onsdag 26. mai 2021

Hjemlyen er ikkje hima

 



Her budde Hjemlyen eller Johannes J. Kvame i alle år.


Han kjørte likkister i byen. Dette er den einaste jobben han skal ha hatt i si tid. Men mora, Rakel, var bekymra for koss det skulle gå med sonen i byen. Han kunne bli lokka av låke venner til å drikka og driva dank. Derfor tok ho båten til byen og fekk sin einaste son med seg heim til eit trygt tilvære på Hjelmeland. Der blei han buande heilt til han blei så gammal og skrøpeleg at han måtte flytta på sjukeheimen i Årdal.


Rakel og Johannes J. Kvame heime i Hjemly. Bildet tilhøyrer
Lasse Kvame.



Hjemlyen blei han kalla av folka i bygda. Hjemly var navnet på eigedommen på Kvame i Hjelmeland der han og mora budde. Men hans fulle navn var Johannes J. Kvame.


Grunnen til at eg skriv dette? På siste søndagsturen passerte eg plassen der han budde. Huset og uthuset står der ennå. Mest av gammal vane såg det ut til. Fleire tre er i ferd med å trengja seg inn mellom tak og vegger og det meste av takskiferen klamrar seg fast som best den kan inntil vidare.


Nekrolog i Aftenbladet 1. desember 1952.

Eg stoppa ikkje lenge, men nok til å sjå at dette har vore ein fin buplass i si tid med vidt utsyn over Kvame-gardane og Steinslandsvatnet. Her hadde Hjemlyen god oversikt og fekk med seg det meste som rørte seg i bygda.


Denne mannen kjente eg ikkje. Men me såg han av og til på vegen til eller frå Hjelmelandsvågen dragande på ei handkjerre. Hjemlyen var eit trufast medlem i Handelslaget i all si tid. På tide å skriva litt av historia om mannen medan det ennå er folk som lever og kan fortelja om han.


Hjemlyen eller Johannes om du vil, blei fødd i 1895 på garden Røgjelstad i Hjelmeland. Far hans var død då han blei fødd. Mora, Rakel, fann ut at ho ikkje kunne sitja med garden etter at mannen var død. Dermed flytta ho til Kvame der ho kom frå og kjøpte eigedommen som ho kalla Hjemly. Der blei ho og sonen buande i all si tid.


- To gonger i veka kom Johannes til oss for å kjøpa melk. Då mora døydde i 1952, kjøpte han mjølk berre ein gong i veka, fortel Jone A. Kvame som er fødd i 1933 og har mange minne både etter mannen og mora hans.


Han var ein grundig avislesar og fast abonnent på Aftenbladet. Dette var ei avis som blei stifta av presten Lars Oftedal og dermed følte han seg sikker på at det ikkje fanst løgn der.


Me kunne stå i timasvis og diskutera politikk, innanriks og utanriks. Det kunne bli oppheta diskusjonar.


Nei, nå må eg gå før eg blir sint, kunne eg seia av og til.


Det er godt for helsa å bli sint av og til. Det friskar på levra, svara han då, fortel Jone A. Kvame.


Ungdommane dreiv og erta på han og ville vita koss mykje pengar han hadde i banken. 10 000 kroner har du på bok, sa ein. Då trudde Hjemlyen at folk i banken hadde vore lausmunna. Han gjekk til Hjelmelandsvågen neste dag og tok ut pengane or Hjelmeland sparebank.

Mykje folk på auksjonen etter Johannes J. Kvame 23. mai 1992. Lensmann Arne Haga er
auksjonarius. Foto: Bygdaposten.




Den gamle ungkaren var redd jentene noko som dei sjølvsagt la merke til. Det hende dei erta han med å stilla seg opp heilt inntil han, noko som han mislikte sterkt.


Men denne mannen hadde eit godt hovud. Han les mykje og skreiv dikt og prologar.


- På søndagskveldane når ungdommane i Hjelmelandsbygda ovanom Krofjellet samla seg hende det av og til at me fekk overtala Johannes til å lesa sjølvskrivne dikt og prologar. Han hadde ein skarp penn og det hende at enkelte i bygda kunne få passe påskrive i versa hans, fortel Harry Breiland som fryktar at papira og dikta til Johannes J. Kvame er borte i dag.



Hjemly-eigedommen var på fire dekar. Her hadde dei to-tre sauer og frukttre. Johannes kjøpte kraftfor på handelslaget i Hjelmelandsvågen. Dette drog han heim til Kvame med handkjerra si. Då kreftene minka dei siste åra, greidde han ikkje å dra 50-kilo-sekken opp den siste bakken. Han måtte dela opp innhaldet i fleire sekker slik han greidde å baksa med det. Sønnene til Per Kvame hjelpte også til med å få mjølsekkene heim.


Mora, Rakel, døydde i 1952, 87 år gammal. Etter den tid blei sonen buande åleine. Han stelte seg sjølv, på ungkars vis. Sjølv om husstellet ikkje var heilt patent, greidde han seg godt og overlevde dei fleste sambygdingane sine. Dei siste åra budde han på sjukeheimen i Årdal. Der døydde han i desember 1991, 96 år gammal. Sidan han ikkje hadde nære slektningar, blei det halde dødsboauksjon etter han i mai 1992. Hjemly-eigdommen tilhøyrer i dag gardsbruket til Silje Jørmeland.



Hjemlyen er snart plassert i gløymeboka, men me er ein del gamlingar som hugsar han som eit originalt innslag i bygda med hatt og handkjerre på vegen til eller frå Hjelmelandsvågen.


(Per Kvame, Jone A. Kvame og Harry Breiland har hjelpt meg med opplysningar om Johannes J. Kvame. Viss nokon har opplysningar av interesse, kan dei ta kontakt med meg.)


Hjemly sett frå Hagali-vegen.

På Facebook er det fleire som har komme med kommentarer etter å ha lese denne bloggen omHjemlyen. Eg legg inn ein del av desse her:

Karl Einar Kleppa
Ei tante av meg fortalde om at dei unge i bygda samlast ovanom Krofjedle i Råså. Hjemlyen heldt tale og innleia med « Kvinder og menn utav bygden i dag!».

Magnhild Meltveit Kleppa
Er kje dette etter Hjemlyen: No kjem Fjellbuen! Eg seier frå meg alt ansvar!
Kanskje han var vakt på Losjehuset eller på Ungdomshuset?

Borghild Dale
Det vert sagt at han bar førningsskrin dersom han ikkje nytta kjerre. Fint førningsskrin. Eller førningskorg?

Odd Steinar Eide
Og melkekjerra hans mangla fett i navå . Høyrde Ann godt når han var på tur til Vågen.

Sigrun Kvamme
Eg hugsar godt Hjemlyen. Han var jevnleg innom besta og besten, Sigrid og Erling Kvame.
Då eg var lita jente fekk eg ein nydeleg oransj kattunge av han.
Han hadde mange kattar og det lukta sterkt kattelukt både inne i huset og utanfor. Me ungar synes han var litt skummel. Men det var og spanande å lure seg forbi huset hans, utforske Hagen og smake på eit eple eller ei pære.


1 kommentar:

  1. Interessang lesing.Eg kjente han aldri søl,men far min Trygve Tytland gjorde det,å fortellde noen historier. Blant annet at de var tre ungdommer som ville besøke han en kveld bare for prat/nyskjerrighet,men da hjemlyen hørte stemmer som kom oppover mellom fruktrea,så heiv han veaskier itte de,å ropte tjuar tjeltringar å pakk!

    På butikken hadde vist hjemlyen en rimelig standard handleliste. Det var brød et fint et grovt og et flatt,to alminnelige middagspylser og ein pakke tobakk

    SvarSlett