mandag 10. august 2026

Elisabet bygde Mallinhuset

 


Elisabet Fevoll framføre huset som blir kalla Mallinhuset i dag.
Bildet tilhøyrer Sigbjørn Sæbø.



- Mallinhuset, seier folk idag. Ingen er i tvil om kaffor eit hus i Hjelmelandsvågen ein då snakkar om. Men det var ikkje ho som bygde det fine og innhaldsrike huset.


Det gjorde Elisabet Fevoll i 1924. Ho var enka etter Samson Fevoll. Dei hadde ein fin gard på nedre Fevoll. Det er på denne garden det er sideri i dag. Dei åtte også garden på Husstøl. Dei sat godt i det, men var barnlause.


Inngangsdøra med Elisabet sitt monogram. Døra blei fjerna på den tida
då kommunen åtte huset. Den står nå i kjellaren.



Elisabet selde begge gardane då ho blei aleine og bygde det staselege huset i Vågen. Inngangsdøra var sikkert den finaste i heile bygda og dekorert med eigaren sitt monogram: EF.


Mannen Samson var ein stillfarande mann, men Elisabet var lettliva og snill. Dei var romslege og gavmilde. Men dei hadde ein travel kvardag med to gardar og passa på.



Samson og Elisabet Fevoll til høgre. Drengen Jørgen Steinsland bak dei. Gjestene til
venstre er familien Holm frå Stavanger. Bildet som er KI-forbedra, tilhøyrer Sigbjørn Sæbø.



Heilt frå sin ungdom var ho kristen og fast gjest på bedehuset. Men ho var lettliva og hadde både skjemt og alvorsord til både unge og eldre, går det fram av 80 års-omtalen i Aftenbladet i august 1937.


Elisabet budde ikkje åleine i det store huset. Ho hadde leigebuarar. Mellom dei var elektroingeniør Olav Dale og hans familie.


Dødsannonsa i Dagbladet Rogaland.



Mallin Sæbø som var niese til Elisabet, budde ikkje der medan mostera levde. Elisabet døydde 1. april 1940 og blei gravlagd på den heilt spesielle dagen 9. april, i følge dødsannonsa i Dagbladet Rogaland.


Etter den dramatiske flaumen i november 1940, var Mallin og familien huslause. Både slaktarbutikken og bustaden deira hadde flaumen fare med. Men då sto jo huset til moster Elisabet der like heilt. Der kunne familien, mor og far pluss dei tre barna, Olav, Anna Karina og Hjalmar, flytta inn.


Her fekk dei også plass til slaktarbutikk i kjellaren. Den blei verande her i mange år etterpå.


Men Malena og Kornelius hadde skaffa seg tomt i Almenningen før krigen. Der bygde dei seinare hus som dei tok i bruk i 1947.


I 1965 overtok sonen Hjalmar huset. Då flytta Mallin tilbake til Vågen og dermed blei dette huset då til Mallinhuset for ettertida.



Mallinhuset fotografert i 2020.


Hjelmeland kommune kjøpte Mallinhuset i 1986. I 2011 kjøpte brørne Sigbjørn og Halvor Sæbø huset. Dei er barnebarna til Mallin. Halvor brukar fyrste etasje til fritidsbustad. Andre etasje er bortleigd.


Eg kjem snart med meir stoff om Mallinhuset. 


(Navnet til Elisabet Fevoll er skrive ulikt her og der. Eg har brukt varianten i bygdeboka. Eg tek gjerne mot utfyllande opplysningar. Takk til Toralf Sandø som skaffa meg stoff frå Dagbladet Rogaland.)


Nils Via Hausken har skrive følgjande kommentarer til denne bloggen:

Samson Fevoll var barnebarn til Sissela Faltinsdotter Fevoll som har lagt navn til Sisselastova i Vigatunet. Ho laut flytte til Viga for å komme bort frå den vrange og gjerrige mannen sin.
Mor til Samson var allerede sinnsjuk då ho fekk Samson.
Samson hadde kun ein bror, Anders, som busette seg på Fuglastein i Jelsa og har etterkommarar.
Samson Fevoll var det ein i dag kallar investor. Han kjøpte og selde gardar og eigendommar, og hadde samarbeid med bl a min oldefar Mikal Viga som dreiv fiske i stor skala.


  • Svar
  • Del
  • Som nevnt var Lisbet og Samson Fevoll barnlause. Men dei var rause og tok tre ungar til seg som hadde behov for ein ny heim etter at mor deira var død i 1882 og far deira ikkje evna å ta seg av dei. Desse ungane kom frå Holmen i Fundingslandvatnet
    Det var Hadle Hadleson (f 1878) på fire år og Elen Pauline Kristine Hadlesdotter (f 1880) på to år. Halvsyster deira, Johanna Olsdotter (f 1870) på 12 år flytte også med.
    Johanna døydde på Fevoll i 1902.
    Hadle flytte som ung til byn og arbeidde seg opp innanfor teglverksindustrien i Stavanger. Han tok Holm som etternavn.
    Han stifta familie og fekk mange ungar. Ein av etter kommarane hans heiter Hadle Holm. Han driv eit treningscenter i Stavanger og gjorde det stort innan boksning (trur eg det var) då han var yngre.
    Oddbjørg Kleppa frå Askvik er gift med barnenarnet til Hadle Holm.
    Elen Pauline Kristine, til dagleg kalla Elen, gifte seg med Jørgen Steinsland frå nabogarden i 1903.
    Dei blei velsigna med mange ungar:
    Borghild 1904 g Børkja
    Tvillingane Ånen og Hadle i 1905 som døydde same år.
    Selma Elisabet 1906
    Arne 1908
    Helmer 1910
    Jørgine 1912 g Egeland
    Agnete 1914 g Hausken
    Margit 1916 g Mæland
    Olav 1918
    Hanna 1920 g Erland
    Lisbet og Samson Fevoll gjorde det muligt for Elen og Jørgen Steinsland å kjøpe fjellgarden Gjessfjell i Årdal omkring 1910.
    Elen døydde frå barneflokken sin i 1924 i ein alder av 44 år.
    Jørgen døydde i 1948.





    Ingen kommentarer:

    Legg inn en kommentar