onsdag 12. mai 2021

Med «Fisterfjord» til Himmelspretten

 

Eg reiste med «Fisterfjord» til Kristi Himmelfartstevne på Nedstrand i 1962.


Eg heiv meg på sykkelen og suste av garde på vegen frå Laugaland og nedover til Tytlandsvik tidleg på morgonen torsdag 23. mai 1963. Vêret var flott og eg var 14 år og på full fart inn i "de voksnes rekker".


Tre veker tidlegare hadde eg meldt meg for presten på Hjelmeland saman med ein flokk med jamaldringar. Det var den sommaren me gjekk og les, som alle på bygdene sa på den tida. I september skulle me komfirmerast. Og då var me vaksne!

Kristi Himmelfart i Årdal 1967.



Denne sykkelturen var ein del av denne "bli vaksen-prosessen". Ein tur til Kristi Himmelfartsstevnet som skulle vera på Nedstrand det året, passa godt inn her.


Det åndelega innhaldet sto ikkje så sentralt for meg. Det stora var at dei aller fleste fjordabåtane i Ryfylke var tekne ut av si vanlege ruta og gjekk ekstra til stemnestaden denne dagen. Båtane låg utanpå kvarandre med sjølvaste «Haugesund» innerst. Her kunne du gå frå båt til båt og studera ukjende båtar og gjera deg opp ei meining om kaffor dei ikkje heldt mål samanlikna med "våre" båtar.


«Fisterfjord» var min båt denne Himmelfarten. Den kom frå Vadla i Jøsenfjorden og kom innom i Tøtlandsvik og henta meg og to-tre andre stevne-reisarar.


Tenk den følelsen. Fri og frank på veg ut Jøsenfjorden. Eg kjøpte tobakk og sigarett-papir av stuerten då «Fisterfjord» bakka ut frå kaien. Han var ikkje så nøye på koss gamle tobakkskundene var som handelsmannen på kaien.

Kristi Himmelfart på Finnøy i 1954.

Det var ikkje alle dei nye kjenningane mine frå lesarflokken hjå presten som hadde prioritert Himmelspretten like høgt som meg. Men det dukka opp tre-fire ombobuar og ein enkel jøsnes-bu viss eg hugsar rett. Ikkje mange, men stemninga blei god nok. Me røykte og drakk Sisu, ein eineståande leskedrikk frå Tou, utan sjenerande kullsyra.


Vel framme på Nedstrand gjekk me i land for å studera både dei innfødde og tilreisande. Som 14-åringar på den tida, måtte me begynna å venja oss til verda den vide utanfor heimbygda. Eit år med framhaldskule venta til hausten. Året etterpå måtte me reisa ut i verda for å gå på skule eller jobba. Slik var det då. Eg skal ikkje vera frekk å påstå at det var vår generasjon som bygde landet. Men det var ikkje langt i frå!


Nå har eg skrive meg langt vekk frå det som var planen med dette eposet. Eg hadde tenkt å gi eit oversyn til alle interesserte om kor det var store Kristi Himmelfartsstevne i fjordabåtane si glanstid. Indre og Ytre misjonar laga til åndelege stemne rundt i Ryfylke og samla tusenvis av gamle og unge som møttes. Ikkje alle var like opptekne av det åndelege, men det var jo kjekt å møta folk uansett.


Eg har funne følgjande stemnestader for dei tradisjonelle Kristi Himmelfartstemna i Ryfylke: Finnøy 1954, Jelsa 1955, Hjelmeland 1956, Tau, 1957, Sjernarøy 1958, Vikevåg 1959, Nedstrand 1960, Finnøy 1961, Hjelmeland 1962, Nedstrand 1963, Vikevåg 1964, Jørpeland 1965,
Finnøy 1966, Årdal i 1967, Nedstrand i 1968, Hjelmeland i 1969 og det siste Vikevåg i 1970.


Eg kom velberga heim frå Himmelspretten på Nedstrand og har tenkt ofta på det i åra etterpå. Men dette blei det siste stevnet eg var på.


God himla-torsdag!

Aftenbladet sin reportasje frå stevnet på Nedstrand i 1963. 



1 kommentar: