søndag 29. desember 2024

Gabbi kom heim med «Galtesund».

Gabbi Sømme kom tilbake til Norge som trisa på 
kystruteskipet "Galtesund".

 


Shetlands-Larsen skyssa Gabbi Sømme med ubåtjagaren «Vigra» over Nordsjøen i november 1944. Ho kom tilbake til Norge i juni 1945 med eit minst like kjent skip frå krigshistorien, kystruteskipet «Galtesund».



Dette skipet blei kapra av kompani Linge med Odd Starheim som leiar i mars 1942 då det var i rutefart mellom Oslo og Bergen. Mellom Rekefjord og Flekkefjord overtok Linge-karane kommandoen og kursen gjekk over Nordsjøen der skipet gjekk inn i Nortraship og sett i fart mellom Storbritannia, Orknøyane og Færøyane.


Gabbi Sømme og dottera Lise. Foto frå Klepp kommune
si fotosamling. 



"Da «Galtesund» kom hjem til Norge i forrige uke hadde den påmønstret en trise fra Stavanger. Det var fru Gabbi Sømme, født Holst. Og en trise med fru Sømmes energi var ikke bare trise, men pleiet to spedbarn og stod innimellom til rors. Og forbauser dette noen, så forbauser det slett ikke dem som kjenner vårt strålende bysbarn.


For de vil kunne forteller at det er ikke den ting fru Gabbi Sømme ikke kan, hun svinger ljåen som en født slåttekar, er en kunstner med felen sin, elsker sykepleien – og er det snilleste menneske de alle sammen har truffet." Desse to avsnitta er henta frå fyrstesida på Aftenbladet 25. juni 1945.


Frå fyrstesida på "1. Mai" 22. september 1945.




Gabbi hadde ingen planar om å feriera etter at ho var kommen heim igjen. Tyskarane hadde ribba huset på Fister. Nå ville ho dra vidare. "Jeg vil ta min 11 års småpike med meg og bo et sted hvor jeg kan gjøre god nytte for meg. Og jeg vil svært gjerne nordover, jeg tror det er mange oppgaver. Er ikke det den største lykken nettopp den å kunne gjøre noe for andre og lindre sorg hvor det er ondt, sa Gabbi Sømme til Aftenbladet.


Då det norske skipet «Kong Dag» klappet til kai i Stavanger 21. september 1945 frå Skottland, venta Gabbi Sømme på dei 171 flyktningane frå Sørøya. Nå var ho blitt sjef for flyktningleiren på Nærland der finnmarkingane skulle vera den kommande vinteren. Heime på Sørøya var alle bygningar brende og jamna med jorda av tyskarane.


"Fru Gabbi Sømme og hennes stab av medarbeidere vil sikkert sørge for at finnmarkingene vil leve godt på Jæren," sto det i "1. Mai" frå den 22. september 1945.


På denne tida var det ennå 130 igjen av dei 550 flyktningane frå Sørøya i Skottland. Etter planen skulle dei siste vera tilbake i Norge i november.


Ny Gabbi-blogg kjem om to-tre dagar!

torsdag 26. desember 2024

Gabbi blei offiser og møtte Kong Haakon i Skottland.

 


Gabbi Sømme som velferdsoffiser i Skottland. Her
i samtale med statsråd Sven Nilssen. Bilde frå
Aftenbladet. 



Då Gabbi Sømme var kommen velberga over Nordsjøen, måtte ho gjennom den obligatoriske "Security School". Deretter blei ho send til Skottland der ho kom inn i eit arbeid som var det mest interessante ho hadde opplevd.


Nå blei ho velferdsoffiser i leiren for Sørøy-folket. Då tyskarane svidde av Sørøya i Vest-Finnmark i desember i 1944, var det 5-600 menneske som gøymde seg i holer og snøhytter. Dei blei seinare på vinteren evakuert til Skottland med fire britiske destroyerar. Der blei dei plassert i ein stor leir utanfor Glasgow. Her fekk Gabbi Sømme jobb med å hjelpa flyktningane. Den engasjerte kvinna kasta seg inn i dette arbeidet som kom til å prega resten av hennar liv.


Kong Haakon på besøk i flyktningleiren. Bildet frå Aftenbladet.



