Legg til«Lysefjord 1» var 67 år då den forliste i Årdalsfjorden. |
- Kaptein Hagen på «Jøsenfjord» går alltid på andre sida av den
holmen der når han skal gå vidare inn til Nessa og Årdal, sa
hytteturisten og peika mot Langholmen.
Vikar-kapteinen
på «Lysefjord 1» var i ukjent farvatn i Årdalsfjorden då han
valde å lytta til hytteturisten som reiste med frå byen. Dermed
gjekk «Lysefjord 1» på eit undervass-skjer og forliste ved
Nordskårholmane på veg mellom Sørskår og Nessa.
Grunnstøytinga skjedde rett sør for Langholmen. |
Palmesøndagen,
6. april 1941, var ein strålande fin dag. Jøsenfjord-selskapet
hadde berre motordrivne rutebåtar på den tida. Det var krig og drivstoffmangel. For å spara på solarolja si, hadde dei leigd inn dampbåten «Lysefjord 1» frå Høgsfjord
Rutelag til å gå søndagsruta frå Årdal til byen på
ettermiddagen. Denne båten låg for det meste i opplag om vintrane.
Då blei den for stor og dryg i kolet for Høgsfjord-rutene.
«Lysefjord
1» var på oppseiling, som det heiter. Den gjekk inn til Årdal for å
ta opp den planlagde ruta på ettermiddagen då uhellet skjedde i det
som var ukjend farvatn for kapteinen og resten av mannskapet.
Heldigvis greidde både dei fire-fem passasjerane og mannskapet å redda
seg uskada opp på Furuholmen.
Marton Sørskår, seinare ferjeskipper i DSD, var augevitne til forliset. |
18 år
gamle Marthon Sørskår, seinare styrmann og kaptein på
Stavangerske-ferjene, var på tur i Lågaheia opp av Sørskår saman
med tre kameratar då dei blei vitne til «Lysefjord 1»-forliset.
Båten
blei dratt av skjeret og sett på land på Småskjera, men her var
det så bratt at «Lysefjord 1» gleid ut og sokk på 75 meters djupt
vatn. Her ligg vraket den dag i dag.
«Lysefjord
1» var 67 år gammal då den forliste. Den hadde berre vore
Høgsfjord-båt i 10 år. Den hadde hatt seks andre navn før den blei
rutebåt på våre kantar. Frå 1877 til 1915 gjekk den som rutebåt
for Haugsund Damp under navna «Karmsund» og seinare «Karmøy».
Tapet av «Lysefjord 1» førte til at Høgsfjord Rutelag tok kontakt med fleire skipsverft med tanke på å få byggja seg ein fjordbuss av «Express»-typen. Men då viste det seg at det ville ta for lang tid å få bygd ein slik båt, blei spørsmålet om nybygg utsett.
Jon Bergsåker: Båten og bygda.
d styrehusvinduet har me i kjellaren liga heilt... d hang på dreggen opp når d blei dukket ned t vraket for første gang for ca 20 år si!!
SvarSlettOi! Har du et bilde, og et sted å legge det ut?
Slett