fredag 26. august 2022

Jone Segadal – den mest framsynte mannen i Jøsenfjorden!

Jone Segadal (1884 - 1962) ville prøva alt det nye i si samtid.

 


Fyrste motorbåten i Jøsenfjorden høyrde til i Segadal. Der fekk dei eigen kraftstasjon i 1922, fleire ti-år før straumen kom til naboane lenger ute i fjorden. Telefon fekk dei også tidleg. Koss kunne det ha seg at dei nye tidene kom så tidleg til den nå avfolka garden mellom Vadla og Førre inst i Jøsenfjorden?


Jone Segadal (1884 - 1962) var mykje meir enn ein navngjeten jeger. Dette var ein mann som ville prøva det som var nytt i tida og som kunne gi garden større inntekter og gjera det enklare å bu der.


I hans tid svirra det allslags idear om kraftstasjonar og industri-utbygging i Jøsenfjorden som i mange andre fjordabygder. Det blei bygd smelteverk i Sauda og dette kunne skjedd i Jøsenfjorden også. Det blei med planane.


Kraftstasjonen i Segadal blei teken i bruk i 1922. Den leverte straum til garden fram
til 1973.



Men Jone Segadal let det ikkje vera med planar og snakk. Han fekk bygd sitt eige kraftverk på garden. Det sto ferdig i 1922. Seks kilowatt leverte kraftverket til garden. I 1945 blei det ombygd og produserte nå ni kilowatt. Dette var det private kraftverket som sveiv lengst i Hjelmeland kommune. Fyrst i 1973 fekk dei straum frå Suldal e-verk. Innlagt vatn fekk dei alt i 1908.


Segadal-garden ligg eit stykke frå fjorden. Alt som dei trong, måtte berast til gards. Ein taubane blei bygd frå sjøen og heim i Jone si tid.


Telefonen kom til Segadal i 1924. Det kan ikkje ha vore billeg å byggja ei linje langs dei stupbratte fjellsidene mellom Hauge og Segadal.


Sjølv om Jone Segadal hadde ein brukbar økonomi i si samtid, må det ha vore grenser for kva han kunne kosta på seg. Det blir sagt at han fekk pengar av hermetikk-fabrikant Christian Bjelland i Stavanger til telefonlinja.


Det var eit rikt brislingfiske i Jøsenfjorden i desse åra. For Bjelland i byen var det viktig å få rask melding om innsiget av brislingen og innmelding av brisling-fangstane.


Fisken i fjorden var ein viktig del av livsgrunnlaget i Segadal, heile året. Ferdatorsken var ein fast gjest innerst i fjorden kvar einaste vinter. Segadalskarane fiska torsk i søkk og kav og sørga for gode pengar.


Men dei fekk tid til så mangt slags arbeid og aktivitet. Heiamannen Jone Segadal fekk liv i fisketome fjellvatn. Han bar aure dit når han hadde tider til det. I tillegg var dei navngjetne for gode geiter på denne garden.


Sølvrev-feberen herja i Ryfylke i mellomkrigs-tida. Revagardane spratt opp på den eine garden etter den andre. I Segadal også. Han var ein sentral mann i Jøsenfjord Sylvrevlag frå start til slutt.


I tillegg til alt dette fekk Jone Segadal også tid til å vera med i lokalpolitikken i Hjelmeland kommune. Han var mellom anna med i heradstyret i fleire periodar.


Jone Segadal sine meritter som jeger fortalde eg om i den forrige bloggen. Eg kjem med ein avsluttande Segadal-epistel så snart eg får tid.


(Eg har funne det meste av opplysningane om Jone Segadal i Aftenblad-arkivet. Mest av dette står i ein 70 års-omtale frå juli 1954. Den er skriven av Jakob Krumshagen.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar