tirsdag 4. juli 2017

Hugsar du då "Aktiv" dampa av garde til Hjelmeland og Erfjord?


Dampbåten "Aktiv" frå Bergen gjekk i Jøsenfjord-rutene frå 1940 til 1944.
Foto: Bergen Sporveis historie.


Koss kan eg hugsa dampbåten "Aktiv" ? Eg var ikkje fødd den gongen bergenseren dampa mellom Hjelmeland og byen under krigen. Det var ikkje svart røyk frå svart steinkull frå skorsteinen på den båten. Det var vel helst ein lett, blå røyk frå bjørkeved som la seg over kjølstripa innover fjorden mot Hjelmeland og Erfjord i krigstida.

Den nesten 70 år gamle "Aktiv" kom seilande til Stavanger og Ryfylke då oljemangelen tvinga Jøsenfjord-båtane til å leggja opp i 1940. Nå trong ein farty som brukte alternativt drivstoff. Jøsenfjord Rutelag fekk leiga "Aktiv" av Dampskibsselskapet Sør-Askøy i Bergen. Denne båten var bygd i Hamburg i 1876 og levert til eit rederi i Kristiansand som dreiv passasjertrafikk mellom sørlandshovedstaden og Arendal. Den nye dampbåten hadde ein rutefart på vel ni knop.

"Aktiv" i Strusshamn på Askøy i 1935. Bildet er henta frå  jubileumsboka
til rutelaget Askøy - Bergen.


I 1920-åra var det ikkje lønnsamt lenger å driva passasjerbåt mellom Kristiansand og Arendal. Då blei "Aktiv" kjøpt av rederiet i Bergen som dreiv rutetrafikk mellom Askøy og Bergen.

På nettstaden www.sjohistorie.no står det å lesa at "Aktiv" var utleigd til Jøsenfjord Rutelag frå 1940 til 1944. På nettet blir denne båten kalla "Activ" med c. Men på bilda som eg har funne står det "Aktiv" både på skutesida og på livbøyane.

- Du må skriva om "Aktiv" og "Majoren". Dei gjekk her i Jøsenfjord-rutene under krigen, sa ein del eldre folk til meg då eg heldt på å samla stoff om dei gamle fjordabåtane våre i 2004. Eg prøvde litt, men det var ikkje så lett. Men det var eit hav av båtar å skriva om. Derfor kom dei heller ikkje med i boka "Fjordabåtene" som kom ut i 2005.

Søskenbarna Arne og Leif Vaage på båtdekket på "Aktiv"


Men nå for kort tid sidan dukka "Aktiv" og "Majoren" opp. Anders Vaage frå Erfjord festa begge båtane til filmen då han farta rundt med fotoapparatet i sine unge dagar. Då eg kom over hans etterlatne foto for ei si tid, fann eg ut at tida var inne for å skriva litt om bjørkedamparane.

Eit bilde frå båtdekket på "Aktiv" viser søskenbarna Olav Vaage og Arne Vaage. Olav, bror av Anders, blei sjømann og etterkvart kaptein i Smedvig-rederiet. Bygutten Arne jobba på Rosenberg i mange år.

Kaptein Trygve Hansen teikna av
 Henry Imsland.
- Eg hugsar godt både "Aktiv" og "Majoren". Eg reiste med begge. "Aktiv" var absolutt den beste av dei to båtane, fortel 90-årige Sverre Norheim. Han arbeidde på fjordabåter og ferjer i Ryfylke i heile sitt yrkesaktive liv.

Dei innleigde båtane blei bemanna med Jøsenfjord-folk. Trygve Hansen gjorde tjeneste både som kaptein og styrmann på "Aktiv". Torger Kalheim var også med her saman med matros Olav Kyle frå Jørstadvåg på Ombo, hugsar Sverre Norheim. Fritjof Folkvord frå Hjelmeland var maskinist og fyrbøtar på båten.


Erfjordbuane reiste ikkje så mange turar til byen under krigen. Berre når det var tvingande nødvendig, tok ein av garde.

Dampbåten "Aktiv" gjekk seint med bjørkeved som drivstoff. Og ruta var lang og omstendeleg. Frå Erfjord  gjekk båten om Foreneset i den nordra rutå til Jørstadvåg, Eidssund, Nesheim, Aubøsund og Hidle før den kom til byen.

 Det hende også at det var komme meldingar om drivande miner i leia. Då gjekk det ekstra seint.  Ein  av mannskapet måtte  halda utkikk på baugen. Ein gong blei det full stopp i Garsundet fordi det skulle vera ei mine i nærleiken. Det var spennande og uhyggeleg på ein gong.

- Tyskarane tok "Ombofjord". Den blei brukt til flytande tannlegekontor for dei tyske styrkane. Dei andre Jøsenfjord-båtande låg i opplag ved selskapet sin eigedom på Buøy. Av og til fekk selskapet olje nok til å setja inn "Fisterfjord" i rute nokre dagar, men det var sjeldan, seier Sverre Norheim
Sverre Norheim var kaptein og styrmann på "Hjelmelandsfjord"
i mange år. Her fotografert i 1976.

"Majoren" gjekk ein kveld på land på neset mellom Vik i Erfjord og Tyssefjorden. Det var mørkt og svart og lite lys å styra etter. Skadene var ikkje større enn at båten flaut etterpå.

- Det var så lågt under taket i byssa på "Majoren" at kokken måtte sitja på ein stol når han laga mat, seier Sverre Norheim.

Då freden kom i 1945, kom dei vanlege båtane i drift igjen. Ingen sakna reservemateriellet noko særleg.

Viss du vil lesa meir om "Aktiv" eller "Activ" om du vil, kan eg anbefala heftet "Bergenske fjordabåter" som blei utgitt av Bergens Tidende i 1974. Eg fann opplysningane om båten der.

Steinar Warland har notert seg følgjander navn på folk som skal vore mannskap på "Aktiv": Fører 

Torger Kalheim. Styrmann Trygve Hansen. Maskinist Vatne? Usikker. Stuert Oscar Andreassen. Fyrbøter Øystein 

Øye. Matros Osvald Holmen. Matros Edvard Ågesen. Åge Ågesen er usikker.

Er det andre som har innspel til "Aktiv"-historien i Ryfylke?














fredag 30. juni 2017

"Donaldbåten", "Bærplukkaren" og "Bølgebåten"

"Fjordbuen" blei upopulær mellom dei reisande til Byøyane då den var ny i 2005. Foto: Jan Tore Glenjen. 



"Donald-båten", "Bærplukkaren" og båten som laga monsterbølger i Lysefjorden for 15 år sidan. Alle tre kan du sjå igjen viss du dreg til Flåm i sommar. Båtane som alle har ei fortid i Stavanger-området, fraktar nå turistar mellom Flåm og Gudvangen. Du treng ikkje å vera så voldsomt nerdete for å hugsa dei ennå. Eg kjende dei iallfall lett igjen då eg var i Flåm for ei vekes tid sidan. 

"Fjordbuen" var det flotte og tradisjonsrike navnet den fyrste båten fekk då den blei levert til Stavangerske sitt datterselskap Fjordservice i 2005.  Båten var bygd av GS Marine som held til på Gursken i Sande kommune i Møre og Romsdal. 

Eit raskt søk på nettet viser at "Fjordbuen" seinare blei overført til det nye Stavangerske-selskapet Norled og gjekk så seint som i fjor i rute mellom Ålesund og Langevåg. Nå er den seldt til West Boat Charter i Bergen og har skifta navn til "West Scandic".  

Den tidlegare "Fjordbuen" heiter nå "West Scandic". Eige foto


 "Fjordbuen" var den første  båten av typen Scirocco 50 Shuttle og hadde plass til 50 passasjerar. Den hadde ikkje gått lenge i ruta mellom byøyane før den hadde fått kallenavnet "Donald-båten" blant passasjerane. Aftenbladet snakka med misnøgde reisande som fortalde at fleire passasjerar var blitt skada om bord. Men Stavangerske hadde ikkje registrert  så mange klager, gjekk det fram av avisa.  

Kort tid etterpå sette Stavangerske inn den nye hurtigbåten "Fjordsol" i den same ruta. "Fjordbuen" blei nå bruka som reservebåt i fleire år utan at det kom fleire klager på båten i avisa. Men navnet Donaldbåten var det ikkje så lett å bli kvitt så lenge den var i Stavanger. Nå er den kommen ut i verda og alt det gamle er gløymt. 

Jon Arne Helgøy hadde ein båt av same typen med navnet "Helgøy Prinsess". Den gjekk i hjelmelandsruta i årevis utan at det kom klager på den.

"West Cruise" ved Bagarbryggå i Stavanger i 2007. Eige foto


"Bærplukkaren"  blei  "West Cruise"  kalla då den blei sett inn i ruta mellom Hommersåk og Stavanger i 2007. Den var ikkje linjelekker og klassisk vakker, men hadde ein fin salong med plass til 88 passasjerar. Den blei svært populær mellom pendlarane frå Hommersåk til Stavanger. 17 minutt bruka den frå kai til kai. Båten hadde ein toppfart på 25 knop. 

  "West Cruise" avløyste "Fjordbuen" i pendlarruta på Hommersåk. "Fjordbuen" hadde berre plass til 50 passasjerar .Folk blei ståane igjen på kaien. Den nye båten fekk med alle som ville vera med. 

 "West Cruise" blei bygd i aluminium ved Ørjavik  Industrier, Lyngstad på Nordmøre i 1987. Båten gjekk i fleire år for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Fjord Service, eit datterselskap av Stavangerske, kjøpte båten i 2002 for å bruka den til å frakta gjester til Flor og Fjære. Den blei brukt til turisttrafikk på Lysefjorden, blåturar og skiturar til Sand og Sauda i vintersesongen. I 2007 blei det skifta motorar i båten. Nå fekk den 1500 hesterkrefter om bord og blei sett inn i Riska-ruta. 

Aftenbladet sin reportasje 27. oktober 2007. 


Sjølv om dei reisande lika båten, blei den ikkje gammal i ruta. Den blei dyr for Stavangerske med dei store maskinane og eit mannskap på tre: Kaptein, matros og maskinist. Etter eit par år blei den avløyst av katamaranen "Fjord Molde" som stadig går i denne ruta. 

I sommar kan du sjå "Bærplukkaren" i Flåm eller Gudvangen viss du er heldig. 


"Fjord-Lady" låg i mange år på Skagenkaien med navnet "Clippercruise". Nå er den å sjå i Flåm. (Eige foto)


Rødne-rederiet fekk ein gong telefon frå ein mann på Forsand. Han ville vita om turistbåten "Clippercruise" hadde gått på Raudehavet på den tida då israelittane flykta frå Egypt. Den kunne ha drege med seg alt vatnet i havet slik at israelittane kom seg tørrskodde over, meinte mannen.

Båten var tydelegvis ikkje spesielt populær mellom hyttefolk og fastbuande langs Høgsfjorden og Lysefjorden. 

"Clippercruise" hadde fast liggeplass på Skagenkaien i sine år som Rødnebåt. 

"Clippercruise" har i dag navnet "Fjord-Lady" og i sommar er båten å sjå i Flåm. "Torgtind" var navnet då båten var ny i 1981.  Torghatten Trafikkselskap var fyrste eigar av båten som blei bygd av Brødrene Aa i Hyen. 

"Clippercruise" var navnet frå 1997 til 2007. (Foto: Rødne)


L. Rødne og Sønner kjøpte "Clippercruise" i 1997. Då gjekk  den på Hvaler med navnet "Vesleø.. Den hadde plass til 98 passasjerar. Dette blei seinare utvida til 115 passasjerar. Den gjekk mye i turisttrafikken på Lysefjorden.  Rødne-rederiet hadde "Clippercruise" i 10 år. Vinteren 2004 var båten på kvalsafari i Ofotfjorden. Båten blei seldt vidare i 2007.

I 2008 skifta båten navn til "Fjord-Lady" og eigar er Aurland Land og Fjordservice.

Det var alt frå Flåm. Må hell og lukke framleis fylgja båtane på alle fjordar!






mandag 26. juni 2017

Ferja i mitt liv - søkklasta med kinesarar!

Den gamle Tau-ferja"Strand" er blitt til "Showtime" og fraktar turistar
mellom Flåm og Gudvangen. (Eige foto)

Hei, kva er dette? Kjende linjer kjem glidande ut av regnskodda i turistmetropolen Flåm søkklasta . med kinesiske turistar. Ho er ikkje ung og vakker lenger, men stadig er dette ferja i mitt liv. For akkurat 50 år sidan gjekk eg om bord i Tau-ferja "Strand" som 18 år gammal ferieavløysar. Fire somrar på rad seilte eg på Hidlefjorden mellom Stavanger og Tau.  Eg lærte mykje både vist og gale som har prega meg for resten av mi tid.

I fleire år har min bedre halvdel og eg snakka om å ta ein tur til Flåm for å reisa med Flåmsbana og sjå på cruiseskip og diverse gamle, utrangerte fjordabåtar og ferjer som er engasjerte som sightseeing-båtar mellom Flåm og Gudvangen. Men eg visste ikkje at gamle "Strand" var her. Det blei høgdepunktet på turen.

"Strand" i full fart på veg frå Tau til Stavanger i 1976. (Eige foto)


"Strand" blei overlevert til Stavangerske i 1966 og sett inn i Tau-sambandet 17. juni same år. Den var svært lik ferja "Tau" som hadde gått i same ruta sidan 1961. Ryfylkevegen var åpna året før og biltrafikken auka frå år til år. "Strand" hadde to Wichmann-maskinar på tilsaman 1500 hk. Det blei påstått at ferja kunne gå 16-17 knop dersom maskinane blei pressa litt. 28 minutt gjekk det frå kai til kai på eit ambulanseoppdrag ein gong. Men drivstoff-forbruket var viktigare enn stor fart for Stavangerske. Dermed låg marsjfarten rundt 13 knop og maskinane gjekk på halv fart. Ferja fekk ord på seg for å rista mykje.

Jan Eie til rors på "Strand"
Frå styrehuset på "Showtime"
Dei to maskinene blir styrt  her. 
Denne livbøyen fortel litt historie. Dette er
trappa opp til øvre salong.

På slutten av 1970-talet blei "Strand" for lita for Tau-ruta. Nå blei ho sett inn i Rennesøy-ruta og seinare Midtsambandet. Navnet gjekk også tapt. Nå blei det "Eidssund" fram til det fyrste eigarskiftet i 1991. Den nye eigaren endra navnet til "Fugløysund". Ferja frakta arbeidsfolka som var engasjert med å laga ståldekket til Sleipner-plattforma. Dekket blei bygd, ståande på ei skjer i nabolaget til Lindøy, medan betongdelen blei støypt på ny i Jåttåvågen. Den fyrste betongplattforma gjekk som kjent til bånns i Gannsfjorden. Som "Fugløysund" var ferja også engasjert i turisttrafikken mellom Flåm og Gudvangen. Seinare blei den restaurantbåt og fekk store vinduer på bildekket.

Stavangerske-selskapet Fjordservice kjøpte ferja tilbake. "Forsand" blei den nå kalla og ho fekk tre raude ringar i skorsteinen. Ferja var feiande flott igjen.

I 2009 blei den tidlegare Tau-ferja overteken av Showboat AS på Askøy ved Bergen og gitt navnet "Showtime".  Nå går det i blåturar på Bergenskanten og kineserfart på Sognefjorden.

Bildekket er blitt restaurant.


Me måtte jo ta ein tur med den viktigaste ferja i mitt liv. Billettar fekk me kjøpa av ei hyggeleg dame frå Litauen  då me gjekk om bord saman med dei andre turistar ein regnfull dag i Flåm. Me fekk oss plass ved eit bord på det tidlegare bildekket og saug inn atmosfæren.

Øvre salong var omtrent som før. Bord og stolar var skifta, men kiosken var den same. Toaletta mellom salongen og båtdekket var der også. Nedre salong var borte. Her var det toalett nå.

Eg fekk jo grina meg til ein tur i styrehuset. Der var mykje av det gamle på plass. Ratt og maskinregulatorar, eit oppslag og diverse andre ting.

Tur - retur Flåm - Gudvangen gjekk det fire timar. Det var "ei forvedå reis". Dei fleste turistane reiser ein veg. Dei blir plukka opp av ein buss og reiser vidare til nye, spennande attraksjonar. Dei kinesiske turistane var tallrike både fram og tilbake. Men dei oppførte seg eksemplarisk, stillfarande, disiplinerte og reinslege. Dei rydda fint opp etter seg når dei var ferdige med maten.

Dei kinesiske turistane syntes det var storarta å mata måkane. (Eige foto)


Det triste vêret la jo ein dempar på turen for turistane. Mange av dei såg ut til å ha mest glede av å mata måkane.

Viss du er interessert i gamle ferjer og rutebåtar, er Flåm plassen i sommar. Men det er ikkje gratis. Det kosta flesk både å reisa med den gamle ferja mi og å liggja på hotell her. Eg kjem med ein ny blogg i løpet av nokre dagar om dei andre kjenningane eg oppdaga langs kaiane i Flåm. Hald ut så lenge!










               

søndag 18. juni 2017

Det stora dabbe-marerittet!

Klar for DAB-tida. Men lett blir det ikkje. (Eige foto)


Alle bærbare radio-apparat i vår husstand
er nå samla på hytta på Hjelmeland. Sommarferien har begynt og då skal me høyra både Reiseradioen og Dagsnytt på NRK. Men nå er det snart ikkje meir enn timar igjen til dei kjære FM-radioane våre må skrotast. Ikkje så mykje som ei skarve vêrmelding kan du høyra på dei etter 21. juni.

Eg kan korkje begripa eller forstå kvifor det skal forandrast på alt heile tida. 

Då parafin-lampane var utvikla til det fullkomne, kom elektrisiteten og øydela alt. Og dette blir bare verre og verre.

Radioen blei eit must i ein kvar heim. Mellombølgene gav oss vêrmelding, andakt og ønskekonsert. Radio Lux hadde popmusikk. Og på Fiskeribølgen kunne me få med oss allslags interessant av samtalar mellom fiskarfolk. Kortbølgen var ein oase av skurring og ulyd og ein del forståeleg snakk innimellom. 

Det må ha vore radio-fabrikantane som fann opp FM ein gong på 1960-talet. Nå skulle me ikkje lenger stilla radioen inn på stasjonar som Luxembourg, Motala og Hilversum i fremmande land. FM-sendaren skulle stå på det næraste himlaleite og formidla gode radiosignal til deg og radioen din. 

Far min hadde skaffa seg ein Telefunken-radio før krigen. Den måtte han levera inn under krigen, men fekk den tilbake i 1945. Ein gong på 1950-talet klipte eg hål i tøystykket som dekka høgtalaren for eg ville sjå dei folka som snakka inne i radioen. Radioen var eit familie-klenodium, med andre ord. Den havna på skrauphaugen slik omkring 1970. Den hadde ikkje FM.

Eg må vedgå at eg har flirt litt av og til når godt vaksne folk har klaga på at dei ikkje likar alt det nye. Smarttelefon og datamaskin har eg fått med meg, men med desse DAB-greiene har det gått i stå for meg.

På hytta på Hjelmeland har me hatt to FM-radioar . Den eine er ein Sharp GF-4747 med kasett-spelar. Den er sikkert 40 år gammal, men fullt brukbar. Nå kan me hiva den i bosscontaineren på den gamle rutebåt-kaien. Adios Amigo! Den andre er ein gul Tivoli-radio med god lyd. Det er nokon ganske få malingflekka på den. Du ser eg drog den med meg ein gong eg malte huset, men den er fullt brukbar fram til 21. juni. Då er  det slutt!

Dab-røynda har me tatt innover oss. Me hadde ein radio med både DAB+ og gammeldags FM. Problemet har vore at bruksanvisningen er komplett uforståeleg for ein enkel bygdagutt. Eg greidde aldri å stilla den inn slik at eg kunne velja og vraka i forhåndsinnstilte stasjonar ved hjelp av den tilhøyrande fjernkontrollen. Håplaust!

Det har enda opp med at me har hatt tre radioar ståande i vinduskarmen. Ein innstilt på NRK P1,  ein på NRK P 1+ og ein på P2. 

Eg føyste alle radioane opp i ryggsekken då eg reiste på ferie. Så får me sjå og høyra som best me kan.

Bilradioen er eit kapittel for seg. Eit spesialverksted er i sving med å skaffa oss passande radioutstyr til vår tilårskomne bil. I august blir det radiolyd i bilen igjen.

På biltur i sommar skal me spela CD-en vår. - I just called to say I love you, heile vegen. 

Når dei nye sjølkjørande bilane kjem. melder eg meg ut. Det lovar eg.

God sommar!








mandag 12. juni 2017

Tre skipskameratar på "Ombofjord".



Maskinist Torjus Halsne, styrmann Jone Helgøy og matros Åge Hauge.
Bildet tilhøyrer Lars Vaage.


- Kan eg få ta eit bilde av dokke?

Sonen til handelsmannen i Hålandsosen er ute med fotoapparatet sitt igjen.

- Kaffor ikkje?

Dei tre skipskameratane på "Ombofjord" stiller seg opp på dekket og blir fotograferte. Det er over 70 år sidan dette bildet blei tatt. Både fotografen og dei tre fjordabåt-folka er ute av tida. Båten også. Men bildet lever.

For unge Anders Vaage fekk bilde framkalla og limte det inn i album. Og han skreiv navna på karane under bildet: Torjus Halsne, Jone Helgøy og Åge Hauge. Det var tekst nok til å treffa meg og gjorde meg interessert.

Dette minneordet sto i Aftenbladet i
oktober 1962.




Maskinist Torjus Halsne blir aldri gløymt så lenge det lever folk som hugsar forliset til Stavangerske sitt hurtigruteskip "Sanct Svithun" i oktober 1962. Den 50 år gamle sjømannen frå Jøsenfjorden omkom og etterlet seg kone og seks barn.

Halsne var opprinneleg frå Halsnøy i Ryfylke. Då han kom om bord i Jøsenfjord-båtane, møtte han kvinna i sitt liv på fjordabåtane sin endestasjon, Vadla i Jøsenfjorden. Signe Berit var ei av døtrene til handelsmann Sven Gil.

I Aftenbladet sto det eit minneord om Torjus Halsne som var både tenkevekkjande og interessant. Den skuleflinke ungdommen frå Ryfylke hadde ikkje råd til å gå på dei skulane han gjerne ville. Dermed enda han på båtane.

Torjus Halsne var med i kommunepolitikken i Hjelmeland. Han skreiv også fleire lesarbrev i Aftenbladet. Kor Ryfylkevegen burde gå, hadde han synspunkt på og han skreiv om atomtrusselen som var eit viktig tema tidleg på 1960-talet også.

Styrmannen på bildet, Jone Helgøy, hadde ganske lang fartstid på Jøsenfjord-båtane. - Han var fødd i 1913 og  gjekk om bord i fjordabåtane tidleg på 1930-talet og arbeidde der til etter at krigen var slutt. Det meste av tida var han på "Ombofjord" der han tenestegjorde som matros, styrmann og avløysar-skipper, fortel sonen Odd.

Jone Helgøy hadde småbruk på Helgøy i Årdalsfjorden. I etterkrigstida var han på vintersildfisket i mange år. Frå 1959 arbeidde han på Stålverket på Jørpeland fram til han blei pensjonist.

Matros Åge Hauge frå Fister hugsar mange av oss som ein fargerik styrmann på "Hjelmelandsfjord". Han kjente mange og alle ville kjenna han. Ein kvikk replikk, eit skeivt smil og ein og annan skøyarstrek var varemerket hans.

I "Folk e løgne"-spalten i Aftenbladet sto det om den unge rekrutten frå Fister som avtente verneplikta si på Madla. Han var litt drøymande og fråverande i ein undervisningstime. - Tenkjer du på Fister, spurte kvartermesteren plutseleg. - Nei. Eg tenkjer på ei enka på Tau, svarte soldaten som seinare blei gift med ho som han tenkte på.

Kona var postopnar på Tau. Hausten 1960 gjekk Åge Hauge i land frå "Hjelmelandsfjord". Resten av sitt arbeidsliv var han landpostbod på Strandalandet.

"Ombofjord" festpynta i Hålandsosen 17. mai 1948.



10. desember 1951  gjekk "Ombofjord" på land på Låvaneset på Ombo i tjukk skodde på veg frå Foreneset til Jørstadvåg. Der blei båten ståande på land lenge nok til at passasjerar og mannskap greidde å berga seg på land over baugen. Etter ein times tid gleid båten av grunnen og sokk. Skadene var så store at båten blei kondemnert.

Årsaka til at skipperen feilnavigerte, var visstnok ei lommelykt som låg for nære kompasset som dermed blei heilt misvisande.

"Ombofjord" var bygd som dampbåt i Gøteborg i Sverige i 1883 og gjekk med navnet "Ole Bull" som rutebåt i fjordane nord for Bergen i mange år. Jøsenfjord-selskapet kjøpte båten i 1924. Då blei dampmaskinen skifta ut med ein semidiesel.

"Ombofjord" var ein god isbåt og blei mykje brukt i Erfjord-ruta. I foto-albumane etter Anders Vaage er det fleire bilde av båten.

"Ombofjord"  frå ein litt annan vinkel ved same kai. Fotograf: Anders Vaage.
Bildet tilhøyrer Lars Vaage.





























onsdag 31. mai 2017

Dampbåten "Majoren" brukte bjørkeved som drivstoff


Dampbåten "Majoren", eit kjent syn i Stavanger og Ryfylke før og under
krigen. Dampbåten gjekk som reservebåt i fjordane i krigsåra. Bildet har
eg fått av Steinar Warland. 


Rutebåten "Majoren" dukka plutseleg opp ved rutebåtkaien i Hålandsosen. Under krigen, i 1944, har den tydelegvis gått ruter frå Stavanger og like inn til Erfjord. Der blei den fotografert av unge Anders Vaage og bildet limte han inn i albumen sin.

Denne dampbåten hadde eg høyrt om mange gonger utan at eg nokon gong har samla saman opplysningar nok til å skriva om den.  Nå har eg tenkt å retta opp på det. Eg har på ingen måte laga den samla historien om denne båten som gjekk mange år i dei bynære farvatna rundt Stavanger. Den blei mellom anna prøvd som konkurrent til "Riskafjord" utan stor suksess. Men den var mykje i bruk som turbåt for lag og foreningar i Stavanger og gjekk også som reservebåt for ferjene som gjekk mellom Buøy, Hundvåg og Stavanger.

