Her har alle me fjordabåt-nerdar sove
i timen! Me har snakka, lese og skreve om DSD-flagget frå 1903. Det
som ligna på Puerto Rico-flagget og til og med forårsaka protestar
til det norske utanriksdepartementet. Men dette flagget er berre 116
år. Stavangerske er 164 år. Det må ha vore eit kompani-flagget
tidlegare! Koss såg det ut?
Frå Stavangerske si jubileumsbok frå 2005. |
- Ja,
eg blei forveten: År 1829 vart tollstadene langs kysten tildelt eit
bokstav-merke som skip skulle nytta som kjenningsmerke. Bergen fekk
X, og det er denne X-en me har i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
sitt kompaniflagg, brukt frå starten i 1858: blå X i kvitt felt på
raud botn. Stavanger fekk tildelt bokstaven V. Kan Stavangerske ha
hatt noko liknande, spør Hermund Kleppa.
Heilt
flat skal eg leggja meg. At Stavangerske har hatt eit anna
kompani-flagg tidlegare, har eg aldri tenkt på.
Tidlegare
fyrstekonservator og leiar av institusjonen som tidlegare hadde navnet
Stavanger sjøfartsmuseum, Egil Harald Grude, kunne ikkje hjelpa meg
vidare. Han har ikkje lese eller høyrt noko om eit tidlegare flagg,
men oppmuntra meg til å gå vidare med dette. - Dette spørsmålet er mykje viktigare enn Brexit, sa han. Eg reknar med at han sa dette med eit smil, men eg såg det ikkje sidan me snakka i telefon.
Dampskipet «Rogaland» frå 1878. Omdøypt til «Kvitsøy» i 1929. Maleriet tilhøyrer Stavanger martime museum. |
Dag
Bakka, forfattar av Stavangerske si jubileumsbok frå 2005, hadde
heller ingen opplysningar om eit eldre kompani-flagg enn det som blei
teke i bruk i 1903. - Men det er jo grunn til å tru at dei hadde eit
flagg heilt tilbake frå starten i 1855. I den tida identifiserte
skipa seg ved å føra flagg, seier Dag Bakka som lovar å tenkja
på dette spørsmålet i dagane som kjem.
Min
facebook-venn og firmenning frå Sogn og Fjordane, Hermund Kleppa, hadde i sine
kommentarar lagt ved eit bilde av eit maleri som viser dampskipet «Rogaland» som var bygd i 1878. Dette skipet fører eit flagg i formasta
som kan vera det tidlegare kompaniflagget.
Er
det nokon der ute som kan hjelpa oss dette viktige spørsmålet?
Flagget
frå 1903 blei utforma etter eit forslag frå styrmann Ommund
Thingbø. Dei ansatte i selskapet var blitt oppfordra til å komma
med forslag til nytt flagg. Han henta basisen frå dei tre raude ringane i
skorsteinen og dåtidas mote med stjerner i flagget.
I
Aftenbladet står det 17. februar 1922 om ein Ommund Thingbø som er
med i bestyrelsen av AS Kulimport. Blei styrmannen forretningsmann
etter 1903?
veldig interessant sak, jeg vet ikke svaret, men tilfeldighetene gjorde at jeg nylig også leste boka "Kystruteskipene Oslo-Bergen" av Bård Kolltveit og i boka er det gjengitt et maleri av D/S "Kong Haakon" fra 1878 og flagget som vaier i masten her er ikke likt det på "Rogaland"
SvarSlettpå "Kong Haakon" er flagget rødt, kvadratisk, uten splitt og med noe som ser ut som et bølgemønster i en mørk farge.
Spennende om noen finner ut av dette