torsdag 29. august 2019

Slo i hel ein bjørn på veg til barnedåp!



Med berre hendene drap lysebuane bjørnen då dei skulle til kyrkja
for å døypa eit barn. Teikning: Kåre Eikeland.


Folka som budde heilt inne i Lysebotn var tøffare enn dei fleste. Ein gong drap dei ein bjørn med berre hendene på veg til kyrkja, mennene frå Lysebotn.


I dag kan du reisa frå Lysebotn til Forsand på ein times tid med hurtigbåten «Lysefjord». For 150 år sidan brukte lysebuane seks timar på å ro til kyrkja på Forsand. Dei sette i veg på fjorden for å døypa ungane sine slik skikken var, men var ikkje alltid klar over om det blei gudsteneste på søndagen. Og i fjellsidene lurte rovdyra, både ulv og bjørn. 
Hurtigbåten «Lysefjord» ved Oanes vinteren 2013. Forsand i bakgrunnen.

Onsdag 11. september skal eg til Forsand og snakka om gamle rutebåtar og ferjer. For moro skuld har eg rota fram litt stoff om koss det var å bu der inne i fjorden i gamle dagar då korkje mobiltelefon eller internett var oppfunne. Dei fekk nok post av og til og det gjekk rutebåt heilt til endes i fjorden somme gonger. 

Det blei ein dramatisk tur då 18 menneske drog frå Lysebotn laurdag 10.oktober 1885 i ein åttringsbåt. Eit tre veker gammalt jentebarn, dotter til Siri og Halvard Auklend, skulle døypast i kyrkja på Forsand neste dag. Folk frå Lyse bruka to dagar når dei skulle til kyrkje. Dei skulle overnatta på Bergevik på Forsand natt til søndag.

I Håhellerlia gjekk det ein bjørn berre eit steinkast frå sjøen. Mennen i båten var rask til å bestemma seg. Dei ville ta bjørnen. Etter ein dramatisk kamp enda bjørnen i fjorden og blei drepen etterkvart. På laurdagskvelden kom kyrkjefolket til Forsand med dåpsbarnet og den daude bjørnen som seinare blei kalla Ingerbjørnen etter dåpsbarnet. 

Bjørnejakta laga reine sensasjonsstemninga på kyrkjebakken på Forsand dagen etterpå. Det blei reine valfarten ned til sjøhuset der bjørneskinnet hang på veggen.

Bildet er henta frå boka «Båten og bygda».
Dei var gode kyrkjefolk i Lyse, men dei hadde ein hardfør kyrkjeveg. Når dei gamle lysebuane rodde til kyrkje på Forsand, med to mann med kvar sitt årepar, rekna dei vanlegvis at det tok seks timars tid frå båtstøa i Lyse til støa på Forsand.

Lysebuane brukte både kykja på Forsand og på Høle. Sommarsdagen kunne det bli ei stråland ferd på fjorden, men det var ikkje berre om sommaren dei skulle til kyrkje eller byen.

Vêret og vindkasta kunne vera livsfarlege mellom fjella i Lysefjorden.

I boka «Båten og bygda», skriven av Jon Bergsåker, blir det fortalt om Marta Lyse, fødd i 1860-åra, som døypte alle dei 12 borna sine i kyrkja på Forsand eller på Høle.

Opptil fleire gonger hadde kyrkjefolket måtta snu då dei kom til Songesand, halvvegs ute i fjorden. Fyrst der fekk dei vita at det ikkje var preik på søndagen, korkje på Forsand eller på Høle. Då var det berre å snu og ro heim igjen med det udøypte barnet.

Det var så ruskut vêr at Tarald Songesand ikkje trudde det ville komma kyrkjefolk innante Lyselandet. Hadde han visst det, ville han rodd inn og varsla om messefallet. Det ville ha vorte i alt fire mils roveg inn og heim for å varsla.

I all si einfelde er det ein stordom frå det gamle grannelaget ein møte i dette kvardagsbilet av den gamle lysebuen, skriv Jon Bergsåker.

Kjelder: Bjørnedrapet skreiv eg sjølv om i ein artikkel i Aftenbladet 5. oktober 2008. Teikninga av Kåre Eikeland sto også der.
Boka «Båten og bygda» er skriven av Jon Bergsåker og utgitt av Høgsfjord Rutelag i 1977.

onsdag 21. august 2019

Hei Donald! Sjå vårt Grønland!