Far min fortalte at då drivstoffmangelen var på det verste under krigen, var det plutseleg "Majoren" som kom dampande til Hjelmeland i rute for Jøsenfjord Rutelag. For den var ikkje så fin i kosten. Dersom det ikkje var kol eller olje å fyra med, kunne "Majoren" få opp dampen ved hjelp av bjørkeved. Båten var korkje rask eller vakker, men kom fram og tilbake dersom ein tok tida til hjelp.

Andre hjelmelandsbuar hugsar også dampbåten.

- Eg hugsar ein tur til byen med "Majoren".  Det blei heilt nødvendig å dra til tannlegen. Så far min og meg reiste av garde med båten, fortel den i dag 84-årige Jan Ommundsen frå Hjelmeland. Han hugsar at Fritjof Folkvord frå Hjelmeland fungerte som maskinist på båten akkurat då. Folkvord var nede og la i fleire vedaskier av og til for å halda dampen oppe.

"Majoren" i Erfjord i 1944. Kven er Kragh, Lars Vik og Rolf Valeur? Anders Vaage tok bildet som nå tilhøyrer
sonen Lars Vaage. 


Dersom det finst opplysningar om kor lenge "Majoren" gjekk for Jøsenfjord-selskapet, tek eg gjerne inn utfyllande opplysningar om dette.

Olav Bergsagel som var ferjeførar på byferjene i Stavanger i 45 år, hugsar godt "Majoren".

- Eg gjekk ein god del med denne båten det siste krigsåret og ei stund etter freden. Ole Bjerklund som dreiv Byøy-ferja på denne tida, leigde inn "Majoren" som reservebåt i ruta på Buøy, Sølyst, Engøy og Grasholmen. Den gjekk ikkje fort. Toppfarten var vel 7 knop sjøl om det var fint løp i båten, seier Olav Bergsagel som er 92 år gammal. Han har vore frisk og rask i alle år, men trur du ikkje han fekk lungebetennelse i vår. Han var litt uforsiktig då han starta med vårpussen på snekka si. Men nå er han heldigvis på bedringens veg.

26. juni 1931 hadde Aftenbladet ein større omtale av "Majoren" under tittelen:

 Ny båt på Hommersåk.

Annonse i Aftenbladet 21. august 1931.
I disse dager blir det satt inn en ny båt i ruten på Hommersåk og mellemsteder. Det er hr. C. J. Knutsen, som har gjort dette tiltak. Båten er den tidligere "Kvikk", som i sin tid tilhørte Stavanger kommune, senere "Skjoldefjord". Hr. Knutsen - som er en ualmindelig nevenyttig og praktisk anlagt mann - har selv fullstendig ominnredet fartøiet med assistanse av Rosenberg. Han har bl. a. oppnådd å få ganske usedvanlig rummelige passasjerbekvemmligheter i forhold til båtens størrelse. Der er en rummelig kahytt forut og en mindre kahytt akter, der er rummelig plass på fordekk og akterdekk, likeså på båtdekket, og midtskibs et stort innelukket rum med store, brede vinduer.

Midtskibs og akter er dekket laget av jernbetong og tre, hr. Knutsens egen opfinnelse. Ellers har båten fått nye plater og blitt sementert i bunnen fra stevn til stevn. Også maskinen, som for øvrig i sin tid var på utstilling i Paris som modellmaskin, er blitt delvis modernisert.

Båten har fått navnet "Majoren 1". Den måler 60 tonn, er 60 fot lang og 15 og en halv fot bred, gjør 9 mil og tar 151 passasjerer.

Hr. Knutsen har tidligere hatt båt i fart på Hommersåk  og han kjenner de krav ruten stiller. Med den nye båt håper han å kunne tilfredsstille alle rimelige krav.

(Eg har skrive av artikkelen ord for ord.)

I Erik Thoring si bok om "Riskafjord"-historien fann eg fylgjande: En Stavanger-mann yppet riktignok til konkurranse rundt 1932 med dampbåten "Majoren". Båten gikk direkte Stavanger - Hommersåk, men kunne likevel ikk hamle opp med farten til "Riskafjord II". Sjøl om sistnevnte gikk
innom Li og Usken var den likevel raskere enn konkurrenten.

Dampbåten "Majoren" forsvann ut av soga etter krigen. Knutsen-familien, derimot, var med i ferjefarten på byøyane like fram til Stavanger kommune overtok ferjedrifta i 1952. Den meir kjende "Ragnar" tilhøyrte også Knutsen-familien. "Majoren"-navnet kom tilbake på den kommunale Buøy-ferja som blei sett i drift i 1963.

Ein av holmane i havnebassenget i Stavanger har også same navnet.








onsdag 5. april 2017

Fiskar-frisøren og tre fjåge fyrar i fjonge fløyelsjakkar


Nils Helgeland gjer jobben som fiskarfrisør. Her blir Johan Knutsvik gjort
klar for heimkomst. Foto: Anders Vaage.

Hårklipp og dagleg barbering hadde ikkje topp-prioritet for tøffe mannfolk på islandsfiske. Men då fisket var avslutta, tønnene var fulle av sild, luka var skalka, skuta var sjøklar og kursen gjekk mot aust, då var tida inne for å fjonga seg.

Søndag 30. august 1953 er "Stordøy" frå Erfjord på veg heim frå Island etter sju veker. Det hadde vore lange dagar med hardt arbeid og heller lite søvn. Nå skulle det bli godt å komma heim.

Men håret var blitt langt og skjegget hadde grodd. Skipsfrisøren måtte i arbeid for å pynta på karane. Om hårklippemaskinen høyrte til utstyret om bord eller om det var Nils Helgeland som hadde den med seg, har eg ikkje funne ut i skrivande stund. Men det var han som gjorde tjeneste som frisør og sørga for at Johan Knutsvik og dei andre skipskameratane blei presentable til dei kom heim og skulle gå i land og møta sine kjære igjen.

Alle som vaks opp langt unna næraste frisør-salong, hugsar dei gammaldagse klippemaskinane. Menn med handlag nok til å fjerna håret og spara øyrene, fekk jobben som frisør. Som regel fekk dei håret av sjølv om det reiv litt under klippinga og kunne klø ganske kraftig etterpå.

Du ser den heimkomne islandsfiskaren for deg når du lukkar auene. Med lommane fulle av lange, kvite amerikanske sigarettar og fleire kartongar med sigarettar i skipssekken. Der var det også boksar med tobakk, Asbjørnsens eventyrblanding. For dei som ikkje brydde seg om røyk: Boksar med pine-apples (ananas) var svært populære å ha med seg heim. Ikkje akkurat dyrka og hermetiserte på Island, men likevel sjeldne saker på tidleg 1950-tal.

Medan "Stordøy" låg i Haugesund ein dag etter heimkomsten var Trygve Høivik oppe i Haraldsgata og kjøpte seg ein ny, fin fløyelsjakke.

Nils Helgeland og Anderse Vaage likte jakken så godt at dei strauk av garde og kjøpte seg akkurat like jakkar. Då var det tid for fotografering. Snauklipte karar med nye jakkar.

Islandsfiskarane kosta på seg fjonge fløyelsjakkar i Haugesund. Frå venstre: Trygve Høivik, Anders Vaage
og Nils Helgeland. Foto: Anders Vaage.


Ut i september var fiskarane ferdige med jobben. Alle dei nesten 1100 tønnene med islandssild var levert. Garn og bruk var teke på land og hengt til tørk. "Stordøy" kunne leggjast i ro for hausten.

 Fiskarane kunne reisa heim. Då hadde alle rett på ei tønne med sild som dei tok med seg heim.

- Den sommaren eg var med til Island, blei me liggjande og pilka ein mengde flott havtorsk ein dag. Den blei salta og lagt ned i to-tre tønner og resten blei tørka bak på popen. Dei som ville, kunne ta med seg av denne fisken heim, fortel Trygve Høivik.

4000 kroner fekk Trygve Høvik utbetalt etter turen på islandsfisket med "Stordøy" sommaren 1953 etter det han kan hugsa i dag. 4000 kroner i 1953 tilsvarar omtrent 60.000 kroner i dagens pengar.

- Du tjente ikkje så godt på Island. Men viss du var med på islandsfisket om sommaren, var du garantert å få vera med på storsildfisket med "Stordøy" i januar. Då kunne du gjera gode pengar. Dette var ein båt som var kjent for å gjera det godt på vintersildfisket, seier Høivik.

Dei store pengar fekk fiskarane på storsildfisket med "Stordøy". 900 hektoliter
var det i dette kastet. Foto: Anders Vaage.


Folk som var med "Stordøy" på storsildfisket på 1950-talet, seier at dei tjente så godt på ein slik vinter at det jamgodt med ei årsløn for ein arbeidsmann.

Trygve Høivik ferierte ikkje resten av året. Då bygde han kraftlinjer saman med tre andre karar. Dei sørgde for linjer slik at bygdene i Jelsa og Erfjord fekk straum i 1954.

- Me arbeidde på akkord og måtte reisa fire stolpar til dagen for å halda ei brukbar dagløn.

Ein fullbefaren fiskar kunne brukast til det meste.