![]() |
| "Tranan" ved kai i Stockholm. Foto: Kjell Magnar Stangeland. |
Bang! Der gleid det ein passasjerbåt over havna i Stockholm, full av turistar. Men den var forferdeligt like på gamle «Lysefjord». Omtrent dei same kjente linjene.
Eg sat heilt avslappa i godstolen her på onsdagskvelden og såg på eit engelsk program om koss godt me har det i Skandinavia då eg plutseleg oppdaga denne båten.
«Lysefjord» har eg skreve om fleire gonger på Jonebloggen. Denne båten blei bygd i Danmark i 1933 for å gå i trafikk over Øresund mellom Malmø og København. Den fekk navnet «Gylfe» Då krigen kom i 1940, gjekk den i opplag. I 1946 kjøpte Høgsfjord Rutelag båten og gav den navnet «Lysefjord». Jøsenfjord Rutelag kjøpte søsterskipet «Gylfe» som fekk navnet «Årdalsfjord». Denne båten fekk eit kort liv i Ryfylke. Den blei seldt til Bergen der den gjekk i mange år med navnet «Askøy». «Lysefjord» derimot blei gåande som rutebåt i Ryfylke heilt fram til 1981. Seinare blei den partybåt i Oslofjorden.
Den sokk ved kai i Oslo for nokre år sidan og er opphoggen nå.

"Lysefjord" ved kai i Lysebotn i 1979. Her har den fått nytt styrehus og bildekk.
Foto: Geir Sveen.
Neste dag ringde eg til Kjell Magnar Stangeland på Forsand. Han har vore hurtigbåt-kaptein på Lysefjorden i aldri så mange år og er levande interessert i fjordabåtane som har gått i desse rutene.
?Vett du ka? Eg sat på ein sightseeing-buss i Stockholm og oppdaga plutseleg denne båten. Eg hoppa rett av bussen og fekk tatt bilde av den, fortalde Stangeland.
På bildet var det navn på båten og dette sende han over til meg saman med bilde av fleire kjenningar frå Ryfylke som har gjort svenskar av seg. «Lysefjord»-slektningen hadde nå navnet «Tranan».
Når eg fekk navnet, var det berre å googla i veg: «Tranan» blei bygd i 1935 i Helsingør for Dampskibsselskabet Øresund. Etter krigen blei det seldt til den danske marinen og fekk navnet «Kongedybet». I 1970 havna båten i Stockholm og fekk navnet «Tranan» . Etter det har den gått i chartertrafikk på Mælaren og i Stockholms skjergard.

"Tranan" havna i Stockholm i 1970.
«Lysefjord»var bygd i Odense i 1933. Begge båtane hadde Tuxham maskiner. «Lysefjord» fekk seinare Wickmann-maskin. «Tranan» fekk Volvo Penta maskin. Begge båtane tilhøyrde det same rederiet: Dampskibsselskabet Øresund.
Her endar mi "hurtig-forskning". Viss nokon har meir kjennskap til desse båtane og Øresund-trafikken, er eg glad for fleire opplysningar. Eit spørsmål: Kvifor blei ikkje desse båtane sett inn i Øresund-trafikken etter krigen?

https://www.faergelejet.dk/faerge.php?id=724
SvarSlett