torsdag 14. desember 2017

"Fjordsol"-Nilsen overlevde to krigsforlis

"Austri" i brann utanfor Stord i februar 1945. Foto frå Bergens Tidende.



Då det small på havna i Bergen 20. april 1944, låg Kaj Bigum Nilsen og sov i kokkelugaren om bord i kystruteskipet "Rogaland". Trykket frå eksplosjonen var så kraftig at skipsventilen fauk inn i lugaren og knuste vasken. Hadde køya stått slik som den gjorde i dei fleste andre lugarane om bord, ville ventilen knust hovudet hans.
Kaj Bigum Nilsen



Av alle som var om bord i "Rogaland", var det berre ei kvinne som omkom. I alt var det 96 sivile som blei drepne  i den svære sprengningsulukka i Bergen pluss 50 tyske soldatar. "Rogaland" sokk ved kai i Vågen. Kystskipet var så kraftig skada at det blei kondemnert etterpå.

Nå gjekk kokk Nilsen om bord i nattruteskipet "Austri".  21. februar 1945 gjekk britiske fly  til angrep på skipet som var på veg frå Haugesund til Leirvik på Stord. "Austri" blei sett i brann og så senka av flya utanfor Eldøyane rett sør for Leirvik.


Kokken som ikkje kunne symja, heldt seg flytande ved hjelp av eit livbelte og ei åre mellom beina. Då kom dei britiske flya tilbake og skaut på overlevande låg i sjøen, 
Ni norske passasjerar, ni av mannskapet om bord, 17 russiske kvinner og eit ukjent antal tyske soldatar mista livet i dette flyangrepet som ikkje var godkjent av dei norske styrkane i Skotttland. 
- At dei skaut mot oss som låg i sjøen, var det verste av alt, sa Kaj Nilsen ein av dei få gongene han snakka om det som skjedde under krigen.
Han prøvde seg å leggja krigsopplevingane bak seg så godt han kunne. 






Kystruteskipet "Rogaland" blei kondemnert etter eksplosjonsulykka i Bergen i 1944.


- Ein lunefull type denne Nilsen i kiosken i øvre salong på "Fjordsol". Spøkefull og i godt humør eine dagen. Sur og gretten neste dag. Slik blir han skildra av tidlegare passasjerar i dag. Som ungdommar opplevde dei den mykje eldre restauratøren som ein spesiell mann då dei reiste med båten mellom Sauda, Sand og Stavanger.

Ingen av dei reisande og få DSD-folk visste kva han hadde opplevd før han gjekk om bord i den nye "Fjordsol" som restauratør i 1948.

Restauratøren dreiv sin eigen forretning om bord. I dei beste åra hadde han fire tilsette i restaurasjonen.

- Far var nesten aldri heime i Stavanger om kveldane og i helgene. Om føremiddagen kom han heim og åt middag før han gjekk ned på "Fjordsol" igjen og drog til Sauda. Han hadde som oftast fri frå tysdag til onsdag, fortel sonen Harald som var nr. 2 av tre søsken.

Ungane måtte også vera med og jobba på "Fjordsol".


- Eg sto for det meste i oppvasken, kokte kaffi eller styrte med den handdrivne heisen mellom kiosken og byssa  under dekk, fortel Harald.   

 Familien Nilsen budde i Østre Ring og seinare i Jelsagata i Stavanger.

"Fjordsol" på veg til kai i Sauda. Ukjent fotograf. 



Kaj Bigum Nilsen blei fødd i Randers i Danmark i 1910. Som fem-åring kom han til Stavanger saman med mora. Ho døde i 1921. Sjøl om han hadde mykje slekt i Danmark, blei guttungen buande i Norge. Som ungdom kom han i kokkelære. Frå 1925 var han om bord i Stavangerske sine kystskip. Då nyskapningen "Fjorddrott kom i 1939, jobba Nilsen der ei tid før krigen.


Då me reiste med gamle "Fjordsol" på reportasjetur til Sauda i september 1977 var det ingen restauratør å sjå. Den siste  var gått i land fleire år tidlegare.  - Brus fås kjøpt av mannskapet, sto det lenge på ein lapp som var stifta fast på den stengte kiosken i salongen. I 1977 var også denne lappen borte. Ingen forfriskningar til salgs på "Fjordsol" lenger.

Kaj Bigum Nilsen hadde forlengst skifta båt. Frå 1969 var han på Tau-ferja. På den tida var eg sommarmatros på Tau-ferjene og hugsar godt Nilsen og dottera Anne Marie. I 1972 gjekk han av med pensjon, men det gjekk ikkje mange dagar før han var nede på Stavangerske og fekk seg ny jobb som kontorbud mellom avdelingane til selskapet. Pensjonistbudet var godt likt av kontorfolka.


- Far var alltid aktivitet. Dermed greidde han i stor grad å halda dei traumatiske opplevingane frå krigstida på avstand. Men eg hugsar han hadde eit par nedturar i min oppvekst. Då han kom på aldershjem i sine siste år, sleit han også med hendingane frå krigstida, seier Harald Nilsen.

Den tidlegare restauratøren blei 95 år gammal.

I 1968 fekk Kaj Bigum Nilsen Rederforbundets gullmedalje etter å ha vore over 40 år i Stavangerske. Då kom det bilde av han i Aftenbladet. Det er dette eg har bruka her i bloggen. Viss nokon har eit bedre bilde som eg kunne fått låna, ville det vore kjekt.

Kaj Bigum Nilsen var ein spesiell og skikkelig mann. Han hadde fortjent eit skikelig bilde også!

Kommentarer frå Facebook:

Ståle Julius Olsen Der kom ´an. Mannen som stod i luka bak glassdisken på Fjordsol. Han har levd i hovudet mitt i alle år som sjølve sinnbiletet på ein distingvert herremann som kunne trylla fram dei høgaste rekesmørbrøda ein kunne drøyma om. Eg har aldri kjent namnet hans. Men framtoninga står for meg som essensen av det service innan fjordafart ein gong kunne vera. Kva har du i dag: halvlunken kaffi i plastikkbeger - i beste fall isoporbeger.

 Restauratøren på gamle Fjordsol hadde ekte vitroporselen-koppar frå Stavanger Flint eller Figgjo og kaffien kom i plankpussa stålkanner med plass til minst to koppar og meir for "påtår". Men at det var ein vareheis ned til pantyen var ikkje kjent for meg. Eg trudde han sprang ned leideren for kvar bestilling og smørte på bestilling. Smørbrøda var i alle fall blodferske! Er så utruleg takknemleg for at Jone sette namn på helten og i tillegg gav oss ei livshistorie. Det låg ikkje utan på han at han hadde hatt slike opplevingar under krigen som du fortel om. Ein helt.

 Ein det kan skrivast ein romantrilogi om.

Astrid Rohde Han husker jeg godt. Vi fikk alltid låne lugaren til en av mannskapet som far kjente (nede i båten). Jeg stod mye i døra til byssa og så på når han arbeidet). Det som var mest spennende var når en kjøkkenheis ble sent opp med varer og kom ned med andre ting. 

Ottar Vandvik Takk for flott adventskalender om den andre båten i oppveksten min. Sunnhordland var den andre. Nilsen kan eg sjå levande for meg i den kvite jakka. Eg opplevde han som blid. Unntaket var når nokon laug på alderen for å kjøpa røyk og drikke.

Berit Fatnes Valskår Då eg var lita, var eg litt redd Nilsen. Etter kvart som eg vaks til, og etter mange turar med Fjordsol, oppdaga eg at han hadde eit "hjarte av gull" Ein herleg og hjelpsom mann!!!!














onsdag 13. desember 2017

Jenta blei henta i robåt og likkiste blei sendt frå byen med "Fjordsol"

Utan kai eller veg måtte rutebåten stoppast midt i fjorden. Her er det ferdafolk
som går om bord i "Sand". Foto: Erik Martens.


- Plutseleg stoppa motoren på "Fjordsol" eit stykke inne i Sandsfjorden. Etter ei stund hadde båten stansa heilt opp. Eg kikka over rekka. Ein robåt med ein mann oppi, låg heilt inntil skutesida. Kva var dette?

Eit av fleire sterke inntrykk frå fjordabåten.

"Fjordsol" var heilt spesiell for Lisabet
Risa frå Vigrestad. Foto: Madla historielag.
Barndomsminna frå sommarturane med "Fjordsol" er stadig like flotte og fargerike for Lisabet Risa frå Vigrestad. Kvar sommar i 50- og 60-åra drog ho med familien frå Jæren til Suldal for å feriera hjå bestefaren, Kornelius Risa. Han var lærar i Suldal i alle år.

- Som ungar flest sprang me rundt på båten med store auer. Robåten ved skutesida og "Fjordsol" som låg dønn stilt på fjorden, gjorde auene større enn noko gong. Mannen i båten reiste seg og tok mot ei ung jente som hoppa ned robåten som så blei skubba ut frå sida på "Fjordsol". Motoren starta og fjordabåten var snart oppe i full fart igjen, mens robåten blei rodd raskt mot land, fortel Lisabet Risa som var førstearkivar på Statsarkivet i Stavanger i mange år.

- Eg tenkte mykje på jenta og mannen i robåten. Var det faren som kom ut og henta dottera som hadde arbeid eller gjekk på skule i byen? Ho fekk aldri noko svar på det.  For ein spesiell reisemåte. Tenk dei måtte skifta frå rutebåt til robåt midt på fjorden for å komma heim.

Eksotisk for ei jenta frå Jæren.

Bording eller båtstopp var ikkje uvanleg i Ryfylkefjordane. Dei ansvarleg i styrehuset visste kor dei måtte halda utkikk etter båtar som ville setja folk om bord eller henta nokon som kom reisande.

Sommarturen blei ikkje den same viss det ikkje var "Fjordsol" som gjekk til Sand. Ein gong var "Kronprinsesse Märtha" sett inn som reservebåt for favorittbåten. Då blei Lisabet skuffa.

- "Kronprinsesse Märtha" var stor og høg og bilane blei heiste om bord. Dette var sjølvsagt litt spennande, Men det var ikkje det same som å reisa med den rette båten.

Passasjerane på "Fjordsol" fekk sjå bygdeliv av alle slags slag på fjordaferda. Dette er reisande tidleg på 1950-talet.
Foto: Hermod Høynes Monsen


Ei likkiste sto i eit rom like ved bildekket bak på båten ein sommardag familien Risa gjekk om bord i Stavanger for å reisa på ferie til Suldal. Ein død person låg i kista som skulle innover på same turen.

- Får håpa det var eit gammalt menneske. Ikkje ein ungdom som hadde vore alvorleg sjuk eller hadde vore utsett for ei ulukke. Slik tenkte eg.

"Fjordsol" gjekk inn til ein liten betongkai som Lisabet Risa ikkje kan hugsa at båten var innom verken før eller seinare. Der sto det eit følgje og venta med hest og ei vogn pynta med granbar. Kista blei boren i land og plassert på vogna. Hesten begynte å gå vegen frå kaien med dei pårørande i flokk bak, fortel Lisabet Risa.

Folk hadde bruk for rutebåten både for levande og døde. Båtreisene kunne gjera inntrykk både på liten og stor.

Kommentar på facebook:

Sigmunn Hebnes Utruleg at det alltid gjekk godt med bordinga inni fjordane! Eg hugsar me mange gonger borda i Vindafjorden, då far min som var los i DSD, kom med Sandeidrutå, som ikkje hadde anløp hima! Det var jo ikkje alltid svart hav på fjorden heller!⚓️

LikerVis flere reaksjoner
Svar
6
5 t
Fjern
Anne Turid Fredheim Eide Eg har vore med pappa å borda dampen i Erfjorden/Bogsfjorden. Var heilt vanligt det i 50 åra.


Åse Bente Høivik Nielsen Eg har mange ganger vore med å borda båten - av og til låg det fleire båtar utføre Marvik i Sandsfjorden - for turistar så var dette ei spesiell oppleving - for oss var det ei kvardagsleg hending.

LikerVis flere reaksjoner
Svar
3
5 t
Fjern
Astrid Rohde Jeg syntes det var så flaut å borda . Følte alle ombord i Fjordsol kikket på oss når vi klatret ned i robåten til morfar. Var veldig sjenert som barn. Vi borda Fjordsol og når vi skulle hjem til byen. Da besteforeldrene mine ble eldre , reiste vi til Jelsa eller Marvik alt etter hvem som kunne hente oss og føre oss til Kjeldsvik

Inga Marie Hadland Opplevde i 1969 å bli borda av Fjordsol. Me låg med robåten mellom Marvik og Israelsneset, fiska og putla. Eg hadde mest ikkje vore i båt før, styrmannen var oppvaksen i Oslo. Så kom Fjordsol, me prøvde for harde livet å kome oss unna. Bølgjene var oftast fæle til å rulla båten vår. Dei styrte etter, rett på. Så kom dei så nær at dei kunne ropa "om me kunne ta med nokre til Høyvik". Dei som kom nedi båten var meir vane enn oss med slikt skifte. Robåten gynga og skrekken sat lenge i meg. For ei livserfaring!


Kjell Olav Høyvik Signalet for at rutebåten skulle stoppa for bording var å halda ei åre rett opp i lufta

Odd Asheim Har borda mange ganger med Fjordsol. Låg med motorbåt og venta midtfjords opp til et par timar på vinteren, venta da på forloveden som kom lørdagskvelden. Betalte heile 50 kr til Bernard som skysste i 1967







tirsdag 12. desember 2017

Då ordføraren drukna ved Jelsa-kaien

"Fjordsol" ved den lange Jelsa-kaien. Det var her ordførar Christoffer Thorsen ramla i sjøen og drukna i 1904.
Fotograf ukjent. 


"Bygdefolket sang de gamle ligvers inderlig og gribende. Begravelsen viste at den afdøde ikke alene havde mange Venner, men ogsaa at han var høit elsket og agtet."

Det kom som eit sjokk på Jelsa. Tidleg i oktober 1904 blei den 40 år gamle Christoffer Thorsen funnen død i sjøen ved rutebåtkaien. Han var skipsekspeditør, poståpnar og landhandlar. Ikkje berre det. Han var også ordførar på Jelsa.

Denne ulukka har jo strengt tatt ikkje mykje å gjera med sjøbussen "Fjordsol" som denne juleblogg-kalenderen handlar om, men det er lenge til jul. Derfor tek eg likevel med denne hendinga også. Det meste av opplysningane er henta frå Ernst Berge Drange si bok "Jelsa: Gardar og folk" frå 2010.

"Han faldt i mørket ud fra Kaien her paa Jelse og druknede", heiter det i ei avismelding frå 1904.
Dødsannonsa i Aftenbladet.


Den uforståelege ulukka inntraff veka før ungkaren skulle gifta seg med tremenningen sin, Anna Thorsen. - Den dagen han skulle stå brudgom i Jelsa-kyrkja, blei han gravlagd frå den same kyrkja som var fullsett av folk, fortel folk på Jelsa.

Men eg fann dødsannonsa hans i Aftenbladet. Der står det at gravferda skjedde på ein onsdag. Det var sikkert ikkje korrekt dato for det planlagde bryllupet.

Gravferda var den største på Jelsa i manns minne. Den blomstersmykka kista blei boren ut av medlemmer av heradstyret.

Fem månader etter ulukka fekk Anna Thorsen ein son som blei kalla Christoffer etter faren sin. Eldre jelsabuar hugsar han ennå som "Stoffen" som var ein populær og profilert mann i bygda. Han var formannsskapssekretær. Som faren var han ungkar lenge, men blei gift i godt vaksen alder. Han døde i 1984.

Jelsa-kaien i dampa-tida. DSD-båtane "Stavanger" og "Sand" er innom. 


Christoffer Thorsen og broren Thore hadde overteke post og landhandel etter far sin i  1880. Men i 1894 flytta til Sandeid og starta landhandel der. Dei to landhandlar-brørne var ei tid ordførarar i kvar sin kommune. Etter at broren døde, flytta Thore tilbake til Jelsa og overtok handelen på Jelsa.

Anna Thorsen blei seinare gift med Ola Hauge frå Sand. Så ho blei i godt vaksen alder mor til
Torger Hauge som eg omtala som ein nær slektning av meg i føregåande blogg.

I den neste bloggen skal me reisa vidare innover i Sandsfjorden. Bording av båten, også kalt båtstopp, blir eit tema då. Har du eit bilde av båtstopp på lur?












mandag 11. desember 2017

"Fjordsol"-fyllikar havna i lensmannsløa på Jelsa

Stor sett var det sol og flotte folk om bord i "Fjordsol". Men det hende også at fulle passasjerar blei lempa på land
på Jelsa. "Fjordsol"-kapteinen ville ikkje ha noko tull om bord. Bildet frå kaien på Sand. Fotograf ukjent.


På den feiande flotte "Fjordsol" var det stail, som sjøfolka sa. Der fann dei seg ikkje at negative element mellom passasjerane dreiv med fyll og spetakkel. Kongen på brua, kaptein Alfred Risanger, styrte med hard hand når han fann det nødvendig. Tullebukkar som drakk seg fulle på veg frå byen, fann ingen nåde hjå folka om bord viss dei ikkje innordna seg etter å ha fått tilsnakk.

Eventuelt medbrakt fludium blei inndrege og tømt på havet. Men ikkje nok med det. På Jelsa blei desse dumme, utagerande mannfolka lempa på land av hardhendte matrosar.

For ei straff. Kan du tenkja deg Jelsa i 1950-åra. Ei øy på den tida sjølv om det  var fastland. Det var ingen veg å gå eller drosjebil å få. Du sto der som fortapt. Ein full, forvirra tosk var ikkje høg i hatten lenger etter han hadde sjangla seg innover den lange piren av ein rutebåt-kai av tre og fått fast jelsagrunn under beina.


Einar Thorsen var lensmann frå 1945 til 1978.
Foto. Christian Ræstad-1972
Men lensmannen, Einar Thorsen, var nesten like fortvila som fyllefantane. Kor skulle han gjera av dei. Thorsen hadde vore lensmann i Jelsa og Erfjord sidan 1945.  Men han hadde ingen fyllearrest til rådvelde.

Likevel blei det hans ansvar å ta seg av dei forviste båtpassasjerane som kunne vera ein fare for både seg sjølv og omgivelsane på Jelsa.

Du kan berre tenkja koss slike dramatiske episodar på kaien virka inn på følsomme barnesinn som oppsøkte rutebåtkaien når "Fjordsol" kom frå byen for å få eit pust av den store verda. Då kjem det ramlande sterkt berusa mannfolk ut av båten. Slike ungar sto i fare for å få eit heilt forkvakla syn på både Sauda og saudabuar. Normale saudabuar var jo ikkje slik. Det visste vaksne jelsabuar som hadde vore ute i verda. Forresten var det jo ikkje sikkert at fyllefantane var frå Sauda, ein gong.

Lensmannen prøvde å hjelpa karane som blei nokså stakkarslege når det leid på kvelden. Fyrstikker og røykesaker blei inndregne før dei fekk overnatta i løa hjå lensmannen. Ein kunne ikkje ta sjansen på at den berusa begynte å røyka inne i høyet. Det gjekk godt. Både løa og gjestene overlevde.

Men lensmannen fann seg ikkje i denne "Fjordsol"-praksisen.

- Far min tok kontakt med Stavangerske og fekk sett ein stoppar for denne praksisen, fortel Fridtjof Thorsen, son til Jelsa-lensmannen.

Jelsa-presten har alle høyrt om, men det var noko med lensmennene på denne plassen også. Alle hadde Thorsen til etternamn.

Lensmann Einar Thorsen overtok som lensmann på Jelsa i 1945. Faren, Tore, var bonde og lensmann på Jelsa i mange år frå 1913 fram til 1943. Då slutta han i protest og blei erstatta av ein nazi-lensmann.

Einar Thorsen var fødd i 1908 tok politiskulen og var lensmannsbetjent både i Torvastad og Sveio før han blei konstituert lensmann i Finnøy. Så det var ikkje nokon heimføding som overtok etter faren som lensmann i Jelsa og Erfjord. Det var ikkje vanleg med ordensforstyrrelsar i desse bygdene. - Eg var 18 år fyrste gong eg såg lensmannen, sa ein erfjordbu til meg ein gong.

I 1965 overtok Einar Thorsen som lensmann for den nye storkommunen Suldal. Han leverte garden sin på Jelsa til sonen Edvard og flytta til Sand. I 1978 blei han pensjonist og flytta snart attende tilbake til Jelsa.

Berre så det er klart: Etter gammaldagse Ryfylke-oppfatningar er eg i nær familie med Thorsane frå Jelsa. Faster til lensmannen blei gift med morbror til faren min. Petra Thorsen frå Jelsa og
Andres Svadberg frå Årdal busette seg i Oslo og blei der.

Eg levde uvitande om dette fram til eg var godt vaksen og begynte i Aftenbladet. Då møtte eg Torger Hauge frå Sand. Han forklarte meg dette. Han var også Thorsen-avkom. - God dag, slektning, sa eg til han kvar gong eg møtte han etter dette.

Ha ein strålande dag!




søndag 10. desember 2017

Jelsa - Brystnåla på Ryfylke?

"Fjordsol" klappar til kai på Jelsa.  Poståpnar Tomas Kristensen har tatt mot trossa.  Foto: Leif Berge.


"Fjordsol" legg til kai på Jelsa. Me er klar til å studera staden som patriotane kallar "Brystnåla på Ryfylke". Men hallo? Dette må vera baksida på brystnåla. Dette er ingen Ryfylke-idyll. På ein sjellaus ferjekai står tidlegare  handelsmann og skipsekspeditør, nå poståpnar Tomas Kristensen og tek mot trossa. "Fjordsol" svingar seg inn i ferjestøa. Lossinga kan starta.

Her ser du den gamle rutebåtkaien på Jelsa i glanstida.  Damp-
båtane "Sand" og "Stavanger" på bildet.
Den gamle, karakteristiske rutebåtkaien frå 1904 låg midt i smøraua i Jelsasjøen. Men privatbilismen førte til nye og mindre vakre løysingar. Den nye ferjekaien blei plassert i Jelsavågen  sør for Jelsasjøen. Den blei teken i bruk i 1974. Den tidlegare Ropeid-ferja blei nå sett inn i rute Jelsa - Foldøy - Hebnes - Nedstrand. Tverrsambandet blei dette kalla.

Men ikkje nok med at ferja gjekk til den nye kaien. Nå brukte rutebåtane og hurtigbåtane også den nye kaien. Den gamle rutebåtkaien låg ubrukt og blei grovt forsømd i årevis.

Eg ser på bildet. Volvoen på kaien vil eg tru tilhøyrer poståpnaren som er på kaien for å ta henta posten som kjem med båten. Båtekspeditør var vel ikkje Kristensen lenger i 1977.  Stavangerske hadde vel ikkje bruk for slike tjenester lenger, vil eg tru. Landhandelen var bortleigd til andre.

Tomas Kristensen er forresten gammal fjordabåt-mann. Då "Hjelmelandsfjord" var ny i 1949, var Kristensen styrmann om bord der. Mange hugsar Tomas Kristensen som eigar og skipper på mjølkeskøyta "Varnes" som gjekk i rute frå Foldøy langs Marvik-sida av fjorden til Sand i aldri så mange år. Seinare var han handelsmann på Jelsa. Bror hans var landhandlar på Foreneset.

Ventar rutebussen på kaien på "Fjordsol"? Kanskje. Den er kjørt på det neste bildet når lasta skal på land.  Reiste Anders Romsbotn heim til Økstrafjorden med den?

Motormann John Samuelsen tek seg ein røyk mens matrosane Trygve Marvik og Konrad Olsen skuvar lasta på land
på Jelsa med litt assistanse av styrmann Johannes Yrke. Foto: Leif Berge.


Jelsa-lasta blir skubba på jekketralla over ferjelemmen av matrosane og styrmannen hjelper til med dei tyngste taka. To turar går dei på land med forsyningar til krambua på Jelsa. Lastebilen og ein traktor  på dekket skal vidare innover i fjorden.

Me skal reisa lenger innover i fjorden i tida fram mot jul. Men eg er ikkje heilt ferdig med Jelsa. Det kjem meir dei neste dagane.

Flott med tips. Eg har mailadresse: hjelmelandsfjord@gmail.com.

"Fjordsol" i Jelsafjorden. Foto: Helge Askildsen.









lørdag 9. desember 2017

Jelsabuane tok "Fjordsol" til sjåførskulen

Anders Romsbotn og Bjørg Nygård i øvre salong på "Fjordsol". Dei reiste frå Jelsa til byen for å ta kjøretimar.
Foto: Leif Berge.


"Fjordsol" kunne ta 399 passasjerar. Men berre fire passasjerar var med då båten gjekk frå Stavanger tysdag 27. september 1977 den dagen Aftenbladet skulle laga reportasje på sjøbussens siste dagar i Saudarutå. For dei fleste var det ikkje nokon stas lenger å reisa med "Fjordsol" til Jelsa, Sand og Sauda.  Westamaranen "Fjorddrott" gjekk dobbelt så fort og halverte reisetida.

To trufaste sjeler hadde likevel benka seg i øvre salong. Jelsabuane Bjørg Nygård (38) og Anders Romsbotn (50) var på veg heim i frå byen. "Fjordsol" var ein gild båt å reisa med. Den ville bli sakneleg. Dei måtte likevel innrømma at dei hadde teke westamaranen då dei reiste frå Jelsa til byen på føremiddagen. - Om morgonen er det sytesamt å reisa med "Fjordsol". Då er det knappare med tid, sa Bjørg Nygård.

- Kva ærend hadde så dei i byen? Dei journalistane veit å spørja.
Bjørg Nygård kjører Toyota Yaris
nå for tida. 

Jo, begge dei to jelsabuane heldt på å ta førarkort. Dei var i byen for å ha kjøretimar, står det i den 40 år gamle avisartikkelen.

- Eg hugsar godt at me kom i avisa, seier Bjørg Nygård som er den einaste som lever i dag av dei som det var bilde av i den gamle laurdagsartikkelen.

- Fekk du førarkort?

- Ja. I løpet av oktober hadde eg kjørt opp og fått lappen. Eg var så oppgira då eg kom heim frå byen at eg tok bilen vår, ein Mazda 929. og kjørte på den smale vegen inn til Romsbotn, heilt i botn av Økstrafjorden, og besøkte "klassekameraten" min frå trafikkskulen. Det gjekk heldigvis bra både med meg og bilen.

Grunnen til at dei og fleire andre, godt vaksne, jelsabuar tok førarkort akkurat då, var at Haugland Trafikkskule i Stavanger arrangerte teorikurs på Jelsa for dei som var interesserte. Etter avslutta teorikurs, var det kjøretimar i byen.

- Då dette tilbodet dukka opp, bestemte eg meg for å slå til. Eg måtte læra meg å kjøra bil før eg blei for gammal, seier Bjørg Nygård.

Mange gonger seinare har ho prisa seg lukkeleg for den avgjerda. For i 1984 blei mannen, Olav Nygård, alvorleg skada i ei fallulukke. Han blei pleiepasient resten av si tid. Dermed måtte Bjørg vera sjåføren i familien.

Bjørg er stadig ute og kjører. For tida har ho ein Toyota Yaris.

Sidan denne bloggen jo er litt personleg prega, må eg ta med at eg har visst kven Bjørn Nygård er, så lenge eg kan hugsa. Ho er frå Kvame i Hjelmeland og syster til tidlegare skulesjef Jone Kvame. Ho har to yngre systrer, Sigrunn og Tordis, som stadig bur på Hjelmeland.

- Far min brukte litt tid på å få førarkortet. Eg trur ikkje han kjørte bil før utpå neste vår, fortel Brit Romsbotn,  dottera til Anders.

Anders Romsbotn dreiv gard innerst i Økstrafjorden. Skogen var hans store interesse. Han var lite interessert i bil.

- Far kjørte lenge med hest. Han fekk seint traktor. Romsbotn fekk veg i 1970. men det tok tid før bilen kom til gards. Eg hugsar godt at me sat på traktortilhengaren då me skulle på 17. mai-feiring på Jelsa fleire år.

Til slutt kjøpte han  "Sølvpilen", ein Toyota.  Han fann seg godt til rette bak rattet. Det var aldri nei i hans munn når nokon trong skyss til Jelsa. Han kjørte kona, Gunvor, på jobb i barnehagen på Jelsa og han henta og leverte ungane på kaien når dei kom eller reiste med båten.

Anders Romsbotn døde 2007.

Brit Romsbotn er journalist i Jærbladet og busett i Time.












fredag 8. desember 2017

Konrad Olsen kjente leia - ut og inn

Matros Konrad Olsen kjenter kvar stein
i leia. Foto: Leif Berge.


- Kom styrbord, kommanderte kaptein Stokka på "Sauda" ein gong då båten gjekk gjennom det trange Engøysundet i innseilinga til Stavanger. - Kan ikkje vera mykje det, svara rormannen, matros Konrad Olsen, som nettopp hadde kvitta seg med fiskebåten "Trygg" etter mange år på kryss og tvers i fjordane langs kysten. Han kjente omtrent kvar stein i leia og visste kor det var trygt å gå.

Fire matrosar var det om bord i "Fjordsol" i glanstida i 1950-åra. Då den gjekk sine siste turar i 1977, var det berre to igjen på vakt: Trygve Marvik og Konrad Olsen.

Sjøl om passasjerane stort sett var vekke i 1977, var heile akterdekket fullt av last. Dette måtte dei to matrosane lossa med handamakt på kaiane innover i fjordane.  Ei jekketralle og litt hjelp av styrmann Johannes Yrke var det dei hadde til rådvelde.

Konrad kan ein kalla yngstemann om bord i "Fjordsol" i 1977.  Han hadde "berre" 15 år bak seg i Stavangerske. Skipper Nikolai Døskeland hadde vore på båten omtrent sidan den var ny. Dei andre karane var også veteranar.



Matrosane Trygve Marvik og Konrad Olsen, styrmann Johannes Yrke og ei jekketralle fekk lasta i land frå
"Fjordsol". Foto: Leif Berge. 

Men på sjøen hadde han vore meir enn nok. 1. april 1946 kjøpte Konrad Olsen fiskeskøyta "Trygg" av Lars Bredal på Utstein kloster. Den var 32,7 fot lang og bygd i Hardanger. Han dreiv fiske året rundt. På sildefiske om våren, seifiske på hausten og makrellfiske om sommaren.

På 1950-talet førte Konrad mjølka frå Kloster og Voll til meieriet på Vikevåg med "Trygg" kvar søndagsmorgon. Det gjekk ikkje rutebåt på den tida på søndagen.

I 13 år dreiv Konrad Olsen fiske med fiskeskøyta "Trygg". Bildet er
henta frå Rennesøy fartøyhistorie.
 
Kaptein Erling Olsen på "Rennesøy"
var bror til Konrad Olsen.
                                I 1959 selde Konrad Olsen "Trygg" til Gunnar Nordbø, Fiskå. Då gjekk han om bord i Stavangerske-båtane og blei der til han gjekk av med pensjon i 1986. Konrad Olsen var gift og hadde fire ungar, to jenter og to guttar. Sonen Arne jobba på kontoret i Stavangerske i ein god del år. Der var han så heldig å få arva den gamle, tunge, tyske skrivemaskinen etter den legendariske mannskapssjefen i selskapet, Rasmus Kyvik.

Alle opplysningane om "Trygg" og bildet av båten har eg henta frå den nyss utkomne boka "Rennesøy fartøyhistorie". Konrad Olsen var frå Mosterøy, som så mange andre av folka som seilte på lokalbåtane til Stavangerske. Han var ein eldre bror av Erling Olsen som var styrmann og kaptein på fjordabåtar og ferjer i mange år. Brørne seilte saman i fleire år på ferja "Rennesøy".

Eg tek mot tips og andre innspel til bloggen vidare fram mot jul. Svært interessert i "Fjordsol"-bilde frå glanstida. Gjerne med mange passasjerar om bord. Eit bilde av restauratør Kaj Nilsen skulle eg også gjerne hatt tak i.

Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.