fredag 19. januar 2024

Dino var den fyrste narkotikahunden i Stavanger

 

Per Erland og labradoren Dino blei den fyrste godkjente
 narkotika-ekvipasjen i Stavanger. Dei besto testen i 1977.
Bildet tilhøyrer Per Arne Erland.



Då labradoren Dino blei godkjent som Stavangers fyrste narkotika-hund i desember 1977,fekk dette store avis-oppslag både i Stavanger og Oslo. Oslo-avisa Aftenposten hadde til og med bilde av politibetjent Per Erland og Dino på fyrstesida. Bildet er tatt då dei var i full sving med den avgjerande prøven i Oslo.


Stavanger politikammer fekk grønt lys for å skaffa seg ein narkotika-hund i 1971. Då hadde det vore reist krav om dette i avisene i byen og Stavanger sparekasse ville til og med gi politiet pengar til å skaffa seg ein slik hund. Men den slags gåver blei avvist av prinsippielle grunnar. Til slutt gjekk Justisdepartementet med på å gi Stavanger-politiet midler til hunden.


Ikkje berre å skaffa seg godkjent narkiotikahund. I 1971 hadde Stavanger opptil fleire godkjende politihundar. Dette var sporhundar. Det var ikkje berre å "omskolera" ein av desse til å leita etter narkotiske stoff.


Politioverkonstabel Bernhard Erland og hunden Festus
på leit etter hasj i 1972. Bildet frå fyrstesida på 
Aftenbladet 15. april 1972.



I april 1972 skreiv Aftenbladet om politioverkonstabel Berhard Erland og hunden Festus som var i full sving med å snusa etter narkotika. Aftenblad-journalisten fekk sjå når Festus fann fleire pakkar med hasj som var gøymt her og der. Andre stoff, som morfin, LSD og amfetamin hadde ikkje hunden fått prøva seg på.


Til tross for trening og god innsats av både hund og eigar, nådde dei ikkje målet. Det gjekk fem år til før den fyrste hunden var klar. Då var det broren til Bernhard Erland, Per, som greidde testen.


Per Erland og Dino under prøven på Oslo Østbanestasjon. Dommar Erling Grendsen
til høgre. Foto: John Myhre, Aftenposten.



To år gamle Dino måtte gjennomgå ein fem timars lang test under prøven i Oslo. Hunden måtte snusa seg fram til hasj, preludin, amfetamin, bustaid og morfinklorid som var stukke vekk på dei mest utenkelege stader, går det fram av den store reportasjen i Aftenposten. Hunden var sju månader gammal då treninga starta.


Ein nervepirrande dag for hundeføraren. Oppbevaringsboksane på Oslo Østbanestasjon var ein av dei store påkjenningane. Her oppbevarte folk alt frå ferskt kjøt til gamle klesplagg. Hundane skulle snusa seg fram til tre av 450 boksar der det var oppbevart narkotika. Men Dino fann dei rette boksane der det låg ein klump hasj, eit lite glas med morfinklorid og ein plastpose med preludin.


Etter godkjenninga i Oslo kunne Per Erland og Dino dra heim til Stavanger og søka den ledige plassen som narkotikahund-ekvipasje. Då fekk eigaren betalt for alle utgiftene til innkjøp av hund, foring og trening gjennom to år.


Per Erland fekk rikeleg omtale både i Rogalands Avis og Aftenbladet etterpå. Men det var ikkje slutt på treninga fordi om testen i Oslo gjekk godt, påpeika han.


- Godkjennelsen er å betrakte som førerkortet. Du får tillatelsen, men du kan ikke alt når prøven er avlagt, sa Per Erland til Aftenbladet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar