![]() |
| Anna Sandvik i Aftenbladet 31-10-1978. |
- Johan Veka sit sikkert heime i Bråtveit og vrir seg over at et nytt byggjefelt på Sand skal kallast Sand Terasse, sa Anna Sandvik i Suldal kommunestyre den 30. oktober i 1978.
Ho sa dette då kommunestyret drøfta reguleringsplanen for dette området som skulle bli bustadsområde. Dette var etter hennar meining ikkje eit navn som passa på landsbygda og oppfordra utbyggjaren, Melings høvleri, om å finna eit betre navn.
Anna Sandvik, var lærar frå Erfjord og representerte Kristeleg folkeparti.
![]() |
| Levaråsen blei navnet og Johan Veka var fornøgd. Fystesida i Aftenbladet 22-11-1978. |
Det blei ikkje debatt om navnet, men eg som ganske fersk journalist i Aftenbladet hadde lært at "navn var godt stoff". Difor hekla eg saman ein kort epistel om navnet og sende inn til Aftenbladet etter møtet om kvelden. Dette var ei av fleire saker som eg sende inn frå dette møtet slik det var venta på den tida.
Navnesaka kom på trykk og sjefane i redaksjonen hadde sett på eit bilde av Anna Sandvik. Dermed viste dette "åndsverket" godt igjen.
Eg hadde knapt fått avisa der eg sat på Ryfylkekontoret i Sauda, då det kom telefon frå sjølvaste sjefen, redaktør Jon Arnøy.
- Me må laga ein navnekonkurranse, sa Arnøy.
Dermed blei Aftenblad-lesarane inviterte til konkurranse for å finna eit betre navn. Medlemmer i navnekomiteen blei Johan Veka, ordførar Odd Bråtveit, ingeniør Odd Harry Nygård frå Melings høvleri og meg frå Aftenbladet. Anna Sandvik var det visst ingen som tenkte på.
- Eg er iallfall glad for at dei ikkje ville kalla feltet Uranienborg, sa Johan Veka då eg ringde og spurte om han ville vera med på å velja ut det rette navnet.
![]() |
| Saka blei også omtalt i Suldalsposten. |
Det kom inn 160 forslag til navn på byggjefeltet. Levaråsen blei vinnaren. Dermed blei feltet oppkalla etter gamle Levar Sand som hadde vore eigar av denne eigedommen nesten 100 år tidlegare. Vinnarane blei Olga Sand og barnebarna Oddbjørg og Ragna Sand. Dei hadde sendt inn same forslaget. Alfhild Bårdsen blei også premiert for navnet Brakaåsen.
Austmannaåsen, Thomasåsen, Austvik, Brattås, Sandsåsen og Sandsåsfeltet var andre forslag som kom inn.
Avisomtalen hadde ført til at utbyggjaren, Melings Høvleri hadde fått ein god del pågang frå interesserte huskjøparar. Feltet ville få om lag 50 hus etter planane.
PS. Anna Sandvik er forresten mor til Hilde Sandvik som er kjend som programleiar for radioprogrammet "Norsken, svensken og dansken" i NRK. DS.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar