![]() |
- Kan du binde en ko? Kan du styre i mørket? Dette spørsmålet fekk håpefulle matrosar når dei spurte mannskapssjef Rasmus Kyvik om jobb i Stavangerske. |
Halva Ryfylke kjente til denne herma i min ungdom. Dette skulle vera standard-spørsmålet som mannskapssjef Rasmus Kyvik i Stavangerske hadde til alle håpefulle som var innom på kontoret hans og spurte etter matros-jobb på fjordabåtane.
For det var mykje kyr, kalvar og griser å baska med på fjordabåtane i Ryfylke. Og så snart båten hadde bakka ut frå kaien måtte ein av ku-sjauarane opp i styrehuset for å svinga på skipsrattet.
![]() |
Matrosen på "Ekspress" hadde nok å bala med når båten kom til kai. Her er båten på Bru. |
Trudde du det var skipperen eller styrmannen som styrte? Nei du. Det var matrosane som styrte og heldt båten på den kursen som skipperen bestemte.
Skipperen skulle finna leia. Matrosen skulle berre styra og halda utkikk. Ein matros med godt nattsyn kunne vera til god hjelp for skipperen. Det var skjer og mørklagde nes og all slags feller i fjorden. For ikkje å snakka om tjukke skodd.
![]() |
Klar advarsel i Aftenbladet i november 1955. |
Eit kav å vera matros i den tida. Ikkje minst i Rennesøy-ruta med mange kaiar, mange slags krettur og løyen last. Og så dette ureine farvatnet på toppen av alt.
Ikkje rart at ein ryfylking som møtte i retten og fekk spørsmål om han var tidlegare straffa svarte: Nei, bortsett frå eit år som matros i Rennesøy-ruta.
![]() |
Lokalpolitikarane ville ha fleire lykter i Rennesøy-ruta. Aftenbladet i oktober 1956. |
Dei som styrte med fyr og lykter langs leia, var ikkje lette å få i tale for øybuane. Men i 1950-åra fekk dei Aftenbladet med seg i kampen for ei tryggare skipslei. I november 1955 slo det elles så forsiktige Aftenbladet til med følgjande tittel med tilhøyrande undertittel på fyrstesida: Gjør noe før ulykken skjer. "Ekspress" i Rennesøyruten på grunn ved Brukjeøy. Nå må båtene føle seg fram i nattens mulm og mørke.
I avisartikkelen blir det slått fast at manglande fyrbelysning i Rennesøy-ruta har vore årsak til fleire grunnstøytingar. Både "Hjelmeland" og "Sandeid" hadde vore på grunn i dette farvatnet tidlegare og nå hadde "Ekspress"gått på grunn ved Brukjeøy. Denne grunnstøytinga ville ikkje skjedd viss det hadde vore betre lys på Persholmen.
![]() |
Fyrdirektøren lova meir lys i Rennesøyruta i oktober 1956. |
Det blir også peika på at rutebåtane til og frå Haugesund gjekk i denne leia når det var dårleg vêr.
- Ingen vet når uhellet kan være ute, og det gir en lite betryggende følelse å være passasjer under slike forhold, selv om en vet at besetningen på rutebåtene er førsteklasses karer, sto det i Aftenbladet.
Politikarane i Mosterøy og Rennesøy følgde opp spørsmålet om betre fyrlys i Rennesøy-ruta i åra som kom. Dei fekk god oppbakking av Aftenbladet. Eg fann ein god del saker som gjekk på fyrlykt-saka i åra etterpå.
![]() |
Alt i orden i oktober 1959. |
Saka var løyst i 1959. Tre nye fyrlykter tent i Mastrafjorden. Då var det blitt tryggare å reisa med rutebåt i dette farvatnet.
Men det var stadig viktig å kunna binde en ko og styra i mørket.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar