mandag 8. august 2022

Enka frå Ulladalen kapra Diamander frå Erfjord

 


Eit lukkeleg brurepar i 1971. 72-årige Berta og den 14 år yngre Diamander
Skjerahaug.


Dei ser ut som nyforelska tenåringar på brura-bildet sitt, Berta og Diamander. Men dei hadde fått røynt seg i livet, enka frå Ulladalen og enkemannen frå Erjford, før dei gifta seg i 1971. Dei fekk 13 gode år saman.


Berta mista mannen, Gaute Kvestad, i 1964. Dei budde i mange år på garden Holmen i Ulladalen. Mannen som hadde vore ein staut arbeidsmann i unge år, fekk store giktplager og måtte gå med to stavar. Dermed blei det Berta som måtte ta seg av det meste av gardsdrifta på den vesle garden som ikkje kasta mykje av seg. Berta og Gaute hadde det trongt. Dei hadde ikkje råd til radio, blei det fortalt. Men ein av naboane søkte Radiogave-fondet om hjelp og dermed fekk dei radio på Holmen også.


Berta og Diamander budde i det grå huset til høgre i bildet.



Den 72 år gamle brura fekk ein heilt annan levestandard på sine gamle dagar etter å ha blitt gift med den 14 år yngre Diamander og flytta frå Ulladalen til huset hans på Erøy.


Diamander var fiskar og gardsarbeidar i yngre år. Seinare blei han vegarbeidar då Ryfylkevegen blei bygd gjennom Erfjord. Der var han like til han blei utsett for ei arbeidsulukke og blei uføretrygda.


Alle fortel om ein svært gavmild mann. Diamander var mykje ute på fjorden og fiska. Då han kom heim, gav han bort fisk til alle som ville ha. Det var aldri snakk om betaling.


Huset til Diamander sto på bygsla grunn på eigedommen til Berit og Olav Erøy. Grunnaleiga var 30 kroner året. Den blei ikkje betalt. Dei fekk rikeleg med fisk i staden.


- Han var den fyrste i Erfjord som fekk fargefjernsyn. Og alle som var forvetne og hadde lyst å sjå dette vidunder-apparatet fekk komma inn og sjå. Og den mannen sparte ikkje på fargane, blir det sagt.


Koss kunne det bli eit par av Berta og Diamander? Det var ikkje noko internett og Tinder-greier til finna ekefeller på den tida.


Dei to hadde begge slekt og kjenningar i Jøsenfjorden. Der blei dei kjende, og dette er nok forklaringa på at dei blei eit par.


Berta tilbake i Ulladalen på sine gamle dagar. Her saman med sin tidlegare 
nabo, Nille Krumshagen.



Då Diamander blei sjukleg i sine siste år, fekk begge to plass på sjukeheimen på Sand. Etter at mannen døydde i 1984, fekk Berta plass på aldersheimen på Jelsa.


Sjølv om Diamander var død, blei ikkje Berta gløymd av familien hans.


Her feirar Berta åremålsdag med frukost på senga på besøk hjå
Solveig og Kornelius Fredheim i Erfjord. 

  

- Ho var ofte på besøk heime hjå oss ved Bogsfjorden. Alltid blid og smilande og med eit handarbeid i fanget, fortel Kristin Fredheim, dotter av Solveig og Kornelius Fredheim. Faren var bror til Diamander.


Berta døydde i 2000. Ho blei 100 år gammal.


Diamander-navnet er ukjent for dei fleste. Kva er forklaringa? Faren ville visstnok døypa sonen Demann, men det ville ikkje presten godta. Kompromisset blei Diamander, blir det sagt. Men i kyrkjeboka står det Demander. Dette er nok forklaringa på at dette navnet blir brukt i den nye bygdeboka for Erfjord med Ernst Berge Drange som forfattar. I etternavnet er det blitt både æ og e. Eg har halde meg til Skjerahaug med e.


Faren, Tønnes, hadde 17 barn fordelt på to ekteskap og eit barn utanfor ekteskap. Tre i det fyrste ekteskapet og 13 i det andre. Fleire hadde navn som kan seiast å vera sjeldne. Her kjem dei i kronologisk rekkefølge: Fyrste kull: Berta Ragnhilda (1896), Sven (1897), Karen Celia (1899). Andre kull: Torvald (1908) Alfred (1910), Amanda Sofie (1912), Diamander (1913), Bendik (1914), Melia Bonette (1916), Selmer (1917), Monrad (1919), Kornelius (1920), Thommes (1922), Alida Johanna (1924),Hartvig (1925) og Sigve (1926). Dessutan hadde han ein son utanfor ekteskap: Han heitte Knut (1892).


I dag brukar Åslaug Erøy Jåsund og familien hennar huset til Berta og Diamander som fritidsbustad.



Huset der Berta og Diamander budde på Erøy, arva grunneigarane Berit og Olav Erøy. I dag er det dotter deira, Åslaug Erøy Jåsund, som er eigar og brukar dette som fritidsbustad.

Kommentar på Facebook frå Laila Fuglestein:Veldig kjekt å sjå og lesa om mine tidligere naboer! Han/dei var veldig gavmilde ja. Me hadde gratis fisk på døra i heile min barndom, på lik linje med fleire andre. Flotte sengeteppe hekla dei og gav vekk til mange. Har ennå dokka med ein heil klesseksjon fra han hos meg. Som han hadde vunnet på basar og som han ivrig deltok på - med stor vinnerlykke. Eg og andre ungar i seks/sju års alderen "snuste" litt rundt huset deira, når dei fekk seg farge - TV, i håp om me kunne sjå noko til fargene! Tenkte han var rik som hadde råd til dette. Koselige minner!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar