![]() |
| Knut Johannesen i rekord-løpet i Squaw Valley. Foto: NRK. |
Ikkje til å tru! 15.46.6 i Squaw Valley. Her hadde eg vakse opp til ein moden alder på 11 år med Hjallis sin uslåelege verdensekord på 10.000 meter på 16.32.6. Så slår vår alles Knut Johannesen til med den heilt utrulege tida under 16 minutt.
Eg gløymer det aldri. Dette skjedde den 27. februar 1960. På ettermiddagen norsk tid. Med øyra heilt inntil høgtalaren på den gamle Telefunken-radioen følgde eg skøytehelten runde for runde der han skeiste i tynne luft i California.
Han hadde vore den store helten min heilt sidan han blei verdensmeister i skøyter i Øresund i 1957. Dei spelte "Ja, vi elsker" i radioen. Eg fekk så store klump i halsen at stemmen brast då far min kom heim rett etterpå og spurte koss det hadde gått med Knut Johannesen.
Han blei den store idrettshelten min, Det var lika sterkt kvar gong han vant og fekk senda helsing i radioen heim til kjærasten Anne Lise og mor og far på Kampen.
Trur du ikkje at han dukka opp på Dagsrevyen her for eit par dagar sidan. Han er fødd i 1933 og blir 93 år nå. Akkurat like seg.
![]() |
| Vormedalen bedehus. Foto: Morten Hetland. |
Det var basar på bedehuset hima i Vormedalen denne laurdagskvelden. Sjømannsbasar. Då kom det ein sjømannsprest og heldt andakt og fortalte om livet i dei store havnene i verda. Bedehuset var det einaste forsamlingshuset i himbygdå mi. Basarane var det mest lettsindige som føregjekk der.
På basarane tok me lodd for 25 øre pr. stk. Vanlegvis skreiv dei navnet inn i loddboka. Denne gongen gjorde eg noko utradisjonelt. Eg brukte dei få kronene mine raskt og der hadde eg fått loddskrivarane til å notera vekselvis Kuppern og 15.46.6 i staden for navnet mitt.
Eg sat med stive øyrer då trekninga kom. Dei trakk ut den eine gevinsten etter den andre. Men kor blei den ferske verdensrekorden og skøytehelten av?
Eg luska tomhendt heim frå bedehuset. Men Kuppen og verdensrekorden hadde eg trygt med him.
Rekorden blei jo ikkje så gammale som eg trudde. Seinare fekk skøyteløparane nylontrikot og juks. Til og med klappskøyter. Det blir ikkje det sama. Ingen slår Knut Johannesen i Squaw Valley. Lyrikaren Olav H. Hauge skreiv dikt: "Kuppern skrid i Squaw Valley". Ingen slår den.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar