![]() |
Kånå si veggklokka. Kjekke å sjå på, men vanskeleg å finna ut kva klokka er. |
Kånå seier eg er sure. Eg er berre alvorlege svarar eg. Slik har det vore i over 50 år. Men på dei søndagane når klokka skal stillast frå eller til sommartid, har kånå rett. Eg er både sure, forbanna og føler meg hjepaslause og håplaust gammale.
I min ungdom var det ingen som hadde høyrt om digitale ting og andre galne gjenstandar som du måtte vera barnebarn for å forstå deg på. Når du skulle stilla klokka haust og vår, var det berre å ta tak i storevisaren og føra den fram eller tilbake. Det var berre det med å hugsa at klokka skulle stillast fram mot sommaren om våren og tilbake til sommaren om hausten. Så enkelt var det.
Eg er ikkje gått heilt ut på dato. Korttidsminnet er slikt passeligt på plass. På laurdagane, før me skal skifta tid, set eg klokka som eg har på nattbordet ut i vinduskarmen. Då stiller den seg sjøl. Den er sånn digitale, du veit, mobilen også. Den og går automatisk over.
Kånå går til sengs på laurdagskvelden og seier ho er trøtt og vil sova så lenge som råd. Eg ligg meir eller mindre halvvaken og lurer på koss mykje klokkå er blitt. Slik var det denne natta også. Eg lista meg inn i stovå og fann ut koss langt me var komne på natta.
![]() |
Typisk! Billige bensin. Eg hadde full tank. |
Då eg om sider snakka til kånå, var klokka anten halv elleve eller halv ti. Eg var ikkje heilt sikker.
Apropos hu eg er gift med. For to-tre år sidan kjøpte ho ei veggklokka. Den er nesten umulig å sjå på viss du skal finna ut ka klokkå er. Men hu blir i så godt humør av sjå på denne klokkå. I dag måtte eg klyva opp på ein stol for å stilla denne greiå. Ein mann på 75 år utan verdens beste balanse. Eg kunne slått meg i hel, viss eg hadde ramla ned.
Etter at eg hadde gjort det, irriterte eg meg over alt. Ikkje minst galen blei eg då kånå reiste seg etter frokosten, som eg hadde laga, og sa: -Ska du ikkje stilla mi klokka?
Så blei eg sur for all slags andre ting også:
Så høyrte me på Erika Fatland i nitimen i radioen. Suksessforfattaren som har skrive om sine fantastiske reiser i all slags løgne land. Ho presterte å seia at ho var i frå den litle plassen Ølen. Går det an? Etter mine Ryfylke-mål er Ølen ganske stor. Forresten låg Fatland-slakteriet i nabobygda Sandeid, like til Vindafjord-politikarane slapp til bondekooperasjonen og Gilde på same plassen. Då blei gamle Fatland forbanna og flytta til Ølen. Der, i litla Sandeid, hadde Erika vokse opp viss det ikkje var for at gamlingane flytta heila greiå til Ølen.
Eg var så sein med å skrua av radioen då klokka var 11 at eg oppdaga at NRK har kutta ut gudstjenesten på NRK1. Då må du over på gammelmannskanalen P1 +. Var det ikkje for å spreia gudsordet og vermeldingar at NRK blei oppretta?
Så gjekk eg ein liten tur i det ganske fina vêret. Då blei eg sur igjen. Det kosta 18,79 for bensinen på denne søndagsføremiddagen. Typisk. Eg hadde full tank på bilen min.
Dagen begynte å gå. Var det meir gale? Jo. I stova har eg ei lita klokka. Den er også digitale, men stiller seg ikkje sjølv, som andre digitalistar.
![]() |
Siste utfordring. Greidde å stilla denne klokka utan hjelp av eit einaste barnebarn. |
Ein utfordring. Fekk det ikkje til. Det var rett før eg sa stygge ord.
Men så gjekk eg på nettet og fann ein bruksanvisning. Trur du ikkje at eg greidde å få denne velsigna klokka til å visa rett tid.
Takk og pris. God søndag.
Forresten: Min tidlegare nabo, Sigvart Østrem, ringte. Han forsto ikkje at eg kava meg opp med å stilla klokker. Hjå han sviv klokkene som dei vil sjøl. Dei går på sommar eller vintertid heile året. Enkelte tek livet lett.