søndag 16. februar 2025

Skryt på overlevering, maskinskade på jomfruturen

 

Mangla ikkje på lovord då "Høgsfjord" blei overlevert 18. mai 1962.


Det mangla ikkje på skrøyd då den nye «Høgsfjord-ferja» blei overlevert til Høgsfjord rutelag 18. mai 1962:


- Det var berre vellæte over den nye ferja frå dei som var med på overleveringsturen. Ferja er så praktisk og grei som ho kan vera. Utanom dei 14-15 bilane som ho kan ta, har ho plass til 100 passasjerar, og dei er det sytt godt for. Det er ein stor og fin salong under dekk og ein på øvre dekk også. Elles er det gild bysse og messe for mannskapet og romslege lugarar for dei. Overalt er det levert framifrå godt handverksarbeid. Ferja har kosta 700 000 kroner, skreiv Aftenbladet.


Bikde frå Aftenbladet 19. mai 1962.



Ryfylkevegen, som hadde vore under planlegging og bygging i aldri så mange år, var nå i ferd med å bli realisert.Tre år seinare kom ferja over Jøsenfjorden. Då kunne ein endeleg seia at dette vegprosjektet var realisert, 30 år etter det var vedteke av Stortinget.


Stor stas då denne delen av Ryfylkevegen som nå var ferdig i 1962, men den  var ein del provisoriske bygdevegar mellom Oanes og Jørpeland. Men vegsjef Trygve Gimnes vona at farten i vegbygginga nå ville auka framover.


Det var bygd tri ferjestøer og planert eller utbetra 20 kilometer veg for å få i stand dette ferjesambandet. Dei samla kostnadene for prosjektet var på 2,9 millionar kroner.


Vegsjef Gimnes lurte på om dei hadde vore for lite framsynte og ikkje å ha bygd stort nok, men han hadde sjølv tilrådd varsemd.


Det mangla ikkje på lovord i omtalen, men på same sida i avisa blir det meldt at den nye ferja fekk maskintrøbbel på jomfruturen neste dag.


Frå Aftenbladet 19. nai 1962.



«Høgsfjord» var bygd ved Skaalurens Skipsbyggeri i Rosendal. Hovedmotoren var ein 280 hk semidiesel frå Bergens Mekaniske Verksteder som gav ein fart på 9-10 knop. Ferja var 26 meter lang og 7,7 meter brei.


«Høgsfjord» gjekk i dette sambandet fram til 1968. Det viste seg ganske raskt at denne ferja blei alt for liten i helgetrafikken. Det blei lange køar når byfolk skulle på hyttetur.


Kommentar påFacebook:

Torstein Randa

Det var nå meste ei gru at ikkje dei bergensarane kunne laga ein motor så ikkje reiv seg på fyste turen i ruta!
Det var ein 4 sylindra Normo. Et samarbeid mydlå 5 motorfabrikkar, så sko visa at semidieselen hadde framtidå for seg. Og det var i groen fine motorar. Innkapsla, så ein slapp oljesøl, hydraulisk reversering og kobling. Men ytelsen sto ikkje forhold te "malmhaugen" i "hesthuset". Og så var det dette med spredarar då. Stadig meir å velikeholda, og ein hendel meir å passa på i styrehuset.
Eg snakte med ein i fra Rubbestadeset, han arbedde som konstruktør på BMV, og fekk i oppdrag å konstruera denne motoren. "Å konstruera noke så e gått ut på dato? tenkte eg! Nei, eg slutta, og reiste heim, og begyndte på Wichmann. Så konstruerte eg DC motoren. Da va møkje kjekkare" sa han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar