mandag 19. mars 2018

«Fisterfjord» gjekk til bånns i Eidssund


Fyrstesida på Aftenbladet 17. september 1968

«Fisterfjord» var toppsak i Stavanger Aftenblad tysdag 17. september 1968. Den 44 år gamle rutebåten sokk ved kaien på Eidssund på Ombo to dagar tidlegare. Det dramatiske bildet sa sitt. Båten sto på botnen med berre salongen og akterlugarane over vatnet. 

Kva hadde skjedd?

«Fisterfjord» skulle seila opp på søndagskvelden. Oppseiling hadde rutebåtane når dei på kveldstid gjekk til staden dei skulle ha avgang frå neste morgon. Dei kom til i rute innante fjordane og returnerte inn igjen så snart dei hadde fått folk og eventuell last på land i byen. Folk fekk reisa med dei innover, men dei gjekk berre innom kaiane langs ruta "hvis passasjerer dertil" som det sto i ruteheftet.

«Fisterfjord» i si glanstid. Foto: Stavanger Sjøfartsmuseum.


Jørstadvåg på Ombo var målet for denne turen. Men båten hadde vore innom Skartveit på Halsnøy og sett i land passasjerar og skulle innom på Eidssund då det gjekk gale. Klokka var 22.30. Det hadde begynt å mørkna. Skipperen og rormannen kjende jo ruta, men dei forrekna seg på landskuggen. Dermed kom dei for nær ein grunne som rett nok var merka med stake. 

Skutesida på «Fisterfjord» skrapte godt borti grunnen. Lekkasjen var eit faktum. Lensepumpene om bord hadde ikkje kapasitet til å halda båten flytande.

Dei kom seg rett nok inn til kaien slik at dei seks-sju passasjerane om bord kunne få gå i land. Skipperen var på land og fekk låna telefon og varsla rederiet og bestilla taubåten «Jolu» som hadde større pumpekapasitet. Men «Fisterfjord» sokk stadig djupare. Då «Jolu»  kom utpå natta og var 100 meter unna, sokk fjordabåten. 

Eit ausekar eller to var ikkje nok for å få bringa «Fisterfjord» flott. Bergingsbåten «Jason» kom frå Norsk Bjergningskompani i Bergen. Den greidde heller ikkje jobben,  Kollegabåten «Salvator» måtte også tilkallas. Då gjekk det raskt. Dermed blei «Fisterfjord» heva og pumpa lens. Etter at den var provisorisk tetta, gjekk båten for eigen maskin til Stavanger der den blei sett på slipp hjå Brødrene Bjørnevik. 

Viss det finst yngre  lesarar som stadig les på denne bloggen, så skal eg ta med at «Fisterfjord» ikkje var nokon gammal fillebåt. Gammal ja, men den hadde ein status og eit ry som ikkje mange andre fjordabåtår hadde i sitt distrikt. Den gjekk over Nordsjøen med bær i sine yngre dagar og hadde jo vore både flott og moderne før andre verdskrigen. 

Kort tid etter dette uhellet, var «Fisterfjord» i fart igjen. Men det gjekk snaue to år. Då blei restene av den ein gong så stolte trebåten senka på djupt vatn i Nedstrandsfjorden. Ei ny hending sende «Fisterfjord» ut av soga.

Eg skal snakka meir om «Fisterfjord» og allslags andre gamle båtar på Ombo helselag sin seniorkafé på grendahuset på Eidssund onsdag kveld. 








onsdag 14. mars 2018

Kai-mannen styrte med ferjer, slaktegris, avisbud og golvvask


Her har kai-mannen fått ferjefolka til å rygga ein
bil om bord for å utnytta siste rest av plass på
dekket. Johs. Stensen står på enden av ferje-
lemmen med hendene i lommane. Aftenbladet
28.juli 1969.


Han tok hys på kastelina når ferja kom til Tau, sørga for akterfortøyninga låg klar når ferja hadde bakka seg inn i ferjestøa og senka ferjelemmen ned slik at alt var klart. Folk og bilar fôr på land og gav plass til dei som venta på kaien og skulle til byen.

I dag er folka på ferjekaien vekke. Dei moderne pendelferjene treng ikkje kasteliner og fortøyningstau når dei går til kai. Ferjene har propellar i alle endar og kapteinen legg ferja til kai utan hjelp. Ferjelemmen blir  styrt av folka om bord. Dei senkar og løftar lemmen etter behov. Kai-mannen er rasjonalisert bort.

Viss du ikkje sto i manntalet til Johs. Stensen
måtte du venta timesvis for å komma med ferja frå Tau.
 Bilde frå Aftenbladet 28. juli 1969.
For 57 år sidan var «Tau» ein svær båt når den kom sigande med redusert fart inn på Tau-vågen med kurs mot det ytre hjørna på den gamle ferjekaien. Der sto forbruksbestyrar Johs. Stensen klar. Han skulle sørga for å få springen over pullerten på kaien. Med den på plass gassa folka i styrehuset opp dei to store Wichmann-motorane og fekk vri ferja inn mot kaien og så bakka dei sakte akterover inn i støa. 

I den tida måtte du bestilla plass for å komma med ferja når trafikken var stor. Helgene var verst. Du måtte rekna med å venta i timesvis på Tau på søndagskvelden med bilen din viss du ikkje sto i "manntalet".

Til kvardags var det mykje gods av alle slags slag som kom og blei sendt med ferja. Kaimannen  styrte med følgebrev-bunker og andre papir. 

Forbruksbestyrar Stensen levde seg heilt inn i rollen som ferjeekspeditør og kaimann. Han kutta ut heile Forbruken og blei Stavangerske sin mann på Tau og Tau sin mann i Stavangerske. På søndagskveldane kjempa han alltid for å stappa så mange bilar som råd om bord i ferja. Han gav seg ikkje.

 - Ikkje gå ennå, ropa han til styrmannen på bildekket. Eg skal gå opp i køen i bakken og finna ein bil som er så liten at den smett inn i det hålet du har igjen på dekket.
Jan Eie gjekk på land frå ferja og blei
kaiman i 1970. Foto: Aftenbladet.

Ferja var full av folk og tida gjekk langt ut over avgangstid. Ferjekapteinen var utålmodig og ville gå. Derfor hende det  av og til at når kaimann Stensen snudde ryggen til for å gå og finna ein liten bil, bakka ferja ut og sette kursen mot byen. Ein irritert Stensen oppdaga dette då han akkurat hadde funne ein bil som var liten nok. 

Høvdingen på kaien kjende alle på Strandalandet. Han blei lokalkjendis lenge før ordet var oppfunne. Og når ferja var gått, hadde Stensen tid til å snakka med folk og ta på seg andre oppgåver. Ekstrajobbar blei det også. 

Johs. Stensen blei brått sjuk og måtte slutta på kaien sommaren 1970. Stavangerske trong ny mann på kaien straks. Jan Eie var matros på «Strand» den eine dagen. Neste dag var han kaimann på Tau. Det var han i 41 år.

Den nye ferje-ekspeditøren oppdaga fort at han hadde overteke meir enn ein jobb. Kort tid etter inntredelsen i embetet sto det følgjande annonse i Aftenbladet:


Annonsen i Aftenbladet 30. oktober 1970.

- Akkurat denne slaktegris-jobben overtok eg etter Johs. Stensen. Bøndene frå heile Strand og halve Forsand ringte til meg når dei skulle senda dyr til slakt på Forus. Etterkvart tok det for mykje tid. Eg sa  dette oppdraget frå meg i 1990, seier Jan Eie.

Ingen strandbu har hatt navnet sitt fleire gonger i Aftenbladet enn Jan Eie. Berre søk på navnet hans i Aftenblad-arkivet. Det sprett opp heile tida. For han var kommisjonær for avisa på Tau i aldri så mange år. Nesten kvar veke sto lista med aviskommisjonærar på trykk. Han tok mot avisene som skulle til Tau og sørga for at dei kom ut til abonnentane. Som kommisjonær var han også personalsjef for buda, han hyrte og fyrte. Folk som ikkje fekk avisa, heiv seg på telefonen og klaga til kaimannen. Det hende jo at enkelte svake budsjeler falt for fristelsen til å selja aviser til folk i ferjekøen. Dermed gjekk dei tomme før avisruta var ferdig.

Postverket engasjerte kaimannen for at han skulle ta seg av verdiposten som kom til Tau. Han kjørte den til postkontoret.

Vegmeister Rake gav han jobb som oppsynsmann for kaiområdet. Og ordførar Magnus R. Karlsen sørga for at Eie blei kommunetilsett. Kaihuset tilhøyrde Strand kommune og måtte ha ein som var ansvarleg. Dermed sørga kaimannen også for vaskehjelp til venterommet.

- Visste Stavangerske om alle arbeidsgivarane du hadde?

- Det trur eg ikkje. Dei spurte vel ikkje, seier Jan Eie som gjekk av med pensjon i 2011.





fredag 9. mars 2018

Ferjeskipperen la bileigar på rygg på kaien


Livet på ferjekaien på Tau var som oftast fredeleg, men av og til spissa det seg
til når det ikkje var plass til alle som ville vera med. 


- Viss du ikkje er greie kar og ryggar bilen tilbake frå ferjelemmen slik at ferja kan gå, blir eg nøydd til å ta skikkeleg tak i deg, sa ferjekapteinen. Han hadde festa eit hardt grep i skjortebrystet til ein illsint bileigar som hadde nekta å fjerna seg frå ferjelemmen. Sprellande låg mannen på ryggen over ein hønsakasse med kapteinen over seg. 


«Tau» var stappfull av bilar og klar til å gå frå kaien på Tau. Men bileigaren som sto klar til å kjøra inn på ferja, godtok ikkje at ferja var full. Han bles av mannskapet om bord. Bilen sto låst midt på lemmen med bileigaren ståande demonstrativt ved sida. Ferja fekk ikkje gå utan at han var med.  

Ferje-ekspeditør Jan Eie havna på fyrstesida av
Aftenbladet i 1974.
Livet som ferje-ekspeditør på Tau-kaien var vanlegvis udramatisk. Den unge Jan Eie var ein diplomatisk mann som kom godt ut av det med folk. Krangel og uenighet var ikkje daglegdagse hendingar. 

Men den hissige bileigaren greidde verken styrmann, matrosar eller kaimannen å snakka til rette. Skipperen på brua blei varsla. 

Den elles så godslege Per Vormeland heiv på seg uniformsjakken med alle stjernene på jakkeslaga og den store kapteinshua og skreid til verket på ferjelemmen. 

Den illsinte bileigaren visste ikkje ordet av det, før han låg og sprella oppå hønsakassen på kaien.

Kaptein Vormeland var oppvaksen på garden Vormeland høgt opp under himmelen rett opp frå Tøtlandsvik ved Jøsenfjorden. Der løfta og bar dei tunge ting frå dei var så store dei kunne gå omtrent.

Den svære skipperneven gjorde underverk. Bilen og bileigaren forsvann frå ferjelemmen. 

Kaptein Per Vormeland
- Situasjonen var heilt fastlåst. Eg blei svært imponert av kaptein Vormeland, at den gilde og godslege mannen ordna opp så fort og greitt. På to minutt var krisa over. Ferja gjekk og alt roa seg, fortel Jan Eie i dag.

Den unge ferjeekspeditøren var avbilda på førstesida på Aftenbladet 24. juni 1974. Sommarsesongen var i full gang og bilar blei ståande igjen på kaien på nesten alle avgangar. 

- Dei fleste reisande er kjekke folk. Men det er ein og annan som prøver seg. Dei må få komma med ferja for dei skal vidare med englandsbåten. Men den slags unnskyldningar hjelper ikkje. Mannen på kaien har høyrt slikt før. 

Journalisten spør om det hjelper å vera gammal kjenning av kaimannen. 

- Nei. Ver sikker på at alle blir behandla likt, svara kaimannen i 1974. 

Kaptein Per Vormeland var mange år i Stavangerske. I 1961 begynte han på fjordabåtane etter mange år på kysten. Fyrst var han på «Skudenes». Seinare var han på «Sand» og «Rennesøy» før han kom på «Tau» i 1969. Der blei han fram til han gjekk i land i november 1973. Han døde i 1978, 68 år gammal.

Vormeland var ein svært populær kaptein, både blant folka om bord og dei reisande. 

(Viss det er nokon der ute som har eit bilde av kaptein Vormeland i uniform, er eg svært interessert i å få ein kopi av det)




onsdag 7. mars 2018

Ambulerande matros blei fast mann på «Strand»



«Strand» kom i 1966 og fordobla kapasiteten i Tau-sambandet. Foto: Bloggaren.


Då den nye ferja «Strand» blei sett i fart i juni 1966, gjekk Jan Eie om bord som fast matros. Heilt sidan 1961 hadde han samla ansiennitet og fartstid for å bli mellom dei handplukka folka som slapp å flytta frå båt til båt etterkvart som det passa mannskapsavdelinga til Stavangerske. Tida som ambulerande var over. 
Aftenbladet frå 17. juni 1966 med bilde av både «Strand»
og Hjelmelandsjohnsen. 

Kaptein Johan Johnsen som hadde hatt kommandoen på «Tau» sidan den kom i 1961, plukka med seg dei han ville då han overtok «Strand». Den unge strandbuen hadde han merka seg og Jan nølte ikkje då han fekk tilbodet om å vera med Hjelmelandsjohnsen over på den nye ferja. 

Sidan 1961 hadde han vore av og på «Tau» i fleire periodar og kjente både ruta og mange av folka som han kom saman med på den nye ferja. Og sjargongen: - Idse, Heng, Barka, Tau, sa dei når dei ikkje kom på andre visdomsord. 
Jan Eie til rors på «Strand». 

Det var ikkje utan grunn at skipperen blei kalla Hjelmelandsjohnsen. Sjølvsagt var det for å skilja hjelmelandsbuen frå andre Johnsar i DSD. Men det hadde nok også med at han alltid tok med  seg ein del hjelmelandsbuar på dei båtane der han hadde kommandoen. På «Strand» var begge rormennene sambygdingar: Arthur Bastlid og Odd Ommundsen. Rormennene var erfarne matrosar som alltid var i styrehuset saman med kapteinen til og frå kai og når det var skodd og andre spesielle situasjonar. Dei tok seg av rattet og drog som oftast i maskinhendlane også. Kapteinen sto som regel ofte ute på bruvingen til og frå kai. 

Skipperen hadde stor tiltru til den unge matrosen. Når ein av dei faste hjelmelandsrormennene hadde ferie, var det Jan Eie som blei kalla opp i styrehuset sjølv om fleire av dei andre matrosane var eldre enn han.  

Tau-ferjene var blitt ein suksess for Stavangerske. Det kunne ein trygt slå fast i 1966.
Lastebilsjåførane hadde eigen plass i salongen under
dekk.  Dette er Kalle Saghaug, Østerhus bilruter.
Foto: Else Vargervik.

Tonen var ein heilt annan fem år tidlegare:

Den nye  «Tau» var altfor stor. Kor var alle lastebilane henne? Lasta gjekk på handkjerrer som ferje-matrosane drog over ferjelemmen. Biltrafikken var altfor liten til at dette kunne bera seg økonomisk.

Dommedagsprofetane var store i kjeften. Men dei tok grundig feil.

I 1960 blei det fritt bilsalg i Norge. Alle som ville og hadde råd, kunne kjøpa seg bil. Dermed tok trafikken seg opp på Tau-ferja. Og lastebilane blei stadig fleire. Godset forsvann frå fjordabåtane og over på godsbilrutene. Lastebilsjåførane blei det stadig fleire av på turane over fjorden. Dei hadde eige bord i nedre salong på ferja og blei godt kjende med ferjefolka.

Stakkars «Tau» greidde ikkje trafikken aleine, viste det seg. Kapasiteten blei for liten.



Styrmann Karl Nilsson dirigerer feriebilar om bord i «Strand» på Jorenholmskaien
i juli 1968. Jan Eie med ryggen til på ferjelemmen. Foto: Aftenbladet.
Kor mange bilar frakta ferja? Tau-ferja hadde 21.400 bilar om bord i løpet av 1965. Kvar bil måtte betala kr. 1,50 i bompengar til Stavanger havnevesen for å kjøra over ferjelemmen på Jorenholmen, står det i Aftenbladet 22. februar 1966.

I juni 1966 blei kapasiteten i Tau-sambandet fordobla då den nybygde «Strand» blei sett inn i ruta. Den nye ferja var omtrent heilt lik «Tau». Begge tok 30 bilar og 475 passasjerar.

«Strand» hadde enorme maskinkrefter under bildekket. Der sto det to Wichmann 5ACAT på tilsaman 1500 hestekrefter. Dette var 250 hestar meir enn i «Tau». Så den nye ferja gjekk mykje betre enn «gamlå». Dette oppdaga folka på kontoret altfor raskt. Drivstoffutgiftene blei for høge. - Færre omdreiningar, befalte sjefane på Børehaugen. Reduserte omdreiningar førte til vibrasjonar og risting. I staden for å bli oppfatta som eit fartsvindunder på fjorden, fekk «Strand» ord på seg for å rista altfor mykje. - «Tau» er mykje meir behageleg å reisa med, sa folk. 

Berre ein og annan gong med ein alvorleg sjuk pasient om bord i «Strand», fekk maskinistane lov til å skruva dieselkranane opp slik at maskinane gjekk på full guffe. - Ein gong gjekk me  så fort at sjøen blei dradd inn på bildekket. Eg trur farten var på 16-17 knop. Me brukte 28 minutt fra kai til kai, fortel Jan Eie i dag. 
















tirsdag 6. mars 2018

Jan Eie stoppa på veg til «Sanct Svithun»


«Sanct Svithun» var flaggskipet til Stavangerske. Det var eit sjokk for heile Stavanger då båten forliste 21. oktober 1962.


Ein haustdag i 1962 var den 18-årige Jan Eie på veg til Bergen for å mønstra på Stavangerske sitt hurtigruteskip «Sanct Svithun». I Stavanger skulle han møta ein styrmann som også skulle om bord i hurtigruta. Saman skulle dei ta hydrofoilen til Bergen på føremiddagen.

Men Per Samuelsen på mannskapskontoret til Stavangerske fekk plutseleg eit problem. Dei mangla ein mann om bord i kystbåten «Karmøy». Her måtte mannskapskontoristen handlar raskt. Jan Eie blei stoppa på kaien då han skulle om bord i hydrofoilen.

Jan Eie var berre 17 år då han fekk jobb på «Tau»  som
ferieavløysar. Her er han i messa saman med styrmann
Inge Kleppa. Bilde: Else Vargervik.
- Du kan ikkje reisa til Bergen. Me treng ein dyktig mann på «Karmøy». Eg skal ringja til kapteinen på «Sanct Svithun» og be han om å ordna seg ein ny lettmatros frå Nord-Norge, sa Samuelsen. Det blei ingen Nord-Norge-tur på Jan Eie.

21. oktober 1962 forliste «Sanct Svithun» ved Nordøyan fyr utanfor Rørvik. Det var 89 menneske om bord i hurtigruta som var kommen heilt ut av kurs. 41 omkom og 48 blei redda.

Det finst mange liknande historier om folk som kom for tidleg eller for seint og så vidare, men for dei det gjeld gjer det jo inntrykk når det skjer eit slikt dramatisk forlis. - Eg kunne vore der, tenkte den unge mannen om bord i «Karmøy».

Der om bord var det ein udramatisk haust. Lettmatrosen blei der til jul. Då gjekk han i land. - Vil eg bli sjømann eller skal eg heller prøva meg på landjorda, spurte han sjølv.

I januar 1963 blei Jan Eie industriarbeidar. Han begynte på stålverket på Jørpeland.

Jan Eie sto på utkikk på baugen då «Fjordbris» kolliderte i Lindøysundet.


Men då sommaren kom, var han tilbake på «Tau». Viss du fyrst har lært deg til å seila fram og tilbake over Hidlefjorden mellom Tau og byen, er det ikkje lett å finna andre jobbar der du kan trivast like godt. Men det var mange som var ute etter desse jobbane. Ein ung mann blir lett fortrengt av ein eldre matros med lengre fartstid. Dermed blei det litt av og på for Jan Eie. Når dei hadde nok matrosar på «Tau», måtte ungdommen over på ein av dei andre fjordabåtane.


«Fisterfjord» hadde ikkje radar.
Då «Fjordbris» kolliderte med «Fisterfjord» i tjukk skodde Lindøysundet i 1966, var matros Jan Eie utkikk på «Fjordbris». På den tida gjekk «Fjordbris» i dagrute til Sauda. Starta frå byen om morgonen og returnerte om kvelden. «Fisterfjord» var på veg frå Årdal til byen. Kollisjonen var ei mindre alvorleg hending, men stor nok til at sjøforklaringa blei grundig referert i Aftenbladet 10. mars 1966. Dette var det einaste tilløpet til dramatikk den seinare ferjeekspeditøren opplevde i si sjømannstid.











mandag 5. mars 2018

Jan matros blei sjefen på Tau-kaien

Matros Gøran Barka Olsen, til venstre, og ferjeekspeditør Jan Eie fotografert i 2001 av Tor Inge Jøssang, Stavanger Aftenblad.



- Eg skal bli skipper på «Årdalsfjord» når eg blir stor, forkynte den åtte år gamle guttungen på Kjølvikkaien i 1952. Den yngste sonen til handelsmannen kunne godt tenkja seg å bytta plass med den allmektige kaptein Ola Hagen i styrehuset på den flunkande nye rutebåten til Jøsenfjord Rutelag.


«Årdalsfjord» var ein flott båt i 1952. Foto: Norsk Martimt
Museum.
«Årdalsfjord» var innom Kjølevikkaien to gonger til dagen. Dermed fekk den litle Jan Eie mange anledningar til å studera båten som gjekk i rute mellom Årdal, Tau og Stavanger. Han såg vel det som meir realistisk å kunna bli skipper på båten enn handelsmann på Kjølevik sidan han var yngstemann i syskenflokk på åtte.

Barndomsdraumen blei aldri realisert, men gav nok guttungen inspirasjon då han skulle stikka ut kursen i yrkeslivet. Fjordabåtlivet fekk han prøva. Han var ikkje gamle karen fyrste gong han var på mannskapskontoret til Stavangerske og spurde etter jobb.

Han fekk prøvd seg både her og der på båtane, men han enda etterkvart på ferjekaien på Tau som ekspeditør. I over 40 år var han på kaien. Dei fleste reisande visste kven Jan Eie var. Og dei som hadde kontakt med han, hugsar han med glede. Det er derfor me må bruka ein god del plass på Jan Eide når me samlar minne frå Tau-ferjene som går rett inn i historia ein gong neste år.

- Fiskeskøyta «Solbakk» blei min fyrste båt. Som 16-åring tok onkel Jakob meg med på makrellfiske. Me fekk ikkje ein einaste makrell. Dermed var mi tid som fiskar over, fortel den spreke pensjonisten.

Svogeren til Jan Eie, Olav Høyvik, var matros på «Fjordbris». Det var han som foreslo at Jan skulle spørja om jobb på Stavangerske. Sommaren 1961 var han lettmatros på «Tau» som bare hadde vore i fart i to-tre månader då han gjekk om bord. På ferja på Hidlefjorden likte han seg godt.

Jan Eie var berre 17 år gammal då han gjekk om bord i «Tau» som
lettmatros i 1961.  


Då feriane var avvikla, hadde han ikkje jobb på «Tau» lenger. Men Stavangerske var eit stort rederi som hadde bruk for sjøfolk. Kystbåten «Innherred» mangla ein mann. Der kunne den unge strandbuen få hyre. Denne kystbåten som tilhøyrte Innherred Aktie Dampskibsselskab, gjekk i lasterute mellom Stavanger og Trøndelag i ei samseiling med Stavangerske. Eg meiner at Stavangerske hadde eigarinteresser i dette trønderrederiet.

- Alle dei andre om bord var trønderar. Eg forsto ingenting av det dei sa. Då jula kom, fekk eg gå i land og glad var eg, fortel Jan Eie.

På nyåret 1962 var det nye båtar som venta på lettmatrosen frå Kjølevik. 

(Eg har hatt ein lang samtale med Jan Eie som hadde mykje fortelja. Derfor kjem stoffet i fleire porsjonar utover i veka. Sjå innom i morgon. Reknar med å ha lagt ut meir då!) 






torsdag 1. mars 2018

Med fjordabåt til Himmelspretten!

Var dette stevnet i Årdal så seint som i 1967? «Haugesund» innerst ved kaien. Deretter «Årdalsfjord», «Jøsenfjord», «Sand», «Bokn», «Fjordbris», «Erfjord» og «Fjorddrott». 


- Her er det ein feil. Dette bildet kan ikkje vera frå 1967. Årdal må ha hatt Kristi Himmelfartstevne mykje tidlegare. Så mange fjordabåtar frakta ikkje religiøse folk på desse stevna langt utpå 1960-talet, hevda eg med styrke tidlegare i dag.

Sjølsagt er det tullete å starta med skriverier og mimring om Himmelspretten torsdag den 1. mars på ein dag då det er så ukristeleg kaldt at ein har nok med å halda varmen. Men eg fekk det for meg at dette skulle eg setja meg inn i uansett dato.

Dermed begynte eg å søka i det gamle avisene og for å skaffa med oversikten. Sterkt religiøse har eg vel knappast vore nokon gong. Men gamle fjordabåtar har eg vore sterkt oppteken av. Det var det så var så fascinerande med desse stevna.

Ka tid trur du dette bildet på Finnøy blei teke? Til og med «Tonjer» var med. Den blei levert i 1953. Foto:  Peder Meling.


Då kom flaggskipet til Stavangerske seilande frå byen fullasta med stevnefolk. Folk gjorde store auer, kan du skjøna då «Haugesund» kom og  la seg innerst ved kaien i Årdal, på Finnøy, Nedstrand og Jelsa. Eit pust av den store verda med den store båten som til vanleg gjekk fram og tilbake over Boknafjorden mellom Stavanger og Haugesund.

Då den store, kvite, gromme båten var surra fast til kai etter alle kunstens regler, kom dei andre fjordabåtane og la seg på rekke og rad utanpå «Haugesund».

Tusenvis av unge og gamle kom reisande på stevne for å få ein religiøs kveik og treffa kjende og sjå på eksotiske fjordabåtar. Og Aftenbladet hadde fyldig referat dagen derpå.

Eg greidde å få med meg opptil fleire himmelsprett-stevne i min barndom. Det religiøse utbyttet var svært begrensa, men dei verdslege var sterke og har festa seg som minne frå ein enkel barndom. Far min kjørte rutebuss og frakta folk til stevnestadene der han kom fram med bussen. Eg hugsar godt at eg fekk vera med far i bussen til stevnet på Fister i 1953. Der såg eg for fyrste gong i mitt fire-årige liv ein isbil. Ein mann kjørte ein bil med is. Parkerte bilen og selde iskrem til alle som hadde pengar. Far min spanderte is. Fantastisk. Butikkane på Hjelmeland selde ikkje is på den tida. Denne isbilen overgjekk til og med den svære samlinga med fjordabåtar ved dampskipskaien.

Men tilbake til inngangsspørsmålet på denne bloggen. Kor og når var det Himmelfartstevne i Ryfylke etter krigen?

30. mai 1946 gjekk det fyrste stevnet av stabelen på Hjelmeland. Aftenbladet tok slike samlingar på alvor på den tida. Denne artikkelen sto på fyrstesida dagen etterpå:

4000 frammøtte på Hjelmeland på det første stevnet etter krigen 30. mai 1946.

Nedstrand låg også sentralt i Ryfylke. Ikkje så all verdens lang veg for fjordabåtane som skulle frakta stevnefolk. Aftenbladet var med på Kristi Himmelfartsdagen 15. mai 1947. Og då hadde dei også fått med seg fotograf som sørga for bilde av meir enn det som føregjekk på møta.
Nedstrand hadde Kristi Himmelfartstevne
i 1947.

6. mai 1948 var det ny stevnestad. Då var det Jelsa som hadde storinnrykk av folk og fjordabåtar. 5-6000 kom reisande for å delta i stevnet på Jelsa.

Finnøy hadde stevnet 26. mai 1949. I avisreportasjen står det at Stavangerske-båtane «Haugesund», «Bergen», «Sand», «Fjordsol», «Fjordbris» og «Askøy» kom til Finnøy. I tillegg kom «Riskafjord» og fem Jøsenfjord-båtar. Tenk Aftenbladet gadd ikkje skriva navna på dei. Ei skam!

18. mai 1950 var det nytt stevne på Hjelmeland med 4-5000 deltakarar.

Den 3. mai 1951 var alle deltakarane og båtane på Vikevåg på Rennesøy.

Året etterpå var det problemer med høgtalarane då stevnet var til bake på Nestrand i 1952. Aftenbladet påpeikar at det er viktig at arrangørane kontrollerar det tekniske anlegget før møta skal starta.

Så kjem det store året 1953 då eg såg ein isbil på himmelspretten på Fister. På denne plassen åpna dei nyss nærbutikk etter å ha vore utan slikt tilbod i fleire år. I 1953 var det to butikkar på Fister. Minst.

Så reknar eg opp i tur og orden: Finnøy 1954, Jelsa 1955, Hjelmeland 1956, Tau, 1957, Sjernarøy 1958, Vikevåg 1959, Nedstrand 1960, Finnøy 1961, Hjelmeland 1962 der eg var med, Nedstrand 1963 der eg også var med. Reiste med «Fisterfjord» frå Tøtlandsvik, Vikevåg 1964, Jørpeland 1965,
Finnøy 1966 og Årdal i 1967. Uff der tok eg feil igjen.

Så kjem me til Nedstrand i 1968. Hjelmeland i 1969. Vikevåg i 1970.

Men nå er ikkje båtane så viktige lenger. I 1971 blei  det tradisjonelle stevnet avvikla i Kuppelhallen i Stavanger.

Så kjem Jørpeland i 1972, Horve i 1973, Finnøy i 1974 og Tau i 1975. Der stoppar eg.

Eg skrive ikkje meir om Kristi Himmelfart i år!

Men viss nokon har kjekke stevnebilder av deltakande møtebåtar, er eg interessert i det.