"Her var alle årsklasser, forteller fru Sømme i et hastig intervju, en del var lapper og samer. Her var meget å lære og meget å studere, bare det å få lære å kjenne den fantasiverden som disse menneskene hadde. Nord-Norge er et eventyrrike som vi kjenner så sørgelig lite til. Og som vi har forsømt så stygt. Det var forskrekkende å erfare hvor lite almenkunnskap barna hadde. En gutt på 13 år hadde f. Eks. Ikke gått mer enn et par uker på skole til sammen – og mange av barna hadde ikke anelse om hva en elefant var. (Aftenbladet 25,juni 1945)


Det var 170 barn i leiren, av desse var 90 i skule-alder. I leiren fekk dei gå i ein god skule med dyktige lærarinner. Livet gjekk sin gang med fødslar, barnedåp, bryllaup og gravferder.


Flyktningar frå Sørøysund blir frakta ut til ventande britiske krigsskip.



14. april 1945 kom kong Haakon på besøk. Kongen var strålande, meinte Gabbi. Han helsa på alle og høyrte på kva dei hadde på hjarta.


Musikaren fornekta seg ikkje i Skottland heller:


"I Skottland fikk jeg låne meg en fele og underholdt sammen med en norsk lege og en skotsk brannmann, fortalte Gabbi til Aftenbladet.


Neste blogg kjem om eit par dagar.



søndag 22. desember 2024

Shetlands-Larsen frakta Gabbi over Nordsjøen

 

Ubåtjagaren ”Vigra“ tok Gabbi Sømme over Nordsjøen.



Men Gabbi Sømme fekk ikkje vera sinnsjuk på Valen sjukehus i lang tid. Direktøren på sjukehuset hadde skjult fleire flyktningar i heimen sin med den risiko det medførte og hadde nyss hatt Gestapo på besøk.


Problemet blei løyst ved at distriktslegen i Rosendal laga ein ny diagnose for Gabbi. Nå fekk ho papirer som viste at ho måtte ha ein operasjon på Storetveit hospital i Bergen.


Eg har ikkje greidd å finna ut korleis pasienten Gabbi Sømme kom seg frå Valen til hospitalet i Bergen. Ikkje nøl med å gi lyd viss du kan hjelpa meg med dette uløyste mysteriet.



Ho blei fort utskriven frå hospitalet på Storetveit. Nå oppsøkte Gabbi Sømme og ledsagaren Øyvind Aksnes ein gammal kjenning av Gabbi i Fana. Han hadde kontakter som kunne hjelpa flyktningane vidare. Det var ikkje aktuelt å rømma til Sverige. Det måtte bli England neste.


Frå Fana drog dei til Bergen sentrum og møtte ein mann ved Rundetårnet på Torget. Han viste dei om bord i rutebåten "Blomvaag". Rutebåten tok dei til øya Hernar i Øygarden. I ein robåt blei  dei sette ut til ubåtjagaren "Vigra" der Shetlands-Larsen var klar til å ta dei med over Nordsjøen til Shetland, denne natta i november 1944.


Gabbi Sømme og Øyvind Aksnes reiste med rutebåten
"Blomvaag" frå Bergen til Øygarden.



Ubåtjagarane hadde ein lengde på 111 fot og var bygd i tre og delt i vasstette seksjonar. To hovedmotorar, vertikale stjernedieselmaskiner frå General Motors. Dei ytte 2400 hestekrefter tilsaman. Normal marsjfart var 15 knop, men maskinene kunne pressast opp til å gi ein fart på 20 knop i kortare periodar.


Desse båtane greidde ikkje same fart som mtb-båtane, men var mykje betre når Nordsjøen sto i kok. Båtane var utstyrt med fleire kanoner og maskingevær på begge bruvingane.


I avisa "1. Mai" får du eit innblikk i den dramatiske flukta til Gabbi Sømme frå Fister til England. Eg har henta dette frå eit intervju sommaren 1945:


"Eller da hun i nattens mulm og mørke skimte konturene av den engelske ubåtjageren og grep etter en hånd for snart etter sitte nede i en hyggelig salong og lange i seg duftende varm te med speilegg og skinke."


"Etter at hun kom til England satt hun 14 dager på hotellet og så hvorledes V 1 og V 2-bombene slo ned veggene i kvartalene i nærheten. Det er nesten ufattelig at nervene har holdt, men fru Sømme forsikrer at hun ikke har hatt et eneste sammenbrudd i heile denne tida. Krisen hadde jeg straks jeg bestemte meg for å gå inn i det illegale arbeidet. Etter at skrittet var tatt, har det gått smertefritt, sier hun med et smil.


Og nå reiser hun inn til Fister til sin far, grosserer Jacob Holst, som med spenning og engstelse har fulgt sin datters vågsomme ferd og høge spill, hvor innsatsen har vært livet.“


Dette intervjuet i 1. mai er skrive av signaturen Sør (journalist Ingolf Sørensen) og publisert 25. juni 1945.


Nå var Gabbi kommen velberga over Nordsjøen til England. Men ho blei ikkje sitjande med hendene i fanget der. Energibunten var straks i sving med nye oppgåver.


Meir om det i neste blogg!


(Arnfinn Haga si bok, "Måne over Øygarden", har vore ei viktig kjelde for å skriva denne bloggen.)

tirsdag 17. desember 2024

Gabbi gjennom dei tyske stilingane som sinnsjuk!

 


Gabbi Sømme blei frakta gjennom dei 
tyske sperrestillingane med ambulanse
og diagnose som sinnsjuk.



Gabbi Sømme var ikkje den einaste frå byen som søkte tilflukt på Fister då krigen kom. Brigt Aksnes som var lærar på Solborg ungdomsskule i Stavanger tok med seg heile familien til Fister då tyskarane tok Solborg.


Fleire av sønene hans var aktive i motstandsarbeidet. Den eine av dei, Øyvind, hadde eit omfattande samarbeid med Gabbi.


Med-rømling Øyvind Aksnes hadde oppdrag som
 sjukepassar for Gabbi.



Knut Aksnes, bror til Øyvind, kom i 1944 som kurer frå Sverige. Oppdraget hans var å betra kontakten mellom motstandsbevegelsen i Sør-Rogaland og XU-leiinga i Stockholm. Knut hadde stukke til Sverige året før saman med Harald Sem. Knut hadde kontakt med broren og Gabbi Sømme også.


Då Knut Aksnes oppsøkte ein av sine kontaktar i Stavanger, var han alt arrestert. Det var ein Stapo-mann som åpna døra. Aksnes greidde ikkje å riva seg laust. Han havna i klørne på Stapo og tyskarane.


Fjordabåten «Kvitsøy» gjekk kort tid etterpå frå byen godt lasta med norske og tyske nazistar. Dei skulle til Fister og leita etter fleire medlemmer av Aksnes-familien.


Denne dagen var Øyvind Aksnes i byen. Gabbi var på Fister, men stakk av derifrå. Ho fekk motorbåt-skyss utover fjorden. På veg ut fjorden møtte dei ein annan båt der Øyvind var om bord. Dei to aktivistane blei sette i land på Nordskår ved Årdalsfjorden. Tyskarane var på sporet etter dei. Nå var dei på flukt.


Frå Nordskår gjekk ferda til Hjelmeland og vidare til garden Følekammane ovanfor Jøsenfjorden. Her budde Olaus Rødlende som Gabbi kjende frå før. Der hadde ho funne gøymestad for den russiske krigsfangen Alexis Gladki som hadde stukke av frå tyskarane sin fangeleir i Sauda.


Rømlingane laga seg ei hytte eit stykke frå Følekammane. Dette blei gøymestaden deira. Olaus Rødlende hjelpte dei så godt han kunne og handelsmann Knut Gil på Vadla skaffa dei mat.


Olav Haraldstad blei boren på gullstol på Sand etter 
krigen. Berarar: Edvard Marvik og Torger Hauge.
Foto: Julius Bårdsen.



Ei tid seinare blei det omfattande arrestasjonar i Førre. Då var det ikkje trygt lenger på Følekammane heller. Då drog Gabbi Sømme og Øyvind Aksnes til Hjelmeland. Dei heldt seg i naustet til distriktslege Gjemdalei vekes tid  før dei stakk over fjorden til Skår på Ombo og deretter vidare til Randøy der dei budde på loftet i huset til Olga og Rolv Breivik i Breivik.


Handelsmann Per Aukland på Ombo var ein sentral kontaktformidlar for dei to flyktningane.


Jon Brommeland (i kvit skjorte) skyssa rømlingane til Ropeid. Foto: Tor Sylte.



Etter eit par veker kom ein motorbåt-skyss og henta dei. Dyrlege Olav Haraldstad på Sand var sentral i arbeidet med transporten vekk frå Randøy og sørga for flukt over Nordsjøen til Shetland.


Med motorbåten til Jon Brommeland gjekk turen frå Randøy til Ropeid.


Overlege Julius Ridderrvold gav 
Gabbi Sømme diagnose som 
sinnsjuk.



Overlege Riddervold på Sauda sjukehus ordna skyss vidare med Røde Kors sin sjukebil til Skånevik og så ferje vidare til Valen. Legen i Sauda hadde gitt Gabbi Sømme diagnosen "casus belli" eller sinnsjuk. Johan Solheim var sjåfør og Øyvind Aksnes var "sjukepassar".


Røde Kors-bilen i Sauda. Bilmerke Hudson. 1938-modell. Foto frå boka til Aslaug Tangeraas om
Sauda sjukehus.


I avisa "1. Mai" frå 25 juni 1945 tek eg med dette: Gabbi Sømme fortalte etter at jeg hadde lovet å stikke blokk og blyant i lommen. Og slik hun fortalte. En mer spennende bok, nei filmmanuskript, er ikke skrevet. Jeg synes jeg ser henne for meg da hun i høljende regn og stummende mørke kryper på alle fire for å føre russeren Alexi over fjeller fra Sand til Førre. Da hun i fem døgn måtte ligge musestille i uren ovenfor Førregårdene mens Gestapofolkene bokstavelig talt gikk over hodet hennes. Eller da hun sto på distriktslegens kontor og forlangte at han skulle skrive ut sinnsjukeattest og rekvirere sjukebil og skriveinnleggelses-seddel til sinnsjukehospitalet for at hun skulle slippe gjennom de tyske sperrestillingene."

 Eg trur at journalisten med fordel kunne hatt notisblokka oppe og skrive ned Gabbi Sømme sin  historie i staden for å ta den på minnet i ettertid.

Neste Gabbi-blogg kjem om eit par dagar.








onsdag 11. desember 2024

Gabbi-hytta blei base for XU-spionene i Sør-Rogaland

 

XU-agent Harald Sem hadde sju ulike identiteter under krigen. Foto Jomas Haarr Friestd.


Den engasjerte Gabbi Sømme gjekk inn i motstandsarbeidet med all sin energi heilt frå krigen kom til Norge i aprildagane. I Stavanger blei ho med i Norsk Folkehjelp og ho var sjukepleiar ved Rogaland Fylkessjukehus. Der kom i kontakt med skadde britiske soldatar. I tillegg stal ho papirer frå klede som tilhøyrte dei tyske vaktene.


Litt seinare drog ho til Fister for å ta seg av sin sjuke far på familiehytta. Der var også systera Mette Holst Bredahl som også var engasjert i motstandsarbeidet. Ho gjekk under oppnavnet Fjellgeita.


Gabbi smugla viktige papir til leiinga for motstandsrørsla i Rogaland. Dermed kom ho i kontakt med den hemmelege spion-organisasjonen XU gjennom "Erik" eller Harald Sem som var hans rette navn. Etter krigen blei han kjent som pressefotograf i Aftenbladet. Deretter blei hytta til Gabbi Sømme eit slags hovedkvarter for denne gruppa. Her gøymde dei våpen og kunne også gøyma seg av og til når dei var på flukt. Harald Sem låg i dekning hjå Gabbi Sømme på Fister nyttårshelga 1943 - 1944 står det i Stein Viksveen si bok "Den hemmelige krigen".


Her på Søre Vignes på Finnøy hadde tyskarane kanonstillingar. 



Gabbi Sømme sørga også for å flytta eit lager med fyrstehjelpsutstyr for Milorg frå Jørpeland til Førre innerst i Jøsenfjorden.


Det var viktig for Gabbi Sømme at ho ikkje blei mistenkt for å driva motstandsarbeid mot okkupasjonsmakta. For å kamuflera kva som eigentleg føregjekk, åpna ho dørene for barna i bygda. Den musikalske bydamå dreiv mellom anna med musikkundervisning. Ho lærte ungane på Fister å spela fiolin.


Desse ungane var innprenta om å halda tett om det dei såg og høyrde då dei var i hytta på Lisehaugen. Dersom nokon var lausmunna, blei dei sedd ned på av dei andre ungane. Jon Olav Sigmundstad var sju år då krigen braut ut. Ein gong då han var i hytta og fekk fiolin-undervisning, måtte "musikk-læraren" stikka av i full fart. Men ho tok seg tid til å gi han ein klem og seia: Du må seia at du ikkje har sett meg. Då kom båten med tyskarane fossande innover fjorden.


XU gav Gabbi oppdraget med å skaffa opplysningar om kanonstillingane på Søre Vignes på Finnøy. Ho fekk med fleire ungar og sa til foreldra at dei skulle til Finnøy på fiskatur. Dei fiska utanfor Vignes og der gjekk ho i land for å snakka med dei tyske soldatane der. Dette var ikkje vanskeleg for henne som snakka flytande tysk. Ho spurte etter råd for det vidare fisket, men brukte auene grundig slik at ho kunne laga eit kart over dei tyske installasjonane her då ho kom tilbake til Fister. Også på Tau og Sand laga ho kart over tyske kanonstillingar.


Vignes merka med blått.



Den dristiga bydamå dreiv også spionasje på flyplassen på Sola. "Eg låg og kraup for å sjå på rullebanar og slikt", skal ho ha sagt. Ho oppsøkte også den tyske kommandanten på flyplassen og bad om lov til gi pakkar til dei russiske fangane. Ho visste at han kom til å svara nei, men ho skaffa seg oversyn over heile flyplassen.


Ho var modig og dristig. Dumdristig kan ein vel seia.


Njål Tjeltveit skriv i boka "Krigsåra i Ryfylke" at ein del av motstandsfolka var skeptiske til å samarbeida med Gabbi Sømme fordi ho var så dristig. Ho kunne øydeleggja for motstandsarbeidet blei det sagt.


Gabbi Sømme hadde dristigheta til felles med XU-kollegaen Harald Sem. Han skal også ha tatt sjansar som kunne setja andre motstandsfolk i fare. Verken Sømme eller Sem blei tekne av tyskarane og kom seg heilskinna gjennom krigen.


(Kjelder: Eg har henta det meste stoffet i denne bloggen frå Gunnar A. Skadbergs artikkel om Gabbi Sømme.)


mandag 9. desember 2024

Mannfolka kom og gjekk i hytta til den fråskilde bydamå på Fister!

 


Gabbi Sømme budde i hytta Lisehaugen på Fister store deler av krigen. Slik ser denne hytta ut
i dag. Kirsten Sandvik Madesen er eigar.



Unge guttar og menn kom og gjekk i hytta til den fråskilde 40 år gamle bydamå Gabbi Sømme. Så folkesnakket på Fister var ikkje alltid heilt nådig overfor denne frua og det huset ho heldt. Dette sto på fyrstesida på Aftenbladet 25. juni 1945. Altså ikkje noko eg har funne på for å pirra forvitenskapet og interessa for å lesa denne bloggen.


For 85 år sidan var det heilt uvanleg at folk skilde seg. På Fister og i resten av Ryfylke var det så godt som uhøyrt. Og tenk Gabbi som alle i bygda kjende omtrent som ein sambygding etter mange og lange sommerferiar på hytta til familien Holst. Faktum var at Gabbi og mannen skilde seg i 1939 etter 12 års ekteskap.


Kanskje var det like godt at det blei ein viss distanse mellom bydamå og dei fleste i bygda. For den engasjerte Gabbi kasta seg inn i motstandsarbeidet frå fyrste dag.


Men for all del, ho var ikkje isolert. Ho var med både her og der. Den musikalske dama blei brukt som organist i Fister-kyrkja!


Fister kyrkje. Her var Gabbi Sømme organist. Ei tid laga ho illegale aviser i klokketårnet.



Då tyskarane kom 9. april 1940, var Gabbi Sømme på veg til Bergen. "Som en stormfugl var hun plutselig på Voss og bokstavelig talt midt i bomberegnet fra tyskerne. Hun hjalp til med evakueringen fra en gamleheim. Og dermed var Gabbis plass i okkupasjonens Norge gitt", står det i nekrologen i avisa "1. mai" den 1. mars 1952.


Johan Hans Laab og Reimund Huber var to unge menn som fekk hjelp av Gabbi Sømme. Desse mennene var kommunistar frå Østerrrike som hadde flykta då Nazi-Tyskland overtok fedrelandet deira. Dei kom til Norge og busette seg i Stavanger i 1938. Medan andre politiske flykningar hadde komme seg ut av Norge i tide, blei dei to mennene verande heilt til tyskarane kom.


Etter krigsutbrotet søkte dei to fyrst tilflukt i Strand. Seinare kom dei til Peder Vodalen på Randøy i Hjelmeland der dei heldt seg dei fyrste ti vekene av krigen. Så kom det melding frå Stavanger om at dei måtte gå i dekning. Gabbi Sømme var med på å hjelpa dei med gøymestader både i Barnevik og på husmannsplassen Halsen på Fister.


Ei tid seinare blei dei frakta med motorbåt til Tysse heilt innerst i Erfjord. Der sørga Jonas Tysse for gøymestad for dei fram til tyskarane begynte å leita etter dei der. Motstandsfolk frå Stavanger hjelpte dei då med kontaktar slik at dei kom seg vidare. I 1942 greidde dei å komma seg over grensa til Sverige.


I 1942 kom det ein ny mann til Fister. Rasmus Jonassen var navnet hans. Han laga illegale aviser og då jorda begynte å brenna under føtene hans i Stavanger, søkte han hjelp hjå Gabbi Sømme på Fister. Fru Sømme hadde duplikator, skrivemaskin, stensilar, papir og anna utstyr. Jonassen installerte seg i ein motorbåt i Barnevik. Der laga han dei fyrste nummera av "Ukens Nytt" som kom ut i over to år. Heilt fram til hausten 1944.


Gabbi Sømme var sentral i arbeidet med å distribuera avisa. Ho fekk hjelp av distriktslege Gjemdal på Hjelmeland og styrmennene Jone Helgøy og Nils Staurland.


Ein periode var "avistrykkeriet" for "Ukens Nytt" plassert i kyrkjetårnet på Fister.


(Kjelder: Njål Tjeltveits bok "Krigsåra i Ryfylke og diverse avisartiklar)


fredag 6. desember 2024

Gabbi Sømme - Bydamå som blei krigshelt i Ryfylke



Gabbi Sømme var eit engasjert menneske. Både før, under og etter krigen.



Gabbi Sømme sette spor etter seg under krigen. Ho var stadig på farten i Stavanger-området og i Ryfylke frå den tyske invasjonen i aprildagane i 1940 til ho blei henta av Shetlands-Larsen med MTB i 1944 og frakta over Nordsjøen til Shetland.


Navnet hennar går igjen i Njål Tjeltveits bok «Krigsåra i Ryfylke». Ho hadde base på Fister, men farta mykje rundt i fjordane. Ho hjelpte mange flyktningar med å komma seg ut av landet. Ho skaffa også viktige opplysningar om tyske installasjonar i distriktet vårt.


Koss kunne ho bli krigshelt i Ryfylke? Jo, det hadde seg slik at faren, grosserar Holst, og hans familie som fleire andre veletablerte familiar frå Stavanger, hadde blitt "landliggarar" på Fister. Dei skaffa seg hytta her og budde der i lange sommarferiar. Holstberg blei denne eigedommen kalla.


Gabrielle Kielland Holst blei fødd 2. november 1899 og døypt i Stavanger Domkyrkje sommaren 1900. Barndomsheimen hadde adressa Prinsens gate 28. Beste Egenes med andre ord.


Faren var grosserar Jacob Christian Middelthon Holst. Mora var Elisa Margrethe Kielland. Morfaren til Gabbi, Jacob Kielland, var fetter til diktaren Alexander Kielland.


Gabbi og Axel Sømme var gift frå 1927 til 1939. Bildet henta frå Aftenbladet 23-10-20



Koss blei Gabrielle Kielland Holst til Gabbi Sømme? Gabbi var kjælenavnet. Etternavnet skifta ho i 1927. Då blei ho gift med med Axel Zetlitz Sømme. Ikkje uventa blei jenta frå ein fin Stavanger-familie gift med ein mann med omtrent same "fine" bakgrunn. Dei fekk dottera Lise.


Gabbi var musikalsk og som barn lærte ho å spela fiolin. Som vaksen blei ho med i Stavanger byorkester. Ho blei også med i styret for orkesteret og navnet hennar dukkar opp i ein del avisartiklar om musikklivet i byen.


Gabbi Sømme var engasjert i det lokale
musikklivet. Aftenbladet 30-11-37.



Axel Sømme studerte i Oslo og tok doktorgrad i filosofi. Han var eit engasjert medlem i Studentersamfunnet og blei med i den indre sirkelen i den radikale studentbevegelsen Mot Dag. Ei tid var han redaktør i Rjukan Arbeiderblad. Han var eit sentralt medlem i Arbeiderpartiet i 1930-åra. Seinare blei han professor i økonomisk geografi.


Saman med Gabbi drog han til Sveits der dei begge i fleire år var knytta til den nordiske folkehøgskulen i Geneve. Axel som lærar. Gabbi som "høyskolemor" som det står i Aftenbladet 7. juli 1934.


I 1930-åra blei Gabbi Sømme engasjert i flykning-arbeidet. Ho tok seg av flyktningar frå Spania og folk som måtte rømma frå Nazi-Tyskland. Fleire av dei kom til Norge.


Både Gabbi og Axel Sømme var kjende navn før krigen kom til Norge i 1940. Men samlivet mellom dei to engasjerte menneska tok slutt. Ekteskapet blei oppløyst i 1939.


Eg skal skriva fleire bloggar om Gabbi Sømme i tida som kjem.


(Som kilder for denne bloggen har eg brukt Njål Tjeltveits bok "Krigsåra i Ryfylke", Gunnar Skadbergs artikkel "Spion Gabbi Sømme" og diverse avis-artiklar.)


Kommentar på Facebook:

Jarle Skjørestad

Interessant å lesa, Jone. Ei av dei som Gabbi Sømme hjelpte til Norge var Charlotte Hirdman, fødd Schledt. Dottera historieprofessor Yvonne Hirdman nemner Gabbi Sømme i boka om mora - "Den röda grevinnan - en europeisk historie". Boka fekk den svenske Augustprisen i 2010.


søndag 1. desember 2024

Den dagen Helgaland blei fråflytta



Fjellgarden Helgaland blei fråflytta i oktober 1960.


Frå 1602 til oktober 1960 budde det folk på fjellgarden Helgaland i Hjelmeland. Men då flytta dei fire syskena Lars, Anna, Eldrid og Ånen frå den veglause garden. Dei hadde kjøpt seg hus på Breiland mellom Hjelmelandsvågen og Vormedalen.


Oddvar Lavold som på den tida var journalist i Dagbladet Rogaland, skreiv ein artikkel om den vemodige flyttedagen i årboka til Stavanger turistforening i 1960:

Vi vet ikke hvilke tanker disse fire hedersmenneskene hadde da de dro til bygds en kald oktobermorgen. De er for meget heiefolk til at de lar følelsene komme til syne. De var heller muntre der de pratet med de mange som hjalp dem over heia.

Men nede i bygda møtte de venner og kjente – og hos dem var det mangt et vått øye å se. Handfaste karer som hjalp til med transporten, lot heller ingenting komme fram i ansiktet av følelser, men etterpå fortalte de at det nok satt en klump i halsen.

Det var et underlig følge som dro til bygds. De to gamle er skrøpelige til fots etter å ha slitt på tunge bører daglig i et langt liv på en veglaus gard. Det måtte hest til for å få dem til bygds gjennom vanskelig terreng. Og det sier seg selv at disse to aldri vil se heimen igjen.


Tormod og Anna Helgaland med alle dei ti borna som vaks opp på garden. Framme frå venstre: Karina, Anna, Anna, Tormod og Eldrid. Bak frå venstre: Torkel, Lars, Taletta, Olaus, Kornelius, Olava og Ånen. (Bilde frå bygdeboka for Hjelmeland)



Oddvar Lavold skildrar i artikkelen alle dei tre fjellgardane Helgaland, Kløv og Ritland. Dei to andre blei fråflytta ganske raskt etter at folka på Helgaland var farne:

Helgaland ligger bak fjellet nedenfor Kløv. Veger går over åsen, og fra toppen ser en den store sletta ved elva nede i dalbotnen. Husene kryper sammen i bakken ovenfor sletta. Det ser ut som de forsøker å flykte fra en diger steinur under det steile fjellet rett ovenfor. Nedenfor sletta forsvinner elva ned den styggbratte lia til Trodla-Tysdal.

Den fjåge bonden på Helgaland, Ånen, tok også journalist Lavold på kornet. Alle som kjende han, kunne levande sjå og høyra det for seg då Ånen tok mot den framande journalisten. Ånen var 69 år då han flytta frå Helgaland. Lars var 84, Anna 83 og Eldrid var 66.


 Ånen ler godt der han tar mot oss på trappa. Det er noen dager før de skal flytte fra garden. Han ler fordi han synes det er så komisk at han har dyrket opp en mengde ny jord og stappet låven full av godt fôr til dyra – for så å reise fra det hele.

 - Hvis vi lengter, kan vi bare dra opp igjen og fortsette der vi slapp, smiler han uten på noe vis å gi uttrykk for det tragiske i situasjonen.

 Det er omlag 35 dekar dyrket mark på Helgaland nå. Ånen har dyrket meget, far hans før ham igjen.  To bolighus med torvtak ser velholdte ut, men de er små. Uthuset er heller ikke stort, men det er mer moderne, med bølgeblikktak og låvebru.

 Helgaland hadde i fjor 26 sauer, 4 kyr, 2 ungdyr og 10 lam som nå er spredde for alle vinder, solgt og hentet bort.


På veg til Helgaland for å kjøpa mjølk påskeafta i 1957. Bloggaren med
spannet og søskenbarnet Magne Clausen bak. 


57.

 

Grunnen til at Helgaland og folka som budde der, alltid har hatt ein stor plass i mitt hjerta er enkel. Far min fekk leiga grunn av Ånen Helgaland  til å byggja seg ei lita hytte ved Storsteinsvatnet. Me ferierte der mange somrar medan eg var gutunge. Då gjekk me til Helgaland kvart år. Ærendet var at me skulle kjøpa melk. Dessuten fekk me låna telefonen og spørja nytt heime på Laugaland som jo var verdens navle for meg. Der var det både postkontor, telefonstasjon og bussgarasje.

På Helgaland blei me trakterte etter alle kunstens reglar med pådekka bord i bestastova. Heimelaga brød, nysila mjølk, eigprodusert smør og pålegg.

- Einaste dei ikkje lagar sjølv på Helgaland, er kaffien, fortalde eg dei andre ungane då eg kom heim til Laugaland.

På ein veglaus fjellgard kunne ein ikkje kjøpa alt ein såg og dra det med seg heim. Alt måtte berast på ryggen eller fraktast med kløvhest frå Helgaland.

Det var andre tider.

I dag er det Torbjørn Helgaland, gardbrukar på Kro i Hjelmeland, som eig Helgaland. Bestefar hans, Torkel, var ein eldre bror av Ånen Helgaland.

(Dette var den fjerde og siste bloggen om Helgaland og dei fire syskena som budde der. Takk til dei som hjelpte meg med å fylla ut bildet mitt: Fredrik Koch, Torger Helgaland, Rolf Torjusen, Einar Helgaland og  Ingvar Bjørnhus. I tillegg har eg brukt bygdeboka for Hjelmeland og artikkelen som Oddvar Lavold skreiv i Stavanger turistforening si årbok frå 1960.)


I dag er det bilveg like fram til Helgaland.