torsdag 19. september 2019

«Jøsenfjord» var ei plaga for DSD i Tau-ruta!


Stappfullt av folk om bord i «Jøsenfjord» ved kaien på Tau. Dei som skal vidare med buss, står i kø for å få plass der. Båten
er tydelegvis på veg til Årdal. Bildet er vel tatt før krigen. Bussane tilhøyrer Østerhus bilruter. Bildet er henta frå
boka «Bussen og bygda av bygda» av Jon Bergsåker. 

«Jøsenfjord» blei ei plaga for Stavangerske i 1930-åra. Trur du ikkje oppkomlingane frå Ryfylke som hadde gått saman og laga Jøsenfjord Ruteselskap, kjøpte den gamle dampbåten «Lindesnæs» og sette den inn i Årdalsruta, Tau inkludert, med navnet «Jøsenfjord». Men ikkje som dampbåt. Dei reiv ut dampmaskinen og sette inn ein Wichmann semidiesel på 390 hk. Brått var dette den raskaste båten på Hidlefjorden. Nesten 11 knop som marsjfart.

Stavangerske mista mange av sine trufaste passasjerar på Tau. Dei likte betre å reisa med den raskaste båten, som ventande var.

 «Jøsenfjord» slik den såg ut i mellomkrigstida. Den laga mykje sjø når den gjekk full fart.
 Foto: Stavanger Maritime Museum.


For by-rederiet var dette eit dilemma. Tau-ruta var ikkje så viktig før krigen. «Ekspress 1» kom i 1937 og var raskare og kjekkare på alle vis, men den kunne ikkje brukast til å ta knekken på «Jøsenfjord». Stavangerske fekk tre moderne fjordbussar før krigen, men brukte ikkje dei på rutene til Strandalandet. Tau-ruta var ikkje så viktig. Rutene på Sauda, Haugesund og Vindafjorden var høgare prioritert.

Trafikken over Tau var langt frå så omfattande i mellomkrigstida som den blei i nyare tider då alle vegar etterkvar enda på Tau. På den tida ante folk på Jørpeland knapt kor Tau var. Jørpelandsbuane tok DSD-båtane til byen.


Men på Tau konkurrerte Stavangerske og Jøsenfjord-selskapet på kniven. Dei opererte med dei same rutetidene både frå byen og frå Tau og kappkjørte på Hidlefjorden. Den som var fyrst framme på Tau, tok plassen på kaien. Taparen måtte fint venta til fyrstemann hadde gjort seg ferdig og bakka ut frå kaien. Her var det mykje prestisje å tapa.

Kålslugaren «Haukelid» var Stavangerske sitt våpen i konkurransen på Tau. Foto: Wilse. 


«Haukelid», den gamle kålslugaren frå 1869, var Stavangerske sitt våpen mot «Jøsenfjord» etter krigen. Når den fekk dampen opp, kunne farten bli 12 knop. Men «Haukelid» tok for seg av kålet. Det gjekk 40 tønner kål på ein tur frå byen til Sand.
Bjarne Nylund kom om bord i «Haukelid»
som 18-åring i 1944.


- Det blei ei intens kappkjøring mellom Stavanger og Tau. Alle om bord var krye når vi kom fyrst til Taukaien. Viss det var passasjerar til Lindøy, måtte «Haukelid» stoppa i Lindøysundet for å setja folka over i ein ventande robåt. Men dersom det ikkje var passasjerar til Lindøy, gjekk me full fart mens me heiv post og aviser over bord for ikkje å tapa i konkurransen med «Jøsenfjord», fortalde Bjarne Nylund til meg i 2006. Han begynte om bord i «Haukelid» som 18-åring i 1944.

Den kappkjøringa som Nylund fortalde om, må ha foregått i tida etter krigen. I 1948 var det slutt på «Jøsenfjord»-æraen. Då sette Stavangerske inn den flunkande nye «Fjordbris» inn på Tau og Jørpeland. Den nye fjordbussen kunne gå opp til 15 knop. «Jøsenfjord» var akterutseilt.



Bussane på Tau-kaien tilhøyrer Østerhus bilruter. Ola Østerhus eller Ola Buss som folk sa, bygde opp buss-selskapet sitt i 1930-åra. Så tidleg som i 1935 begynte bussruta frå Fiskå med Sverre Nordbø som leigesjåfør. Ola Buss hadde både bussar, lastebilar og drosje. Etter at vegen langs Tysdalsvatnet var ferdig sommaren 1938, starta Ola Buss bussruter til Årdal.


I 1940 hadde Ola Buss ni vogner i drift: 1. Reo buss med 21 sete. 2. Reo kombinert buss - lastebil med 14 sete. 3. Chevrolet buss med 17 sete. 4. Chevrolet kombinert med 14 sete. 5. International buss med 13 sete. 8. og 9. Buick med sju seter.  

Dessutan hadde han to lastebilar. Ein Volvo og ein Ford.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar