søndag 26. juni 2022

Sporveiskontrolløren blei brått far til TV-kjendis

 

Kontrollør Gunnar Petterson.
Bilde: Fb-gruppa Bergen sporvei.


Kontrollør Gunnar Petterson blei mitt aller fyrste bekjentskap i Bergen Sporvei i november 1971.


- Meld deg på kontrollør-kontoret ved bussgarasjen på Mannsverk i kveld. Kontrolløren der vil gi deg fyrste leksjon i sporveis-kunnskap, sa mannen eg snakka med i telefonen. Bergen Sporvei mangla sjåførar og tok med takk i mot studentar med førarkort for buss. På kveldstid og i helgene var det nesten alltid ledige sjåfør-skift.


På denne tida var eg, i eigne auer, ein rutinert rutebilsjåfør. Hadde ikkje eg hatt sommar-jobb i Ryfylkeveiens billag og kjørte både kombinert rutebuss/melkebil og vanlege bussar på smale og svingete Ryfylke-vegar heile sommaren utan uhell.



Bussanlegget på Mannsverk omkransa av boligblokker. Det store bygget midt på plassen var
verksted og servicebygget. I mi tid var bygget til høgre, ved innkjøringa, adminstrasjons-
bygg for Bergen Sporvei. Kontrollørar og sjåførar hadde fyrste etasje her. Foto frå 
Bergensavisen av nyare dato. 

Bergen Sporvei var ikkje berre eit stort busselskap. Det var også ein kommunal etat. Alt var nøye uttenkt og sett i system. Med mange sjåførar, kontrollørar, trolleybuss-konduktørar. Til og med overkontrollør.


På ettermidagstid sat det ein kontrollør på vakt på Mannsverk og passa på mens bussane kjørte inn på kvelden.


Petterson, eller Gunnaren som insiderane sa i Sporveien, tok godt i mot meg ein sein ettermiddag i november 1971. Ein hyggeleg kar. Då bussane var kjørte inn og ein slags fred senka seg over Mannsverk, introduserte han meg for dei ulike busstypane som blei brukte i Sporveien på den tida.


På oppstillingsplassen på Mannsverk sto det mange slags bussar. Her var der Volvo, Leyland og trolleybussar. Og to små Mercedes-bussar som likna på brødbilane til bakeribedrifta Martens. Dei fekk jo sjølsagt kjælenavn deretter.


Eg fekk prøvekjøra ulike busstypar på oppstillingsplassen på Mannsverk. Det var både spennande og uvant. Halvautomatiske girkassar var ukjent terreng for meg. Her mangla der clutch. Du gassa og gira om trent som på ein vanleg bil, men du hadde ikkje nokon clutch til å gjera girskiftet mjukt og behageleg. Her blei det lett meir rykking viss du ikkje hadde rette handlaget.


To eller tre kveldar var eg på Mannsverk og fekk privat-undervisning av Gunnar Petterson. På tidleg kveldstid med redusert trafikk fekk eg prøva meg ute i trafikken med ein gul buss der det sto "Øvelse" i skiltkassen.


Stor stas i Bergen Sporvei då Tore Magnus Petterson, sonen til Gunnaren, vann talent-
konkurranse i NRK-TV med Vidar Lønn-Arnesen som program-ledar.


Ei veke eller to seinare blei Gunnar Petterson kjendis-far. Sonen, Tore Magnus Petterson, vann NRK-konkurransen "Talent" i beste sendetid i fjernsynet 28 november 1971. På den tida sat heile Norge benka rundt vår einaste fjernsynskanal og såg rått og råte. Alle såg bergenseren som vann med "Vi har en liten søster, vi har en liten bror" og alle i Sporveien visste at dette var sonen til Gunnaren.


Unge Petterson var ikkje berre sangar. Han var komponist også. Han hadde sjøl laga tone til diktet "Våre små søsken" som var laga av Inger Hagerup.


Det var mange kolleger som gratulerte og vitsa med den stolte faren i dagane som kom. Gunnaren var skikkeleg stolt som venteleg var.


Eg var heldig som møtte faren, ein flott sporveismann.


(Viss nokon måtte ha eit betre bilde av Gunnar Petterson, skifter eg gjerne ut det eg fant på facebook-gruppa Bergen Sporvei.)












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar