fredag 4. desember 2020

Jørpelandsjenta i bussen til far min

 

Her ser du bussen til far min i 1969. Dette var ein Scania Vabis frå 1962. Her er den fotografert
i Årdal. Bildet frå Rutebilhistorisk forening.



- Kom og ver med meg inn her. Dette er bussen til far min, sa eg.


Berit frå Jørpeland trudde ho hadde 
møtt ein buss-arving. Men det viste seg
å vera ein skarve bussjåfør-son.

Jørpelandsjenta var ikkje så godt inne i eigarforholda for bussane i distriktet. Ho trudde at ho hadde fått tjangs på sonen til busseigaren i Hjelmeland. Ikkje berre ein ganske vanleg bussjåfør-son innante bygdene. Då ho oppdaga koss alt hang saman, var det for seint. Nå har me vore gifte i snart 50 år.


Dette hende på den dansen på ungdomshuset på Heiå då straumen gjekk. Festen var knapt nok kommen i gang då lyset gjekk. Det blei bekmørkt inne i danselokalet og alle måtte ut. Der pisseregna det. Eg treiv tak i ein paraply med ei jenta under. Ho prøvde å jaga meg vekk, men eg ville ikkje bli våt. Forresten var ho ikke så sint. Litt blid på same tida.



John Skår kjørte dansebussen
frå Vormedalen til Heiå.
Me hadde reist med buss heilt innante Vormedalen. Bussen som blei brukt, var den som far min brukte til dagleg. Men denne kvelden var det reserve-sjåfør John Skaar frå Årdal som sat bak rattet. Bussen sto parkert rett utanfor ungdomshuset og Skåren sat i bussen. Han slapp meg og jørpelandsjenta inn i bussen i det fela veret. Slik begynte det: 15. november 1969.


Så det var denne bussen, lyset som forsvant i ungdomshuset og det fæla vêret som førte til at det blei eit par av oss.


Eg kunne jo sjølvsagt ha skrive mange bloggar om dette. Mørklagde ungdomhus, pøsande regn ein november-kveld, jørpelandsjenter med paraply. Men nå i fyrste omgang vil eg konsentrera meg om denne bussen.


Dette var ein Scania Vabis som kom som chassis (understell) frå fabrikken i Sverige og blei bygd opp til ein forrektige buss hjå Brødrene Repstad i Søgne i 1962 og levert til det lokale buss-selskapet Ryfylkeveiens Billag i Årdal. På desse bussane sto det ein svær motorkasse ved sida av sjåførsetet og eit passasjersete på andre sida av motoren. Dette sto plassert i lengderetningen. Her var det plass til to passjerar.


Bussen blei sett inn i rute, for det meste gjekk den mellom Årdal og Tau. Den enda på kaien på Tau kvar føremiddag med folk som skulle til byen eller Stavanger om du vil med ferja klokka halv ti.


Bussen var tilbake på Tau klokka halv fire om ettermiddagen og henta årdalsbuar og andre reisande som skulle til Årdal.


Det hende nok at denne nyaste bussen, flaggskipet i selskapet, var ein og annan tur på Fister og Hjelmeland også, men dette var nok mindre viktige turar.


Men så åpna Ryfylkevegen i 1965. Då fekk Ryfylkeveiens billag konsesjon for å kjøra dagleg bussrute mellom Tau og Sand. Nå kom det to nye Scania-bussar til Årdal. Dette blei Sandsbussane, som det blei sagt.


Far min kjørte fleire Scania-bussar. Men han kjørte Volvo
den dagen han blei pensjonist. 
Scania-bussen frå 1962 var ikkje flaggskipet lenger. Kva skjedde med den? Ikkje lenge etterpå havna den utanfor huset vårt på Laugaland. Nå blei dette far sin buss, som me sa. Han overtok bromlebassen frå Årdal. Scania-lyden var litt spesiell og tøff tykte me unge. Det var noko anna enn ein malande Mercedes. Den var sikkert god nok den, men ingen ting slo Scania på den tida.


Far min kjørte rute til Hjelmeland og Fister og korresponderte med rutebåten til og frå byen morgon og kveld. Scaniaen blei også brukt som skulebuss mellom Hjelmeland og Vormedalen med far min med eit fast grep om det kvite rattet.


Det var ikkje mange gongene det gjekk dansebuss frå Vormedalen til Heiå. Men det har hendt, slik eg har fortalt nå. Som du nå har forstått fekk det varige konsekvenser for både meg og jørpelandsjenta som eg fekk med meg inn i bussen for å sleppa å stå under den litle paraplyen i regnet til lyset kom tilbake på ungdomshuset.


For det blei lys igjen på ungdomshuset. Då gjekk me inn og danste. Slik var det.


Far min hadde denne bussen i fleire år etter denne danseturen. Som bussjåfør-son tok eg jo sjølvsagt førarkort som gjorde meg i stand til å vera ferievikar i Ryfylkeveiens billag. Då kjørte eg Scaniaen til far min. Her var det ikkje sølt vekk pengar på servostyring og anna tullete ekstra-utstyr. Eg var heilt gåen i dei tynne student-armane mine etter ein dag bak det tunge kvite rattet på den svingete vegen mellom Hjelmeland og Vormedalen. Og den girstonga. Eg følte det var ein kraftprestasjon å skifta gir. Takka meg til bussar med servostyring og automatgir, seier eg.


Busssjåførson Edmund Austigard arbeidde med ein animasjonsserie om bussen  «Grulte».
Den var inspirerte av Scania-bussen frå 1962. Den som faren min kjørte i fleire år. 


Denne bussen gjorde inntrykk på fleire bussjåfør-sønner. Edmund Austigard frå Årdal som har skrive fleire romanar, jobba for nokre år sidan med planar om ein animasjonsserie om bussen «Grulte». Det var Scaniaen frå 1962 som hadde sett han på denne ideen. Han hadde nok vore med faren, Jarl, på mange turar med denne ikkje heilt lydlause bussen. Dette TV-prosjektet blei ikkje fullført.


Synd! Tenk viss ein av dei viktigaste bussane i mitt liv, hadde enda på Barne-TV.

2 kommentarer:

  1. Du er berre kjempegod i yrket ditt 🤣

    SvarSlett
  2. Johan var en staut kar og en snill mann. Han kunne få handlelappen om morgenen og om ettermiddagen da skolen var slutt hadde han hentet varene på Hjelmeland Handelslag som en fikk med seg på hjemvei til Vigane.

    SvarSlett