fredag 21. august 2026

Forvedå reis for ein gjerrig-knark!

 


Dei 80 kronene me la igjen i plommebutikken til Jan Skaar, var einaste
utlegget på heile turen.



Ingen trur meg når eg seier at eg reiste om Finnøy og over Ombo for å sjå meg rundt i staden for å kjøra gjennom Ryfast for å  komma strake vegen til Hjelmeland. - Gjerrigknark, seier dei med ein gong. Eg gidde ikkje krangla med dei. La dei meina ka dei vil.


Desse skyene har gått litt på kryss og tvers dei siste dagane og gjort meteorologane heilt forvirra. Det er grunnen til at veret har blitt mykje finare enn meldingane.


- Ska me ta over øyane på turen innigjønå i dag, spurte eg kånå. Hu likar all slags variantar frå den vanlige tralten. Viss eg greier å halda henne i ånde med originale svingar i nærmiljøet, unngår eg alle forslaga hennar som omfattar flyreiser og mange netter på hotell. Eg er livredde for å reisa med fly og mindre og mindre begeistra for å liggja på hotell. Som gammal gubbe er eg ikkje så flink til å sova på nettene. Derfor er det kjekkast heima.


Veteranskøyta "Sigrund" ligg på Finnøy. Skulle hatt litt make-up før Tomatfestivalen.



Etter å ha studert ferjerutene, fann eg ut at det kunne passa å ta ferja frå Judaberg til Eidssund klokka 10.20. Frå Skipavik på Ombo til Hjelmeland gjekk det ferja klokka 12.35. Det var plenty med tid til å kjøra over den nest største øya i Rogaland, forsikra Jan Skaar som er i full sving med å hausta plomma akkurat nå.


Eg er jo innante og har vore ein del på Ombo. Det som slår meg er at denne øya er mykje større enn du trur. Her er det mykje plass og lite folk. Sjøl om den lokalkjende meinte me hadde god tid, tok eg ikkje tjangsen på å somla. Her gjekk det i god fart rett over øya på nylagde asfalt. 


Ventetida på Judaberg blei brukt til å studera veteran-skøyta "Sigrund". Den kunne hatt godt av litt oppskeining før Tomatfestivalen. Men det får dei på Finnøynå ta seg av.


Traff Inger Auestad Havn på ferja. Ho dreiv butikk på Nesheim på 
Sjernarøy før i tida. Aftenblad-bilde frå 2009.



På ferjå gjekk me opp i salongen. Det var jo ein altfor lange tur frå Finnøy  til Ombo. Kunne ikkje sitja og tørka i bilen. Der oppe traff me ei dama som kjende meg igjen. Det var Inger Auestad Havn som eg møtte då eg dreiv og skreiv i Aftenbla i gamle dar. Ho hadde butikken på ferjekaien på Nesheim på Sjernarøy i den tida. Nå er der verken ferja eller butikk der. Kjekt å treffa henna og få utveksla nytt frå Sjernarøy. Ikkje kvar dag me er der lenger.


På Ombo blei det berre ein kort stopp ved plommeutsalget til Jan Skaar før det bar rett av garde til ferjekaien. Plommå var forresten god den. Dei 80 kronene som me vippsa til Jan, var det einaste utlegget på heile turen.


Framme på Skipavik i god tid.



Ferja "Hydra" var sånn sirka i rute og tok oss over fjorden til Hjelmeland.


Sjøl om det var gratis å reisa med ferjene, vil eg ikkje anbefala dette som vanleg reiserute frå byen til Hjelmeland. Eg likar ikkje desse Rennfast-tunnellane i det heila tatt. Dessuten tar det ein god del lenger tid enn å reisa den vanlege vegen. Men som lysttur er det fint ein dag ein har god tid.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar