fredag 13. mars 2020

Corona-ramma forfattar-debutant

Den tidlegare Aftenblad-journalisten Leif Amund Håland med boka om sitt liv
 på  sjø, land og i lufta med teikningar av Ståle Ådland.



Han overlevde ein tøffe barndom i bydelen Midjord i Stavanger med tilhøyrande skulegang på Nylund, Seinare var han kelnerlærling på Hotel Atlantic og tjenar på «Stavangerfjord». Steward i SAS og student i København. Til slutt klorte han seg fast som journalist i Aftenbladet. Men då han, Leiv Amund Håland, som 77-åring, hadde skrive ferdig si første bok, gjekk alt i ball då den skulle lanserast. Conora-viruset forpurra heila greiå.

Utferdstrang tittelen på boka:
Planen var ein stor lanseringsfest for boka som har fått tittel «Midjordgutt med utferdstrang». Festen skulle foregå i Storhaug bydelshus. Interessa var så voldsom for arrangementet i neste veke at ein var i ferd med å sjå seg om etter alternaitve lokale. Så kom coronaen og øydela alt!


Nå sit forfattar og forleggjar Piren forlag med 1500 bøker som dei ikkje får ut førebels. Lanseringsfesten er utsett på ubestemt tid. Boka er heller ikkje sendt ut til bokhandlarane i byen.

Leiv Amund Håland skriv om sitt liv, barndom, ungdom og yrkesliv. Dette er skildra med humor og varme og mange av oss som vaks opp i Gerhardsens regjeringstid i kongeriket vil kjenna seg igjen i både eit og hitt i denne boka. Den er både til å le og grina av.

Som så mange andre Midjord-guttar var han sjeleglad då han som skulelei 14-åring endelig var ferdig på Nylund skole. Då kunne han starta på det verkelega livet. Han var kelner i den tida ein halvliter kosta under to kroner og reiste til sjøs med den gamle hederskronte passasjerdamparen «Stavangerfjord» som 18-åring. Som kelner eller tjenar som det blei kalla på Amerikalinja sine skip, seilte han ikkje berre i ruta over Atlanteren. Han var på cruise jorda rundt med både «Oslofjord» og «Bergensfjord». Deretter blei han omskolert til SAS-steward og serverte flyplassasjerar resten av 20-åra.

Sneipen på vignett-teikningen til drøsa til Håland blei
 for sterk kost for antirøykarane i
Aftenbladet. Den blei fjerna etter nokre år.
Som 30-åring tok han til vettet og begynte på realskule på Danielsens privatskole i Bergen. Deretter tok han gymnaset på kveldstid ved Bergen katedralskole. Draumen var å bli realfagslektor. Han begynte å studera i København. Men som 37-åring fekk han sommarjobb som journalist i Aftenbladet og hoppa av hovedfagsstudiet i biokjemi då han fekk fast journalistjobb i 1979.

Leiv Amund Håland starta som ein vanleg traust allround-journalist utan å stikka seg så alvorleg ut. Det var då han begynte å skriva petit-kåseri eller drøs på Aftenbladsk at han blei ein ekta kjenning av Aftenblad-lesarane. Dei blei sjarmerte av skriveria hans om oppveksten på Midjord og sjølivet på «Stavangerfjord».

Det meste av innhaldet i boka har stått i Aftenbladet ei  gong i tida, men det er redigert og tilpassa vår moderne tid. Dei mange flotte teikningane til den utflytta ombobuen Ståle Adland er også med på å gi boka eit løft. Kjekt både å lesa og sjå!

Men Leiv Amund Håland har laga mange dikt også. Diktet om den anonyme ledarern i guttaklubben på Midjord blir lese opp i kyrkjene i Østre bydel rett som det er. I Domkyrkja også forresten. Eg får klump i halsen av mindre enn dette:


Du Så Fortalt' Oss Om 'An Jesus i Guttaklubben

Når du fortalt' oss om han Jesus,så var det akkurat så han kom roligt ud av dørå  fra det litla kapellet på Midjord,og slo smilandes ud med hendene sine te osser adle i samen.

 Når du fortalt' oss om han Jesus,så va det akkurat så han fysst gjekk ner i kjellaren te hu Asta og strøyg 'na mildt over håret,mens han sa at hu ikkje måtte selga brennevin på gauk.

 Når du fortalt' oss om han Jesus,så va det akkurat så han itte på strente sindigt bårt over Nymansveien, og såg innom hos banemester Berg på fo'ballbanen og takkt 'an for det at han alltid va så snille med ongane.

 Når du fortalt'  oss om han Jesus,så va det akkurat så han svingte nerom ein tur, te Slettå, og grein av sinne når han såg kor dårligt di bodde i de elendige brakkene, der nere.Og så prøvte han å trøsta.

 Når du fortalt' oss om han Jesus,så va det akkuratså han tog av fra Nymansveien, nerte Emmaus, og kjypte sjokolade te ongane på Waisenhuset,og sa te  di ati hvertfall han va gla'e i di.

 Når du fortalt' oss om han Jesus,så va det akkuratså han livna te når han kjende røygloktå fra di stygge, høge skorsteinane te fabrikkane der nere i hjerta av "Varmen", ogsa at det går vel an å bo hér óg.

  Når du fortalt' oss om han Jesus,så va va det akkurat så han ikkje bare va sjefen for di kristeligge, men at han va kamerat med osser adle i samen, og at 'an va glae i di så hadde det vondt, og hjalp di så godt han kunne.

 Det va akkorat så 'an hørrte te der inne i "Varmen"
 

onsdag 11. mars 2020

Spett, sleggja og ein gammal Rubbestad-motor




Torstein Randa med Rubben om bord i gamle "Jøsenfjord". 400-hestaren er frå 1934. Randa hjelpte meg med opplysningar
då eg skulle skriva denne bloggen.

 
Eit spett, ei sleggja og ein bunt med ståltråd var alt du trong for å halda ein Rubbestad-motor i svevet, blei det sagt. Dette var ukompliserte og driftsikre konstruksjonar. Sutalaust å fara på sjøen med ein Rubb om bord.

Dette var alt eg visste då eg fekk telefonen: Om eg kunne skriva ein epistel om Rubben til årboka til Sunnhordland eit eller anna? Det blei ikkje plass til mine skriverier i den årboka. Difor har eg laga ein blogg av det sidan det aldri kom på  trykk.

Eg ringte ein venn, som dei sa på TV.

Koss va dette med spett, sleggja og ståltråd nå igjen?

Spettet brukte du til å lea svinghjulet i posisjon når du skulle starta. Eit merke på svinghjulet skulle stå over-ett med eit merke på maskinen. Då var stempelet på topp.

Det sto ein 50 hestars Rubb om bord i "Jo Odd" frå Kvitsøy då den blei
sjøsett i Erfjord i 1954. Mange meiner dette var det vakraste fiskefartyet
som nokon gong har høyrt heime på Kvitsøy.


Så skulle du fyra opp. Ein fyrlampe sørga for at toppen blei raudglødande etter fire-fem minutt. Starten nærma seg. Rart at det ikkje tok fyr nede i motorrommet. Der var ikkje reinhaldet alltid patent.

Og han som fyrte var ikkje alltid like klar i toppen. Han hadde dyppa ein tvistdott i solar og med den fekk han eld i fyrlampa. Det ville helst gå godt, kan du skjøna.

Malvin Langvik var den andre som hjelpte
meg med Rubb-opplysningar.
Trykkluft sette fart på svinghjulet og ein fin dusj med solar (dieselolje) inn i sylinderen eksploderte med eit puff og dermed skulle motoren gå. Den gjekk. Det kunne den gjera i dagavis.

Når du då skulle dra av garde med Rubben, hadde du tre ulike hendlar å styra med.

Med regulatoren styrte du farten.

Spredaren sørga for ein dusj av solar inn i sylinderen. Gjekk du på sakte, skulle det vera ein fin dusj. Med større fart skulle solar-dusjen bli grovare.

Med reverseringa fekk du fartyet til å gå forover, akterover eller liggja i ro. Her var det vridbar propell. Når du vreid propellane i den eine retninga, blei vatnet skuva bakover og båten gjekk framover. Er du med?

Han går med altfor tunge vengjer, blei det sagt av folk som sto på land og såg eit farty fara forbi.

Då hadde dei vridd propellvengjene for mykje. Det blei for tungt for maskinen. Akkurat som om du kjører ein bil på for høgt gir. Maskinen skulle trippa lett i veg.

Skulle du inn til kai, var det følgjande prosedyre:

Slakka på med regulatoren. Skrua igjen på spredaren. Ta inn på vengjene. Då sakta du på.

Du ser fartyet for deg. Sigande inn mot bryggja.

Hei! Du må bakka opp!

Då skulle vengjene i akterover-posisjon, maskinfarten blei auka med regulatoren og spredaren sytte for meir drivstoff. Rubben livna til og sytte for at skøyta la seg fint inntil.

Familien Haldorsen sløste ikkje med brevpapiret sjølv om dei skifta firma-navn. Det viser dette brevet frå 1951.


Var ikkje dette eit fæla stress for mannen i styrehuset?

Dei hadde god trening. Det gjekk automatisk.

Du kunne ikkje berre stoppa Rubben utan vidare. Viss det ikkje var startluft på flaska, var du skjersette. Fyrst pumpa luft, så stoppa. På trykkluftflaska skulle det vera nok luft til eit par bomstartar for å vera sikker.

Mykje å setja seg inn i. Kan tru dei hadde lese mykje i instruksjonsboka.

Instruksjonsboka? Slikt fantes ikkje for dei gamle Rubbane. Dei laga ei på islandsk ein gong. På norskekysten var det rekna som ein del av barnelærdommen å kunna styra med ein 50 hestars Rubb.

Det med sleggja og ståltråden? Nei, det var det ikkje plass til denne gongen.

tirsdag 10. mars 2020

Over 100 år med åpen slusa i Skjoldastraumen

Rutebåten «Robert» var fyrste båt gjennom slusa då den blei åpna i
november 1908. Foto: Arkivverket.

Rutebåten «Robert»fekk æra av å åpna slusa i Skjoldastraumen i november 1908. Ei storhending i den tida. Men visste du at slusa stadig er i bruk. Fritidsbåtane får stadig slusa seg gjennom på veg til eller frå Skjold eller Grindafjorden.

I snart 112 år har det vore sluse-trafikk i Skjoldastraumen. Slusa blei bygd for å gjera det tryggare for større båtar å passera her. Det kunne vera kraftig straum som gjorde det farleg å fara her. Sjøl om det er svært lite nyttetrafikk her i dag, er slusa åpen for lystbåtar heile sommaren.

\Slik såg det ut i Skjoldastraumen for 20 år sidan.


Det er Lilleskog bilverksted i Skjoldastraumen som har ansvaret for slusinga. Åpningstida er den same som for bilverkstedet: Frå klokka 8 til kl 16.

Vippebrua må opp og trafikken på fylkesveg 515 blir stansa medan båtane passerer. Slusa er 40 meter lang og sju meter brei.

Som dei lokalkjende ser, er ikkje bildet av ny dato. Eg har henta det frå heftet
«Lune havner» som Aftenbladet gav ut i 2001. Men her ser du kor slusa ligg i farvatnet. Innanom slusa ligg Skjold og Grindafjorden.

Stavangerske sette inn «Espedal» i Skjoldaruta i 1958. Foto: Espen Jonasen.
På slutten av 1950-talet var det slutt for dei gamle rutebåtane i Skjoldaruta. Passasjerane var omtrent borte og dermed leigde Stavangerske inn ein lastebåt til denne ruta.


«Espedal» på veg gjennom slusa i Skjoldastraumen.
Foto: Espen Jonassen.

 «Espedal» begynte å gå i ruta i 1958. Sjølv om båten kunne ta med seg nokre få passasjerar, var det fyrst og fremst kraftfôr-frakt til bygdene nord for Boknafjorden som var hovudoppgåva for denne båten.


Frå DSD-ruta sommaren 1958.


«Espedal» gjekk to rundturar i veka. Frå Stavanger gjekk båten tysdag og torsdag til Isvik og Skjoldavik. På veg tilbake til Stavanger, gjekk det mykje saft frå konservefabrikken i Hervik til Stavanger.

  - Når «Espedal» nærma seg slusa, blei det gitt eit signal med fløyta. Då kom kona til vegvaktaren og åpna sluseporten. Ho hjelpte mannskapet med dei tunge sluseportane, fortale Håkon Galta frå Rennesøy som var matros om bord frå 1964 til 1967.

Isen låg ofte tjukk i Skjoldafjorden. «Espedal» var isforsterka i baugen og stanga seg fram gjennom is som var så tjukk at mannskapet kunne gå på fjordisen på sida av båten. Når båten sette seg fast, blei lastebommen svinga ut på kvar side med eit tung mjølhiv for å rugga båten. Slik kom dei seg vidare innover.

Dei få passasjerane om bord blei godt behandla. Dei fekk kaffi av mannskapet. Ein gong kom det om bord to personar i Liarvåg som mannskapet trudde var eit ektepar. På grunn av tjukk skodde bestemte skipperen at båten skulle liggja over natta i Toftøysund. Paret blei plassert i same lugar. Morgonen etterpå kom det for dagen at paret ikkje kjende kvarandre frå før, fortalde Håkon Galta.


«Espedal» gjekk i denne ruta til langt ut på 1980-talet.









-  







søndag 8. mars 2020

Kan du bli så lei av jobben at du døyr av den?



«Ekspress» ved kai på Bru i Rennesøy-ruta. Her
venta det mange mjølkespann på matrosen.
Ingen matros på Stavangerske sine fjordabåtar er meir myte-omspunnen enn Oddvin Døskeland. Han var matros på «Ekspress», seinare «Snøgg», som gjekk i Rennesøy-ruta åravis. Når gamle rennesøybuar begynnar å fortelja om han, får du lett inntrykk av han var matrosen på «Ekspress», det var ingen andre enn han. Det er sjølvsagt feil, men ingen andre har det oppstått fleire historier om.

Det var berre ein matros om bord i «Ekspress». Alt som ikkje greidde å kreka seg sjøl om bord og på land med eiga hjelp, måtte berast av den eine stakkars matrosen. For sjøl om dette var ein liten båt, mangla det ikkje på last. Melkespann, tomatkassar, postsekker og all slags ditt og datt. Du kan sjøl tenkja deg alt dette kunne vera.

Ein dag var Oddvin så lei av jobben at han blei alvorleg bekymra. Då gjekk han til skipperen på «Ekspress» og spurde om det gjekk an å døy av leielse, som han sa. Kva svaret var, har eg aldri høyrt, men han overlevde.

 «Ekspress» og «Strand» gjekk i alle Stavangerske-ruter. Som ny i 1938 var «Strand» døypt  «Ekspress 2»,  men det blei
så forvirrande for dei reisande at båten skifta navn. 


Gravalvorleg sto han der med tauen når båten seig mot land og matrosen skulle sørga for å få tampen i land så folk og last kunne komma trygt om bord.

- Han lo berre ein gong påstår dei på Rennesøy. Det var den gongen slangen som låg på botnen av Mastrafjorden og blei brukt til å transportera returmjølk frå meieriet på Vikevåg til bøndene på Mosterøy flotna opp og blei liggjande i vasskorpa og flyta. «Ekspress» kom durande og gjekk rett på mjølkeslangen og kutta den av. Heile Mastrafjorden blei kvit. Då lo Oddvin Døskeland.

Ein gong bar han dynamitt-kassar i land på ein stoppestad: - Nå håpar eg det smedle, skal han ha sagt.

 Aftenbladet sin omtale av Oddvin Døskeland då han fylte 80 år
 i mai  1997.

At Oddvin Døskeland skulle ha vore ein gammal og sur mosterøybu, tvilar eg sterkt på. At han såg alvorleg og kanskje sur ut der han gjekk om bord i «Ekspress», trur eg nok. Men dette var nok heller ein ytterst smålåten mann som hadde ei litt spesiell form for humor, og han var godt likt av sine kolleger på båtane. 

Når Oddvin Døskeland hadde fri på båten, var han med
 på gardsarbeid på Mosterøy. Johan Dirdal  på traktoren.
  Bildet tilhøyrer Kjetil Edland.
Broren Sigurd som også hadde ein lang karriere som matros, styrmann og kaptein på Stavangerske-båtane fortalte ei anna historie.

- Oddvin var til sjøs i sin ungdom og mønstra av i ei havn i Europa og måtte reisa heim for eigen rekning saman med ein skipskamerat.

- Då me kom til Oslo, hadde me nesten ikkje pengar igjen. Me måtte velja om pengane skulle gå til mat eller tobakk. Då kjøpte me sjølsagt tobakk, fortalde Oddvin Døskeland.

Matrosen var ikkje arbeidssky. Når han var fri på båten, var han med på gardsarbeid når det passa. 

Oddvin Døskeland fekk mange gode år som pensjonist. Han var 81 år gammal då han segla ut av tida i 1997.

I Aftenbladet sto det omtale av den gamle matrosen då han fylte 80 år i mai 1995. Koseleg lesnad for oss som stadig hugsar den gamle matrosen.


fredag 6. mars 2020

Frå Adam og Eva til «Øybuen»

«Øybuen» hadde fast liggeplass ved Steinkarkaien i Stavanger. Foto: Hans Thostensen.

Når gamle, ekta rennesøybuar skal oppsummera historia, går det svært raskt frå Adam og Eva fram til den gamle dampbåten «Øybuen». Men då tek dei seg god tid. For denne båten gjekk i Rennesøyruta i opptil fleire mannsaldrar. 64 år gammal var denne rutebåten då den endeleg fekk avløysing av den nybygde «Rennesøy» i 1958.

 I dag er det berre gamlingane som hugsar båten og som reiste med den til og frå byen i si tid. Sjølv om gamlekarane får ein eigen glans i auene når dei får mimra fritt om «Øybuen», er det ikkje til å komma forbi at den var altfor liten og aldeles utgått på datoen då den endeleg blei utrangerte som rutebåt.


Utdrag frå Stavangerske si vinterrute 1956-57.


Det var alvorleg mykje last i Rennesøyruta. For å få plass til alt blei det stua tomatkassar i salongen, hønsekassar og høyballar på taket av aktersalongen. Mjølkespann på bakken og bensinfat og mjølsekker på fordekket. Båten tok ikkje bilar, men traktorar var det råd å få med på «Øybuen».

Dette var ein gammaldags båt alt då den blei sett inn i Ryfylke-rutene. Dører hadde dei ikkje i styrehuset dei fyrste åra. Kapteinane sto i ulster og oljehyre på brua i den fæle, kalde trekken. Likevel blei kapteinane verande lenge om bord. Mandius T. Nesvik var der frå 1916 til 1919. Han blei avløyst av Kristoffer Asheim som var om bord frå 1920 til 1937, Deretter blei Halvard Løvig kaptein på «Øybuen» etter 10 år som styrmann. Han var stadig om bord då båten gjekk sin siste tur i 1958.


«Øybuen» fekk avløysing av nye «Rennesøy» i 1958. Den skifta seinare
navn til «Hidle». Her på veg til kai på Østhusvik.  Foto. Jon Ingemundsen.


For unge rennesøybuar som kunne tenkja seg jobb om bord i fjordabåtane til Stavangerske, blei «Øybuen» eit slags skuleskip. I 2006 snakka eg med Hjalmar Galta som var matros om bord i 1950-åra.

- Me var fem mann om bord. Kaptein, styrmann, maskinist og to matrosar. Fredrik Løvik var matros saman med meg. Enok Dalaker, Sigurd Døskeland og Ole Søllesvik var om bord som styrmenn i mi tid. Løvvig var kaptein, Johan Falkeid var maskinist. Bjarne Nesvik var avløysar-maskinist, fortalde Hjalmar Galta som likte seg godt om bord sjøl om det var ein gammal båt og  mykje slit med all lasta.


Erling Olsen starta si karriere i
DSD som styrmann på «Øybuen»
i 1955.
- Som styrmann måtte du skreva over dyra på dekket, fortalde Erling Olsen frå Mosterøy. Han kom om bord som 23-åring i 1955. Her kunne ikkje styrmannen gå og bresa seg i flott uniform. Her var det berre å trekkja på seg kjeladress og bera på mjølkespann. Fulle spann på veg til byen og tomme heim igjen. 


Rutebåten var blitt 19 år gammal då Stavangerske kjøpte den og gav den navnet  «Øybuen». Båten var bygd på Laksevåg ved Bergen i 1894 og gjekk som rutebåt i Bergensområdet med navnet «Sotra». Stavangerske fekk akutt behov for ny båt etter at den fyrste  «Øibuen» brann opp på Reianes på Rennesøy.


«Øybuen» blei ombygd og modernisert fleire gonger i løpet av si tid som Stavangerske-båt. Siste gongen var i 1951. Då fekk båten den utsjånaden som folk hugsar i dag.

Dei reisande hadde tre salongar å velja mellom om bord. Ein liten framme under bakken. Der var det stort sett berre mannfolk. Dei fleste foretrakk hovedsalongen midtskips. På vinterstid var det godt og varmt der nærast maskindøra. I salongen heilt akter var det sjelden folk. 

Det var trongt om bord i «Øybuen». Matroslugaren var plassert heilt forut. Der skulle to matrosar sova, men det var knapt nok plass til ein. Men sidan begge matrosane høyrte til på Sørbø, kunne dei sova heime om nettene.

«Øybuen» gjekk frå Sørbø klokka 7.15. Den gjekk deretter til Utstein Kloster, Mosterøy, Vikevåg, Dale, Askje, Vestre Åmøy, Sokn og Bru og var framme  Stavanger kl. 10. Der hadde båten fast liggjeplass ved Steinkarkaien. Sjøbussane «Ekspress» og «Strand» gjekk mykje i Rennesøy-ruta i 1950-åra.

Mjølka frå dei ytre kaiane blei frakta til meieriet på Vikevåg. Resten av mjølka gjekk til Frue Meieri i byen.

I 1959 selde Stavangerske «Øybuen» til Ole Reilstad frå Finnøy. Planen var å byggja om den gamle rutebåten til lastebåt, Men det viste seg at den var i så dårleg stand at salget blei oppheva. Dermed enda «Øybuen» hjå Brødrene Anda som hogg den opp i 1961.


Kommentarer til denne bloggen som er lagt inn på Facebook:

Njål Gjedrem Øybuen gjekk og i rute på Finnøy. Gjekk kl 07 frå Judaberg, Reilstad, Talgje, Hidle. Det må ha vært etter at den slutta på Rennesøy. Kan ha vært reserve båt. Eg huske båten fordi han gjekk så seint. Me vitsa me at han gjorde full gass for å komma opp i 5 knop som bar øvre grense frå Grasholmen

Odd Asheim Den låg på Judaberg om natten og starta ruta derfra om morgen. Husker vi var en gjeng med unger som fisket mort fra kaien om kvelden og Øybuen hadde topprekke på utsiden av salongen som vi kunne stå på. Vi fant fort ut at var vi mange som gikk opp der og ned på kaien samtidig, da startet Øybuen og vagge fra side til side. Etter en stund hørte vi bøtter og spann startet og skramle ombord. Tilslutt kom skipperen ut og kjeftet og vi måtte slutte den moroen

Jahn Erik Jonassen Og jeg minnest. Første turen med Øybuen sommeren 1947, 5 år gammel, på veg til familien på Mosterøy. Akterdekket var åpent med harde trebenker. Klosettet hadde noe spesielt, håndpumpe til å spyle ned. Damesalongen var under dekk, med dyprøde benker i fløyel med dusker under. Salongen ble modernisert i tidlig 50 åra, med moderne seter. Noen ganger var en lik-kiste med, og da var det fullstendig stillhet ombord, hørte bare klirringen fra strikkepinnene til de kvinnelige reisende. Mannfolka sto som regel på dekk med pipa og skråtobakk, og spytta snus over rekka. Øyfolket kjendte jo alle, også de som døde på sykehuset, og ble fraktet hjem. Det ble mange turer med Øybuen, inntil den ble borte, og nye skip overtok. Biler krevde ferger, og hadde min første bil på tvers på fordekket på Bokn. I dag går det i full fart under havet, og biler står det på envær gard på øyene. Nå har 5 åringen blitt en gammel gubbe, men reiser fortsatt til Mosterøy, så lenge helsa holder, og hilser på den økende familien, og besøk på gravplassene for de som har flyttet dit, for der har også mange havnet etterhvert.

Ola Helgeland Sjølv om eg er erfjordbu, har eg reist fleire gonger med "Øybuen". Eg gjekk på framhaldsskulen i Vikevåg då det ikkje var nok elevar i Erfjord. Eg budde hjå morbror Lars, som då budde i Vikevåg med familien sin. Det var jo litt rart, tykte eg, at Rennesøy hadde "dårlegare" båt enn Erfjord hadde. I den tida gjekk for det meste "Fisterfjord" til Erfjord.

Christian Nedland Takk for god beretning om gamle Øybuen, Jone! Det vekker minner frå den tida (1938-39!) då vi ferierte på Vestre Åmøy, på Hegreberg. Biletet må vera tatt etter ombygginga i 1951, for etter det eg minnest var det eit anna "vindus-arrangement" midtskips. (Berre vindu, ikkje ventilar/"koøyer"). Kan det stemma?















lørdag 15. februar 2020

Hei kjøttmeis! Eg er på hytta!

Fuglabrettet vårt på Hjelmeland står ute frå 14.oktober til 14. april.



Småfuglane og fuglabrettet er aller fremst i tankane mine når eg kjem til Hjelmeland på denne årstida. Eg vrengjer av meg ryggsekken og triv påsen med fuglafrå og spring ned på plenen for å fylla opp brettet med solsikkefrø.

Kjøttmeisen har eg henta frå boka Norges Fugleliv.
Eg skal vera heilt ærlege. Hadde det ikkje vore andre fuglavenner i Hjelmelandsvågen, hadde småfuglane daua ut for lenge sidan. Det kan gå opp til fleire veker mellom kvar gong me er på hytta og dermed er tilgangen på fôr til dei fykande små altfor uregelmessig til at dei kan leva av det.

14. april og 14. oktober var viktige dagar i det gamle bondesamfunnet. Desse datoane skilde sommar- og vinterhalvår. Eg har gjort dette til mine merkedagar. 14. oktober tek eg fram fuglabrettet og plasserer det på plenen utanfor hytta. 14. april hiv     eg det inn i kjellaren igjen.


Fuglabrettet fekk me av svigerfaren min på Jørpeland for mange år sidan. Det var utkrota og forseggjort på alle måtar. Og han tok det tilbake for ombygging då eg klaga over at kråka og skjor fortrengde småfuglane på brettet. Då sette han på ei list som blei eit gjerde som hindra dei glupske store fuglane frå å eta opp maten for småfuglane.

Når fuglamaten er på plass på brettet, riggar eg meg til for opphaldet på hytta. For småfuglane er ikkje på plass med ein gong. Eg har skuffa dei for mange gonger til det. Det er berre å smørja seg med tålmodighet og venta.

Plutseleg sit ein eller to kjøttmeisar og vippar på ei grein oppe i det gamle pæretreet hjå naboen. Dei er forsiktige. Brått kjem ein av dei stupande ned mot brettet for å forsyna seg. Dei riggar seg ikkje til for eit større måltid. Eit eller muligens to frø tek dei med seg opp til greina i pæretreet. Der tek dei for seg av maten trygge for kattar og andre agressive konkurrentar. 

For av og til må kjøttmeisane overlata plassen på fuglabrettet til ein aggressiv blåmeis eller spettmeis, les eg i den gamle fugleboka - Norges Fugleliv - som eg har plukka fram frå bokhylla. Forstår ikkje at dei kan vera så frekke. Det er mat nok til alle når eg er på hytta. Eg kan fylla på seinare på dagen.

- Mange matar fuglane heile året, sa dei til meg sist gong då eg var på butikken. - Eg er ikkje der ennå, svara eg. 

Kjøttmeisene som overlever vinteren er fulle av optimisme i mars-april. Dei jublar "ti-ti-tu, ti-ti-tu" og formeirar seg i rikt monn, står det i fuglaboka. Me får sjå til våren. 









onsdag 22. januar 2020

Jone - jenta eller gutt?


Aftenbladet på offensiven for Jone-navnet. Her er fyrstesida 28. oktober 1971.
Teikning: Henry Imsland.

Mor mi var på gråten då ho måtte gi etter for familie-presset og godta at eg blei døypt Jone. Sjølv møtte eg i vaksen alder forfjamsa folk andre stader i landet som sto og venta på ei dama og så kom eg, ein halvfjelga, utflytta hjelmelandsbu med ein nesten uforståeleg innante-dialekt. I resten av landet hadde dei ikkje fått med seg at Jone-navnet hadde hundrevis av år bak seg som mannsnavn i Rogaland og spesielt i Ryfylke.

- Berre gamle menner heiter Jone, innvende mor mi då
eg skulle døypast. Her er far, mor og eg.
Dei mest populære baby-navna i fjor var tema då eg skrudde på  radioen i dag. Emma, Nora og Sofie var topp tre for jenter. Jakob, Lucas og  Filip var på guttatoppen. Sjølv om det blir påstått at me aldri har vore meir ukristelige her i landet enn me er nå, så er det bibelske navn som dominerer når dei små skal få navn.

Jone-navnet har sitt opphav i Ryfylke. Jon blei til Jone. Alle som kjenner den lokale dialekten veit at her seier dei kjekke, snille og gilde i staden for kjekk, snill og gild. Denne e-en meiner eg blir kalla ein svarabakti-vokal på fagspråket.

Då eg blei fødd på Laugaland i 1949  kom raskt navnespørsmålet opp. Eldste bror til far min døydde 20 år før mi tid. Han heitte Jone og var ikkje oppkalla. Jone-navnet hadde gått igjen i familien i opptil fleire hundre år. Jone måtte kallast opp.

- Men det er jo berre gamle menner som heiter Jone, innvende mor mi og rekna opp Jone Eiane, Jone Hagalid, Jone Fossane, Jone Hauge, Jone Vadla og så vidare. Ho hadde sett for seg noko meir moderne. Men Jone blei det og eldste syster til far min bar meg til dåpen.

Det var i grunnen ganske sutalaust som guttunge å vera ein Jone, sjølv om det ikkje var så mange jamaldringar med same navnet. Kva kjønn personen bak navnet hadde, blei ikkje problematisert i min barndom. Mor mi og tantene mine frå Hjelmelandsvågen kalla meg ofte for Jonemann og far min og andre mannfolk i Vormedalen sa ofte Johnsen til meg. Men erta for navnet blei eg aldri.

Over 100 Jonar i Rogaland fastslo Aftenbladet på fyrstesida 2-11-1971.

I 1971 blei det er eit fæla oppstyr. Ein prest utan den nødvendige lokale ballast ville  nekta eit foreldrepar å kalla gutte-babyen sin Jone. Dette var eit jentenavn sa han etter å ha granska dei rettleiingar han hadde liggjande frå høgare hald.

Dette kom Aftenblad-journalist Johanne Margrethe Johnsen for øyra og det blei eit himmelsk oppstyr. Ho spora opp omtrent kvar einaste Jone i heile Rogaland og fekk navnet på trykk i Aftenbladet. Og det var ikkje få. I tillegg fekk ho avisa til å utlova 500 kroner til den fyrste Jone-jenta i fylket. Det var ingen som melde seg.

I 1971 budde eg i Bergen og merka ikkje så mykje av Jone-oppstyret i Rogaland. Men eg hadde jo registrert at det ofte blei litt problematisk for bergensarar å oppfatta kva eg heitte. Det gjaldt både føre- og etternavn. Jone-navnet var ukjent. Ein studiekamerat av meg frå Voss trudde i mange år at Jone var etternavnet mitt.

Eg kom meg velberga tilbake til Rogaland etter fem år i Bergen. Då var jo Jone-navnet komme på moten i Sør-Rogaland. Plutseleg var ein heil gjeng med småguttar med same navnet som meg. I 1976 fekk eg jobb som sommarvikar i Aftenblad-redaksjonen og møtte Johanne Margrethe Johnsen for fyrste gong. Ho la ikkje skjul på kven som hadde berga Jone som guttanavn for kommande generasjonar.

Jone-navnet fekk aldri noko gjennombrot nasjonalt. Dette er stadig eit lokalt navn sjølv om det fekk ei viss utbreiing både i Nord-Rogaland og på Jæren. Men i dag er det ikkje mykje i bruk.

Ein del løgne situasjonar har det blitt med eit såpass sjeldent navn.

Ein gong var eg med som Aftenblad-journalist på ein pressetur i Bremanger Smelteverk i Svelgen. Der var ein haug med journalistar med. Den mest kjende var dåverande Dagsrevyen-medarbeidar Tore Sandberg som i dag er mest kjent som  privat-etterforskar. I tillegg var det ein stor delegasjon med Elkem-direktørar med.

Då me skulle leggja oss om kvelden fekk eg eit flott hotellrom. Eg vassa til anklane i golvteppe-floss. Eg tenkte ikkje over det. Men dei i resepsjonen gjorde store auer då eg leverte nøkkelen om morgonen. - Var det du som heitte Jone. Me trudde du var eit kvinnfolk. Derfor våga me ikkje å plassera deg på hotellbrakka saman med alle dei mannlege journalistane.

I Tana i Finnmark blei dei også overraska då eg kom inn på eit møterom for å gjera unna eit intervju som var avtalt på førehand. Dei trudde eg var reserve for ein kvinneleg journalist-kollega.Men det ordna seg då eg kunne dokumentera at der langt ned i sør brukte dei slike rare mannsnavn.

Eit besøk hjå fastlegen førte til litt forviklingar for nokre år sidan. Den faste mannlege fastlegen hadde ferie og me blei undersøkt av ein kvinneleg utanlandsk vikar. Ho var litt usikker og spurte meg koss lang sjukemelding eg skulle ha. - Det er du som er lege, innvendte eg. - Gi meg ein idé, sa ho. -14 dagar, sa eg og slik blei det. I tillegg fekk eg resept på smertestillande piller.

Eg gjekk rett på apoteket og leverte resepten på disken og sette meg for å venta på medisinene. Plutseleg blei eg kalla bort til disken av ho som hadde fått resepten. - Har du lese det som står her, spurte ho. Det hadde eg sjølsagt ikkje. Ho viste meg papiret. Der sto det at eg skulle bruka pillene mot menstruasjonssmerter.

- Av og til har folk trudd at eg var kvinne når dei berre har sett navnet mitt. Men dette er fyrste gong nokon har tatt feil av kjønnet mitt ved personleg frammøte, sa eg då.