![]() |
Buøy-ferja "Trippen" var ein sensasjon som ny i 1954. Foto: Stavanger byarkiv. |
- Det er noko som ikkje stemmer på Sand, meldte Aftenbladet 19. mars 1964. Ein ting var at det låg ei skøyte på «Hylsfjord» sin kaiplass, men det raraste var at «Trippen» såg ut til å finna seg godt til rette som Ropeid-ferja.
Grunnen til at «Trippen» gjekk i dette sambandet, var at «Ropeid» låg på verkstedet til Stavangerske på Klasaskjæret i Stavanger for årleg ettersyn. Rett nok tok den kommunale ferja frå Stavanger berre fire småbilar på ein tur og den var så låg under taket at då dei skulle frakta ein buss over fjorden måtte dei tappa luft or dekka for å få den med seg. Men «Trippen» var gullgjev mot dei andre "reserveferjene" dei tidlegare hadde brukt i dette sambandet.
![]() |
Frå Aftenbladet 19. mars 1964. |
Men alle gleda seg til «Ropeid» skulle vera tilbake til helga, skreiv avisa.
Eit år seinare var «Trippen» sett inn som reserve i Høgsfjord-sambandet saman med den gamle Ropeid-ferja som nå var omdøypt til «Bru». I avisa sto det «Ropeid», men det trur eg er feil.
Dette var i slutten av september. Det blei kraftig austavind søndag 26. september. Begge ferjene hadde problem med å komma til kai på Lauvvik. Det enda med at «Trippen» gjekk på land og øydela propellen.
![]() |
Frå Aftenbladet 27. september 1965. |
I Aftenbladet gjorde dei seg morosame på «Trippen» sin bekostning laurdagen etterpå. Ferja hadde tatt seg ein tripp på land, sto det. He-he.
Dermed var det «Bru» eller «Blomsterkorjå» som den også blei kalla, som aleine måtte frakta på ventande bilar langt ut over kvelden.
![]() |
Trafikantane fekk melding i avisa før "Trippen" blei sett inn i ruta. |
Årsaka til at den gamle Buøy-ferja frå 1954 kunne sendast ut som reserve-ferja var at det var to nyare Buøy-ferjer som tok seg av trafikken i byen: «Øybrua» frå 1956 og «Majoren» frå 1963.