torsdag 22. august 2024

Tore og eg har felles tremenningar. Kor mykje slekt er det?

 

Nesten-slektningar: Thore Torsen og eg har felles tremenningar.



Plutseleg kom det for ein dag: Tore Thorsen på Jelsa og eg har felles tremenningar. Koss mykje er me då i slekt? Før i tida var folk opptekne av kven dei var i slekt med og koss ting hang saman. I dag sviv folk rundt heilt uvitande om slike viktige relasjonar.


Eg var vaksen og vel så det då eg møtte Torger Hauge frå Sand på slutten av 1970-talet. Eg jobba i Aftenbla og var stasjonert på Sauda-kontoret. Hauaen var med i Suldal kommunestyre og eit framståande medlem i det som dei på den tida kalla Suldalsgeriljaen. I ein møtepause saug han tak i meg og sa at det var ein familie-forbindelse mellom oss. Petra var stikkordet.


Torger Hauge og far min hadde moster Petra felles.
Foto: Einar Hauge Nilsen, Haugesunds Avis.



Då kom eg på at far min hadde snakka om moster Petra av og til. Han sa forresten ikkje moster, moste sa dei på Laugaland. Grunnen til at eg la merke til det: Det var komisk at far min hadde ei tante med same navnet som kjærasten til teikneserie-figuren Stomperud.


Så viste det seg at Hauaen også kalla denne dama for moster Petra. Ho var syster til mora hans.


Thorsen-sysken. Frå venstre: Anna Katrine, Thore, Anna (mor til Torger Hauge)
Dina (Edvardine) og Petra. Bildet tilhøyrer Tore Thorsen.



Petra Thorsen var det fulle navnet. Ho var frå Jelsa, fødd i 1879 og hadde ein bror som heitte Tore. Han var lensmann i bygda. Som godt vaksen møtte ho mannen i sitt liv, Andres Svadberg frå Årdal. Han var bror til bestemor mi og dermed morbror til far min. Andres var fødd i 1868.


Frå Aftenbladet 7. juli 1914.




Koss dei to møttest veit eg ingenting om, men ved å søka i gamle aviser fann eg ut at dei to forlova seg sommaren 1914. Tysdag 7. juli 1914 står det med gotisk skrift i Aftenbladet at det er inngått forlovelse mellom frk. Petra Thorsen, Jelsa i Ryfylke og kommisjonær Anders Svadberg, Kristiania. (Førenavnet blei radbrekt i avisa, det skjedde ofte.) Petra var 35 år og Andres var 46 år.


Andres dreiv kommisjonsforretning i hovedstaden. Han dreiv med salg av jordbruksprodukter, hovedsakeleg frå Rogaland. I tillegg var han med på å starta ein skofabrikk der han var direktør, står det i ein nekrolog frå 1929.


Grunnen til at årdalsbuen havna i hovedstaden. Ein god del ryfylkingar dreiv rundt århundreskiftet slaktedyr over heia til Kristiania. Også brørne Hallvard og Berdines var engasjert i den same businessen. For å få seldt dyra blei dei verande der aust i vekevis utover hausten. Både Andres og brørne busette seg etterkvart i Oslo.


Bryllaupsdatoen for Petra og Andres har eg ikkje funne. Men dei busette seg på St. Hanshaugen i Oslo og fekk sitt einaste barn i 1916. Sonen blei døypt Andres, oppkalla etter farfaren, Andres i Årdal.


Andres St. Hanshaugen.



Dei heldt på oppkallingstradisjonen i Svadberg-slekta: Fire guttar blei døypte Andres etter bestefaren. Ikkje lett å halda styr på når dei omtala desse guttane i familien. Det var ein i Årdal, ein på Laugaland, ein i Stavanger og ein i Oslo: Det blei Andres Svadberg, Andres Laugaland, Andres Byen (Svadberg) og Andres St. Hanshaugen (Svadberg).


Kommisjonær Andres Svadberg.
Bilde i Stavangeren 1924.



Avisa Stavangeren hadde eit stor intervju med Andres Svadberg i 1924:

"Anders Svadberg er født oppvokset i Aardal og endnu ryfylking med liv og sjæl. Og ikke mindre rogalandspatriot er han blit, siden han ble gift med Petra Thorsen, en søster av lensmanden paa Jelsa. For ingen holder bedre end hun paa god gammel nedarvet ryfylkekultur." Viss du vil lesa meir, gå inn på bildet under bloggen.


Familiebilde frå Jelsa. Frå venstre: Astrid Steinsbø med sonen Kristian, Randi Midttun,
Einar Thorsen med sønnen Fridtjof og Tore, Andres St. Hanshaugen og Roald Mehus.
Astrid og Randi var systrene til Einar Thorsen. Mennene var syskenbarn 
Bildet tilhøyrer Edvard Thorsen.



Tore Thorsen var lærar på Sudalsosen i ein del år frå 1975. Der var eg også lærar eit år. Då visste eg ikkje om denne familie-relasjonen. Kanskje er me ikkje slektningar, men det var jo ganske nære, slik eg forsto Torger Hauge frå Sand som var søskenbarnet til Einar Thorsen, far til Tore.


Eg skal blogga litt meir om Petra og Andres når eg får meir orden på desse tremenningsgreiene. Eg tek mot fleire bilder med takk.


Frå Stavangeren 1924.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar