tirsdag 27. august 2024

Koss fekk krettur-handlaren i Oslo tak i Petra frå Jelsa?

 

Petra Thorsen frå Jelsa og Andres Svadberg frå Årdal forlova seg i 1914. Bildet tilhøyrer 
Marta Svadberg Hatløy.




Heilt uforståeleg koss Petra Thorsen kom i kontakt med den 11 år eldre Andres Svadberg, opphaveleg frå Årdal. Mannen hadde då for lengst eablert seg som kjøt-handlar i det som på den tid blei kalla Kristiania. Petra ser ut til å ha budd på Jelsa i all si tid fram til dei to forlova seg i 1914. Data-sjekking var ukjent på den tida. Tenk, dei hadde ikkje mobiltelefon ein gong.


Tore Thorsen og eg har nå prøvd å finna ut meir om dette paret. Petra var tanten (faster) til far hans og Andres var onkel (morbror) til far min. Tore og eg er ikkje i slekt, men har truleg felles tremenningar på Austlandet.


Forlovelsesnotis i Aftenbladet 7. juli 1914.



Petra var fødd i 1879. Ho var dotter til Anna og Edvard Thorsen på Jelsa. Dei var seks sysken. Då Petra var seks år gammal, døydde mora i barsel. Faren sat igjen åleine med seks små ungar. Det var ikkje greit i den tida.


Petra var oppkalla etter morfaren sin, Per Økstra. Nå blei ho plassert hjå bestefaren sin i Økstra som var ein av dei beste gardane i Jelsa-sokna. I Thorsen-familien blei det fortalt at Petra lengta heim. Ein gong faren kom på besøk, gøymde ho hua hans slik at han ikkje kunne fara heim igjen. Det kan sjå ut til at ho fekk heile sin oppvekst ved Økstrafjorden.


Ved folketeljinga i 1900 bur Petra Thorsen på garden til morbroren Gudmund Økstra. Ho er fosterdatter og har husstell og sying som yrke står det her.


Andres Svadberg var vert då besteforeldra mine, Serina og Johannes Laugaland var på Oslo-besøk.
Andres og Serina var sysken. Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken.




Det finst ingen spor etter Petra Thorsen i Nasjonalbiblioteket før ho blir forlova med Andres Svadberg. Dette sto i Aftenbladet i 1914. Eg greidde ikkja å finna bryllupsnotis i avisene på dette paret. Men dei blei nok gifte og busette på St. Hanshaugen i Oslo og fekk sonen Andres i 1916. Han var ein av fire gutar i denne Svadberg-familien som blei kalla Andres etter bestefaren i Årdal. I tillegg hadde far hans same navnet.


I avisa Stavangeren frå 1924 fann eg eit stort intervju med Andres Svadberg som var fødd og oppvokst i Årdal i Ryfylke og var ryfylking med liv og sjel. Og ikkje mindre rogalandspatriot er han blitt etter å ha giftet seg med Petra Thorsen, søster til lensmannen på Jelsa. Her kjem det også fram at han er pensjonert sersjant og kunne fortelja mange historier frå Madla.


I 1893 hadde han slått seg saman med ein eldre bror og kjøpte opp sauer i Ryfylke som dei dreiv over fjellet til Oslo der dei då blei selde. Dette var starten. Seinare selde han slakt i Oslo for slaktarar frå Rogaland. Nå kalla han seg kommisjonær. Årdalabuen blei også medeigar i ein skofabrikk. Dette førte til at han busette seg i hovedstaden og blei buande der til han døydde i 1929.


Nekrolog i Aftenbladet 12. januar 1929.



Petra blei buande i Oslo saman med sonen Andres. Men ho hadde god kontakt med slektningane sine i Ryfylke. Då Einar Thorsen, far til Tore, gjekk på politiskulen i Oslo i 1930-åra, budde han på hybel hjå Petra. Einar Thorsen blei lensmann i Jelsa etter faren. Han blei den fyrste lensmannen i storkommunen Suldal.


Onkelen min, Hallvar Laugaland, studerte jus i Oslo og var ferdig utdanna i 1930. Kor vidt han budde hjå Petra, veit eg ikkje. Men dei hadde god kontakt. I ei notis i Aftenposten etter krigen fann eg Petra som part i ei rettssak av forretningsmessig sort. Kven hadde ho til sakførar? Hallvard Laugaland, sjølvsagt. Han var ikkje nevøen til Andres for ingenting. Familiane sto nære kvarandre og dermed blei dei kontakta når det var nødvendig.


Då eg bladde i bygdeboka frå Årdal av Sigurd Eikeland for å finna ut nok stoff til å laga desse bloggane, fann eg ut at der var Andres-navnet konsekvent skrive feil. Anders sto det, sjølv om det krydde av Andresar i bygda på den tida.


Litt meir om oppkalling til slutt. Far til Petra heitte Edvard Thorsen. Han kalla sonen opp etter faren sin. Dermed blei det Tore. Men då Tore fekk sin eldste son i 1908, blei han kalla Einar. Det likte ikkje den gamle. "Det kunne like godt vore brakje", sa han.


Einar Thorsen kalla yngste sonen sin Edvard. Det er han som overtok slektsgarden på Jelsa.


I desse dagar er det komme ein ny Einar til verda. Han er sonen til barnebarnet Helga og Dag Ingebrigtsen.


Dette var alt om Petra og Andres. Dermed er det punktum finale, viss det ikkje kjem nye opplysningar om koss dei to fann kvarandre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar