![]() |
| Malena Børve selde melk i Mallinhuset i 19 år. |
Då Malena Børve stengte melkeutsalget i Mallinhuset i Hjelmelandsvågen etter å ha stått bak disken der i 19 år, fekk ho ein flott omtale i Aftenbladet 28. februar 1966.
Ikkje eit stort prangande oppslag, men ligavel. Notisen var plassert på den såkalla Bretten, som alle som har lese Aftenbla ei stund, hugsar veldig godt.
![]() |
| Notisen var ikkje stor, men fint plassert ved sida av fyrstesidesakene som ikkje blei avslutta på fyrstesida. |
Malena slutta ikkje fordi ho var lei. Men det var nye tider. Nå skulle det vera melkekartongar i butikk. Ikkje plass til ei smilande Malena som auste opp melka frå eit svært melkespann og over i det litla spannet som kunden hadde med seg.
- Det er Årdal Meieri som driv dette utsalet, og fru Børve har vore ein trugen og punktleg tenar for dei i 19 år. Ho får dei aller finaste lovord frå dei mange kundane ho har ekspedert, sto det mellom anna i Aftenbladet.
![]() |
| Mallinhuset i dag. Melkeutsalget var plassert i venstre delen av kjellaren. |
Kvar føremiddag kom Ragnar Larsen frå Årdal med melkebilen og lempa av dei svære melkespanna utanfor melkeutsalget i kjellaren på Mallinhuset.
Så var det Malena sitt ansvar og arbeid å få buksert dei svære spanna frå gata ned ei betongtrapp og inn bak disken i kjellaren. Ventande mannfolk hjelpte som oftast til med å få dei store spanna inn i kjellaren. Som takk blei dei ekspederte fyrst. Ein av dei var Kristoffer Veland.
25 000 liter melk i året blei det seldt her. Melk, fløyte og sure melk. I tillegg gjekk det i ost og smør som blei delt opp i passelege stykke slik kundene ville ha dei. Dei siste åra var det også iskrem-salg på sommaren.
Utsalget var åpent eit par-tre timar kvar dag. Men Malena hadde fleire oppgaver enn å forsyna folk med melk.
Kvar månad fekk ho oppgjeret som bøndene på Hjelmeland skullle ha for melka dei hadde levert til meieriet i Årdal. Dette var kontanter plassert i dei tynne oppgjerskonvoluttane som blei bruka til lønningspåsar før i tida. Ikkje bankkontoar og sjekkhefte og den slags dill-dall. Og bøndene hefta seg ikkje vekk med å passa åpningstider og den slags. Dei kom som oftast og banka på heime hjå Malena der ho budde, for å få pengene sine.
Hjelmeland Meieri strauk med i den svære flaumen i november 1940. Etter den tid gjekk melka til Årdal Meieri. Og dermed var det melk frå Årdal som blei seldt i Hjelmelandsvågen.
Eg har ikkje funne ut kva tid utsalget blei starta. Ragna Torsen sto bak disken før Malena Børve overtok. Melkeutsalget var fyrst plassert i øvre delen av kjellaren. Der blei det seinare slaktarbutikk. Då heldt Malena til i delen nærast sjøen.
Malena Børve døde i 1977. Ho blei 69 år.
(Dottera Aud og barnebarnet Bjørghild har hjelpt både med opplysningar og bilde av Malena. Viss nokon har bilde av utsalget, ville eg tatt mot det med takk.)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar