![]() |
| Oppslaget i avisa Stavangeren 20. desember 1939. |
Den ni år gamle gutten var på veg heim til Vormeland frå skulen oppe i Vormedalen på denne desember-dagen. Det var langt, bratt og ulendt å gå heim frå hovedvegen.
Fyrst gjekk han fem kilometer nedover mot Tøtlandsvik før han skulle svinga opp i retning mot Vormeland.
Det var og er ein synleg veg opp den stupbratte Vormelandsbrekkå, men dei fleste lokalkjende svinga opp i retning mot Vormeland før dei kom heilt ned til Tøtlandsvik. Her går det ein snarveg som kjem inn på den "breie" vegen opp mot Vormeland. Kanskje hadde dei skikkeleg kjende ein veg som svinga opp litt tidlegare der det var stupbratt og stygge stup. Det kjenner eg ikkje til.
Som guttunge heime i Vormedalen, fortalde dei vaksne om denne ulukka. For 70 år sidan, då eg begynte på Vormedalen skule, var det stadig aktuelt å gå på skulen frå Vormeland og opp til skulen i Vormedalen. Astrid og Signe Vormeland var jamgamle med meg og gjekk den same vegen som alle andre frå Vormeland alltid hadde gått.

Johan Vormeland kom frå dette gardsbruket på Vormeland. Begge gardsbruka på
Vormeland er fråflytta i dag.
Frå Tøtlandsvik og oppover dalen gjekk dei i lag med systrene Helga og Margrete.
Denne tragiske ulukkka var nok omtalt i avisene, men det var ikkje lett å finna. Fyrst då eg fekk vita førenavnet på gutten, kom det fram.
Dette skjedde 19. desember 1939. Ei dyster tid med den andre verdenskrigen i full gang sjøl om den ikkje var kommen til landet vårt på den tida.

Du kan svinga av frå hovudvegen her på Vigemoen og gå brekka opp mot Vormeland.
Jøsenfjorden i bakgrunnen.
Johan
Vormeland var på veg heim frå skulen. Då han ikkje kom heim som
venta på ettermiddagen, blei dei vaksne bekymra og begynte å leita
etter han. På det meste var 40 – 50 mann ute og leita.
Ved 11-tida på kvelden blei han funnen bevisstlaus. Han hadde gått feil og fall ned i steinur. Distriktslegen blei bodsend, men han kunne ingenting gjera. Johan Vormeland var død. Han var nummer fem av dei seks borna til Anna og Jone Vormeland.

Dødsannonsa i Dagbladet Rogaland.
Tragedien gjorde sterkt inntrykk på både unge og gamle både i Vormedalen og nabobygdene.
På den tida var det to gardsbruk i drift på Vormeland. I dag er Vormeland fråflytta.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar