søndag 10. september 2017

"Stordøy"-skipperen fekk hus-arrest etter villvest på Island


Snurparen "Stordøy" med last. Bildet tilhøyrer Kjell Bøen.  
- Du skal ikkje ut på fiske meir i år. Nå skal du vera heime med meg i Erfjord og komma til hektene.

Skipperen på snurparen "Stordøy", Erling Bøen, var vane med å styra om bord, men når han kom heim til kona var han ikkje like høg i hatten. Ingen tvil om kven som hadde siste ordet der.
Nå skal du får høyra om då fru Sigrid slo i bordet i juli 1956.

Sigrid og Erling Bøen seilte mykje saman på "Stordøy". Skipperen hadde tydelegvis respekt for kona viss ho slo i bordet.
Bildet er frå den siste turen "Stordøy" gjekk i lasterute for Stavangerske til Sauda i desember 1978. Eige bilde. 

Fisket begynte strålande dette året. "Stordøy" fekk ein samla fangst på 27.000 hektoliter på vintersildfisket. Eit kjemperesultat.

- Eg følte meg søkkrike etterpå då eg hadde fått oppgjer for turen, fortel Arne Kåre Stensland som tykte han var heldig som hadde fått vera med "Stordøy" på fisket denne vinteren som 19-åring. Han var også med Island om sommaren.

"Stordøy"-skippen kan ha blitt sugen på nye  bragder. Islandsfisket venta utpå sommaren. Skipper Erling Bøen hadde vore fem-seks somrar på Island og gjort det godt. Men kanskje utan å ha sett skikkeleg spor etter seg.

Målet for sesongen 1956 blei klart på veg til Island i juli. "Stordøy" skulle vera fyrste båt tilbake frå Island med full last i juli. Då ville dei setja seg skikkeleg i respekt. Komma i aviså og greier.

Haugesundssnurparen "Kvalen" var ein frykta konkurrent i kampen om å
komma fyrst heim frå Island med last. Bildet tilhøyrer Kjell B. Sønstabø.

Anders Leirvik gløymer ikkje turen til
Island med "Stordøy" i 1956.
- Skipperen hadde sett seg ut snurparen "Kvalen" frå Haugesund som den farlegaste konkurrenten i kampen om å komma fyrst heim igjen med sildalast, fortel Anders Leirvik som også var på "Stordøy" dette året. Leirvik er også opprinneleg erfjordbu og var med Bøarane på fiske fleire år i sin ungdom. Han er fødd i 1935 var 21 år i 1956.

Tre veker gjekk det frå "Stordøy" var klargjort for islandstoktet og fram til snurparen kom heim igjen med last. På sildebankane utanfor Island blei det for det meste fiska med drivgarn. Men snurparane prøvde seg også med snurpenot fyrst på sommaren. "Stordøy" hadde gjort to turar same sesongen fleire år. Fyrst ein tur med snurpenot, deretter tilbake med drivgarn i august.

Knallhard jobbing venta på "Stordøy"-mannskapet på islandsbankane. Dei kasta etter sild og håva deretter fangsten opp og tømde den på dekk der dei bearbeida silda og salta den ned i tønner. Kvilepausane blei svært korte medan sildefangsten blei oppgjort. Opptil 40 timar i strekk blei det jobba før trålposen som låg langs skutesida var tømd. Først då var det aktuelt å sova.

- Tre timar kunne me få sova før me kasta etter sild igjen, fortel Anders Leirvik.

Erfjord-fiskarane fekk ikkje sjå mykje av Island denne sommaren. Dei var så vidt innom til kai i Seydisfjord ein tur.

Sildefisket og jobben med å gjera opp fangsten og salta den ned i tønner måtte gjerast utanfor den islandske fiskerigrensa. Dei islandske vaktbåtane slo hardt ned på brot på desse reglane.

Arne Kåre Stensland 
- Sjølv når det var vindstille og havblikk hadde dei norske båtane ein tendens til å reka mot land medan dei gjorde opp fangsten. Eg hugsar ein gong då me jobba for harde livet på dekket. Då skreik bestmann Øystein Førre ut frå styrehuset: Islandsk vaktbåt! Han skimta islendingen eit stykke unna i havskodda, fortel Arne Kåre Stensland.

Fiskarane som sto i fullt arbeid, kasta seg på dekket og kraup fram i lugaren forut og kraup til køys med oljehyrene på seg. Litt av eit syn.

Til all lukke for "Stordøy", rek båten deira bak Karmøy-snurparen "Lyn" der arbeidet på dekk gjekk for fullt då islandske vaktbåten kom over dei. Erfjordbuane slapp med skrekken.

- Altfor lite søvn og altfor mykje arbeid. Det gjekk langt over alle støvleskaft. Me sto ved sida av kvarandre og jobba. Skifta på å dra sloa ut av silda og kappa hovuda av. Sigurd Erfjord sto på sida av meg og jobba. Plutseleg skreik han ut: - Kor i h....... er Arne Kåre? Eg har ikkje sett han på lenge. Men eg sto rett på sida av han.

Sigurd Erfjord på islandsfiske.
Skipperen var minst like trøytt som dei andre. - I medisinkista har eg energi-piller. Skal me prøva dei, spurte han. Det blei med spørsmålet. Heldigvis. Det kunne vore livsfarleg for dei overtrøytte karane. Etter det eg har forstått er slike piller strengt forbudt i dag.

Dei sukka letta ut då dei var full-lasta og ferdigfiska.

- Erling Bøen sovna med hovudet ut glaset i styrehuset. Me fekk hjelpt han til køys. Han sov i timesvis etter at "Stordøy" hadde sett kursen heimover igjen, fortel Anders Leirvik.

"Stordøy" kom heim frå Island i andre halvdel av juli som den fyrste norske fiskebåten i 1956. Skipperen hadde greidd det han drøymde om.

Men det var ein strek i rekninga. Kona Sigrid oppdaga kor utsliten Erling Bøen var. Ho la ned veto mot ein ny tur. "Stordøy" blei liggjande heime i Erfjord like til nyttårstider. Erling Bøen fekk tid til å vera familiemann.

Anders Leirvik og ein av dei andre karane var innstilte på ein tur til. Dei drog til Stavanger og fekk plass på Bjelland-snurparen "Sardinen" som skulle på ein ny tur til Island. - Men den turen angra eg på. Me fekk uvêr og mista det meste av dekkslasta på veg heim, seier Anders Leirvik.

I dag høyrest det jo heilt ekstremt ut at desse fiskarane jobba på denne måten om bord i
"Stordøy".  Men dette var nok ikkje noko uvanleg for fiskarane i dei tider.

Laurits Eidesvik, den kjende fiskaren og seinare skipsredaren frå Bømlo skal ein gong ha sagt følgjande: - Viss du ikkje er millionær til du er 30 år, kan du berre gløyma det. For då er du utsliten.




lørdag 19. august 2017

"Årdalsfjord" med damp, dieseldur og baugpropell!

Rutebåten "Årdalsfjord" kjem til Stavanger i rute for siste gong
21. juli 1980. Foto: Aftenbladet.


Tre ulike fjordabåtar har gått i Ryfylkefjordane med navnet "Årdalsfjord".   Dette er det einaste navnet som Jøsenfjord Rutelag bruka tre gonger. Svært viktig å vita viss ein skal kunna diskutera fjordabåt-soga med den rette autoriteten.

Jøsenfjord-selskapet kjøpte den fyrste "Årdalsfjord" i 1924. Det var i sanning ingen ny båt. Dampbåten var bygd i Trondheim i 1877 og fekk då navnet "Robert". Kva blir Robert bakvendt? Jo. Nettopp. Trebord. Den var bygd i tre på jernspant. Altså ein trebåt. 

I si fyrste tid gjekk båten i ruter i Trøndelag. Men den var også bortleigd til Postverket og frakta post til Finnmark. 


"Årdalsfjord" den fyrste ved kai på Helgøy i Årdalsfjorden.

I 1892 blei "Robert" seldt til Ryfylke Dampskibsselskab med Tore Underbakke som styreformann. "Robert" blei sett inn i rute Sauda - Sand - Stavanger i konkurranse med Stavangerske. 
Stavangerske lika ikkje konkurransen. Dermed blei det oppvask då dei oppdaga at DSD-ekspeditøren på Sand arbeidde for konkurrenten. Men ekspeditøren disponerte einaste bryggja på strandstaden. Dette førte til at DSD sparka mannen og bygde ei eiga brygge og tilsette ny ekspeditør.

Stavangerske tok etterkvart knekken på konkurrenten og overtok "Robert" i 1897. Den gjekk i alle slags ruter i Ryfylke og var den fyrste båten som gjekk gjennom slusa i Skjoldastraumen då den åpna i 1908.

"Robert" var ingen racebåt. Nysmurt og i trimmen greidde den nesten ni knop, men i motvind dabba farten fort.

Trebåten "Robert" som nå var blitt til "Årdalsfjord" og sett inn i Årdalsruta der den blei gåande fram til 1934. Då hadde Jøsenfjord Rutelag kjøpt dampbåten "Lindesnæs" og gitt den navnet "Jøsenfjord"." Denne båten fekk dieselmaskin og var ein av dei raskaste rutebåtane i Ryfylke ei tid i 1930-åra. Jøsenfjord Rutelag konkurrerte med rutebåten "Eira" i Årdalsruta og på Tau møtte dei DSD. Dei trong fart. 

Trebåten "Årdalsfjord" blei nå gåande som reservebåt. Den hadde ein maskin på 110 HK og var billig i drift. Men i 1940 var det slutt. Nå var "Årdalsfjord" akterutseilt og blei nedrigga til lekter. Brødrene Anda overtok som eigar.   Lekteren blei seinare senka i Pinå utanfor Bybrua i Stavanger. 

Jøsenfjord Rutelag trong ny tonnasje etter krigen. I 1946 reiste folk frå selskapet saman med kolleger frå Høgsfjord Rutelag til Malmø. Der overtok dei systerskipa "Gylfe" og "Gefion" som låg i opplag der. Dei hadde tidlegare gått i rutefart mellom Malmø og København. Nå venta Ryfylkefjordane.

"Årdalsfjord" den andre var Jøsenfjord-båt fra 1946 til 1951. Du ser kaptein Knut Øye på brygga  på Randøy.


"Gylfe" blei til "Årdalsfjord" og "Gefion" blei "Lysefjord". " Den siste blei gåande i Høgsfjorden og Lysefjorden til utpå 1980-talet. "Årdalsfjord", derimot, fekk eit kortare opphald i våre fjordar. 

Jøsenfjord-selskapet fann "Årdalsfjord" lite brukande som rutebåt. Den første sommaren gjekk den mykje i turistruta Stavanger - Vadla. Elles gjekk den som reservebåt. Den hadde verken vinsj eller lasterom og harde trebenker i dei to salongane. 

All last måtte plasserast på dekk. Det er fortalt at ein gong gjekk "Årdalsfjord" frå byen med ein slåmaskin hengande i livbåt-davitane. 

Johannes Langvik frå Tau var den fyrste kapteinen på båten. Seinare overtok Knut Øye frå Randøy. 

I 1951 selde Jøsenfjord-selskapet "Årdalsfjord" vidare til Bergen. Der gjekk båten mellom Askøy og Bergen, først som "Askøy" og seinare som "Kvarven". 
Den blei opphogd hjå Brødrene Anda i 1976. 

"Årdalsfjord", den tredje og siste, blei sett inn i rute i juli 1953. Tilsynelatande ein ny og moderne fjordabåt, men også denne båten hadde ei fortid. Den var bygd som slepebåt i Kønigsberg (Kaliningrad) i Tyskland og kom til Norge etter fyrste verdenskrig. Den blei ombygd til rutebåt. Med navnet "Duen II" gjekk den i indre deler av Oslofjorden fram til 1952. Båten blei seldt til opphogging og skulle gå til England der den skulle omgjerast til spiker. Men styresmaktene meinte den var altfor god til å bli opphogd.

Dermed enda den i Stavanger der Jøsenfjord Rutelag hadde store planar. Dei skulle byggja den tidlegare dampbåten om til ein rask fjordabåt som skulle gjera livet surt for Stavangerske og "Fjordbris" i Tau-ruta. 

- Eg gløymer aldri den dagen då me gjekk prøvetur. Vonbrotet var stort for alle involverte. "Årdalsfjord" ville ikkje greia høg nok fart til å hamla opp med "Fjordbris", fortalde maskinist Lars Holmen frå Randøy. Han arbeidde som ung mann på Jøsenfjord-verkstedet på Buøy i Stavanger og var med på å klargjera "Årdalsfjord" for fart. 

"Årdalsfjord" og Jøsenfjord-selskapet kom på defensiven på Tau. Dei mista retten til å bruka ferjestøa på Tau i 1960. Men då kom mottrekket:

"Årdalsfjord" den tredje var Jøsenfjord-båt frå 1953 til 1976. Dei siste fire åra som rutebåt tilhøyrde den DSD.
Foto: Norsk Maritimt Museum.


"Årdalsfjord" blei den fyrste fjordabåten i landet med baugpropell. Dermed snudde båten akterenden til Tau-kaien og lasta bilar raskt og effektivt. Med ein gong bilane var om bord, var det full fart forover mot byen. Konkurrenten måtte bakka ut av ferjestøa og snu før den kunne hasta etter "Årdalsfjord".

I 1964 var det slutt. "Årdalsfjord" slutta å gå til Tau og Årdal. Den blei erstatta av gamle "Fisterfjord" som gjekk  der til ruta blei nedlagt. 

Nå blei "Årdalsfjord" gåande i den såkalte nafta-ruta på Fisterøyane og Ombo. 

- Baugpropellen blei berre brukt viss ein skulle setja akterenden inn mot kaien eller i dårleg vêr ved enkelte kaiar. Men maskinisten måtte vera i godt humør. For det gjekk mykje straum til baugpropellen. Dermed måtte ein ekstra hjelpemotor setjast inn ved slike høve, fortel Steinar Warland som var på "Årdalsfjord" frå 1964 til 1978.

Frå 1. januar 1976 var "Årdalsfjord" Stavangerske-båt. I den tida gjekk den mest i Sjernarøy-ruta. 21. juli gjekk båten sin siste tur som rutebåt.

"Årdalsfjord" hadde tre kapteinar som Jøsenfjord-båt: Ola Hagen, Olav Erøy og Selmer Halsne. I Stavangerske tida var Sigurd Døskeland, Enok Dalaker og Bjarne Erfjord kapteinar. Og mange hugsar nok stadig Henry Ur som mangeårig matros.

Seinare havna båten på Kypros. Den blei herja av brann i 1987 og opphogd i 1989.

Det var tre "Årdalsfjord"-versjonar. 

Ha ei fin helg!

(Det meste av opplysningane om dei to fyrste båtane har eg henta frå Magnus Torgersen si bok "Fjordabådane".)



mandag 31. juli 2017

Frå "Rennesøy" til "Hidle" og "Frances Barkley" i Canada


Gamle "Rennesøy" og "Hidle" er nå i trafikk som "Frances Barkley"
i Canada. Foto Kjell Bøen.


Eit lite pling-plong i mobiltelefonen min: Der skein brått ein gammal kjenning opp. Den gamle "Rennesøy", seinare "Hidle", blank og fin. Fotografert av Kjell Bøen frå Erfjord på ferie i Canada. Sidan 1990 har den gamle fjordabåten frå Ryfylkefjordane seilt på den canadiske vestkysten med navnet "Frances Barkley" og Port Alberni som heimehavn. Du kan vassa i oppdatert informasjon og bilde av båten på internett viss du guglar litt.

Sjølv har eg 50 år gamle, sterke, minne frå gamle "Rennesøy". Som skulegutt var eg så heldig at eg hadde fått kremjobben som sommarmatros på fjordabåtane. Godt med pengar til å gå  på skule for om vintrane. I august 1967 var eg etter eigen oppfatning ein erfaren sjømann. Sommaren før hadde eg seilt på "Hjelmelandsfjord" mellom fjordane og byen. I 1967 hadde eg hatt to månader på den nesten heilt nye Tau-ferja "Strand".

"Hidle" på veg til kai på Østhusvik i februar 1986. Foto: Jon Ingemundsen.

På "Strand" var det ikkje meir ferie å løysa av. Dermed blei eg sendt på mannskapskontoret til Stavangerske for å få avregninga. Men mannskapssjef Kyviks assistent, Per Samuelsen, ville ikkje at eg skulle reisa heim ennå. Det var jo nesten ei veke til eg skulle begynna på skulen på Bryne igjen. - Kan du ikkje gå om bord i "Rennesøy" nokre dagar. Den går til Kvitsøy og Skudeneshavn i turistruta. Der vil du sikkert finna deg godt til rette, meinte Samuelsen.

Eg slo til, kan du skjøna.

Om dette var lurt, begynte eg snart å tvila på då eg kom på kaien i byen.

Då "Rennesøy" kom til Stavanger, skulle den ha vore halvveis til Kvitsøy igjen, ifølge rutetabellen. Kaptein Ordin Nesvik hang over bruvingen og dirigerte likt og ulikt både om bord i båten og på kaien. Her var det inga tid å mista. Last, folk og tyske bilturistar blei føysa om bord så fort det let seg gjera. Deretter var det å hiva laust og setja kursen mot Kvitsøy og Skudenes.

Styrmann Alf Hatleskog gir Randi Nordhus ei hjelpande hand på landgangen på Østhusvik i februar 1986.
Foto: Jon Ingemundsen. 


Nå venta det nye og ukjende oppgaver for meg. På Tau-ferja drakk me kaffi og slappa for det meste av mellom kaiane. Slik var det ikkje på "Rennesøy" på veg ut Byfjorden. Nå skulle dei tyske turistbilane på akterdekket surrast. Vêret på Skudefjorden var ikkje betre enn det måtte vera. Bilane måtte sikrast før sjøgangen begynte etter Kvitsøy.

Eg som kom frå dei indre deler av Hjelmeland, hadde knapt sett ein dønning før. På Skudefjorden var det krappe sjøar med skum på toppane. "Rennesøy" slingra stygt. Sjøl kjende eg fort at eg måtte mata krabben. Det gjorde eg også. Men måtte kjempa meg til å jobba. Det var matrosane sin jobb å dela ut og samla inn spykorger til dei tyske turistane. Spykorgen minte om jordbærkorger i kvit papp. Men dei var kledde med aluminiumsfolie på innsida.

- Viss vêret blir dårlegare nå, går me ikkje tilbake til Stavanger i kveld, sa skipperen.

Matrosane Audun Nilsen og Børre Lyse var på
"Hidle" i 1986.


 Etter mitt syn var vêret spinngale, men skipperen tykte ikkje det bles nok. Me gjekk ein rundtur til før det blei sein kveld i Skudeneshavn.

Mine framtidsdraumar om å bli sjømann, fekk seg ein knekk på dei to dagane om bord i rutebåten "Rennesøy". Sjeldan har eg vore så glad for å komma heim til Laugaland igjen.

Fredag 7. november 1958 var ein stor dag på Rennesøy. Då blei den flunkande nye rutebåten "Rennesøy" til 1,5 millionar kroner sett inn i ruta si. Dermed var den gamle, trufaste dampbåten "Øybuen" endeleg erstatta etter over 30 år i ruta. Ordførar Olav Bø i Rennesøy var sikker på at det ikkje ville gå mange år før båten blei for liten i denne ruta. Han fekk rett.

Den gamle Rennesøy-ruta var ikkje nokon kvileheim for avdanka sjøfolk. Ruta hadde desse kaiane i 1958: Sørbø, Utstein Kloster, Mosterøy, Vikevåg, Dale, Askje, Vestre Åmøy, Sokn og Bru. Her var det eit evig bal for matrosane med krettur, melkespann, mjølsekker og tomatkassar. Likevel heldt mange av matrosane ut i åravis. Fredrik Løvik, Sverre Skipanes, Inge Eiane og Hjalmar Galta var mellom dei.  Leia var urein og vêrhard. Dei på brua hadde også sitt og stri med. Ordin Nesvik var kaptein i mange år. Torger Helgesen var styrmann og andreførar.

"Rennesøy" fekk lite fred i ruta si. Sommaren 1959 blei den teken ut av Rennesøy-ruta og sett inn i turistruta på Kvitsøy og Skudeshavn. Systerskipet "Skudenes" hadde innebygd dekk og hadde ikkje plass til bilar. Den blei send til Ryfylke på sommarferie. "Rennesøy" og "Sjernarøy" bytta på sommarruta på Skudefjorden, men eg veit jo sjølsagt at det var "Rennesøy" som gjekk der sommaren 1967.

Tor Halsne var kaptein på "Hidle" i 1986. Foto: Jon Ingemundsen. 


I 1966 overtok rutebåten "Sand" i Rennesøy-ruta. Den var større og hadde meir plass både til last og bilar. "Sand" var sein og hadde store problem med å halda ruta til Rennesøy, men den blei gåande der fram til den nye ferja "Rennesøy" kom i 1969. Då hadde den 11 år gamle rutebåten skifta navn til "Hidle".

"Hidle" blei sendt rundt i alle slags ruter i fjordane i dei 20 år som nå kom. Det var "Hidle" som overtok hjelmelandsruta då "Hjelmelandsfjord" gjekk i opplag 1978. Seinar gjekk den i lasteruta på Sauda utover i 1980-åra etter at den nye og moderne lastebåten "Fjordlast" blei for dyr i drift.

I 1986 song også denne ruta på siste verset. Aftenbladet laga ein heilsides reportasje om båten og ruta. Den var laga av journalist Finn Våga og fotograf Jon Ingemundsen. Det er bilda frå den reportasjen eg har brukt i denne bloggen.

Viss andre har bilde som viser båten som "Rennesøy", tek eg gjerne mot det med takk.



Aftenbladet sin "Hidle"-reportasje 15. februar 1986.





















mandag 24. juli 2017

Nå skal råtaskapen vekk på "Kløver"

Paul Sverre Fyljesvoll har gjort "Kløver" til eit familieprosjekt. Her har han med seg barnebarna Andre og Sondre Hjorteland og svigersonen Helge Hjorteland på jobb med å få rekkestøttene på plass. 

Arbeidet med å føra melkebåten "Kløver" tilbake til fordums glans pågår nå med liv og lyst i Erøyvik i Erfjord. Paul Sverre Fyljesvoll som fekk den 62 år gamle båten av den tidlegare svenske eigaren, har nå engasjert heile familien sin i restaureringsarbeidet.

Erfjord har fått ein ny turist-attraksjon etter at "Kløver" kom heim til Erfjord i september i fjor.  Nå står båten på land berre eit steinkast unna staden der den blei bygd i 1955.

- Eg har merka stor interesse for båten. Sjølv er eg stort sett nede og jobbar på båten kvar dag, Omtrent dagleg kjem det folk som vil sjå båten og snakka om arbeidet som blir gjort. Mange har tips og gode råd. Det er ein grønnskolling som meg takksam for, seier Paul Sverre Fyljesvoll.

Nytt stevne i eik har Helge Hjorteland laga. Sonen Andre
er også engasjert i "Kløver".


Dei fleste rekkestøttene er nå fjerna frå baugen og bakover til styrehuset og salongen. Det same er ein god del av dekket og ein del av hudplankane. Tilstanden på den bakre delen av båten er ikkje heilt avdekka ennå, men til denne tid ser båteigaren heller lyst på det. Fleire ekspertar som Paul Sverre Fyljesvoll har snakka med, har sett mykje verre råtaskap enn dette på gamle trebåtar.

- Framstevnen er flunkande ny. Naboen min, Olav Lovra, kom med ein svær, fire meter lang eikeplanke som han gav meg. Den har svigersonen min, Helge Hjorteland, forma og fått på plass. Han har også vore mann for å skjera ut dei mest kompliserte rekkestøttene, seier Fyljesvoll.

"Kløver"-eigaren utdanna maskinist og er så hendte at han får til det meste av praktiske gjeremål. I tillegg har han ei dotter og to svigersønner som alle er utdanna møbelsnikkarar. For ikkje å snakka om barnebarna. Dei får til det meste og har vore til god hjelp.

Barndomskameraten Olav Erfjord er også ein ressursperson for "Kløver"-eigaren. Han har stilt slippen på sin eigedom til disposisjon og er innom dagleg for å gi meir eller mindre gode råd i arbeidet. Ein god del av tømmeret som er brukt til å laga rekkestøtter og plank kjem frå Olav Erfjord sin skog. Men tømmeret gjekk fort unna. Så nå er det ikkje lenge før karane skal på skogen igjen.

- Eg fekk bakover-sveis då eg fekk prisen på skipsspiker. 400 kroner betalte eg for 18 spikrar. Nå går eg over til franske treskruar. seier skipsredaren.

Kona Solveig har gjeve Paul Sverre frie tøylar til å ta seg av "Kløver".  Men ho stilte krav om at to rom i huset skulle innreiast ferdig før han starta på båten. Dette var eit prosjekt som hadde lege litt på vent i fleire år. Men det gjekk fort unna då det var fare for at dette kunne stoppa "Kløver"-jobben.

- Men det er vel andre ting som får lida for denne "Kløver"-gløden din?

- Eg har teke det litt roleg i hagen i år. Kålplantene mine har gått ad undas. Men det skuldar eg nå mest på vêret, seier båteigaren som feira 70-årsdag tidlegare i år. Han utelukkar ikkje at 75-årsdagen blir feira med fjordtur med ein flaggpryda "Kløver". Den som lever får sjå.

For ein godt vaksen erfjordbu er det ingen båt som kan måla seg med "Kløver". Eigaren var erfjordbu, Magnus Fuglestein. Den var bygd av erfjordbuar på Erøyvik båtbyggeri på Erøy. Ruta gjekk frå Erfjord om Jelsa til Sand. "Kløver" frakta erfjordbuar pluss melk og varer til og frå den heimslege fjorden. Dessutan: Den var jo så fine!

I 1966 blei "Kløver" innhenta av nye tider. Den blei erstatta av ein melkebil då Ryfylkevegen kom. Sidan blei båten seldt til Sverige. 

Erfjord har fått ein ny turistattraksjon. Dagleg kjem det folk framom
som er interesserte i å sjå og høyr koss det går med "Kløver"









tirsdag 18. juli 2017

Dampbåten "Haukelid": Hål i skutesida tetta med dyne og betong

"Haukelid" ved Talgje i 1913. Foto: Wilse.


- Eg slo alarm då matroslugaren forut på gamle "Haukelid" var full av vatn. Skipperen kom stormande til og tetta hålet med ei dyne. På verkstedet til Stavangerske på Klasaskjæret reparerte dei skadene med betong.  Eg tenkte på dette av og til når me var ute i dårlig vêr. Jernplatene i den gamle båten var ikkje betre enn dei måtte vera. "Haukelid" sprang lekk i isen i Skjoldafjorden ein gong.

Den då 80 år gamle Bjarne Nylund frå Rennesøy fortalte meg i 2006 om si tid som ung matros om bord i den gamle rutebåten "Haukelid". Han kom om bord som 18-åring i 1944. Der blei han verande til båten blei teken ut av rute i 1950.

Stefaren hans, Edvard Høyvik, var båtsmann om bord, og han ordna jobb for unge Nylund.
"Haukelid" hadde rikeleg bemanning: På dekk var det kaptein, styrmann, fast rormann, båtsmann og to matrosar. I maskinen var det chief, maskinist, donkeymann og fyrbøtar. I tillegg var det stuert og kokk.

"Haukelid" ved iskanten i Saudafjorden. 

"Haukelid" er super-veteranbåten i Stavangerske-flåten. Den dampa rundt i Ryfylke i 81 år, frå 1869 til 1950. Som 75-åring var damparen stadig ein av dei raskaste lokalbåtane selskapet hadde til rådvelde. Rett nok var  "Fjorddrott" og dei to "Ekspressane" komne i 1939, men det var dei gamle dampbåtane som var ryggraden i fjordatrafikken fram til etterkrigstida.

"Jøsenfjord" frå Jøsenfjord Rutelag blei ein lei konkurrent for Stavangerske i Tau-ruta utover på 1930-talet. "Haukelid" blei satt inn i Tau-ruta for å møta konkurransen. Denne dampbåten hadde ikkje problem med å halda 12 knop. Men dette var ein skikkeleg "kålslugar". Det gjekk 40 tønner kôl på ein tur frå byen til Sand.  

Bjarne Nylund gjekk om bord i "Haukelid" i 1944.
Han var matros i DSD i heile sitt arbeidsliv. Her på
ferja "Rennesøy"

Det blei ei intens kappkjøring mellom Stavanger og Tau. Alle om bord var krye når vi kom fyrst til Taukaien. Viss det var passasjerar til Lindøy, måtte "Haukelid" stoppa i Lindøysundet for å setja folka over i ein ventander robåt.  Men dersom det ikkje var passasjerar til Lindøy, gjekk me full fart mens me heiv post og aviser over bord for ikkje å tapa i konkurransen med "Jøsenfjord", fortalde Bjarne Nylund i 2006.

 Nylund døde i 2011, 85 år gammal. Sonen hans, Egil, var direktør i Stavangerske i mange år. Ein skal ikkje ha mykje fantasi for å forstå at det var ein stolt matros-pensjonist som opplevde at sonen blei toppsjef i selskapet. 

I Bjarne Nylund si tid var Kristoffer Asheim kaptein om bord i "Haukelid". Olav Høyvik og Ordin Nesvik var styrmenn. Ragnvald Evensen var chief. Han omkom då "Sandeid" forliste i desember 1951. Olav Bergsagel var stuert.  Seinare var han på "Fjorddrott" i mange år.

Ingen i dag kan forklara kvifor denne båten fekk navnet «Haukelid». Den ble døypt eit år etter at bygginga av riksvegen over Haukeli var starta, men før fjellstova på Haukeli var åpna. Stavangerske har hatt fleire lastebåtar med navnet "Haukelid" etter at den fyrste "Haukelid" blei teken ut av drift.

"Haukelid" hadde denne mandagsruta i 1900: Frå Stavanger kl. 10 formiddag, Tou, Alsvig, Kjøllevig, Fiskaaenn, Nordskaar, Aardal, Sigmundstad, Fister, Ølesund, Hjelmeland. Vidare Skiftun, Knudsvigen, Hebnes, Askvig, Vormestrand, Imsland, Hoggenvig, Vikedal, Sandeid, Ilsvaag, Sandvig, Nising, Elfervig, Yrke, Straatvedt, Raunesholmen og Ohmsosen (Vats) klokka halv åtte om kvelden.

Gamle "Haukeli" malt av M. Hauge.


"Haukelid" blei bygd ved Bergens Mek. Værksted, Bergen, for Stavangerske. Levert i mai 1869. Navn: «Haukelid». Sett inn i rute på Ryfylkefjordene. Gjekk mest i Vindafjord og Skjolda-ruta, men blei også brukt i dagrute på Bergen. Fra 1910 ble den brukt som reserveskip.

Under fyrste verdenskrig var "Haukelid" patruljeskip ved Kristiansand. I heile mellomkrigstida tilbake i fjordafart. Blei seld i 1950 til Haugesund Sildolje- og Fodermelfabrik og ombygd til losjiskip og omlastingsfartøy for sild. Nedrigga til lekter og omdøpt til "Storøygrabb". Sokk i Måløysundet vinteren 1953. Seld til Brødrene Anda, Stavanger og hogd opp samme år. Maskineri: Dampmaskin 47 nhk. Gav ein rutefart på 12 knop.

Mål: Lengde: 32,3 meter. Bredde: 5,25 meter. Tonnasje: 143,3 bruttotonn

onsdag 12. juli 2017

"Skudenes"? Ka e gale med"Kvitsøy"?

Ein elska fjordabåt - "Kvitsøy" - blei takka av i Skudeneshavn 1. april 1957.
Foto: Stavanger sjøfartsmuseum.

Indignasjonen steig til uante høgder på Kvitsøy for 60 år sidan då det kom for dagen at Stavangerske hadde avgjort at den nye rutebåten mellom Stavanger, Kvitsøy og Skudeneshavn skulle døypast "Skudenes".  - Kva er gale med "Kvitsøy"? Kvitsøy-patriotane fekk eit slags plaster på såret då Stavangerske same året døypte ein ny kystlastebåt for "Kvitsøy".

Gamle "Kvitsøy" var høgt elska og hadde eit formidabelt ry som god sjøbåt. Den gode, gamle dampbåten seilte gjennom to verdenskrigar. Den hadde også kollidert og gått til botnar i Haugesund ein gong. Men den var snart i fart igjen.

Søndag 1. april 1957 var ein festdag i Skudeneshavn. Den nye rutebåten "Skudenes" var på presentasjonstur. Avløysaren til dampbåten "Kvitsøy" var endeleg på plass. Den nye båten hadde kosta Stavangerske 1,5 millionar kroner og DSD-direktør Erling Aanensen håpa at den den nye båten ville bli ein verdig avløysar for gamle "Kvitsøy".

Aftenbladet bruka mykje plass på hendinga i Skudeneshavn. Men det sto nesten like mykje om gamle "Kvitsøy" som om den nye "Skudenes" som var spesialbygd for den vêrharde ruta over Skudefjorden. Den nye båten blei nok heller aldri elska og omsnakka på same måten som den gamle dampen.

"Kvitsøy" på vei ut frå Skudeneshavn for siste gong. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum. 

"Kvitsøy" blei bygd på Kockums mekaniske Verkstad i Malmø i 1878 for Stavangerske. Den seilte 79 år med tre raude ringar i den høge, slanke skorsteinen.. Berre gamle "Haukelid" hadde ei lengre karriere med sine 81 år.

"Rogaland" blei dampbåten døypt i 1878. Dette navnet hadde den i 51 år. Då Stavangerske skulle overta sin nye kystpassasjerbåt frå Stavanger Støberi & Dok i 1929, ville selskapet kalla nybygget for "Rogaland". 51-åringen skifta navn til "Kvitsøy".

I dei gamle protokollane blir "Rogaland" omtala som slepebåt. Den blei også mykje bruka som slepebåt då dei gamle seilskutene skulle til sjøs. I motvind måtte dei slepast ut Byfjorden heilt til dei var klar av Tungenes og kunne setja seil. Det hende ofte at rutebåten blei teken ut av ruta for å ta seg seilskuter som trong slepehjelp.

Under og etter den fyrste verdenskrig hadde "Rogaland" mange jobbar med havaristar. Av frykt for tyske ubåtar gjekk skipa ofte svært nær jærkysten. Då hende det at dei stranda. Ikkje minst var Børaunen ein frykta stad. "Rogaland" tok seg også av nybygga som blei sjøsette frå Stavanger Støberi & Dok.

Men det meste av tida gjekk "Rogaland" som rutebåt mellom Stavanger og Ryfylke. I den tida starta Stavangerske-båtane frå byen tidleg om morgonen og gjekk ein lang og innfløkt rute heile dag og enda opp i byen igjen langt på kveld. Det var uråd for fjordafolk å reisa fra og tilbake til byen på dagen.

Fest for gammal og ny båt i Skudeneshavn 1. april 1957. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum.


Tyskerne rekvirerte "Kvitsøy" i 1940 og brukte den heile krigen. Det skal ha vore "Kvitsøy" som frakta tyske soldatar til Oltedal i aprildagane. Etter krigen blei båten sett i stand og gjekk inn i si gamle rute til Kvitsøy og Skudeneshavn fram til 1957 då den nye "Skudenes" overtok.

 "Kvitsøy" hadde skifta navn til "Haukelid" då Stavangerske i september same året selde båten til Brødrene Anda som skulle hogga båten opp.

Johannes Vatsvåg var ein av dei som sto lengst om bord i "Kvitsøy". Han var kaptein frå 1936 til 1953. Anders Elfarvik var den siste faste kapteinen om bord.

Sjølv om "Kvitsøy" hadde ord på seg for å vera ein god sjøbåt, hadde ikkje folka om bord i båten så veldig stor tillit til den over 70 år gamle rutebåten. I Skudenes blei det sagt at det var tjøra og malinga som heldt naglane på plass på "Kvitsøy".

I 2006 intervjua eg Josef Røgenes som var styrmann om bord frå 1949.

- I dårleg vêr på Skudefjorden heldt vi oss glashuset for å vera klar viss sjøen braut over båten og slo inn dørene. Då ville båten vera ferdig. Men heldigvis gjekk det godt, fastslo Josef Røgenes.

På slike turar var det berre mannskapet som var med. Det hende at passasjerane til Skudenes blei sett i land på Kvitsøy.

Motgåande straum gjorde sjøen ekstra grov ved Kalvanesråsa og på Kyrjereksteren utanfor Karmsundet.

Kapteinen sto klar ved maskintelegrafen og slo stopp i maskinen når dei grovaste sjøane kom rullande. Det var viktig å ha dagslys i dårleg vêr. Difor var avgangen frå Stavanger sett til klokka to i vinterruta for å ha dagslys over Skudefjorden.

Svenske museumsfolk kom til Brødrene Anda då "Kvitsøy" blei opphogd. Dei demonterte dampmaskinen og tok den med tilbake til Malmø. Den blei sett opp igjen på det museum i byen og kan kanskje stadig vera å sjå der



Eg har brukt Magnus Torgersens bok "Fjordabådane" for å fortelja historia om "Kvitsøy". Resten av opplysningane har eg frå min eigen artikkel i Aftenbladet 22. april 2006. På nettet kan du finna meir fakta-opplysningar om båten. 





tirsdag 4. juli 2017

Hugsar du då "Aktiv" dampa av garde til Hjelmeland og Erfjord?


Dampbåten "Aktiv" frå Bergen gjekk i Jøsenfjord-rutene frå 1940 til 1944.
Foto: Bergen Sporveis historie.


Koss kan eg hugsa dampbåten "Aktiv" ? Eg var ikkje fødd den gongen bergenseren dampa mellom Hjelmeland og byen under krigen. Det var ikkje svart røyk frå svart steinkull frå skorsteinen på den båten. Det var vel helst ein lett, blå røyk frå bjørkeved som la seg over kjølstripa innover fjorden mot Hjelmeland og Erfjord i krigstida.

Den nesten 70 år gamle "Aktiv" kom seilande til Stavanger og Ryfylke då oljemangelen tvinga Jøsenfjord-båtane til å leggja opp i 1940. Nå trong ein farty som brukte alternativt drivstoff. Jøsenfjord Rutelag fekk leiga "Aktiv" av Dampskibsselskapet Sør-Askøy i Bergen. Denne båten var bygd i Hamburg i 1876 og levert til eit rederi i Kristiansand som dreiv passasjertrafikk mellom sørlandshovedstaden og Arendal. Den nye dampbåten hadde ein rutefart på vel ni knop.

"Aktiv" i Strusshamn på Askøy i 1935. Bildet er henta frå  jubileumsboka
til rutelaget Askøy - Bergen.


I 1920-åra var det ikkje lønnsamt lenger å driva passasjerbåt mellom Kristiansand og Arendal. Då blei "Aktiv" kjøpt av rederiet i Bergen som dreiv rutetrafikk mellom Askøy og Bergen.

På nettstaden www.sjohistorie.no står det å lesa at "Aktiv" var utleigd til Jøsenfjord Rutelag frå 1940 til 1944. På nettet blir denne båten kalla "Activ" med c. Men på bilda som eg har funne står det "Aktiv" både på skutesida og på livbøyane.

- Du må skriva om "Aktiv" og "Majoren". Dei gjekk her i Jøsenfjord-rutene under krigen, sa ein del eldre folk til meg då eg heldt på å samla stoff om dei gamle fjordabåtane våre i 2004. Eg prøvde litt, men det var ikkje så lett. Men det var eit hav av båtar å skriva om. Derfor kom dei heller ikkje med i boka "Fjordabåtene" som kom ut i 2005.

Søskenbarna Arne og Leif Vaage på båtdekket på "Aktiv"


Men nå for kort tid sidan dukka "Aktiv" og "Majoren" opp. Anders Vaage frå Erfjord festa begge båtane til filmen då han farta rundt med fotoapparatet i sine unge dagar. Då eg kom over hans etterlatne foto for ei si tid, fann eg ut at tida var inne for å skriva litt om bjørkedamparane.

Eit bilde frå båtdekket på "Aktiv" viser søskenbarna Olav Vaage og Arne Vaage. Olav, bror av Anders, blei sjømann og etterkvart kaptein i Smedvig-rederiet. Bygutten Arne jobba på Rosenberg i mange år.

Kaptein Trygve Hansen teikna av
 Henry Imsland.
- Eg hugsar godt både "Aktiv" og "Majoren". Eg reiste med begge. "Aktiv" var absolutt den beste av dei to båtane, fortel 90-årige Sverre Norheim. Han arbeidde på fjordabåter og ferjer i Ryfylke i heile sitt yrkesaktive liv.

Dei innleigde båtane blei bemanna med Jøsenfjord-folk. Trygve Hansen gjorde tjeneste både som kaptein og styrmann på "Aktiv". Torger Kalheim var også med her saman med matros Olav Kyle frå Jørstadvåg på Ombo, hugsar Sverre Norheim. Fritjof Folkvord frå Hjelmeland var maskinist og fyrbøtar på båten.


Erfjordbuane reiste ikkje så mange turar til byen under krigen. Berre når det var tvingande nødvendig, tok ein av garde.

Dampbåten "Aktiv" gjekk seint med bjørkeved som drivstoff. Og ruta var lang og omstendeleg. Frå Erfjord  gjekk båten om Foreneset i den nordra rutå til Jørstadvåg, Eidssund, Nesheim, Aubøsund og Hidle før den kom til byen.

 Det hende også at det var komme meldingar om drivande miner i leia. Då gjekk det ekstra seint.  Ein  av mannskapet måtte  halda utkikk på baugen. Ein gong blei det full stopp i Garsundet fordi det skulle vera ei mine i nærleiken. Det var spennande og uhyggeleg på ein gong.

- Tyskarane tok "Ombofjord". Den blei brukt til flytande tannlegekontor for dei tyske styrkane. Dei andre Jøsenfjord-båtande låg i opplag ved selskapet sin eigedom på Buøy. Av og til fekk selskapet olje nok til å setja inn "Fisterfjord" i rute nokre dagar, men det var sjeldan, seier Sverre Norheim
Sverre Norheim var kaptein og styrmann på "Hjelmelandsfjord"
i mange år. Her fotografert i 1976.

"Majoren" gjekk ein kveld på land på neset mellom Vik i Erfjord og Tyssefjorden. Det var mørkt og svart og lite lys å styra etter. Skadene var ikkje større enn at båten flaut etterpå.

- Det var så lågt under taket i byssa på "Majoren" at kokken måtte sitja på ein stol når han laga mat, seier Sverre Norheim.

Då freden kom i 1945, kom dei vanlege båtane i drift igjen. Ingen sakna reservemateriellet noko særleg.

Viss du vil lesa meir om "Aktiv" eller "Activ" om du vil, kan eg anbefala heftet "Bergenske fjordabåter" som blei utgitt av Bergens Tidende i 1974. Eg fann opplysningane om båten der.

Steinar Warland har notert seg følgjander navn på folk som skal vore mannskap på "Aktiv": Fører 

Torger Kalheim. Styrmann Trygve Hansen. Maskinist Vatne? Usikker. Stuert Oscar Andreassen. Fyrbøter Øystein 

Øye. Matros Osvald Holmen. Matros Edvard Ågesen. Åge Ågesen er usikker.

Er det andre som har innspel til "Aktiv"-historien i Ryfylke?