 |
Anna Helgaland bøtte mange par sokkar i sitt liv. (Foto: Oddvar Lavold) |
Kammertjenaren
til kong Haakon gjorde
ein tabbe den 26. januar i 1953. Han gav kongen ein penn
med dårleg blekk. Haakon
R skreiv
kongen med si lett kjennelege handskrift på diplomet der det blei
dokumentert at Anna Helgaland hadde fått kongens sølvmedalje for
lang og tru teneste som vêrobservatør. Medalje og diplom blei
sendt frå slottet i Oslo til Hjelmeland kommune. Ordførar
Georg Vika gjekk eins ærend på eigne føter frå Kleivaland til
Helgaland for å overrekkja kongens heder til Anna.
 |
Notis i Aftenbladet 19. mai 1953. |
Både
medalja og diplomet blei
hengd opp på veggen i bestestova på Helgaland. Alle som kom til
gards fekk sjå kva Anna hadde fått frå kong Haakon. Alle fire
syskena på Helgaland var like stolte av at kongen hadde hugsa
på dei oppe på fjellgarden mellom Vormedalen og Trodla-Tysdal. Kong
Haakon var omtrent for ein halvgud å rekna i etterkrigsåra. Han
hadde stått rank og trufast opp mot fiendane våre under krigen og
berga landet frå tysker-tyranniet.
 |
Kongediplomet frå 1953 er vel bevart, men kongen si underskrift forsvannn på eit par års tid. (Foto: Einar Helgaland) |
Men
trur du ikkje at underskrifta til
kongen begynte å bleikna etter kort tid. Etter to-tre år var
den ikkje å sjå lenger. Når folk fekk sjå helsinga frå
kongen, peika Anna på staden der det hadde stått Haakon
R. - Akkurat der hadde kongen skrive navnet sitt, sa
Anna.
 |
Dei fire syskena på Helgaland i 1960 rett før dei flytta frå garden. Frå venstre: Eldrid,Anna, Ånen og Lars. Dei var ti sysken i alt. (Foto: Oddvar Lavold) |
Dei
fire ugifte syskena på Helgaland, Lars, Anna, Ånen og Eldrid, var
umåteleg gjestfrie. Alle som kom til Helgaland blei serverte og
trakterte i bestestova med alt det beste dei hadde å by på. I
tillegg fekk dei sjå sølvmedalja og diplomet frå Kongen.
 |
Blekket var dårleg i kong Haakons fyllepenn. |
I
over 40 år observerte Anna vêret. I
den inngjerda hagen utanfor huset sto eit stativ med
måleglaset der nedbøren blei samla opp. Kvar dag noterte
ho nedbørsmengde og temperatur på Helgaland. Desse
opplysningane blei sende i posten til Meteorologisk Institutt.
Seinare
kom det ordre om at vêrobservasjonane frå Helgaland skulle ringjast
inn kvar dag. Dette blei i det meste for Anna. Tenk rikstelefon frå
Helgaland til Oslo kvar dag!
-
Ho ordna det slik at ho fekk dama på telefon-stasjonen på
Laugaland, Anna Johanna, til å ringja til Oslo for seg, fortel
79-årige Rolf Torjusen frå Sandnes som har feriert på Helgaland
heilt sidan 1943.
Det
mangla aldri på arbeidsoppgåver for Anna på den veglause,
straumlause fjellgarden. Systera Karina (1885 – 1949) tok seg
av matstellet. Anna tok seg av det som blei rekna for
kvinnfolk-arbeidet i fjøset og utandørs. Ho håndterte både rive
og stuttljå med godt handlag. Og humøret og den lune replikken var
der alltid.
-
Tenk, nå er krigen slutt før eg fekk sjå ein einaste levande
tysker, sa ho ein gong og smilte litt. Innerst inne var ho nok glad
til. Systera Eldrid hadde vore i Stavanger under heile krigen som
hushjelp og husholderske hjå familien Koch. Ho fekk møta både
tyskarar og norske nazistar. Ho flytta heim til Helgaland i 1949 då
systera Karina døydde.
Men
Anna og syskena var ikkje folkesky eller aldeles heimfødingar.
Fleire gonger i året reiste Anna på besøk til syskena sine. Ho
hadde to systrer, Taletta og Olava, som var gifte og budde på
Jøsneset Og to brør, Torkel og Olaus, som budde i Askvik, rett
utanfor Hjelmelandsvågen. Frå Helgaland måtte dei gå til
Laugaland der dei kunne reisa med buss til Hjelmeland.
Det
blir fortalt at ein gong i sine yngre dagar bar Anna den 17 år yngre
veslesystera Eldrid på ryggen gjennom den svært ulendte
Djupedalen mellom Kleivaland og Helgaland. Då veslejenta ikkje orka
å gå lenger, såg ikkje systera anna råd enn å ta
henne på ryggen. Her er det svært uvanleg å ferdast i dag.
På
sine eldre dagar fekk
Anna skikkeleg skyss. Ho blei alvorleg sjuk ein gong på 1950-talet.
Inneklemt brokk, ifølge nevøen Torger Helgaland. Då kom det
helikopter til gards for å bringa pasienten til sjukehuset i
byen. Ei storhending på denne tida. Eg har også høyrt at ho blei
frakta heim igjen til Helgaland med helikopter, men det har eg
ikkje fått bekrefta.
Då
Helgaland blei fråflytta i oktober 1960, sat
83-årige Anna på hesteryggen ned til Kleivaland. Det
same gjorde den ett år eldre broren Lars. Mange bygdefolk, både
frå dei andre fjellgardane, Ritland og Kløv, og nede frå
Vormedalen hjelpte til med flyttinga. Det var ein bygdedugnad.
Mange
var også med då det var dødsfall på garden. Det var
tradisjon at ein starta sørgehøgtida heime før kista blei frakta
ned til bygda til bedehus og kyrkjegard. Mange måtte vera med på å
skifta om å bera.
Åtte
av dei 10 syskena på Helgaland samla ved faren si kiste i 1935, før
kista skulle fraktast ned til kyrkjegarden i Vormedalen. Frå
venstre: Anna, Lars, Karina, Torkel, Olava, Olaus, Ånen og Eldrid.
Syster Taletta var død og Kornelius var i Amerika.(Bildet tilhøyrer
Torger Helgaland)
Då
87-årige Tormod Helgaland døydde i 1935, blei åtte av dei 10
syskena fotograferte ved kista til faren heime på Helgaland før
kista blei boren og kjørt til kyrkjegarden nede i Vormedalen.
Anna
og dei tre andre syskena flytta fyrst til Breiland og seinare til
Pundsnes nede på Hjelmeland. Ho levde i åtte år etter at ho flytta
frå Helgaland. Ho feira 90 års dagen og fekk fin omtale i
Aftenbladet:
Anna
Helgaland døydde 21. august 1968 og
er gravlagd på kyrkjegarden på Hjelmeland. Ei kvinne som hadde ein
lang arbeidsdag bak seg. Ho var beskjeden og gjorde lite av seg.
Men kong
Haakon skreiv diplom til henne, rett nok med blekk av dårleg
kvalitet, og ordførar Georg Vika kom eins ærend til Helgaland
for å overbera den kongelege heideren. Slett ikkje alle som fekk
oppleva slikt.
(Denne bloggen skreiv eg i 2013. Den blei publisert på Aftenbladet.no. Desse bloggane blei fjerna frå nettavisa ei tid seinare. Men eg fann dei igjen ved å søka på Google.)