Grønland ligg midt i bildet, rett nord for
Line. Foto: Google.

Hei Donald!
Det er fleire Grønland å sjå på, Donald Trump.
Ikkje bry deg om dei arrogante danskane som ikkje vil selja Grønland til USA. Det er fleire Grønland å sjå på. 
Trur ikkje du er klar over at me har eit hendig lite Grønland her på våre kantar i Rogaland også. Ta deg ein tur nedom Sola når du fyke heim frå Polen i september. Så skal du få ein omvisning både på Grønland og dei andre Lineholmane som ligg rett over Byfj0rden frå oljebasen i Dusavik. Oljebasen har du som amerikanar sikkert høyrt om før. 
På Grønland fanga dei hare i fiskegarn i 1967.

På Grønland er det råd å driva forretning. For 50 års tid sidan blei det drive oppdrett av jærhare på denne øya. Kvar vår blei det sett i land hare her som fekk formeira seg fritt. Vinteren etterpå blei harane fanga inn med fiskegarn og sendte rundt heile landet til ivrige jegrar som var i beit for harar å jakta på. Det skal ha vore ein suksess. 
Det er berre å setja i gang hareproduksjon, Donald. Verda ventar på haren frå Grønland.
Eg har ikkje båt liggjande i Dusavik lenger, men du, Donald, finn heilt sikkert folk her som vil skyssa deg. Difor tek eg med litt opplysningar om Lineholmane og Grønland som du kan visa til dei  som vil skyssa deg. 
På Line har friluftsrådet laga ei god brygge. Eit godt utgangspunkt når ein skal utforska Grønland og dei andre øyane.

Lineholmane kallar ein mylderet av store og små holmar mellom Bru, Sokn og Åmøy. Uansett vindretning er det råd  å finna seg ei lun havn her i ei vik eller bak ein holme.
Då Rennfast-forbindelsen blei åpna i 1992, forsvann ferjene og hurtigbåtane frå dette farvatnet. Dermed er det ingen store og plagsomme sjøar fra rutebåtar å ta hensyn til når dreggen skal i sjøen.
Line er den største holmen og den mest populære. Skålavika er mykje brukt i nordavind. Her er det lunt og godt å bada.
Hvis vinden snur, er Jubavika og Linehavn best. Der får ikkje sønnavinden tak. Begge stader er det varierande dybder. Dermed kan både store og små båtar komma like inn til berget med baugen.
Grønland er også mykje brukt av småbåter. Før var det spesielt på austsida båtene lå. På andre sida var det for mykje ferjesjø. Men nå ligg båtane rundt hele holmen. Også Lineholmen og Lamholmen blir brukt av båtfolk.
Dei fleste småbåtar kjem til Lineholmane sørfrå, fleirtalet frå Stavanger. Frå nord stenger Åmøybrua for dei seilbåtane som treng ein fri høgde på meir enn 16 meter. Brua over Soknasundet er lågare, her er seilingshøgden 6,5 meter.
Krabbeteinene står tett rundt holmane. Det skulle tyda på at det er mykje krabbe. For dei som ikkje er interessert i krabbe, er det viktig å halda aua med teine-tauene. Dei kan lett enda i propellen.
Det meste av skogen på holmane blei planta av skuleungane frå Bru, Sokn og Åmøy i mellomkrigstida.
Line-navnet har eit usikker opphav. Det er lite truleg at det har samanhang med planteslaget lin som i gardsnavnet Line i Time. Kanskje er det noko som er beint, eit sund eller leia. Det kan også ha bakgrunn i fiske med line.
Navn som Grønland, Island og England blir av og til brukt på mindre holmar både i sjøen og innsjøar. Grønland kan også sikta til frodig vegetasjon.
Dette skulle vera nok både for Donald og andre lesarar som er opptekne av både små og store Grønland,

onsdag 24. juli 2019

Malvin Viga er død



Malvin Viga


Malvin Viga frå Hjelmeland er død, 88 år gammal. Dødsbudskapet kjem ikkje uventa på dei som kjende han. I fjor begynte helsa å svikta og det siste halvåret har han vore på sjukeheimen i Årdal.

Malvin Viga var sonen til den kjende notbasen, Mikal Viga eller Litle-Mikal som dei sa på Hjelmeland for å halda generasjonane frå kvarandre. Det var far til Malvin som i si tid gjorde eit av dei største sildafangstane i norgeshistoria. Over 100 000 hektoliter sild tok notlaget frå Hjelmeland ved Kalvåg i Sogn og Fjordane i februar 1950. Det gjekk gjetord om dette varpet. Silda hadde ein fyrstehandsverdi på over ein million kroner. Det var ikkje nettopp småpengar på den tida.

19-årige Malvin var med på dette eventyret. Ikkje rart at både han og den eldre broren, Odd, blei fiskarar lik faren og bestefaren.

Med fiskeskøyta «Margit», oppkalla etter mora til Malvin, deltok Vigarane i alle sesongfiskeria langs norskekysten. Storsild, vårsild og brisling, det gjekk meir eller mindre i ett gjennom åra. 

«Viga» på brislingfiske i Høgsfjorden. Bas Malvin Viga står i baugen på lettbåten. Foto: Aftenbladet.



Viga-karane var både høgrøysta og grove i målet. Det var heilt nødvendig når dei skulle kommunisera seg i mellom på fiskefeltet medan Rubbestad-motorane dunka, fiskereiskapen rausa ut i sjøen og vinden bles. Når fisket sto på, kunne det høyrast tøft ut, men når fangsten var gjorde og alt sikra, var det godslege karar som pusta på og tok vare på kvarandre.
 Viga-karane ville ikkje gi opp. Dei dreiv vidare og jakta på dei fiskeslaga som det var råd å finna. Dei dreiv med sildfiska både i Nordsjøen og på norskekysten. Seinare var dei til og med på juksafiske på Finnmarka.



Fiskeskøyta «Margit» blei i 1957 skifta ut med nybygde «Viga» på 70 fot. Nå sto både faren og dei to brørne som eigarar.

 Men på 1960-talet slo sildefisket totalt feil. Det enda med at storsilda blei freda. I åra som kom var det mange fiskeskøyter som blei kondemnert og senka på djupt vatn.


Odd og Malvin Viga slutta av fisket i 1972 og selde «Viga». Nå prøvde brørne seg med litt av kvart. Malvin dreiv fiske i fjordane med eigen sjark og var industri-arbeidar ein periode. Men det blei aure-oppdrettet på Hundsnes som viste seg å ha framtida for seg. Oppdrettslaks var neste prosjekt med broren Odd og søskenbarnet Mikal N. Viga som kompanjongar. Dette utvikla seg til det som etterkvart blei Ryfisk. Utan Malvin Viga og dei andre Vigarane er det tvilsamt at Hjelmeland ville blitt så stor og viktig i oppdrettsnæringa i Rogaland.
Då Malvin Viga blei pensjonist, selde han seg ut av oppdrettsverksemda og fekk mange fine år som pensjonist. Han var stadig like oppteken av fisk og fisking og heile naturen rundt seg. Villender og svaner samla seg alltid ved brygga til Malvin både morgon og kveld. Det gjekk med tonnevis med gamle brød til fuglane som han aldri drøymde om å jakta på. Ein dyravenn av dei sjeldne.
Via eit videokamera montert i ein fuglekasse på husveggen kunne han på fjernsynet i stova si fylgja sin faste leigebuar, spettmeisen, leggja egg og ruga ut ungar og fora dei opp til skikkelege fuglar.
Malvin Viga var interessert og engasjert i det som skjedde både heime og borte. Du traff han i Hjelmelandsvågen både morgon og kveld og han sette stor pris på besøk på Hundsnes. Ein kopp kaffi var det minste du slapp unna med viss du var innanfor døra.  
Via telefon hadde han kontakt med mange gamle fiskar-kolleger og visste kor det var fisk å få.
Sjølv ringte eg til Malvin av og til for å snakka om likt og ulikt. Han var reine leksikonet når det gjaldt gamle fiskebåtar, motorar, stadnavn på kysten og så vidare. Det blei mange kjekke telefonsamtal gjennom åra.
- Takk for at du ringte, sa han alltid før han la på.
Malvin, takk for at eg blei kjend med deg.

Jone Laugaland





onsdag 17. juli 2019

Aftenblad-lesarane i opprør over pengesløseri!

Mange Aftenblad-lesarar blei opprørt over at me kunne bruka
7562 kroner på ein ferietur til Danmark i1981.


At ein småbarnsfamilie kunne greia å bruka opp 7562 kroner på ein vekelang campingtur i Danmark, fekk Aftenblad-lesarane til å rasa sommaren 1981. Det strøymde inn på lesarbrev og sinte telefonar. Det måtte vera måte på!

Våren 1981 blei eg spurt om eg kunne tenka meg å ta med familien min på telttur til Danmark på Aftenbladet si rekning for så å bretta ut campinglivet vårt i nyskapinga Sommertorget som blei ein fast del av sommaravisa i mange år etterpå. Sjølvsagt sa eg ja til dette tilbudet. Som ein enkel landsens gutt frå Hjelmeland hadde eg aldri vore i utlandet før. 

Turen med regn og sol og besøk i Legoland og ditt og datt blei skildra i ein to veker lang serie i avisa. Det mangla ikkje på positiv repons, men huttetu då pengeforbruket vårt kom på trykk. Heldigvis var det Aftenbladet som tok det meste av rekninga vår, men ligavel.

Trygt tilbake i Hjelmelandsvågen igjen. Bedehuset til venstre bak bussen.
Fjellet Hjelmen til høgre. Det har gjeve staden navnet. 
Klok av skade vil eg ikkje bretta ut pengeforbruket på vår private, fem dagars rundreise i Sør-Norge. Viss me hadde tatt med totalforbruket vårt, er eg sikker på at det hadde meldt seg folk som kunne kjøpt seg bobil og reist på sommarferie til Nord-Norge for same beløpet. Eg er for gammal til å provosera folk. Forresten har me betalt alt sjølv. 

Reisa vår med hurtigbåtar, bussar, jernbane, ein taxi pluss fire overnattingar kom oss på 15 061 kroner. Med unntak av båten på Telemarkskanalen fekk me honnør-billett på alle dei andre kommunikasjonsmidlene. Den dyraste overnattinga hadde me i Aurland. Der rauk det 3600 kroner. Der var alle dobbeltrom opptekne. Men me kunne få kvar sitt enkeltrom. Tenk det du! Etter å ha vore gifte i snart 50 år, låg me på kvar sitt hotellrom og sendte god natt-sms til kvarandre.

Turen blei opplevelsesrik, men det var travelt. Og me drog på altfor tunge ryggsekker. Meiningslaust å ta med regnklede på ein tur som omtrent heile tida føregjekk under tak. Dessutan drog eg på datamaskinen min.

I tillegg kom det ei tjukk bok som reiselektyre. Sidan eg skulle på rundttur i Ny-Norge, hadde eg med meg ein biografi om Ivar Aasen, nynorskens far. Boka som er skriven av Ottar Grepstad, var mykje meir underhaldande enn eg hadde trudd.


Reisemåtane var enklare då Ivar Aasen reiste rundt i landet for å kartleggja talemåtet i vårt vidstrakte land.

Han blei rodd over vatn og nedover elvar. Berre ein gong heldt det på å gå gale. I mai 1845 var han på tur på Ringerike og gledde seg til å kome over Tyrifjorden, for der kunne han få seg ein båttur. Det blei alt anna enn behageleg . Dei to som skulle ro han over Tyrifjorden, hadde med seg turproviant, ei flaske brennevin.

Aasen hadde ikkje noko mot nista, står det vidare.

Turen starta greit, men Tyrifjorden er vid, og midtfjords var eine rokaren blitt snydens. Båten gjekk i alle retningar og heldt på å velta.

Men det gjekk godt med Ivar Aasen også.

Då eg kom tilbake til Hjelmeland, måtte eg slå plenen. Men det er ei heilt anna historie. 

Takk for turen!







mandag 15. juli 2019

Fira speilegg til frokost og kystbuss him!


Hotell-speilegg. Klar, ferdig, hiv inn!


Når du må betala 150 kroner ekstra for hotell-frokosten, er det bare til å hiva inn mat så godt du kan. Kan ikkje leka butikk. Til vanleg et eg to skjever om morgonen. Men på eit av dei flottaste hotella i Bergen må du gløyma nøysomheten. Fira speilegg, bacon, eggerøra og røykelaks. Eg blei stappmett, men er ennå ikkje sikker på om eg greidde å eta mat for 150 kroner.

Radisson-hotellet på Bryggen hadde eg aldri drøymt om å overnatta på. Som det åndsmennesket eg er, fekk kånå lov å styra på med hotell-bestillingar, mens eg sat og tenkte på tull og vas som vanleg. Hordaheimen hadde eg tenkt kunne vera ein passande plass for oss og vår pengetaska. Slik blei det ikkje.

Denne reisinga som me har drive på med desse dagane, har vore ganske slitande for to pensjonistar. Vel innkomne på hotell-rommet seig me i saman klar for å sova. Det blei ikkje mykje utsvevande natteliv på oss.

Segwayen er umissande når du skal gaida turistane rundt i Bergen i full fart. 

Bergen føles ikkje så eksotisk. Me budde i denne byen i fem år i våre unge år og gifta oss i Mariakirken, berre eit steinkast frå hotellet vårt på Bryggen. Det var berre å sjekka seg ut av hotellet og tusla derfrå med dei tunge ryggsekkene våre. Målet var Bystasjonen og Kystbussen.

Sjølsagt skulle me tatt den bergenske bybanen opp til stasjonen. Men den går ikkje over Bryggen. Om den kjem til å gjera det nokon gong, er heilt uvisst. For spørsmålet om bybane forbi dei gamle sjøhusa her på kaikanten er eit av dei mest opprivande, brennbare politiske spørsmåla i denne byen.

For meg som kjørte gamle, ramlande sporveisbussar over Bryggen ufatteleg mange gonger som deltidssjåfør i studietida, er det vondt å forstå. Bilar og bussar susar forbi her uavlateleg, men Bybane er likevel utenkeleg her for mange.

Å traska med tunge ryggsekker gjennom Bergen, frå Bryggen til Bystasjone, er ikkje allverden til tur. Men det er både interessant og tankevekkjande. Talet på turistar har auka formidabelt sidan 1970-talet i byen mellom dei sju fjell. Fortaua var fulle av folk, mange turistbussar i gatene pluss grupper av gåande som blei gaida av garde. På Festplassen fant me ein ledig benk for å kvila oss og bruka litt tid før bussavgangen. Då kom det fyrst turistgrupper syklande. Så kom turistane på Segway. Ikkje berre ei gruppe. Fleire. Manna meg opp og tok eit bilde.

Bli ikkje forundra om bergenserane hisser seg opp over turistflaumen. Viss det skjer, vil me ikkje gå glipp av at høgrøysta bergensarar engasjerer seg.

Klar for siste etappe på rundturen. Kystbussen frå Bergen til Stavanger.


Kystbussen gjekk halv ett frå Bystasjonen. Dette var ein direkte-buss. Rett til Stavanger utan ein ekstra sving om Haugesund. Me var framme på Byterminalen ved halv seks-tida.

Sjåføren imponerte meg. Han hadde rimeleg bra med folk med frå Bergen sentrum og det sto folk på mange stopp utover mot Os. Han stoppa også for å ta med seg folk som sto på feil stopp og folk som skulle på andre bussar. Folk gjekk av og på. Det var ein travel tur. Ikkje ein gong på turen virka han stressa. Eg merka meg at han opplyste at det var 41 passasjerar i bussen både på ferjekaien på Halhjem og på Arsvågen.

Frå Stavanger sentrum til Tasta tok me femmen. Sør-Norge rundt-turen var avslutta klokka seks om kvelden.


Nå gjenstår det berre å skriva om buss-turen him igjen til Hjelmeland!






søndag 14. juli 2019

Full fart til Bergen med «Vingtor» den fjerde

Skjerjehamn er ein tradisjonsrik stoppeplass for Sognebåtane.  I dag er dette
ein møteplass for båtfolk og turistar. Turistane på «Vingtor» fotograferte ivrig
her.

«Vingtor» tok oss frå Aurland til Bergen. Herleg å vera om bord i ein hurtigbåt etter å ha reist lenge og vel med tog, buss og taxi dagen før frå Skien til aller lengst inn i Sognefjorden.

Hurtigbåten brukte fem timar frå Aurland til den var framme ved Strandkaien i Bergen. Det var rimeleg fullt med turistar om bord i «Vingtor» då den gjekk frå Flåm, men det var ikke problem å få seg brukbar plass om bord då den kom til Aurland. Her fekk eg tak i både straum til datamaskinen og internett. Dermed kunne eg laga huldreblogg i 33 knops fart utover Norges lengste fjord.


«Vingtor» går i ruta mellom Bergen og Flåm innerst i Sognefjorden. Her på veg til kai i Aurland.


«Vingtor»-navnet gir ikkje oss gamlingar Sogne-assosiasjonar. Me tenkjer på hydrofoil, flaggrute og på reiseruta Stavanger, Haugesund, Bergen. Men det herskande anbudsregimet gir dei løgnaste resultat. Nå går «Vingtor» til Sogn - og Flaggruta - den er nedlagt.

 Dermed finn du «Vingtor» den fjerde der båtar med navnet «Kommandøren» regjerte.


Med hydrofoilbåten «Vingtor» starta det norske hurtigbåt-eventyret i 1960. Foto: Stavanger Maritime Museum.


Det store hurtigbåt-eventyret starta då hydrofoilbåten «Vingtor» gjekk sin fyrste tur mellom Stavanger og Bergen onsdag 15. juni 1960. Dette var den fyrste norske, rutegåande hurtigbåten og interessa var storarta. Heile landet var med.

Det var dei to nattrute-rederia, Stavangerske og Sandnæs Damp som hadde kjøpt båten og fått konsesjon til å driva denne rutetrafikken mellom Stavanger, Kopervik, Haugesund og Bergen.


Fra Rogalands Avis i 1960.


Navnet blei til etter at det var utlyst navnekonkurranse. Vinnaren var bergenseren Ivar Jan Hansen og navnet blei jo ein suksess.

«Vingtor» blei bygd i Italia av eit verft på Sicilia som var spesialistar på hydrofoilbåtar. Året etter, 1961, kom systerskipet «Sleipner» som blei sett inn i same ruta. Same året kom også Ryfylke-hydrofoilen «Ekspressen» som snudde opp ned på alle begrep om reisetider med fjordabåtane.

Hydrofoilane var raske. Dei hadde ein rutefart på 36 knop når alt klaffa. Det har knapt nok vore så raske rutebåtar i trafikk på kysten etterpå. Men hydrofoilane var ikkje så veldig driftsikre. Mykje tull med dei. - Hydrofeilen, sa vittige tunger. Dei hadde heller ikkje lov til å  gå om vinteren eller i mørket. Det gjekk fleire år før det blei heilårsdrift. Hydrofoilbåtane sto på land på Klasaskjæret i Stavanger om vinteren.

Den fyrste «Vingtor» gjekk i same ruta fram til 1974 då Flaggruta blei etablert. Dette var eit samarbeidsselskap der også rederiet HSD fekk vera med. Hydrofoilen «Vingtor» mista navnet sitt og blei seldt til Kypros.


Westamaranen «Vingtor» var ingen suksess. Dei franske
dieselmotorane laga mykje støy og røyk, men altfor liten
fart. Foto: Johannes Østvold.



Nå starta westamaran-epoken. «Vingtor» den andre blei sett i drift i februar 1974. Det blei etterkvart tre westamaranar i Flaggruta. «Sleipner» kom ein månad seinare og «Draupner» i april 1977.

Desse westamaranane var ingen suksess. Dei franske diesel-motorane skulle gi båtane ein rutefart på 32,5 knop, men dei greidde aldri meir enn 28 knop på sine beste dagar.  Maskinane laga derimot mykje brak og røyk. Dei var også ein god del ute av drift. 

«Vingtor» den andre gjekk i Flaggruta fram til 1988. I 1990 blei den seldt til eit fransk rederi og sett inn rute på Middelhavet til og frå flyplassen i Nice.


«Vingtor» den tredje ved Hurtigbåtterminalen i Stavanger.


Den tredje «Vingtor» hadde navnet «Pattaya Express» då den kom frå Thailand til Bergen i 1996 for å bli sett inn i Flaggruta der HSD nå var eine-eigar. Båten var bygd ved Kværner Fjellstrand, Omastrand, i 1990. Den gjekk i Flaggruta fram til 2010. Då blei den seldt til Hellas. 

Båten som me reiste med frå Aurland til Bergen, «Vingtor» den fjerde, er bygd ved Oma Baatbyggeri på Leirvik på Stord i 2012 saman med systerskipa «Njord» og «Frøya» .Dei går i hurtigbåtrutene mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Båtane kosta 60 millionar kroner pr stk då dei blei levert. Dei har ein marsjfart på 33 knop og har plass til
290 passasjerar.

Turen til Bergen var behageleg. Turistane fekk god informasjon på turen på både engelsk og norsk. Dessutan var det godt med dekksplass ute for turistane som skulle glana og fotografera.


Hunden i Alverstraumen er ein gammal kjenning for alle sjøfarande mellom
Sogn og Bergen. 

Då «Vingtor» kom sørover i Straumane mot Bergen havna båten i kjølvatnet frå ein kollega «Tyrving». Også eit kjent navn for rutebåt-interesserte. Den hadde navnet «Strandafjord» då den var ny i 2000. Den gjekk i Ryfylke under dette navnet då rederiet Torghatten hadde eit hurtigbåt-anbud her. Då Torghatten var ferdig med anbudet, selde dei båten til Norled som skifta navn til «Tyrving». Nå går den mellom Sogn og Bergen Så veit du det.

Strandkaien i Bergen ligg midt i turistvrimmelen i Bergen. Her var det berre til å brøyta seg fram over Fisketorget, forbi Sakken med kurs mot Tyskebryggen og vel så det. 

Det kjem meir om denne turen vår: "Southern Norway in a Nutshell" i løpet av kort tid. Hald ut!






torsdag 11. juli 2019

Huldra kom dansande ut av fossesusen!

Huldra kom dansande ut av fossen. Å hildrande du!



Med langt lyst hår og lang raud kjole dansa huldra ved fossefallet. Ho kom som bestilt, kan du seia. Her hadde me reist halve Sør-Norge rundt utan å sjå ei budeia i bunad. Men så løyste alt seg. På Flåmsbana på veg frå Myrdal ned til Flåm sto det plutseleg ei ekte hulder og dansa ved eit svært fossefall. Alle turistane var vilt begeistra. Eg og forresten.

Ikkje kom å påstå at dette berre er kunstige turistgreier for at alle kineserane skal ha noko å visa fram når dei tømer mobilane sine for feriebilde når dei kjem heim til Kina igjen. Alle me som reiser med Flåmabana vil gjerne tru at huldra er ein del av den rotekte norske naturen.

To amerikansk-kinesiske damer som me traff i går kveld i Aurland, blei så begeistra då dei fekk sjå huldrebildet mitt, at dei bestemte seg for å ta Flåmsbana før dei kjørte vidare mot Bergen. Mine evner som huldrefotograf var større enn eg var klar over, tydelegvis.

Du ser ikkje huldra før du tek Flåmsbana.


Folk som kom i nærkontakt med dei underjordiske, blei aldri seg sjølv igjen. Det var ofte folk som var sjukelege og uklåre. Dessutan var jo dette skapningar som opererte i mørket og tålte lite dagslys og sol. Huldra som me fekk sjå i går, var ute i sola og me kom heller ikkje i nokon nærkontakt med henne. Kor vidt ho hadde hale, fekk eg heller ikkje sett.

Rett nok var eg litt trøtt i går etter å ha reist med tog frå klokka 10 om morgonen. Tog frå Skien til Drammen, buss for tog til Hønefoss. Herifrå gjekk Bergensbanen gjennom Hallingdal til Myrdal. Så eg var kanskje litt trøtt og omtåka då eg såg denne huldra. For kånå såg ingenting. Ho sat på plassen sin inne i vogna og strikka.

Mykje skogutsikt i Hallingdal. Her må motorsaga fram!

Mange seier at Hallingdal er så vakker og togreisa gjennom dalen er så flott. Men det er jo altfor mykje skog som stengjer for utsynet. Er det ikkje nokon som kan utstyrast med motorsag og øks slik at det går an å få sjå meir av stabbur, raude løer og gardshus som har klort seg fast i dei bratte dalsidene.

Alltid grunn til å passa seg. Også for sportsfiskarar i
Aurland.
Turen enda på ei heilt spesielt hotell oppe i Aurlandsdalen med 10 rom og 20 gjester. Kånå og eg var dei einaste norske mellom gjestene. Her var det amerikanarar, australiarar og diverse europearar.

Dei sat med store auer og gapande munn då me fortalte at mange nordmenn reiser til utlandet i ferien. - Reiser dei vekk frå dette vakre landet i ferien, spurte dei.

På 1980-talet var det veldig populært blant rogalendingar å reisa på busstur til Rüdesheim i Rhindalen. Ein jørpelandsbu fekk sjokk då han kom i snakk med tyske turistar på den lokale campingplassen. - Tenk dei bur i Rüdesheim og så kjem dei her på ferie, fortalte han til alle som ville høyra på.