fredag 3. juli 2026

Verda er vide, Vormedalen er vidare!

 



Her er Vormedalen. Dette er him for meg.



Alle må jo komma frå ein plass. Slik er det. Eg kjem frå Vormedalen. Så uansett kor eg vasar rundt i verda, er det Vormedalen som er hima for meg. Forresten. Viss du skal snakka dialekten korrekt slik eg lærte den, seier du dael, ikkje dalen.


Me var ikkje gamle karane då dei vaksne sa denne bygda blei kalla "perlå i Ryfylke". Når folk kom på toppen av Laugalandsbrekkå og såg bygda for fyrste gong, blei dei aldeles ovandottne av synet. Finaste dei hadde sett, kan du skjøna.


Då me vaks til og blei halvstyvingar, drog me ut og traff folk frå andre bygder. Då var det jo sakta dei som påsto at det var deiras himplass som var perlå, men det berre bles me av når me kom for oss sjøl.


Du ser fjedlå i bakgrunnen på bildet. Det er begynnelsen på Dyraheiå som strekte seg austover heilt til Setesdalen. Dei fleste mannfolka i Vormedalen hadde vore på dyrajakt ein eller fleire gonger. Og dei sprekaste hadde gått på ski til Bøkle (Bykle) på påskatur. På andre sida av Dyraheiå tok dei seg ned til garden Brotteli ved Botsvatnet. Enkelte snakka om folka i Brotteli som om dei var gamle kjente.


Eg blei ikkje någen heiakar. Då eg vaks til, var den såkalla flukta frå landsbygda i full gang. Ut å gå på skule, var parolen. Sjå på lærarane. Dei har skult seg og får betre betalt enn någen arbeidsmann, fekk me høyra.


Det blei skular og greier. I åravis. Mens kompisane mine tok til vetet og reiste på anlegg og kjørte shåvel og tjente god pengar, blei eg aldri ferdige. Og lærar blei eg ikkje. Det enda med skriving.


Eg var heilt ende etter søndagsturen. 



Bevare meg så eg har vasa meg vekk nå. Planen var å fortelja litt om den siste søndagsturen vår. Kånå ville at me skulle gå tur i Vormedael.


Bilen parkerte me ved Eigelisvinjen. Det er den krappe svingen mellom øvra og nedra Laugalandsbrekkå. Derifrå går det skogsvegar og der kunne me gå ein slags tur rundt heila Laugaland som er dei gardane som ligg i framgrunnen på bildet.


Det var lett å gå. Men det var kokande varmt. 26 grader og vindstilt. Eg fekk studert gamle og nybygde gardshus og løer. Til slutt sto me heilt ned ved sagbruket (sajå) på Laugaland. Derifrå tutla me oss oppover hovedvegen. Bedehuset låg på same plassen som før, det også.


- Dette hette Ortastøkkje, sa eg og prøvde å læra kånå navnet på utmarksteigar og snarvegar, men ho la det ikkje på seg. Ikkje Jualiå ein gong, ville ho høyra om.


Etter to timar var me framme i Eigelisvinjen igjen. Ganske trøtte. Resten av dagen brukte me til å ta oss igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar