fredag 7. mai 2021

Minstepensjonistar strødde 100-lappar rundt seg på Ombo

 

Mørke skyer innhenta oss og dei oransje stemorsblomane på veg heim
frå Ombo i dag.


Viss du brukar 250 kroner på Ombo blir det ei krona per fastbuande. For i dag er det ikkje fleire som bur der. Men når det skine opp og dagane blir lange og varme, aukar folketalet. Fullt av hytter og sommarhus. Og dei innfødde er vennlege.


Oransje-farga stemorsblomster! Det har dei berre på Ombo!


Dette påsto kånå mi for eit par år sidan. Eg trudde jo at ho hadde greia på planter og slikt. Men det stemmer ikkje. Du får dei visst overalt.


På grunn av denne misforståelsen om allslags sjeldne planter på den nest største øya i Rogaland, har det blitt ein vane for oss å ta ein Ombo-tur eller to i løpet av sommarsesongen.


I dag lova jo yr.no ein flott fredag. Sol og vindstilt. Me rusta oss ut til den fyrste båtturen dette året med Ombo som mål. Det er ikkje så langt frå Hjelmeland.

Kem hadde største båten i gjestehavna på Eidssund i dag? Det var oss. 


Og det blei ein suksess. Kim trur du hadde den største og flottaste båten i gjestehavna på Eidssund på føremiddagen fredag 7. mai 2021? Det var oss. Men så var det ingen andre gjestebåtar heller. Me kosa oss og steig i land. Fine sol og passeleg god temperatur.


Første målet var blomstergartneriet opp i bakken frå ferjekaien. Her er det full fres nå. På vegen opp dit, traff me to karar på veg nedover med kvar si trillebår søkklasta med buskar og blomar. Vel framme møtte me sjølvaste gartneren, Henry Ådland, som var på veg til byen med blomsterleveransar. Men no problem!


Servicen var på topp sjølv om sjefen forsvann. Det blei både oransje stemorsblomar og diverse andre vekster før kånå hadde handla frå seg. Så blei det trilla med lånt tralle ned til båten.


Deretter blei det helgehandla hjå Karin Ågesen i Joker-butikken på kaien.


For å vera heilt ærleg! Dei har hatt folk som har handla for meir pengar både på gartneriet og på butikken. Men pengane til oss minstepensjonistar er både slitesterke og dryge.


Vêret blei ikkje så fint som yr.no lova. Regnet nådde oss igjen på heimturen. Dei oransje stemorsblomane blei våte på turen.


Men Eidssund og Ombo er på plass i år også. Like fint og gjestfritt som før. Det var ikkje ein einaste virus å sjå på verken på rettsida eller vrangsida av øya.


God tur!

1 kommentar: