søndag 23. februar 2025

«Jøsenfjord» frå Norheimsund til byen i juli

 

"Jøsenfjord" som Stavangerske-båt i 1978. Foto: Aftenbladet.



Veteranbåten «Jøsenfjord» kastar fortøyningane i Norheimsund i juli. Då skal den tauast til Stavanger og visast fram på den store veteranbåt-samlinga Fjordsteam 2025 som blir arrangert frå 30. juli til 3. august.


Den 139 år gamle fjordabåten som nå blir pussa opp til fordums glans ved fartøyvernsenteret i Norheimsund, er ennå ikkje ferdig til å gå for eigen maskin Den blir taua tilbake til Hardanger etter Fjordsteam.

Det gjenstår ennå ein del av arbeidet med å setja overbygget i stand. Mesteparten av arbeidet i salong, mannskapslugarar og messe er ferdig.


Hoveddekk, salongdekk og dekket på bakken er ferdige. Bru-dekket er ennå ikkje påbegynt.


Her blir dekket under bakken nata. Foto: Lars Randa.



- Trearbeidet i Norheimsund kan bli ferdig til neste år dersom ein får pengar nok av Riksantikvaren. Det trengst meir enn ti millionar kroner til før ein er ferdig, seier formannen i Jøsenfjord Rutelag, Lars Randa.


Til denne tid har det gått med nærare 50 millionar kroner til å setja «Jøsenfjord» i stand. Stålskroget er fornya og sett i stand ved fartøyvernsenteret Bredalsholmen i Kristiansand. I 2023 blei «Jøsenfjord»  taua frå Kristiansand til Norheimsund. På vegen nordover var det ein stopp i Stavanger der båten blei vist fram på Fjordsteam 2023. Utgiftene med å taua «Jøsenfjord» til Fjordsteam blir dekka av arrangørane.



 Då «Jøsenfjord» kom heim frå Nederland i 2011, gjekk den for eigen maskin. Nå blir den gamle og trufaste Wichmann-maskinen sett i stand etter alle kunstens reglar. Denne maskinen blei sett om bord i 1934 og erstatta den originale dampmaskinen.


Det er ein del av entusiastane i Jøsenfjord Rutelag som har gjort dette arbeidet på dugnad. Maskinen på 20 tonn er løfta opp 40 centimeter, slik at ein kunne komma til og reingjera bånnpanna og kanalane under maskinen. Nå skal maskinen setjast på plass igjen.


Vegard Hegg frå Engøyholmen i arbeid med å gjera reint under
maskinen. Foto: Lars Randa.



Ny propellaksling er laga på Fjelde mekaniske verksted på Jørpeland. Det er også støypt fire nye maskintoppar. Støypinga skjedde i Danmark. Modellane som blei brukte, var også laga av Arvid Langeland frå Jørpeland.


Når «Jøsenfjord» er ferdig i Norheimsund, blir neste stopp Dåfjorden på Stord. Der skal båten på slipp for å få den nye propellakslingen montert.


Fyrst då kan «Jøsenfjord» gå for eigen maskin igjen.


"Jøsenfjord" er godt innpakka i Norheimsund. Foto: Vidar Hauge.



Før veteranbåten kjem til Stavanger i sommar, blir den vist fram på Trebåtfestivalen i Norheimsund frå 13. til 15. juli.


Det var stor interesse for «Jøsenfjord» etter at entusiastane hadde fått båten tilbake til Norge i 2011. Men på grunn av at båten har vore så lenge borte frå heimtraktene, har interessa dabba av. I dag er det 140 aktive andelseigarar. Dei som vil vera med i Jøsenfjord Rutelag er hjerteleg vekomne, forsikrar Lars Randa.


19. mars har rutelaget årsmøte om bord i «Sandnes» ved kai i Stavanger. Der kan du kjøpa andel for 500 kroner og bli med.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar