torsdag 23. oktober 2025

«Sølyst» seilte mellom byøyane i over 40 år

 

"Sølyst" gjekk mellom Jorenholmen og Sølyst frå 1972 til 1978. Foto: Digitalt museum.


Den splitter nye bilferja «Sølyst» klappa til kai ved Jorenholmen i Stavanger søndag 8. oktober 1972. Den nye ferja skulle bruka det tidlegare ferjeleiet til Tau-ferjene på Jorenholmskaien i ruta til Sølyst. Arbeidet med å tilpassa ferjeleiet starta umiddelbart.


Den nye ferja var bygd ved Lindstøls båtbyggeri i Risør for Stavanger kommune. Den hadde plass til 17 personbilar og sertifikat for 99 passasjerar.


Dersom bilane blei godt stua, ville «Sølyst» ha plass til fire fleire bilar enn dei gamle ferjene klarte til saman. Ved å gå fire turar i timen mellom Sølyst og Jorenholmen, ville ferja kunna frakta 68 bilar i timen.





"Sølyst"-reportasje i Aftenbladet i 1995.


Aftenbladet skreiv at «Sølyst» best kunne samanliknast med Ropeid-ferja til Stavangerske. Men den nye ferja var atskillig lenger og vakrare enn Ropeid-ferja. Også «Sølyst» hadde styrehus midtskips med godt oversyn horisonten rundt.


Det sto ein Callesen hovedmotor på 260 hestekrefter om bord. På prøveturen fekk ferja ein fart på 8,5 knop.


Den nye ferja fekk rikeleg med omtale før den blei sett i fart. Kanskje ikkje så rart sidan journalist Magnus Torgersen i Aftenbladet var formann i det kommunale ferjestyret på den tida.


Brørne Rolf og Olav Bergsagel var kapteinar på «Sølyst» då den var ny.


Ferja gjekk mellom Jorenholmen og Sølyst fram til Bybrua kunne tas i bruk ved årsskiftet 1977-1978. Men biltrafikken auka kraftig i desse åra. Stavanger kommune måtte i 1975 leiga ferja «Kvarven» for å ta unna trafikken. Denne ferja hadde plass til 23 bilar.


Ferjeskipper Helge Geir Helgesen hadde ein kort "karriere" som ferjeredar.
Foto: Jon Ingemundsen.



Stavanger kommune måtte betala 150.000 kroner for å tilpassa ferja til denne ruta og 800 kroner i leiga pr. dag til rederiet Bergen Vest.


Då Bybrua blei åpna, var det slutt på ferjetrafikken mellom Jorenholmen og Sølyst. Nå gjekk «Sølyst» frå Jorenholmen til Ormøy og Vassøy. Ferja var innom Steinsøy ved behov. Denne ferja gjekk dessuten i ruter til Lindøy, Kalvøy og Tunsøy. Den gjekk også lasterute til Langøy og Austre Åmøy. Dei siste åra var det «Sølyst» som frakta bossdunkar frå Usken og Uskekalven til Hommersåk.


Ein morgon i februar 1992 kolliderte ferjene «Sølyst» og «Tau» i tjukk skodd rett utanfor Bybrua. Tau-ferja var på veg til byen med 143 passasjerar om bord. «Sølyst» skulle til Vassøy. Begge ferjene hadde redusert fart då dei kolliderte. Skipperen på «Sølyst» fekk skulda for smellen.


I oktober 1995 hadde Aftenbladet eit større oppslag om misnøgde passasjerar på «Sølyst». Enkelte meinte at ferja skulle vore opphogd for lenge sidan. Andre meinte den var grei nok og at folka om bord var greie og hyggelege. Ferjeførar Trond Trondsen påpeikte at den 23 år gamle ferja var godkjent av skipskontrollen, men vedgjekk at komforten ikkje var som på større ferjer.


I 1998 overtok Rødne-rederiet ferjedrifta til Byøyane. Ferjeskipper Helge Geir Helgesen kjøpte «Sølyst» av Stavanger kommune for 405.000 kroner og leigde den ut til Rødne, men selde den vidare til Rødne for same beløpet litt seinare same året. Helgesen blei verande i Rødne-rederiet heilt til han blei pensjonist i 2018. Han er stadig innom på ulike oppdrag på båtane.


Skipsrattet på"Sølyst" i god behold hjå
Helge Geir Helgesen.



Etter eit maskin-havari i 2014, blei «Sølyst» seldt til Torgeir Vareberg på Åmøy. Han rigga den ned til lekter. Navnet blei nå «Shjandtor 2». Men den blei i minste laget som lekter. I 2018 blei den 46 år gamle ferja opphogd.


Helge Geir Helgesen sikra seg både rattet og skipsklokka frå «Sølyst». Så dei har han nå hengjande til pynt i naustet sitt på Vassøy.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar