, sa me til oss sjøl. Denne livsløgna hjelpte oss vidare over den eine toppen etter den andre til me endeleg såg varden. For ein utsikt. Me pusta ut ei stund før meg begynte å grua oss til nedturen. Stien var så pass krevande at det var grunn til å passa på når me skulle fota oss nedover.


Me var heilt aleina på toppen av Stavangers høgaste fjell. På vegen nedover møtte me min tidligare Aftenblad-kollega Arvid Berentsen og sambuar Marie Rudi på veg opp. Dei såg heilt uberørte ut av motbakkane. Lett for dei som er over 20 år yngre enn oss.


Utpest  gamling på Bandåsen.

To og ein halv time hadde me brukt då me var vel nede ved bilen. Dette var ein time meir enn me trudde ved starten. Endeleg var det tid å eta nista som me hadde lagt igjen i bilen.


Det var god tid til ferja gjekk til Hjelmeland. Me kjørte til Eidssund og slo oss laust med is og brus.


Velkommen etter. Spørst om dokke vil treffa oss på Bandåsen fleire gonger.

søndag 27. juni 2021

Marta fletta for dronning, kronprins og resten av fiffen

 

Marta Kleppa viser kronprins Fredrik koss ein flettar sete i jærstolar i september 1993.
Bildet sto i Aftenbladet.  Fotograf Jan Soppeland.


Mange kvinner har fletta jærstol-sete i Hjelmeland, men det var Marta Kleppa som stakk av med overskriftene i avisene. Det var ho som viste den danske kronprins Fredrik korleis ein fletta sete på stolane. Ho gav liknande opplæring til dronning Sonja og til den norske ambassadøren i København, Ole Ålgård.


Marta var verken brautande eller påtrengjande, men var dyktig og sjarmerande. Dermed tok arbeidsgivar Aksel L. Hansson henne med når han drog på møbelmesser i inn- og utland. Der demonstrerte ho fletteteknikken for alle som ville sjå og mange journalistar fekk eit artig innslag til sine møbelmesse-reportasjar.


Marta Kleppa i aksjon på møbelmessa i København i 1983. Her viser ho flettekunsten til
ambassadør Ole Ålgård. Bilde frå boka til Njål Tjeltveit: Jærstolar frå Hjelmeland.


I !983 var ho med til møbelmessa i København. Der kom den dåverande norske ambassadøren, Ole Ålgård, til Hansson-standen for å sjå Marta i aksjon. Stor stas og bilde i Aftenbladet, kan du veta. Ålgård var på den tida ein svært navngjeten rogalending. Han hadde tidlegare vore norsk ambassadør i Kina og hadde som diplomat spela ein viss rolle i arbeidet med å få slutt på Vietnam-krigen. Kor stort dette var ute i verda veit eg ikkje, men det var stort både i Aftenbladet og i Rogaland.


Marta gjorde jobben så godt at ho fekk ein ny tur til København i september 1994. Det blei ein ny PR-suksess. Trur du ikkje den danske kronprins Fredrik kom til hjelmelandsbuane sin stand og den framtidige danske-kongen viste stor interessse for arbeidet til Marta som nå var blitt 73 år, men stadig i full sving. Det kom nye flotte bilde i avisa og meir Hansson-reklame.


Lise Hansson stakk av med overskrifta då dronning Sonja besøkte Hanson-fabrikken
 på Pundsnes i 2001. Oppslag i Aftenbladet 13. juni 2001. 


Åra gjekk, men Marta Kleppa var med. Ho var 80 år då kongeparet reiste rundt i Ryfylke med kongeskipet. Då kom dronning Sonja til Hansson-fabrikken på Pundsnes. Der fekk ho sjå Marta som stadig kunne demonstrera flettekunsten. Men denne gongen stjal sjefen hennar, Lise Hansson, overskriftene då ho overrekte dronninga ein barnastol som ei gåve til litle Marius. Fotografane gjekk amok, kan du skjøna.


Då Marta Kleppa døde i 2005, sto det ein lang omtale i Aftenbladet. Det viste at den blide, flinke dama hadde sett spor etter seg. Ein verdig representant for alle dei flinke flettekvinnene i Hjelmeland.


Nekrolog i Aftenbladet 20. juli 2005.

I sommar er det ein stor jærstol-utstilling i Spinneriet i Hjelmelandsvågen.

tirsdag 15. juni 2021

Kong Olav sat i luksus-jærstol, fylkesmannen fekk enklare modell

 

Kong Olav på heidersplass i jæstol med armlen ved åpninga av
 Randøybrua. . Fylkesmann Konrad B. Knudsen, til venstre,
og ordførar Arne Hetlelid fekk enklare stolar.


Kong Olav fekk sjølvsagt heidersplassen då han skulle åpna Randøy-brua 16. juni 1976. Han fekk ein fin jærstol med armlen til å sitja på under den innleidande seremonien. Fylkesmann Konrad B. Knudsen og Hjelmelandsordføraren Arne Hetlelid måtte greia seg utan armlen på sine stolar. Det er då skilnad på folk!


Eg tippar at ordførar Arne Hetlelid var meir enn god fornøgd både med stolen og dagen. Jærstolane hadde han og sonen, Njål, sjølv laga på møbelverkstaden deira på Laugaland i Vormedalen.


Kongestolen er ein av dei over 80 ulike jærstolane som blir vist fram på den store jærstol-utstillinga som blir arrangert på Spinneriet i Hjelmelandsvågen i sommar.


Njål Hetlelid var tredje og siste generasjon som jærstolprodusent
i Hetlelid-familien.


Hetlelid-familien har vore sentral i jærstol-historien i Hjelmeland. Johannes Hetlelid starta med jærproduksjon i Vormedalen for godt over 100 år sidan. Fleire av sønnene hans dreiv også med jærstol-produksjon og barnebarnet, Njål, blei den siste jærstol-produsenten i familien.


I min barndom på 1950-talet var det fire jærstolprodusentar på Laugaland.

Arne Hetlelid, Harald Laugaland, Magnus Hetlelid og Paul J. Mæland og far min Johan Laugaland. Dei to siste skreiv eg om i min forrige blogg.


Arne Hetlelid bygde hus med verkstad nede og bustad oppe.


Hetlelid-familien hadde vel det som i dag ville bli kalla åpent hus. Ein snåttete nabogutt blei ikkje avvist om han stakk innom på verkstaden ein dag der heile Hetlelid-familien kunne vera i full sving med stola-produksjon.


Den som fekk oppleva den seinare ordføraren i sving ved bandsaga, såg ein trollmann i arbeid der fingrane stadig berre var millimeter frå sagbladet. Så vidt eg veit blei han aldri skada i arbeidet. Han var lynrask, djupt konsentrert og heldig i all si ferd, den mannen.


Eg gløymer aldri ein gong eg var blitt litt langhåra og spurte om Arne Hetlelid kunne klippa meg. Han hadde det travelt, men ville ikkje seia nei. Akkurat då Arne skulle ta pause og eta middag, treiv han klippemaskinen og friserte meg i lynande fart. Sjeldan har eg vore så glad for å ha øyrene mine i god behold som då eg gjekk snauklipt him den dagen.


Arne Hetlelid var fødd i 1912. Han var nummer ni av ti sysken. Han bygde seg kombinert fabrikklokale og bustad like ved barndomsheimen. Jærstolfamilien laga stolar i fyrste etasje og budde i andre etasje. Etter krigen bygde Arne og kona, Margit, eit nytt og moderne hus der det var plass til mor, far og seks born.


Njål  Hetlelid bygde ny verkstad i 1980. Slik står den i dag.


Sonen, Njål, som var jamgammale med meg, blei med i jærstolproduksjonen og han heldt det gåande til 2005. Då blei han kommunearbeidar. Nå er han pensjonist, men han har nok laga ein og annan barnastol innimellom. Han er ofte innom på verkstaden på Laugaland nå også.


Fjellbuane Olav Saghaug og Jakob Heggland hugsar eg som arbeidsfolk hjå Arne Hetlelid i 1950-åra. Jakob gjorde eit sterkt inntrykk på oss ungane. Han hadde mista ein arm i eit arbeidsuhell i ungdommen, men var tilsynelatande lite hemma av det. Me var fulle av beundring når me såg han i arbeid.


I det fremste huset hadde Magnus Hetlelid sin møbelverkstad. Familien budde i huset 
i bakgrunnen.

Magnus Hetlelid, fødd i 1910, dreiv også med jærstolproduksjon med eige fabrikklokale på Laugaland i mange år. Den tidlegare jærstolverkstaden er i god stand og godt synleg frå vegen.

Magnus Hetlelid hadde den annonsa i Aftenbladet i 1941.



Eg hugsar at Ingvald Mæland og Torleif Hetland var tilsette hjå Magnus Hetlelid i si tid. Ingvald blei seinare vegvaktar og den andre dreiv seinare eigen jærstolproduksjon.


I dette huset dreiv Harald Laugaland jærstolproduksjon i mange år. I slutten av 
1960-åra flytta han med verksemd og familie til Tau.


Den fjerde jærstol-produsenten var Harald Laugaland som etablerte seg i eit uthus på heimegarden. Han var aktiv og hadde to-tre mann i arbeid på 1950-talet og utover til andre halvdel av 1960-talet. Han utvida produksjonslokala etterkvart som produksjonen auka.


På den tida hadde bøndene på Laugaland sitt eige kraftverk. Det blei fleire kalde og lange vintrar i dei tider. Det var ikkje vatn nok til å driva kraftverket. Dette førte til at det blei problem å halda maskinene på verkstaden i gang når straumen forsvann.


Harald Laugaland med ein jærstol som blei 
produsert på Tau. Foto: Rogalands Avis.


Harald Laugaland gjorde kort prosess. Han tok med seg familien og produksjonsutstyret og flytta til Tau. Der heldt han fram med å laga jærstolar fram til helsa svikta.


Arbeidsfolk som var hjå Harald Laugaland: Jørgen Helgeland, Karluf Bråtveit, Lars Breiland, Kåre Tytland, Odd Hauge, Thomas Kåre Mæland, Kjell Rødde, Ommund Bjelland, Einar Thomsen.

søndag 13. juni 2021

Med jærstol i hjerta og gyngestol på loftet

 


Laugaland Trevarefabrikk produserte jærstolar i dette bygget for 70 år sidan. Her blei denne gyngestolen laga. Bamsen vann eg på tivoli på Jørpeland i1969.

Ein snart 70 år gammale barna-gyngestol er eit minne eg har frå den tida då far min var ein av dei mange jærstol-fabrikantane i Hjelmeland. Det var fire av dei berre på Laugaland då. Far min sitt industri-eventyr blei ikkje langvarig. Laugaland Trevarefabrikk var avvikla før eg begynte på folkeskulen i 1956.

Nils Viga Hausken har laga jærstol-utstilling
på Spinneriet.

Over 80 gamle og nyare jærstolar skal stillast ut i Spinneriet i Hjelmelandsvågen nå i sommar. Eg var ein tur og snakka med Nils Viga Hausken som har sørga for å få utstillinga på plass. Her er det mange variantar av denne stolen som har betydd så mykje for mange hjelmelandsbuar. Både som sysselsetjing og sitjeplass.

Tilbake til Laugaland. Far min var bussjåfør med litt god tid mellom turane til og frå Hjelmeland i etterkrigsåra. Han sette opp eit lite hønshus i Juvalia på garden der han kom frå. Bussjåføren blei eggprodusent. Eg veit ikkje koss lenge han dreiv med egg. Men etter ei tid blei hønshuset til jærstol-fabrikk.

Far min var ingen fin-snikker. Han gjekk i kompaniskap med Paul J. Mæland, Paul Hauen i daglegtalen i Vormedalen. Paul hadde handlag og var snikker. Dei to delte ansvaret seg i mellom. Paul tok ansvaret for å laga stolar. Far min var kontorist. Flott brevpapir med firmanavn og reknemaskin kom på plass i eit kammers hima hjå oss. Fabrikkdrifta var i gang.


Paul og far min var ikkje åleine på fabrikken. Dei tok inn folk. Øystein frå Breiland og bror til Paul, Andres, fekk jobb i Juvalia. Eg hugsar godt desse to. Begge hadde motorsyklar. Eg meiner det også var andre arbeidskarar innom.


Jærstolproduksjonen i Juvalia blei ikkje nokon stor økonomisk suksess. Det veit me jo i ettertid. Men det gjekk godt nok til at produksjonslokalet blei utvida. Det tidlegare hønshuset blei dobbelt så langt.


Nå var det god plass til høvlemaskin, båndsag, kappsag, boremaskin og potetkokar. Kva i all verda skulle dei med potetkokar når dei laga jærstolar? Jo den var obligatorisk på alle jærstolfabrikkar. For å få bøy på ryggjabanda (ryggspilene) må dei få eit oppkok fyrst og deretter klemmast inn i ei treramma der dei sto bøygde så lenge at dei blei slik for ettertida.


Aslaug Heggland fletta stolasete
for Laugaland Trevarefabrikk. Seinare
arbeidde ho for andre fabrikantar.
Bilde i Aftenbladet 26-11961.

Mennene var på verkstaden (fabrikken) og laga stolar. Fiks ferdige. Men setet mangla. Å fletta sete eller leggja stol som dei sa i Vormedalen, var kvinnfolk-arbeid. Far min lånte lastebilen til farbror Andres, ein gammal Ford, og kjørte bygda rundt med stolar som trong sete laga av kinesisk sjøgras.

Laugaland Trevarefabrikk hadde mellom anna avtale med Karen Moen som la stolar i ei tom stove hjå Olav Fossane og Aslaug Heggland som baksa med jærstolar og kinesisk sjøgras i eit hus i Hegglandsånå på Fjedlet.


Det var eit hål i golvet i styrehuset på lastebilen til farbror Andres. Spennande greier å vera med far min og kjøra rundt med jærstolar og sjå ned på vegen som suste forbi mellom skonå mine.


Ein solfylt ettermiddag var lastebilen lasta full med ferdige stolar som skulle sendast til byen med rutebåten frå Tøtlandsvik. Bilen kom opp den bratte vegen frå Juvaliå og svinga inn på hovudvegen. Akkurat der sto eg med rikkalause tenner og kulerunde auer og beundra bilen og stolalasset og dei to tøffe mennene som sat oppå stolane.


Bilen stoppa eit par sekund og ein av mennene bøygde seg ned og gav med ein barnagyngestol. Den må du ta med deg him, sa han. Denne stolen har vore med meg og familien i alle år etterpå. Mest parkert på loftet med ein Bamse i setet.

mandag 7. juni 2021

Skulegutten som blei kaptein om bord!


Gunstein Aukland reiste som 15-åring til ungdomsskulen med ferja «Hjelmeland». Nå er
han administrerande kaptein om bord. 

 

Gunstein Aukland frå Ombo var berre 15 år og gjekk på Hjelmeland ungdomskule då den flunkande nye «Hjelmeland» blei sett inn i ferjeruta Hjelmeland – Nesvik – Ombo i januar 1993. Skulegutten tykte det var ei flott, moderne ferja som han reiste med fram og tilbake over fjorden til skulen.


- «Hjelmeland» er stadig ei moderne og driftsikker ferja som har mange år igjen sjølv om den skal skiftast ut i denne ferjeruta nå i juli, seier Gunstein Aukland i dag. Sidan 2015 har 43-åringen vore administrerande kaptein på «Hjelmeland».


Kapteinen bur i gangavstand frå ferjekaien i Skipavik og nå er det ungane hans som brukar ferja som skuleskyss. Dei har nå blitt Stavanger-borgarar, men får fullføra skulegangen sin på Hjelmeland sjølv om Hjelmelandsfjorden i dag er kommunegrensa mellom Stavanger og Hjelmeland.


Gunstein Aukland har skipperblod i årene. Faren var 
styrmann og skipper på Jøsenfjord-båtane. Her til rors
på «Fisterfjord»

Når ferjeskipperen er på jobb, ser han huset heime. Når han er ein fri mann heime på Ombo, ser han «Hjelmeland» som pendlar fram og tilbake mellom Hjelmeland og Nesvik. 

- Eg kuttar ut jobben når eg er fri. Men eg ser jo kva klokka er, når eg ser ferjene, seier han.


Gunstein Aukland begynte ferjekarrieren som matros i 2000. Året etterpå blei han styrmann og i 2007 blei han kaptein på «Sjernarøy» i Midtsambandet. I 2015 blei han administrerande kaptein på «Hjelmeland».


Ferjeskipperen er arveleg belasta. Faren, Gunvald Aukland, var styrmann og kaptein på Jøsenfjord-båtane i mange år.


Berre veker igjen før «Hjelmeland» er ferdig i sambandet etter 28 års teneste.


Nå er det berre veker igjen, før Gunstein Aukland blir kaptein på den nye ferja «Hydra». Denne ferja skal gå på diesel når den startar i ruta. Seinare blir det elektrisk drift før den skal byggjast om til også å kunna gå på hydrogen frå neste år.


- Me går frå «Hjelmeland» til den nye «Hydra» og håpar den blir like god, seier kapteinen som ikkje vil seia noko som helst om kva han meiner om utsjånaden på dei nye ferjene.


«Hjelmeland» har eit maskineri som yter 2400 kilowatt. Rutefarten i sambandet er 9,5 knop. Den kan ha 399 passasjerar om bord. Inntil 76 personbilar er det plass til. Dei siste åra har ferja hatt 7500 driftstimar årleg. Ferja er 84,7 meter lang og 1183 bruttotonn.


Tvillingferja «Høgsfjord» gjekk i Høgsfjord-sambandet til 2009. Då blei den avløyst av ferja «Finnøy» som var blitt arbeidslaus etter at Finnfast blei åpna i 2009. «Høgsfjord» er nå i bruk i eit ferjesamband i Nord-Norge.

søndag 6. juni 2021

Thomas er veteranmatrosen på «Hjelmeland»

 

Matros Thomas Fuglestein Bog (til høgre) har vore på "Hjelmeland" sidan den var ny. Kollega
Morten Bentsen frå Karmøy har "berre" seks år om bord. 


Matros Thomas Fuglestein Bog gjekk om bord i ferja «Hjelmeland» då den kom flunkande ny til ferjesambandet på Hjelmelandsfjorden i januar 1993.


Den blide erfjordbuen er den einaste som har vore på ferja heilt sidan den var ny. Han fyller 62 år i inneverande år, men har ingen planar om å pensjonera seg. Du ser det forresten på han at han likar jobben og ferjefarten. Det lyser trivsel lang veg.


Thomas Fuglestein Bog begynte karrieren på 
"Jøsenfjord-ferjen" i 1980. 

Det var ingen fyrstereisgutt i ferjefarten som gjekk om bord i «Hjelmeland» i 1993.

Thomas Fuglestein Bog starta karrieren som ferie-avløysar på den gamle «Jøsenfjord-ferjen» i 1976 og 1977. Då var rederi-navnet Jøsenfjord Rutelag og ferja gjekk mellom Tøtlandsvik og Vindsvik.


-Då eg kom heim frå militæret i 1980, mangla dei ein mann på ferja, fortel ferjematrosen.

Telefonen ringte og Thomas Fuglestein Bog fekk fast jobb på «Jøsenfjord-ferjen». Ferjene har blitt utskifta og ferjesambandet blei flytta frå Tøtlandsvik - Vindsvik til Hjelmeland - Nesvik i 1990, men matrosen held ut.


Ferjematrosen i arbeid.

- «Hjelmeland» har vore ei makalaust påliteleg ferja. Det har omtrent ikkje vore driftsproblem. Vêr og vind har den heller ikkje nauda av. Berre nokon ytterst få gonger har «Hjelmeland» sløyft avgangar på grunn av vinden, seier Bog.


Ferjesambandet mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo var ikkje kjent som det travlaste ferjesambandet i landet. Her var det tid til å bli kjent med dei reisande.



- Eg har kjent folk frå dei sat i barnevogna til dei er blitt vaksne familie-folk i dag, seier Bog.


Men trafikken har auka med åra. Fyrst blei det to ferjer i sambandet og då Ryfast åpna for halvanna år sidan eksploderte trafikken, spesielt i helgene. Mange av dei som har hytter i Røldal og Vågslid, valde vekk ferja over Boknafjorden og foretrakk Ryfast-tunnelen og ferja til Nesvik i staden. Ferjetrafikken på dette sambandet auka med 20 prosent i 2020.


I dag går «Hjelmeland» så godt som heile døgnet. Den ligg roleg ein snau time frå klokka 2.30 til 3.30. Resten av tida er ferja i farten. Det er åtte mann om bord. Kaptein, overstyrmann, fyrstestyrmann, maskinsjef, fyrstemaskinist og tre matrosar. Desse går på skift og må sova om bord. Dei er ei veke på jobb og to veker fri.


Med pandemien og strenge smittevern-reglar forsvann den personlege kontakten mellom 
mannskap og reisande.


Det er ein del av matrosjobben å dirigera bilane om bord og gjera billettør-arbeid. Men med pandemien forsvann det meste av den personlege kontakten med dei reisande. Det er ingen klippekort eller ferjekort å behandla nå lenger. Billettøren går rundt og registrerer bompenge-brikka som dei aller fleste bilar har montert på frontruta i dag. Viss den manglar, blir bilnummeret notert og rekning sendt til bileigaren i ettertid.


- Ein forunderleg ting: På bilar med RJ- og SD-nummer går det ikkje an å registrera reisa med bombrikka, fortel matros Bog.


Magnus Fuglestein, faren til ferjematros Thomas Fuglestein Bog, dreiv i si
 tid mjølkebåt-rute mellom Erfjord og Sand med melkebåten "Kløver"


NB: Eg kan ikkje skriva om Thomas Fuglestein Bog utan å ta med at han er arveleg belasta med fjordafart. Det var far hans, Magnus Fuglestein, som dreiv mjølkebåt-ruta mellom Erfjord og Sand. Han fekk bygd den legendariske mjølkebåten «Kløver» som frakta mjølk til Ryfylkevegen blei åpna i 1965. Båten forsvann til Sverige, men ligg nå oppussa og flott i Erfjord igjen.


Dette var den andre bloggen om ferja «Hjelmeland» som blir teken ut av ferjesambandet Hjelmeland – Nesvik i juli månad. Det kjem meir bloggestoff i kommande veke.