onsdag 24. januar 2024

«Fisterfjord» med brennevin i lasta frå England

 

Kvitteringa frå skipshandlaren i Newcastle.



«Fisterfjord» hadde åtte kassar brennevin med seg heim frå England til Stavanger i slutten av juli 1925. Rutebåten frå Ryfylke hadde då vore i Newcastle med ei last med nærare 10 000 korger med bær. 


Returlasta var kål frå England, sto det i avisene. Men det viste seg å vera brennevin også. Denne delen av lasta var vel av meir privat karakter. Varene skulle nok ikkje leverast til kjende mottakarar i Stavanger. Det er den innleigde kapteinen på denne turen, Ommund Torgersen, som har kvittert på følgebrevet frå skipshandlaren i Newcastle, Frazer & Co. som skulle ha 14 pund,15 skilling og 6 pence for varene.


Slik såg "Fisterfjord" ut på 1920-talet. Bildet er henta frå ei bok av Njål Tjeltveit.



Dette var eit artig funn for Steinar Warland og meg då me var på Arkivenes Hus i Stavanger og gjekk gjennom ei stor øskje med papirer frå AS Jøsenfjord Rutelag si verksemd på 1920-talet. Håpet vårt var at det i desse papira var råd å finna navn på alle som var mannsskap på «Fisterfjord» på dei to bærturane over Nordsjøen, ein i 1924 og ein i 1925. Men der fantes ingen personalopplysningar i denne arkivboksen sjøl om me gjorde andre artige funn.


Alle som har vore litt ute og reist, veit at det er fristande å kjøpa med seg billeg røyk og drikkevarer heim til Norge. Men her blir varene levert til kapteinen om bord. Han kvitterer og betalar. Papiret som me fann i arkivet viser jo det. Svart på kvitt.


Smugling er ikkje lovleg i dag heller. Men dette var i 1925. I forbudstida. Alkohol var totalforbudt i Norge. Viss tollvesenet hadde komme over varene og dette papiret då «Fisterfjord» kom heim, hadde kapteinen fått straff. Fengsel kanskje. Viss du les litt i Stavanger-avisene for 1925, er det ein god del meldingar om sjøfolk, mellom anna, som er straffa for dei har smugla og seldt alkohol.


Heldigvis gjekk «Fisterfjord» klar av den slags skandalar. Det løgnaste er jo at dette papiret havna i arkivet slik at me kan mora oss litt over dette som skjedde for snart 99 år sidan.


Saftige brennevinsbøter i 1925. Denne
meldinga sto i Aftenbladet 
28. april 1925. 600 kr i 1925 tilsvarar
17000 kr i 2023.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar